laurdag 27. desember 2008

På Borgund

For dei mindre lokalkjente kan eg fortelja at Borgund er den bygdi som ligg øverst i kommunen. Dei har eigen butikk, pub, barnehage, skule og ungdomsskule. Dei er engasjerte i 4H og ungdomslaget, og står på ski. Ergo: me har ingenting med dei å gjera før me byrjar på vidaregåande, og sjølv då er det viktig å markera avstanden mellom Borgund og Lærdal (og i "Lærdal" mellom Ljøsne og Øyri). Altså har ikkje "nedanføringar" / "lærdøler" so mange moglegheiter til å treffa borgynder, og omvendt.

So eg kjente meg modig når eg i går planlagde tur til Borgund, på gubbafest (tradisjonell andredagsfest) utan ein einaste nedanføring. Men om borgyndene ikkje er gode til å få so mange frå andre stader i dalen til å komma opp, so tek dei godt i mot den eine stakkaren som kjem. Samtalane eg hadde i det stappfulle ungdomshuset byrja gjerne slik: "Hei, eg heiter (namn)" "Mari her" "God kveld! Kor er du frå då?" "Nei, eg er frå Ljøsne, eg" "Å? Kven er du i lag...?" "Nei, eg er no her med eit par vener, dei der" "Å? Ja, men kva med Laksen då? (det er puben i sentrum)" "Nei, ville no hit eg" "Å? Ja, det er no ikkje so ofte at det er andre her oppe..." Og slik fortset det. Men det er kosleg, dei kan festa og dei kan dansa der oppe.

Ein annan ting dei kan, er å finna på ting ingen an i bygdi driv med. So i dag tidleg (ok, midt på dagen) ramla eg ut av sengi når Gro (frå Ljøsne!) ringte og tvang meg med på paintball. Plutseleg fann eg meg sjølv krypande rundt i skogen lengst oppe i dalen, med ein markør stappfull av gule kuler og maske som dogga, ei bukse som spjera medan eg var i fullt firsprang opp ei steinrøys, og kjensla av at eg var mutters åleina i skogen. Det var eg heldigvis ikkje, det var massevis av mannfolk i kamuflasjekle rundt meg, men det var til lita trøyst når eg mista retninga og rava rundt i ei granplanting på ca 150 gonger 100 meter, med innstramming i eine enden. Godt gjort, fekk eg beskjed om...

Men sjølv om livet på Borgund byr på mange opplevingar og mykje latter, er det godt å komma heim til eige hus utpå ettermiddagen, ta ein varm dusj og sitja i ein stol framfor omnen med ullteppe og ein kopp med te (viss eg ikkje blir sjuk a å krypa på kne i snø og 10 minus, so fortener ein eller annan stor takk...) - men om ikkje lenge er eg klar att eg, til nye eventyr!

Oppdatering 28. desember: Var på Borgund for tredje dag på rad i kveld. Byrjar å få kommentarar. Skal snart gi meg, elles vert eg vel kasta ut av det gode selskap (resten av Lærdal...) Neida, so gale er det ikkje, ein fin kveld på puben med Eiren!

onsdag 24. desember 2008

God jul!

Det er 24. desember, klokka er snart fem, og heile huset luktar jul - grønsåpe, gran, lys og pinnekjøt. Frå rommet til Olve kjem det høg musikk, og begge gutane syng med. Det er eit godt teikn. Pappa pakkar inn dei siste gåvene, og mamma kviler beina. Det er snart julehelg!

Men fyrst siste lapp i adventskalendaren min:
Eit barn er fødd i Betlehem,
i Betlehem,
Dei frydar seg Jerusalem

Halleluja, halleluja
("Eit barn er fødd i Betlehem", Sondre Bratland, Rosa frå Betlehem)
Under står det Luk 2, 1-14. Juleevangeliet kan de lesa her.

Det er rart å tenkja på at for eit år sidan gledde eg meg stort til den veka eg skulle ha i Palestina, og for berre 10 månadar sidan gjekk eg sjølv i gatene i Betlehem. Byen er for det meste fredeleg, men rett utanfor (og snirkla inni) går den store muren. Det er ei svært klår påminning om at det ikkje er alle som er så heldige å få feira sine store høgtider i fred og fridom, omkrinsa av familie.

Men i Sande er familien samla. Hunden har skjønt at noko går føre seg, og klarar ikkje å bestemma seg for om ho skale vera inne eller ute. Hønene til naboen er stelte (for det er viktig at alle dyra har det godt julenatta), og no er me alle inne i varmen. Pappa har akkurat oppdaga at me har gløymt å laga krullekaker, so nokon må i gang med det i ein fart før Sølvgutane set i gang. Det kan halda hardt...

Eg ynskjer dykk alle ei god og fredeleg jul! Og håpar de og sender dykkar tankar til dei som manglar det.

(bilete: JAI om muren i Betlehem. Olve kosar seg i førjulstida)

tysdag 23. desember 2008

23. desember

Fred over jorden
Menneske fryde deg
Oss er en evig frelser født
("Deilig er jorden," Åsne Valland Nordli, Julekvad)

Apropos julesalmar/ -songar: kåseriet på Norgesglasset frå i går er verdt å få med seg.

måndag 22. desember 2008

22. desember

Me syng i englelag
No er det fødd ein frelsar,
og natti vart til dag
("Det hev ei rosa sprunge", Sondre Bratland, Rosa frå Betlehem)

søndag 21. desember 2008

Solsnu

"So det kan altså bli verre," sukka pappa i går. Det var lyset (evt. mørkret) me snakka om, som kom snikande midt i laurdagsgrauten. Ja, det kunne bli verre, men berre med eit knapt døgn. Om 19 minuttar og 37 - 36 - 35 - osv sekund snur soli! Ok, so er det ikkje soli som snur, det er jordi som fortset i same bane og rettar seg litt opp i same slengen, men verknaden er det samme. Om 18 minuttar og 45 - 44 - 43 sekund vert det berre lysare!

Men det er eigentleg heilt ok at det er no det er på det mørkaste. Tenk om det hadde vore i januar eller februar, skrekk og gru. Helgi før jul er vel ikkje nett den helgi ein vert mest nedåt, iallefall ikkje om ein er heima med familien, vaskar og bakar og ser film og gler seg. Frustrasjonar finst jo, mellom anna er ei peparkakevindmølle ikkje berre-berre å setja saman, kanskje særleg sidan mamma viste seg å ha noko manglande ingeniørkunnskapar, slik at me endte opp med to små tak i staden for eitt stort. Men mamma er god på å ta ting på sparket og, so tak vart det til slutt. Men eg lurer på om me neste år går attende til å bygga utedo...

Men dette er jo ikkje verdas største frustrasjonar. I tillegg ungår me nokre med å venta med takkebakst til i morgon (for det bør ikkje gjerast på solsnu), og dessutan går me mot lysare tider om 12 minuttar og 26- 25- 24 sekundar!

(bilete: peparkakevindmølla vår)

21. desember

Guds fred over fjellet og åsen,
la det gro der vi bygge og bor.
Guds fred over dyran på båsen,
og ei frossen og karrig jord.
("Nordnorsk julesalme," Halvdan Sivertsen)

laurdag 20. desember 2008

20. desember

For eit barn er oss født,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet kviler på hans aksler,
og han skal kallast:
Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,
Evig Far, Fredsfyrste.
Så skal herredømet verta stort
og freden utan ende
over Davids kongsstol
og over riket hans.
Han skal grunnfesta det og halda det oppe
med rett og rettferd
frå no og til evig tid.
I sin brennhug
skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette.
(Jesaja 9, 6-7)

fredag 19. desember 2008

19. desember

Nå er det mørkt i stall og i låve,
nå skal alle niss´-unger sove.
(frå Amalies jul)

torsdag 18. desember 2008

18. desember

Deck the halls with boughs of holly
fa-la-la-la-la...
´Tis the season to be jolly
Fa-la-la-la-la....
("Deck the halls", Doris Day)

onsdag 17. desember 2008

16. og 17. desember

Enno ein gong har eg gløymt min eigen adventskalendar. Og denne gongen har eg ingen unnskyldning, anna enn nettopp det: eg gløymte det. Eg er nemleg komen heim att til Lærdal, og endring i rutinane veit de, aiaiaiai...

I går:
Det var verdens frelser hun bar i fang
("Gammel Maria-vise", Sondre Bratland, Rosa frå Betlehem)

I dag:
Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusinde barnehender
mot himmelen ljosa held
("Det lyser i stille grender", Oslo Gospel Choir)

måndag 15. desember 2008

15. desember

I just want you for my own
More than you can ever know
Make my wish come true
All I want for Christmas is you
("All I want for Christmas", Olivia Olson, Love Actually)

søndag 14. desember 2008

Desemberdikt

Mitt desemberdikt er eit skikkeleg juledikt, men i motsetjing til mange andre handlar det om det jordiske, eller nærare bestemt Josef. Til liks med Inger Hagerup let eg meg fascinera av denne stille og umælande mannen, som gjorde alt han kunne for å gi gutungen sin ein god start på livet, ein gutunge som vaks opp til mann (for å sitera ein annan tekst) og vart jorda sin frelsar.

Hymne til Josef
Den unge Maria vandret
engang til Betlehem by
forteller den gamle legende
som alltid er like ny.

Det var ikke rom i herberget.
Men stallen var lun og varm.
Så fødte hun der sin første sønn,
støttet av Josefs arm.

Stjernesoler og vismen..
Hyrder og englekor.
Hva tenkte den mørke Josef
som aldri mælte et ord?

Gjennomstrålet av himmelsk glans
lyste de hellige to.
Hva tenkte den mørke Josef
som bare var trofast og god?

Kan hende han svøpte sin kappe
litt bedre om barnet og moren.
Slik vernet han ordløst menneskets drøm,
den hellige Josef av jorden.
Inger Hagerup

14. desember

Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.
Jesaja 7, 14

laurdag 13. desember 2008

13. desember

Tona um frelsa,
kalla og helsa,
kalla og helsa
med fred Guds born!
("Kling no klokka", Sondre Bratland, Rosa frå Betlehem)

fredag 12. desember 2008

12. desember

A beautiful sight,
we´re happy tonight
Walking in a winter wonderland
("Winter Wonderland", Louis Armstrong)

torsdag 11. desember 2008

Juleavslutning

Midten av desember er tida for juleavslutningar, på alle baugar og kantar. Og det er ikkje noko mindre enn grueleg kosleg!

I går var det førjulsfest for dansegjengen hjå ei av oss, og vel ti folkemusikarar og -dansarar var samla. Når eg forlot festlegheitane i totida, ljoma lyden frå tre hardingfeler ut over Skansen. Det er nok ikkje kvardagskost for naboane, men var svært moro å høyra på, og vera med på.

I kveld har det vore juleavslutning for ICY. Me har vore ein fin gjeng samla i huset, og ete store mengder snop, ledd og drukke julebrus. Etter eit par timar var me alle høge på både sukker, sjokolade og e-stoff... Det er bra gjengar, begge desse, og eg er godt nøgd med at me skal treffast att (seinast) over jul.

(bilete: Eit par av spelemennene. Sjokoladeleik med ICY)

10. og 11. desember

Sidan eg i går omlag budde på kafé, vart julekalendaren ikkje opna. Tabbe! Derfor kjem det TO lappar i dag:

10. desember:
Peace on earth, can it be
Years from now, perhaps we´ll see
See the day of glory
See the day when
men of good will
Live in peace
Live in peace again
("Little Drummer Boy", David Bowie og Bing Crosby)

Og so kjem dagens:
Vi synger om den søte fred
så helvede skal skjelve ved
vår julesang at høre
("I denne søte juletid", Åsne Valland Nordli, Julekvad)

onsdag 10. desember 2008

Konvertert

Eg har konvertert. Nei, ikkje til ein anna religion, ikkje ein gong til ein annan retning. Eg har konverter til Mac. Frå ein Acer-data med Windows og greier, til ein MacBook. Det er ei ny verd! Enno ei litt forvirrande og irrterande verd, men det kjem seg. Eg gler meg til mitt vidare liv med denne maskina. Men det er litt trist å ta farvel med den gamle, eg håpar berre den kan få eit langt og godt vidare liv saman med nokon som set like stor (større) pris på den som eg har gjort! Den gamle fekk forresten aldri eit namn, eg ville fyrst bli kjent med den - men når eg endeleg var so godt kjent med den at den var klar for namn, heitte den ikkje noko anna enn "den kjære", meint både oppriktig og meir kritisk. Så om nokon har forslag til namn på min nye "kjære", tek eg i mot med takk!

Utanom kjøp av data, har dagen blitt brukt til juleverkstad i huset. Magnhild og Ingebjørg kom, og saman har me produsert enorme mengder julegåver, julepynt og julekort. No avsluttar jentene i huset med It´s a Wonderful Life - ein engel av andre klasse har nettopp dutte på elvi. Hurra for juleferie!

tysdag 9. desember 2008

9. desember

Believe in what you heart is saying
Hear the melody that's playing
There's no time to waste
There's so much to celebrate
("Believe", Josh Groban, The Polar Express)

måndag 8. desember 2008

Slik kan det gå

Omlag slik kan ein munnleg eksamen gå føre seg (så godt som autentisk døme):

- Ja, det gikk jo greit med det skriftlige arbeidet. Du skrev om Grieg.
- Mm.
- Ja, da har vi jo vært gjennom dramatikken. Da tar vi litt lyrikk. Det var jo en oppgave om Stein Mehren, og diktet hans Gobelin Europa. Kan du si noe om hans forfatterskap?
- Nei, det har eg ikkje heilt oversikt over.
- Nei, kan du si noe om diktet da?
- Joda, det kan eg no... (og so snakkar me litt om diktet)
- Ja, du nevner Jan Erik Vold. Når debuterte han?
- Nja, det har eg ikkje heilt oversikt over. Men han vart jo kjent med Profil i '66.
- Ja, det stemmer. Og Mehren da?
- Nei, det har eg ikkje heilt oversikt over.
- Det var i 1960.
(og so snakkar me litt om 60-talet)
- Ja, da går vi over på epikken. Du leverte ikke egen litteraturliste, nei?
- Nei.
- Nei... Hvilken roman likte du best da?
- (Jenny! Nei, forresten, den er eg ueinig i. Fulgane! Å, den er fin den! Men eg kan jo ikkje sei noko om den. Naiv.Super! Nei, den likar jo ikkje han) Menneske og maktene av Duun var jo fin då...
- Ja, si litt om den
(og so snakkar me litt om menneske, makter, rammeforteljingar og storsjøar)
- Ja, da har jeg hørt nok!
- Hæ?
- Ja, hvis du vil gå ut et minutt eller så, så vi kan diskutere litt...?
- Jammen... (eg går ut)

Ja, slik kan det gå føre seg når ein har munnleg eksamen i Litteratur etter 1900. No er det juleferie!

8. desember

Stille natt, heilage natt!
Alt har svevn og mørker tatt
Trufast vaker dei heilage to,
varsamt voggar dei barnet til ro.
Jorda tar himlen i famn
Jorda tar himlen i famn.
("Stille natt", Sondre Bratland, Rosa frå Betlehem)

søndag 7. desember 2008

7. desember

Ikkje skal kongespir vika frå Juda
eller styrarstaven frå føtene hans,
til den rette kongen kjem,
han som folka skal lyda.
1. Mos 49, 10

laurdag 6. desember 2008

6. desember

So come on now, join me in "The First Noël"! You don't know the words, but hum a little, tap your feet, or - gee wiz - do something! You ready?
("It's Christmas Time (The first Noël)", Frank Sinatra)

fredag 5. desember 2008

5. desember

Guds fred og vel møtt,
du barn som er født.
Vår fredsfyrste høgt vere lova
("No koma Guds englar", Åsne Valland Nordli, Julekvad)

torsdag 4. desember 2008

4. desember

Nå tennes tusen julelys,
de stråler rundt vår jord.
Og tusen stjerner blinker ned
til liten og til stor
(m.a. Oslo Gospel Choir, "Nå tennes tusen julelys")

onsdag 3. desember 2008

Unntakstilstandar i Hebron

"Du må nesten ha vært i Hebron for å skjønne hva som egentlig foregår i byen,"skriv Dagbladet i dag. Eg har vore der, og eg veit ikkje om eg skjønnar noko som helst. Israelske myndigheiter har innført unntakstilstandar i deler av byen for å prøva å stoppa dei israelske busetjarane som nektar å flytta ut av eit okkupert hus, og som no jaktar på palestinarar i byen. Utflyttingsordra fekk dei av høgsterett i november, men dei nektar. Busetjarane i Hebron er av det ekstreme slaget, av dei som ber våpen og ser det som si religiøse plikt å bli verande i byen. Ein høgsterettsdom betyr ingenting då.

No er deler av Hebron militærsone, og nesten krigssone om nettene. Men det er ikkje store forskjellen til vanleg. I februar møtte me EAPPI som mellom anna jobbar med å følgja skuleborn til skulen, forbi israelsk militære og israelske settlerar. Me gjekk gjennom den gamle hovudgata, no tom utanom militære og nokre få settlerar med våpen. Ibrahimi-moskeen er delt i to, og marknaden er dekka med netting for å beskytta mot bos hive frå busetjingane i hovudgata, rett på andre sida av eit gjerde.

160 000 palestinarar, kring 400 israelske settlarar (men meir nett no?) og 2000 israelske soldatar - i kvardagen. At det er unntakstilstand minner mykje om normaltilstanden, spør du meg.

Oppdatering 4. desember: Busetjarane som okkuperte huset er kasta ut, men seier dei vil komma attende. Eitt hus er altså tomt, og ein avventar dommen om kven som eig det. Kva med resten av Hebron? Det som er bra med dette, er at det vert fokus på at det finst ulike grupperingar óg i Israel, og at staten her grip inn mot urettmessig okkupasjon. Men kva med resten av Palestina?

(bilete: soldatar på høgda over Hebron, foto: Ingvild Søndenå. Handlegata i gamlebyen, foto: Anna Boo.)

3. desember

May your days be merry and bright,
and may all your Christmases be white
(Bing Crosby, "I'm Dreaming of a White Christmas")

tysdag 2. desember 2008

Uma

Eg har endeleg vore på Carte Blanche-framsyning! Absolutt på tide når ein er i Bergen på fjerde året...

Og det var ei bra framsyning, UMA av koreografen Örjan Andersson. Spanande lyd og lys, og flott dans. Eg vert so imponert over den kroppskontrollen og det uttrykket gode dansarar kan få fram! Men må innrømma at eg ikkje ehilt klarte å følgja heile stykket, det vart eit skifte frå ei forteljing om ein koreograafi til eit slags draumelandskap, der overgangen var ein filmsnutt av fjellvidder. Svært vakkert, men noko vanskeleg å følgja når ein ikkje er vant til slik dans, og eit slikt sceneuttrykk.

Men det er ikkje so nøye. Eg naut estetikken i det, og er klar for neste framsyning med Carte Blanche kor tid som helst!

2. desember

Men du, Betlehem, Efrata,
den ringaste mellom ættene i Juda!
Frå deg skal eg få meg ein mann
som skal vera herre over Israel.
Han har sitt opphav i gamal tid,
han er frå eldgamle dagar.


Mika 5,1

måndag 1. desember 2008

Adventskalendar

I dag er det fyrste desember, for dei som ikkje har fått med seg det. Og dermed er me i gang med noko av det moroaste i førjulstida: adventskalendar! Eg fekk ikkje med meg fyrste episode av Jul i Blåfjell i kveld, men må innrømma at eg trur eg minnest kva som skjer...

Men andre adventskalendarar har eg og. Me har fått ein av snille Magnhild, som prydar kjøleskåpet og som kjem til å bli svært spanande å opna. Eg gler meg! Og so har eg rota fram att den me hadde i Vognstølen det fyrste året i Bergen, og den skal etterkvart flytta seg ut av korga og opp på døri. I den står det songtekstar og bibelvers, og den har eg tenkt å dela med dykk.

1. desember:
Joli kjem når blomar gror
opp frå krigens brende jord
Joli kjem som mogen frukt
når me jagar hat på flukt
("Joli kjem", Sondre Bratland, Rosa frå Betlehem)

søndag 30. november 2008

1 kyrkje, 1 døgn, 50 ungar

Nei, det er ikkje eit nytt reality-konsept, men det kunne nesten vore det...

Folk har spurt meg om "Kvifor gjer du dette?" (og meir direkte: "er du gal?") Men nei, eg er ikkje gal, og eg er svært glad for at eg gjer dette. Denne helgi har det vore Lys Vaken i heile landet, ei natt i kyrkja for 10/11 åringar. I Lærdal gjorde me det hakket større, og inviterte dei tre øverste klassane på barneskulen. Og halvparten kom, noko som var over all forventing (og planlegging...) Me slo det og saman med lysmesse og påfølgjande fakkeltog til julegateopning, og dermed sikra me oss ei stappfull Hauge kyrkje i eit knapt døgn (laurdag 17.30-søndag16.50).

Ungane er fantastiske! Dei var mange, men det merkast eigentleg ikkje på anna enn høgt støynivå. Dei la seg greitt nok, sjølv om dei aldri vart stille, og dei sat stille og oppslukte både titt og ofte. Og det er moro når ein kan invitera heile årskull til slike positive opplevingar i kyrkja. Og at ein får slike positive opplevingar sjølv!

Eg har funne ut at det er litt forskjel på 10-12-åringar og tenåringar: dei fyrste stiller spørsmål ved alt (det er ein fantastisk alder!), men når dei får vetigt svar godtek dei det. Dei synes And og gås (leiken Duck and Goose frå Irland) er fantastisk, medan Sheriff kan bli i tøffaste laget. Dei vil vera vakne heile natta, ikkje fordi dei har ein plan, men berre for å vera vakne. Og dei vaknar ein time før dei må - det ville aldri skjedd på ein tenåringsleir...

Eg er glad for at eg fekk vera med denne helgi, sjølv om det ikkje nett kan kallast avslapping. Og so er eg glad for at nesten 300 kyrkjegåarar fekk oppleva ungane "mine" og sjå kor flotte dei, og det arbeidet kyrkja gjer, er.

Vi tenner våre lykter når det mørkner,
kanskje lyser de til kvelden si'r god natt.

(bilete: Hauge kyrkje, foto: NRK)

EDIT: Artikkel om overnattinga kan lesast på Porten

onsdag 26. november 2008

Eksamenspanikk

Eksamenstida er i gang for fullt, og det byrjar eg å merka. I natt gav det seg utslag i mareritt og at eg sat rett opp og ned i sengi ca kvar time. I dag gir det seg utslag i motløyse, utsetjing og stivna panikk, og i morgon...? Eg håpar indarleg panikken tek ein pause mellom ni og tre, for å sei det slik...

Men eksamenstida kan vera koseleg og. I går sat eg med eit par andre indresogningar på HF-kantina i seks timar, medan me diskuterte alt frå morfologi og syntaktiske tre til familieliv og fritid. Og når eg endeleg får teke opp notatane mine frå førelesingane i haust, so er det diverse morskap der og:

- om ordklassar: "Det er orden i rotet skjønner dere!"
- om substantiv: (med svært begeistra tonefall) "... og det finnes substantiv som ikke kan bøyes også, faktisk!" "Og framandord tør jeg ikke snakke om en gang - klokka er jo snart ett!"
- om genitiv: "Og så har vi den siste - men - ja, vi har mange flere også, selvfølgelig, faktisk!"
- "Jeg har delt ut et ark. Det er om mulig enda tørrere."
- om samsvarsbøying: "Så kommer det vi nesten ikke tør snakke om", "Det er kanskje ikke noen trøst at ingen kan det?"
- om rettskriving/bregensarar: "Bruker man språkøret og skriver som man snakker, blir det som regel rett. Jeg vet ikke om det stemmer for bergensere, men..."
- om pronomen: "Enten så er det totalt forfall, eller så er det noe annet." Det er ingen som er helt enig med seg sjøl."
- om data: "Her er så mange morsomme taster..."
- om i følge/ifølge: "Det er rett og slett for å holde styr på når man går i tog og ikke."
- om tekstmodell: "Det blir ikkje stort verre enn dette her!"
- om diskuterande teoretikarar: "Begge har rett, og slik er det!"
- om tekstur: "Dette kan gjere litt vondt."
- om studiane generelt: "Det kan komme en situasjon i livet, for eksempel til eksamen..."

(bilete: studiar i HF-kantina. Det ser no ut som me har nok stoff å gå gjennom...)

måndag 24. november 2008

Bond. James Bond.

Eg har sett den "nye" James Bond-filmen i kveld. Pappa spanderte kino, og me var begge klare for action. Og det fekk me, særleg då pappa togg litt hardt i ein Mentos og mista hjørnetanna...

Neida, filmen var meir enn action-spekka nok i seg sjølv, det var få kvilepausar - og ingenting av humoren som fanst i James Bond før (før Pierce Brosnan eller so). Det saknar eg, men elles er det jo bra. Einaste problemet er at ting skjer for fort - og det er for mange veltrente mannfolk i dress (det skulle ein ikkje tru kom frå meg!), slik at ein ikkje veit kven som spring framfor eller bak, eller kven ein eigentleg heiar på. Og ein augneblink, etter biljakt, båtjakt og flyjakt, tenkte eg på kva det neste køyretøyet han kom til å køyra fort og gale og i kuleregn i kom til å vera. Kano? Sykkel?

Men det er James Bond, og sjølv om det manglar både "Bond. James Bond" og "Shaken, not stired", so er det greitt. Det skal vera ekstraordinert, det skal vera litt vanskeleg å følgja, og det skal vera fullt av vakre kvinner og den eine kjekke mannen som får dei alle. Historien? Er den so viktig då?

laurdag 22. november 2008

Ein gong til!

Berre stig på,
her er det fest.
Mange har kro,
men mi kro er best...

På tysdag var eg innom teateret for å kjøpa nokre billettar. Dei eg skulle ha kom eg ut att utan, men med meg hadde eg fått to restplassar til laurdag - på Les Miserables! So i kveld tvang eg med meg Monica, og me har grete, ledd og grete meir i nesten tre timar. Den var bra fyrste gong, men ikkje noko dårlegare no. Dessutan var eg sjølvsagt svært klar til å bli fortrylla, forført og forelska på nytt - og (er det tvil?) det vart eg!

fredag 21. november 2008

Avskyeleg snømann?

Til vanleg har Edvard Grieg selskap. Ein måse brukar hovudet hans som utkikkspost, og eg er sikker på at han fortel sladder frå heile byen til komponisten som takk for hjelpa. Men i dag sat måsane og gøymte seg langs Lille Lungeren, medan Grieg hadde teke snøkåpa på. Han såg einsam og tankefull ut der han sto i stoisk ro/ stivfrosen på sokkelen og stirra mot den tomme Blomsterpaviljongen.

Det har snøa i heile dag i Bergen, og det vekslande veret (snø, sol, vind, og alt på ein gong) har gjort at det ikkje er svært freistande å gå ut. Desverre er det ikkje svært freistande å sitja inne heller, for her er det studiar det går i, for heile huset. Heimeeksamen for Frida, eksamenslesing for meg og oppgåveskriving for Monica. Heldigvis kan me av og til møtast i stova og klaga til kvarandre, før me går attende til historie-omgrep, pragmatikk og Gandalf.

Eg har eksamen om knapt ei veke, og panikken byrjar å nærma seg. Desverre er det den handlingslammande typen, noko som ikkje hjelper særleg på bokbunken som skal minka i løpet av dei neste dagane. Det meste er dramatisk mykje meir interessant enn det ein MÅ gjera...

måndag 17. november 2008

Novemberdikt

Som nemnt har eg eit dikt for kvar månad dette skuleåret. Augustdiktet var Adle somrar ta slutt, medan september var Til Dig av Olaf Bull (som var alt for klissete for mitt september-humør i år, og dermed aldri vart publisert). Oktober var Kort møte av Ernst Orvil, som pryda Dikthjørna i vår/sommar og som har gitt namn til heile denne sulamitten (bloggen altså). Men no kjem novemberdiktet,
Kveld i november av Olav H. Hauge:

Han sperrar loftet. Natti kjem med frost.
Eg fer med augo yver hagen, veit

det heng att eple i ein topp. Eg leit
på mildver enno; veden skal i kost,

og kålen takast upp og kulast, tre
skal plantast; det burde vorte tid
til nybrot òg. No ser eg hausten lid
og marki frys og snøen kastar ned

midtlides, og eg veit eg ikkje rekk mitt.
Den epleslumpen fær eg berga, kor
som er, so er i minsto ei sut kvitt.

I vest er månesigden ute, stor

og haustkvass, gjerug med å berga sitt,
ei saknads solbunde åt ei myrk jord.

Det passar so fint med dette diktet i kveld. Ikkje det at snøen kastar ned midtlides (Bergen=regn) eller at eg har berga nokon epleslump (dei siste epla fekk fuglane), men det har vore ein kosleg haustkveld med regn på vindauga, susing i hekken, eld i omnen og te og film i stova. Då er november fin, om enn litt tidlegare enn ein venta. Desember nærmar seg med stormskritt...

søndag 16. november 2008

Oppsummering?

Eg burde vel prøva å sei kva eg har drive med den siste veka, men det er ikkje lett. Eg prøver likavel:

- køyrt Strynefjellet to gonger - bort i vind og på bare vegar, attende i snøver og sterke ynskje om å møta/bli forbikøyrt av ein brøytebil
- ete skikkeleg innlandsmat, kjøt til alle måltid, og enorme mengder kjøtpålegg...
- stått. Rett opp og ned, bokstaveleg tala. Folk står nemleg ikkje rett opp og ned til vanleg, om de trudde det
- gått. Saman med folk, åleine, i blinde, sjåande, med retning, utan retning, med store steg, med små steg, i totakt, tretakt og utakt (med og utan vilje)
- dansa, men ikkje so mykje som ein skulle tru
- ete sjokoladepudding. Medan ein del leitte fram opningstidene til polet, var det andre som fann ut at dessert var tingen
- lært Vågå-dialekt. "Døm som let mest åt dans va døm so kunne gode danseleike" (og her er det "å låte" og "ein leik" som er det sentrale)
- sove middag kvar dag. For hjelpes kor utsliten ein vert i hovudet av å gå og stå.
- fått nye vener. Me er ikkje mange, men me er gode!
- fått alt for mykje å tenkja på. Å ta oppvasken, pussa tennene, gå til bussen eller høyra musikk er no grav alvorleg arbeid, dansemessig. Leiken (i meininga "ha det moro", ikkje "musikkstykkje") skal me visstnok få att i januar
- feirt tante Tone sine førti år med diverse familie og vener i Sogndal
- komme meg til Bergen att
- gått lei av Bergen att. Eg vil på tur!

(bilete: Camilla og Sigrid på Klones. Førelesingsnotatar, med illustrasjon av framdrift, og mindre/ingen framdrift)

søndag 9. november 2008

Om traktor, fotball og dans

Mm, flott blanding! Men det er fordi eg har hatt ei svært variert helg:

Reiste heim fredag, det var grueleg godt! Hadde ein fin og roleg kveld med Olve, Eirik hadde kjøpt pizza til oss og me såg film(ar) til langt på natt. Laurdag var det seint opp, ein lang morgon i heimen og, jepp, traktor. Me har fått ny. John Deer, av alle ting (me har aldri hatt noko so fancy før. Ok, me har Ferrari og, men den er so liten...) So den måtte jo prøvast. Tone tante var litt sjokkert over køyring utan ærend – men det er jo naudsynt på bli kjent med det nye, sant?

So for eg til Sogndal, til nemnte tante og familie. Det vart film på oss om kvelden, me og ca 10 andre såg Mamma Mia i sing along-versjon. Litt sært, men og svært moro. Må innrømma at ”Don’t go wasting your emo-o-tion” har gått litt om att i hovudet på meg i dag.

I tillegg var det jo kamp i Sogndal i går. Kvalik-kamp til Tippeligaen. Det vert nok eit år til i fyrstedivisjon for sogningane, og dessverre må eg sei at det er fortent. Og det er ikkje berre pga sjølvmålet... Men det mest sjokkerande med kampen var ikkje spelet (for det er jo vekslande, det veit ein). Derimot var det Ålesund sin Kjetil Rekdal etter kampen. Ingenting om ”godt jobba, dette fortener me, 1-4 er eit fantastisk resultat” eller noko slikt. Neida: ”Dette er det dårlegaste publikumet i landet!” Fordi han hadde fått eit pappbeger i ryggen. Ok, det er ikkje snilt, men det var faktisk 2500 andre Sogndal-supporterar der og!

Men i dag har eg altså forlete Sogndal, og må komma over dette (og det skal eg klara, han er vel ikkje nett kjend for å vera sympatisk...?) Eg er på Vågå. Jepp, Vågå! Kva eg gjer her? Studerar. Jepp, studerar! (Oi, mange ”jepp” her...) Norsk folkeleg dans, og det skal eg gjera (nesten) ei veke til endes. Spanande – og travelt. Etter berre tre timars økt i kveld måtte dei fyrste legga seg i ni-tida. Kan bli hardt med nitimarsdagar etterkvart (i morgon...) Men me lærer ekstremt mykje, og det er ei oppleving eg ikkje ville vore utan. Og so spørst det om eg seier det same i morgon, på fredag eller ikkje minst måndag, når eg skal attende til det ”verkelege” livet og levera semesteroppgåver på UiB.

Det er forresten attende til internatlivet og. Me bur på Klones, ein jordbruksskule. Her er det dobbelrom, høgt under taket og fellesrom utan so mykje bestikk o.l. Høyrest det kjent ut for ein del? Eg trivst i alle fall so langt. Ein av medstudentane mine sa det og so fint: ”Eg ser litt på dette som ein retreat eg! Me har jo ikkje noko anna å ta oss til...” Og det har ho jo rett i. Me tek det som ein ferie. Ein hard ferie, men likevel. So kan kvardagen komma om ei vekes tid.

(bilete: i mangel på bilete av meg i ny traktor --> meg i gamal traktor. Mamma Mia!)

onsdag 5. november 2008

Buzz Aldrin

"Personen du elsker er 72,8% vann og det har ikke regnet på flere uker."

Ein av dei beste opningane eg veit om (den må sjølvsagt konkurrera med "In a hole in the ground there lived a hobbit", men det må jo alt), og opninga på ein god roman. Og den romanen skal no bli fjernsynsserie! (ok, i 2010, men den som ventar på noko godt osb.)

Romanen er sjølvsagt Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? av Johan Harstad. Eg har ikkje komme meg so langt at eg har lese den neste romanen til nemnte Harstad, Hässelby, men det kjem, det kjem. Det er berre det at eg er redd det skal bli ein nedtur etter denne (som eg les for halvanna år sidan, men altså ikkje har komme heilt over...)

Eg er forresten stygt redd ei filmatisering kan bli nedtur og. Det skal godt gjerast å framstilla filmatisk ein roman som i så stor grad føregår i hovudet på hovudpersonen Mattias (stream-of-consciousness er ein term som lett fell meg inn), ein så stor roman med så lite handling. Og å framstilla Færøyane vert nok ikkje noko problem - men å framstilla symbolikken i Færøyane? Likevel, eg har trua - og elles vil eg tipsa alle om å lesa romanen før januar 2010. Ja, de har god tid, men det er absolutt ingen grunn til å utsetja det.

tysdag 4. november 2008

Lyrikk og TenSing

TenSing er nemnt i lyrikk-boki mi! Om Arnold Eidslott står det: "Det er ikke glade jublende sanger verken i indremisjons- eller ten sing-stil [...]" Frida og eg diskuterar om det betyr noko, men uansett betyr det at nokon har høyrt om TenSing - sjølv om det var på 80-talet - og at medstudentane mine kjem til å lesa ordet (om dei no hadde gjort det dei skulle til førelesing, noko dei gjerne ikkje har gjort...) Men anywayzzz: TenSing i Norske Tekster. Lyrikk altså.

søndag 2. november 2008

"Håpets hage"

Det er allehelgensdag, ein dag som i kyrkjeåret er litt mutt. Men tittelen på gudstenesta som var i Korskirken i dag var "Håpets hage", og både Deilig er jorden og Deg være ære vart sungne. Og det synes eg passar, for kva er vel meir håp i enn: "lyset fyller haven, se en engel kom" osv?

Gudstenesta var overført på NRK, og eg er skremmande mykje i biletet. Det var ikkje planen, men Inger Marie vart plassert - og tok meg med seg i "fallet", som ho sa. Det moroaste er likevel ikkje med på sendinga, det var nemleg dei to små som diskuterte rosiner i midtgangen under det dramatiske postludiet, og sukket av lettelse som gjekk gjennom kyrkja då produksjonsleiaren vinka at sendinga var over.

Gudstenesta kan forresten sjåast her, og er ei fin oppleving ein kald og hustren haustdag.

laurdag 1. november 2008

Fotball (?!)

Eg bryr meg jo ikkje all verdens om fotball, men nokre ting (også i årets sesong) er verdt å feira med eit blogginnlegg. Eit godt døme er dette. Uansett korleis kvalik-kampane går: godt jobba!

The Eyre Affair

Governments and fashions come and go but Jane Eyre is for all time.

Og det er grunnen til at offiser i Special Operations 27 (LiteraTec) Thursday Next hjelper Mr Rochester med å beskytta Jane mot den største litterære skurken nokon sinne, på same tid som ho prøver å finna ut kven som verkleg skreiv skodespela til Shakespeare og stoppa Krim-krigen som har vart i 131 år. Året er eit svært alternativt 1985, og eg lo. Mykje. Romanen kjennest som ei blanding av Harry Potter og Hitchhiker's, og det er jo ikkje det verste. Sjølvsagt manglar det ein del på at det kjem på det nivået, men Jasper Fforde er på veg - og eg skal lesa den neste Thursday Next-boka og.

torsdag 30. oktober 2008

Kvalitetar i ein mann

Eg åtvara om at det kom til å komma fleire lister her, og det gjer det sjølvsagt. Denne har sitt utspring i samtalar med bebuarane i huset, som alle har sine meir eller mindre utfyllande lister over kva dei er på utkikk etter. Dette er mi liste over kvalitetar i ein framtidig mann:

- må kunne dansa, eventuelt vera villig til å læra (fort)
- vera god på høgtlesing
- syng i selskap med andre (men ikkje nødvendigvis ekstremt godt)
- må gjerne ha bunad
- musikalitet inga hindring...
- vera klar over at forslag om å slå seg ned på Dale (eller tilsvarande stader) er grunn til å avbryta eit forhold
- godta min fascinasjon for dårlege romantiske komediar, musikalar og dansefilmar
- klara seg utan meg når eg driv med mitt
- men stilla opp når eg vil ha han der (ok, eg er inkonsekvent i høve likestillinga i dette forholdet, men det er mi liste!)
- laga mat (og gjerne andre ting enn det eg kan)
- takla mine tidlege kveldar og seine morgonar
- ikkje vera pratsom om morgonen (i alle fall ikkje forventa svar)
- må kunne stilla opp som leiar for ungar og ungdom og visa seg som ein kul fyr
- lika å spela spel, særleg dei eg likar å spela
- og då gjerne tapa, men ikkje med stor margin (kanskje ikkje ein gong heile tid). Konkurranse er alltid bra.
- intelligent, men ikkje påståeleg eller besserwisser. Det vil eg ha monopol på
- takla å møta foreldra, brødrene, tantene, onklane og syskenbarna - samla
- ha arbeidshender
- og sterke skuldre
- og fint smil
- og alt det der
- stilla som bøttebærar på Øystølen
- vera nøgd med å vera inne ein laurdagskveld
- eller vera med ut på pub eller for å dansa (sjå pkt 1)
- kunne ordna det eg ikkje kan ordna, som oppvaksmaskin, bil og slikt
- kunne pussa opp sitt eige hus (aller helst bygga det, men ein stad går kanskje grensa?)
- sjå sjarmen i studenttilveret
- komma med saft og gulrot til meg når eg er sjuk
- utdanna, enten yrke eller akademia
- lika hundar
- høgare enn meg
- mørk
- eller lys (dette skiftar med dagsformen)
- kristen(-ish) - nok til at eventuelle ungar vert døypte med ei meining bak
- let seg opprøra over urettferd
- let seg fascinera av folk og fe
- men kan ha ein humoristisk distanse til same folk og fe
- skjøna kvifor ordelingsfeil er nettopp feil
- og forstå at denne lista på ingen måte er utfyllande...

tysdag 28. oktober 2008

Haustsus

I dag låg det eit melisdryss over byfjella, og nokre små fjon dalte over byen i korte augneblinkar utover dagen. Hausten er definitivt komen til byen - og er kanskje på veg til å gli over i ein forsmak på vinteren? Eller ikkje, for i kveld bles og regnar det att, eit sus går gjennom rododendronhekken i hagen, og eg har tent lys for å halda det kalde mørkret ute. Med lys i glaskarmen vert mørket varmare, og det er kosleg å sitja inne i haustkvelden.
Fergemann Tid
Gå inn i din høstlige haves port,
og lytt i den stille kveld.
Det er som du hører en båt ro bort,
og båten er jorden selv.

Den legger ut fra en sommerstrand,
med sommerens liv ombord.
Og tiden, tiden er fergemann
som puster og ror og ror.

Det er som et ekko rundt omkring
av svimlende åretak.
Og tiden ror i sin vante ring
og legger en sommer bak.

Blomster og vekster og busker og trær
står som de ikke tør
å spørre hvor kursen i kvelden bær
men luften omkring dem spør:

Hvor ror du hen, du jordens båt?
Fergemann Tid, hvorhen?
Og haven suser forgrått og våt:
Kommer du snart igjen?


(bilete: lyspunkta mine. Og ja, diktet er Fergemann Tid av Herman Wildenwey, "udødeleggjort" av bandet på TSN 04/05)

måndag 27. oktober 2008

Olivenplukkarar

Ei gruppe norske ungdommar/unge vaksne er for tida i Palestina for å plukka oliven, besøka kjente marker (for nokon), læra meir om konflikta og levekåra, og oppleva nye ting. Og dei skriv sjølvsagt blogg: http://olivenplukkerne.blogspot.com

laurdag 25. oktober 2008

Ting eg set pris på

These are a few of my favorite things

Som kjent har eg nett ferda Naiv. Super av Erlend Loe. Sjølv om hovudpersonen der har meir problem enn eg likar å tru at eg har, har me noko til felles, utanom ynskjet om ei enkel leike ein kan bruka om att og om att: lister. Denne er direkte inspirert av boka - og ein skal ikkje sjå vekk frå at det kjem fleire...

Ting eg set pris på:
- ulltepper
- grill
- kajakk
- sykla i nedoverbakke
- lukta av bibliotek/bokhandel
- dataen min
- haustfargar
- fjell
- sjokolademjølk
- lister
- ikkje-modernistiske dikt
- musikk
- filmar eg kan utanåt
- å leia
- kjekke mannfolk
- mannfolk generelt
- vener
- biltur
- vatn
- hund
- vera innandørs i tordenver (eller anna uver)
- djupe, rolege stemmer
- legga meg
- filmkveld
- fengande tekstlinjer
- dansa
- familien
- at Firefox kan vera på nynorsk
- synga i stort kor
- stearinlys
- sitja og prata utover natta når ein eigentleg burde lagt seg
- flyplassar
- sjå film åleina
- sovepose
- musikal
- nye bøker

onsdag 22. oktober 2008

Les Miserables

Sjå ned, sjå ned, du er for alltid trell
Sjå ned sjå ned, du slavar til du fell

I kveld gjorde eg noko eg har gledd meg til i over eit år. For over eit år sidan les eg ei notis i BT, nede i eit hjørne med eit intervju av teatersjefen på Den Nationale Scene - dei skulle setja opp Les Miserables. Eg bestemde meg der og då - dette skulle eg få med meg!
Konge på eit kro
grisekokken her
glad når nokon ikkje veit kva pengar er
Sper opp all slags vin
fiksar vekt og mål
Loppar dei som duppar etter fjerde skål

Og i kveld var altså kvelden. Eg stilte opp på Cafe Opera for å treffa følgjet mitt for kvelden, nemleg tre gutar. Kosleg det, særleg at Erling var ein av dei. Og so gjekk me vidare til DNS, for å oppleva den beste musikalen som finst (og ikkje prøv å sei meg i mot!)
Kan du høyra folkets song?
Det er ein song av arge menn!
Det er musikk frå alle dei som aldri vil ha slavekår igjen
Når eit hjarte bankar sterkt,
saman med skarpe trommeslag

Er det eit tekn på vi byrjar vår nye dag

Me hadde dei dårlegaste plassane på heile DNS - ingen overdriving. Dei fire fremste seta på høgre side av øverste balkong, så nær stjernene - i taket - ein kan komma. Men eg gløymde det fort i forventinga, og sidan i innlevinga.

Ein hug full av elsk
Ein hug full av song

Det går visst gale fyrste gong
Å gud, så leit
eg fekk 'kje spurt om kva du heit
Å mademoiselle, sei det no

DNS har fått tak i flotte skodespelarar, som alle kan synga, og som alle gjer ein fantastisk innsats gjennom tre timar. Eg visste at eg kom til å bli forelska i Marius, det vert eg alltid (til tross for at han er ei pingle, gjekk det opp for meg i kveld), men her er det potensiale for fleire...

Berre eg, eg let som om han vinn meg
Berre eg, eg kjenner armar kring meg

Åleine, eg går med han til dagning

og om eg går meg vill eg let att augo
og han finn meg

Kor mange gonger eg gret? Mange, tru meg... På Raudt og svart (ABC Cafe/Red and black), på Ein dag til (One day more) - og dermed vidare inn i pausen, frå Berre eg (On my Own) og fire songar framover, og heile Epilogen...

Fader Gud, høyr mi bøn
Høyr meg no, du har vore so god
Han er ung, gjev han ro
Han er redd, gjev han mot
Ta han heim

Eg har lyst attende! Vurderte ein augneblink å gøyma meg under stolane og bli der til i morgon, men fann ut at det vart litt vel ekstremt (men berre litt...) Sjølvsagt, det er ikkje like godt som (det eg hugsar frå) London. Sjølvsagt, det er ikkje absolutt alle som er musikalartistar. Og sjølvsagt, mine forventningar var skyhøge. Men eg er nøgd. Svært nøgd. Rett og slett imponert. Ei so stor oppsetjing, det skal DNS og Bergen vera stolte av! Og so må eg berre beklaga at eg ikkje kan avslutta dette innlegget med "dette må alle sjå", for det er ikkje mogleg å få tak i billettar...

Me vil leva som i paradis
i fred med alle her
Dei vil pløya eigne marker

dei vil kasta kvart gevær
Ei lenkje er broten og alle får dela vår verd

Blir du med i folkets kor?
Blir du med dei som syng og slåss?
Bakom dei høge fjella ligg det lova land for alle oss
Kan du høyra folket syng,
høyrer du tore frå eit slag?
Det er eit teikn på at me får ein morgondag!

tysdag 21. oktober 2008

Den andre mannen

Som de skjønnar av tidlegare innlegg les eg Erlend Loe i dag. Men ein an forfattar er og med på å gjera meg tankefull i dag, nemleg den alltid tilstadeverande Olav H. Hauge. Eg var på kino i dag, den siste filmen eg får med meg på årets BIFF vart Olav H. Hauge - Den andre mannen av Vigdis Nielsen. Som tittelen seier, fokuserar Nielsen i filmen på "den andre" Hauge, på den galne mannen, på sjukdommen. Men heile livet hans er med, og den fantastiske kjærleikshistoria som alltid får meg til å snufsa litt gir eit langt og innovervendt liv ein lukkeleg slutt.

Nielsen har fått kritikk for at ho fokuserar for mykje på sjukdommen, galskapen, til Hauge. Men hallo folkens, sjekk tittelen då! Det er jo det ho vil, fortelja om han som Hauge sjølv omtalte som "hin mannen", han som kom fram i galskapen, han som levde på sida av det som var verkeleg. Og det var det Hauge gjorde sjølv, levde i ei blanding av røynd, fantasi og poesi. Sjølv om det er ei tung livssoge, trur eg ikkje han hadde vore den same mannen utan, og ikkje den same poeten.

Filmen er forresten vakker i seg sjølv, med fine bilete, god bruk av både skodespelarar og arkivmateriale og flott musikk. All narrasjon, som ikkje er formidla gjennom intervju av folk som kjende han, er utdrag frå dagboka. Dikta til Hauge er sjølvsagt med, og det er ei blanding av humør og alvor i filmen. Eg hadde av og til kjensle av at den fullsette salen kjende mannen på ein eller anna måte. Ei gjenkjennande humring gjekk ofte gjennom salen, medan det på dei mest opprivande tidspunkta i livet hans var ei nikking som gjekk att, og medkjensle som prega stemninga. Nokre dikt fekk smilet fram, andre sukk. Uansett trur eg Olav H. kunne kjent seg mellom vener i den kinosalen, sjølv om han til å byrja med var skeptisk til fjernsynet, og ikkje likte å bli filma.

Apropos fjernsyn: NRK kjem til å senda Hauge-filmen i løpet av hausten. Verdt å få med seg, dersom de ikkje har skjønt det enno...

Bankebrett

I dag har eg mange tankar. Generelt sett er jo det positivt, men i dag har eg eit ambivalent forhold til nett det. Tankane mine altså, at det er so mange av dei. Og so er eg litt (mykje) påverka av Naiv. Super av Erlend Loe. Som hovudpersonen i Naiv. Super ynskjer eg at ting skal vera enkle, og tilveret meiningsfullt. Det er ikkje alltid dei er det, eller det er det.

En dag jeg har bedre tid skal jeg stikke innom administasjonen og foreslå at alle som melder seg opp til forberedende skal få utlevert et bankebrett sammen med pensumlisten. En avtale mellom Brio og universitetet vil være fordelaktig for begge parter. Brio vil få verdifull publisitet, og universitetet vil få en generasjon av studenter med bakkekontakt og perspektiv. På lang sikt vil hele nasjonen dra nytte av det.

Eg ynskjer meg eit bankebrett. Eit i tre med blå pinnar og raud og grøn hammar. Raude bein, trur eg. Kanskje gule. Eller kanskje pinnane skal vera gule. Akkurat det er eg ikkje sikker på, men det hadde vore fint. Kan kanskje funka med ein sprettball og. Ein grøn ein.

laurdag 18. oktober 2008

Besøk

Det har vore mykje besøk i huset i det siste. For to veker sidan var bror til Frida på besøk til søndag. So kom mamma, Olve og syskenbarn Stina torsdag og var til laurdag, no onsdag kom Hilde Oddny og var til fredag, torsdag kom Karoline og var til i dag, og fredag kom Kristine, som skal vera til i morgon/i natt. Det er travelt, men det er og svært kosleg!

Ein Bergenstur for Hønefoss-jentene har me snakka om lenge (eitt år?), men det har ikkje blitt før. No bestemte me oss, og halvanna - to døgn fekk/får kvar av dei i byen. Men me har likevel kost oss, med kafe- og rastaurantbesøk, litt handling, Ingrid Bjørnov i går, og Tiramisu på BIFF i dag. Kvelden skal dermed brukast i heimen...

Det er godt at ein får besøk av så gode vener. Vener som tek ting som det kjem, og som gjer ein glad berre ein er saman med dei. At ein kan ha lange frukostar vert dermed vel så viktig som at ein skal gjera ting, og trasking i byen er like gjevande som sightseeing. I det heile har dette, so langt, vore ei flott helg (ok, veke), og laurdagskvelden teiknar til å bli fin den og.(bilete: meg, Karoline og Kristine på Stegastein, Aurland i juli. Karoline og Kristine ved Lille Lungeren, oktober.)

onsdag 15. oktober 2008

Baksida av Sundt-bokstavane

"Jeg er en av de få som har sett baksiden av bokstavene på Sundt, da," mumla Trond Espen Seim medan ein fullsett MB4 humra forsiktig. Gunnar Staalesen nikka, og innrømte at han ikkje har skrive mykje anna enn tittelen til den nyaste Varg Veum-filmen (og til og med den er endra). På rekke 9 sat eg og Monica og prøvde å ikkje sukka høgt i andakt.

Me var på "premiera" på Begravde hunder i dag (litt usikker på kor mykje premiere det var, men "nesten verdspremiere" sa kinosjefen). Midt på dagen sat me i ein mørk kinosal og innbilte oss at det var seint på kvelden og dermed heilt ok å gå på kino. Men det er BIFF, og då er det litt unntakstilstand, som ei på universitetet sa det. So då sat me der, to unge jenter på rekke 9, med ein sal full av vaksne folk (nokre andre unge var det der) og med produsent, regissør, forfattar og skodespelar på dei femste rekkene. Ei stor oppleving - og ja, han er (nesten) like kjekk i verklegheita...

Filmen? Ikkje den beste av Varg Veum-filmane. Men grei nok. Og dersom nokon er interesserte i å få med seg denne, eller resten av filmane (og drop dead gorgeous Seim) , so vil eg anbefala Torgallmenningen i kveld klokka 19, eller Varg Veum-maraton i helgi. Ja takk, begge deler, skulle eg til å sei, men trur eg står over. For eg har sett han, Vargen (uttalast med skarre-r og diverse æ-ar), live. På kino.

tysdag 14. oktober 2008

Gamal vorten?

Endeleg kan eg endra profilvisinga på sida her til 23 år. Det har eg hatt lyst til i eitt år, ikkje fordi eg so gjerne ville bli eldre, men fordi det har vore rart å vera so gamal som 22. Men no har eg ingen kjensle av alder, og er godt nøgd med å berre få ei unnskyldning til å eta god mat i godt selskap.

Dagen i dag byrja med kollokvie klokka åtte, og vidare med tre timar oppgåveskriving. So var det førelesing (tysdagane er dei dagane i veka eg faktisk gjer noko...), men so var det heim, og fri resten av ettermiddagen!

Eg inviterte gode vener til middag på Egon, og i tre timar sat me og skravla og åt (for mykje). Monica fekk tak i ballongar, oppblesne sodanne, og Ingrid stal ein uoppblesen som eg kan spara til seinare. Eg er glad for begge gestar, at eg har bittelitt (ok, stor) ballongskrekk ser me glatt vekk frå, og nyt synet av ballongbuketten som no heng i taket i gangen (og som Monica sjarmerte heile 6ar-bussen med). Av Magnhild fekk eg eit bilete eg har sikla over i lenger tid, nemleg dette. Og det til tross for at eg eksplisitt ynskte meg selskap, og ingenting anna.

Gebursdagen har vore flott, sjølv om det ikkje kjennest anleis å vera 23 enn 22 (overrasking? Nei, trur ikkje det). Og eg har fått so mange koslege helsingar!

E e jild i dikka adle sammen!

(bilete: Monica med ballongane)

laurdag 11. oktober 2008

TenSing 40 år

Korskirken var full i kveld. Stappfull av folk i alderen 40+, og ein del under. Stemninga var god, gospelsongen klang mellom veggane, og anlegget feeda berre litt. So gjekk straumen, midt i "Oh happy day". Og det var då det tok av. Publikum tok ansvar, song gjennom heile songen, fortsette med "Soon and very soon" og avslutta med å gå ut av kyrkja nynnande på "Gå i fred".

TenSing-rørsla er 40 år i år (41 år sidan Bergen TenSing starta, men me ser stort på det), og det er duka for feiring i Bergen i helgi. Eg får ikkje med meg meir enn kvelden i kveld, for eg fann ut at kulturinntrykka må fordelast og fer derfor på kappleik på Voss i morgon. Men i kveld var det altså TenSing som var i høgsetet.

Og det var godt - godt å sitja i ei full kyrkje og synga høgt på songar ein kan ut og inn etter ein del år i organisasjonen, høyra meir eller mindre god lyd frå scena, og sjå kring seg på gamle og unge ein har møtt gjennom åra. Her var tidlegare eittåringar, leiarar, deltakarar, tilsette, gode vener, kjente, folk ein veit kven er, har sett, og heilt nye fjes. Og felles var ei begeistring for TenSing, med alt det inneber av suksessar og nedturar.

Eg trengte ei påminning på kvifor ein driv med dette. I det siste har det blitt mykje fokus på det negative i organisasjonen - det som går trått, det som ikkje funkar, det som er arbeid og ork. Og då lurer eg litt på kvifor eg giddar. Ja, organisasjonen har gitt meg mykje, men har eg ikkje gitt nok attende snart? Er det ikkje nok med svette og tårer, må det bli blod og? Men so sit eg attmed gode TSN-vener, med eit syskenbarn på scena og LiV-gutar på rekka framfor. Og so veit eg at dette er grunnen: dei nære venskapa og dei store opplevingane. Eller dei små opplevingane.

Felles for dei er den gode kjensla - ein god klem, ei opptreden som går bra, eller som går dårleg, ein samtale utover natta, eit smil frå ein deltakar, eit handtrykk frå ein leiar, møte med nokon det er lenge sidan ein har sett, kjensla av å ikkje ville reisa frå ein leir og kjensla av å vera utsliten, latterkrampen når ein modulerar for sjuande gong, og møtet med Gud på eigne premissar. Det er det som er grunnen til at me fortset, at me giddar. Og grunnen til at TenSing er 40 år. So skal eg heller ofra litt blod (i overført tyding, håpar eg) for at TenSing skal bli dobbelt so gamle, minst, viss det er det som må til. Det er rørsla og organisajsonen verdt - me må berre bli minna på det av og til. Dessverre kanskje? Men like fullt eit kick når det skjer - når det går opp for meg at eg er med i ein organisasjon som får utrulege ting til å skje! For det er me, berre so de veit det...

(bilete: TSN 04/05 på Hamarøy, januar 2005.
KrinsKrams på European TenSing Festival i Århus, august 2006)

måndag 6. oktober 2008

Overraskingsbesøk

Medan eg sat og tenkte djupe tankar av typen "Hm, lurer på om eg bør eta snart?", "Kor lenge kan eg utsetja å byrja på oppgåve?" og "Mat?" ringte det på døra. Då tenkte eg enno djupare tankar ("Hæ?!") og gjekk forsiktig ut i gangen. Ei blå jakke skein gjennom glaset i ytterdøra, og min neste tanke var "Hurra!" Og det var godt tenkt, for utanfor sto Magnhild og ville inn. Heilt uanmeldt.

Eg er for slike overraskingsbesøk. Slike besøk som ikkje er avtalt å førehand eller har eit bestemt mål. Besøk der ein set seg ned i ein knapp time og et brødmat medan ein snakkar om dagen so langt. Besøk som ikkje har noko anna for seg enn å sjå kvarandre. Det er for få slike besøk, mobiltelefonen har gjort at ein alltid gir beskjed på førehand, ein åtvarar og er for omtenksam, "Nei, tenk om eg forstyrrar." Om du ein dag forstyrrar, skal eg heller sei frå. Til dess er alle overraskingsbesøk særs velkomne.

fredag 3. oktober 2008

Endringar!

Eg skulle jo skriva oppgåve i dag. Og ja, eg har vore flink student minst halve dagen, so det har eg gjort. Og so sendte nabo Gro melding: "Gå Vindhella?" "Gi meg ein halvtime," sa eg, ferda oppgåve fort og gale, og so gjekk me Seltåsen (ein har vel lov å ombestemma seg?)

Etter middag skulle eg liksom lesa, men med ein gong eg sette meg i sengi (eg veit, fyrste tabbe...) kom andre ting i fokus. Ein rask tur innom bloggen vart mange timar med omskriving av HTML-kodinga og leik med biletredigeringsprogrammet GIMP, og so endte me her me er no. Eg er faktisk godt nøgd. Dersom nokon lurer på kor ideen kom frå kan eg tipsa om Tips for New Bloggers. Svært god side, med mellom anna informasjon om korleis skaffa seg tre kolonner og mykje anna snacks. Men eg trur eg skal gi meg her. Det er eit år (ganske akkurat) sidan eg oppretta bloggen, og no får det bli (minst) eit år til neste store endring, tenkjer eg. Men nokre små overraskingar kan vel komma innimellom...

(bilete: Stora Sokni sett frå Seltagalden)

torsdag 2. oktober 2008

Oppgåvenotatar

NN: Faa s 83-85 Perfektum partisipp av svake verb: bøyde som adj når de blir brukt i syntaktisk funksjon som adj. Dvs attributivt eller etter vera, bli, verta (disk.) Svake verb med dentalsuffiks (alle utenom a-verbene) har samsvarsbøyning. Pl identisk med pret.formen, n som etter ha, m og f som pret., men uten –e. Unntak: Verb med pret. på –dde, -gde, -vde kan ha n partisipp på –d. Unntak: Konsonant+t får ingen ny –t. Unntak: blitt er alltid ubøygd. Unntak: brukt predikativt (etter vere, bli, verte) kan man bruke n overalt (som sideform)

Kan nokon forklara meg kva dette betyr? Ingen? Ikkje eg heller, og eg har skrive det. Jada, det går framover med oppgåva i NOSP...

tysdag 30. september 2008

Haustferie på austlandet

Døgnrytmen min er grueleg skeiv. Den er so skeiv at eg sov frå Hønefoss til Fagernes utan å lea meg, til tross for full buss. Den er so skeiv at eg reknar middag i femtida som lunsj og frukost i nitida som nattmat. Og dette kan eg gi skulda/æra til to jenter for: Marianne og Kristine.

Eg var på PUKT-møte i Oslo fredag kveld, og slapp derifrå litt over ti. Dei neste seks-sju timane sat eg i ein sokkelleilegheit på Oslo Vest og skravla med Marianne, som eg gjekk på UiB med for tre år sidan. Me har heldt kontakten til og frå sidan, og hadde ei svært kosleg natt med enormt mange samtaleemne. Det fortsette forsåvidt laurdag føremiddag/ettermiddag (her byrja nemleg døgnrytmen min å leika seg), før eg for til City for å bruka peng eg ikkje har (noko eg klarte svært fint) og vidare til Norderhov, Hønefoss.

På Norderhov har eg sett film, ete mykje, vore på eksursjon til potethaustinga, køyrt firhjuling, gått tur, vore på shopping, vore på hageselskap, spelt piano og lese litt (anna enn pensum). Alt dette på knappe tre dagar. Ja, det går, og nei, det har ikkje vore travelt - ikkje berre har me utnytta kveldane godt, eg har og gjort alt i godt selskap. Min tidlegare sambuar Kristine var reiseleiar, og saman gjorde me Norderhov (utrygt? Kanskje særleg på firhjuling.)

Etter ein busstur med soving (svært ok det altså), er eg no heima i Lærdal. Her er oppdraget å få døgnrytmen på styr att, for her skal skrivast oppgåve! Eg har ein framdriftsplan som tilseier at denne fyrste oppgåva skal vera ferdg rett over helgi, slik at eg har halvanna veke på neste. Planen skal holdast. Planen må holdast. Eg har disiplinproblem. Og ein vill døgnrytme. Men og flotte minner frå haustferie på Austlandet!

(bilete: Norderhov kirke i haustskrud. Kristine og eg på veg på eventyr - me valte det minste køyretøyet me...)