måndag 28. september 2009

Gjermund

"Han ser ut som Jesus og spelar som gud" - Gabriel Fliflet om Gjermund Larsen. Det verste er at han har rett...

Dei byrja med ArriVals og Midnattsdrøm. Gudskjelov, tenkte eg, då er me ferdige med dei nydlegaste, so slepp eg å gråta. Eg lot at augo og naut - fram til voggevisa som avslutta. Då naut eg so tårene draup.

Eg har fått ei greie for Innherradsdialekta. Jepp, trøndersk... Det er pga to trioar, Einar Olav Larsen Trio og Gjermund Larsen Trio (og ja, dei er brør). I kveld spelte Gjermund med sine to på Columbi Egg, og eg var der sjølvsagt. Eg kan ikkje påstå eg har fulgt denne trioen lenge, men sidan eg oppdaga han i vår (under førebuing til danseeksamen faktisk) har plata Ankomst vore spelt nesten dagleg trur eg. Og no fekk eg endeleg på konsert! Det er ikkje ofte det kjem godlydar frå publikum før applausen tek til etter nesten kvart nummer, men slik var det her.

Kanskje eg skal lesa meg opp på trønderdialektane. Eller kanskje eg berre skal legga meg med fela til Gjermund i øyro, og nyta ein gong til...

søndag 27. september 2009

Visur og vener

Eg tok helg på fredag. Eg tok so helg at eg gløymte å levera ei oppgåve, noko eg fekk klår beskjed om ikkje var typisk meg. So sant so sant - men so er ikkje helger utan planar typisk meg heller.

Men helgi har blitt full! Fredag kveld kom Inger Marie, Kim, Anders og Wiebke på middag hjå meg og Monica, og me åt og skravla lenge. So for Wiebke og Monica til byen, medan me attverande jentene slo gutane i Alias, og fortsette skravlinga.

Laurdagen byrja seint, men etter ein lang frukost følgde noke timar på Vil Vite. Fantastisk moro! Eg har aldri vore der før, men vil tilrå det på det sterkaste - stor stas! Ein snøggtur heimom, og so var eg klar for ein kveld med viser på Hotell Augustin. Aasmund Nordstoga med band song om "damur, jentur, kvende, kvinnfolk og ein og annan kar", medan publikum smilte, skrattlo, song med eller lot augo drøymande att. Neste del av kvelden var folkemusikkjam med proffe og amatørar, ei fin stund det og.

Me fyllte godt opp på Hector's, me som gjekk dit etterpå, og når lyset vart tent og folk jaga, skulle Wiebke, Monica og eg heimover. So langt kom me ikkje, for sovesofaen til Wiebke kunne romma tre trøytte jenter...

Men no er me attende i huset. Ute regnar det, inne brenn det i peisen, og me sit kring kaffikoppane med spøt, bøker, telys og musikk på anlegget. Aasmund Nordstoga, Trispann (takk gud for Spotify!) og Gjermund Larsen (ein må jo varma opp til neste konsert...) Helg altå, me like!

(bilete: Eg og Inger Marie på Vil Vite.
Kim, Anders og Inger Marie testar anatomikunnskapane sine - det var her eg vart skeptisk til den norske legestanden...

Framsidebiletet på cden Ein visefugg - som sjølvsagt vart kjøpt og selt i store kvanta)

Oppdatering: Søndagskvelden var ikkje over med musikk på anlegg og beina i sofaen. Gjøri, mitt kjære syskenbarn, kom rett frå handballkamp på middag, og ga meg speletime i retur for den. Eg synes eg gjer den beste handelen her! Ho hadde til og med med fele til meg, so no kjem det til å komma fæle lydar (nei, ingen stave- og orddelingsfeil her) frå huset i ei tid framover. Men det er moro! Eg "kan" Lisa gjekk til skulen...

(bilete: Gjøri med "mi" fele)

fredag 25. september 2009

Medisin mot studieangst

Eg kom tuflande frå grauteting i kantina mot lesesalen. Planen var ca halvanna time med lesing, før helgi kom og eg skulle forlata bøker, stress, press og dårleg samvit på Høyden, og berre kosa meg. Eg stoppa litt framfor døra, trakk pusten - og høyrde ein som kremta litt i sofaen attmed. Ein i gamalengelsk-klassen. Ein av dei eg deler lesesal med. Ein av dei som kan alt. Sukk.

"Eg snakka med Kari i går, ho sa at du og slit litt?" Eg og? Eg og?! "Ja, alle me gutane har nok litt panikk. Du og Janne og Dania kan jo alt." Me? Alt?! Det viser seg at sju av åtte studentar skjønnar ikkje eit kvekk, riv seg i håret over ordklassar og bøyingsskjema, og har ikkje turt å sei det til andre enn ein av førelesarane. Kommunikasjon altså, gode ting! Det er litt gale å vera glad for at ingen skjønnar, men då gir panikken seg litt. Akkurat i tide til helg. Og eg skal berre kosa meg.

søndag 20. september 2009

forts. Requiem

No har eg gjort det og. Sunge klassisk i kor - med musikarar, solist, 160 i publikum og ikkje alt for mange feil. Ei flott oppleving!

Som kjent likar eg jo å stå på scena. Iallefall når det er noko eg er nokonlunde trygg på (då ser me vekk frå eit par heile satsar av Requiemet, eit par av dei andre songane, og minst 20 innsatsar og pustepausar), det er i eit kor og når det er masse gode vener mellom dei 160 i kyrkjebenkene.

Det skal forresten seiast at dette med konsert vart spanande nok etterkvart. Dagen min byrja med lang frukost med Magnhild - som i går "tvinga" meg til å sjå Titanic, sjølv om eg gret (hulka), altøving (me hadde noget panikk), og oppvarming og anna kos i Domkirken. So kom musikarane. Paukene på plass, harpa på plass, oboen, celloen og fløyta på plass, klokkespelet på plass. So kjem det lyd frå orgelet - utan at det skal det. Krise. Orgelreperatør vert etterlyst, men ein slange fiksar saken enn so lenge (me måtte jo øva!). Det er då harpisten sler feil, og det høyrest ut som harpestrengene flyg veggimellom. Panikk og hysterisk latter.

Men det gjekk heldigvis bra, som dei seier. Me fekk ståande applaus (gamle/permiterte Kor e´tonen-medlemmar), jubel (ok, Kor e´tonen-folk det og) og skryt (av gode vener). Takk for god støtte folkens - og eg håpar de koste dykk og. Eg hadde det dritmoro! (kanskje ikkje passande når stykket er ei dødsmesse, men slik går det når ein set meg framfor folk)

fredag 18. september 2009

Requiem

Eg har Requiem på hjernen - noko deprimerande, men vakkert. Det er John Rutter sitt, i Kor e´ tonen sin versjon. I løpet av helgi skal me øva i 14-15 timar, før konserten, den store og einaste i sitt slag (Requiem med Kor e´ tonen, solist og musikarar, altså), brakar laus søndag klokka sju i Domkirken. Eg gler meg! Og eg håpar det kjem folk, for Domkirken er stor...

måndag 14. september 2009

3 gode grunnar

til ikkje å lesa i dag:
- LiV-kurset - det er enno mykje å tenkja på, konsentrasjonen er altså ikkje på topp
- veret - det er sol i Bergen, need I say more?
- valet - eg kan ikkje hugsa sist eg var so nervøs!

Desverre er ikkje dette gode nok grunnar i følgje mitt samvit, so gamalengelske verb: Here I come! (cume? cuman? com?)

laurdag 12. september 2009

LiV, the sibling edition

Ein skjønnar ein byrjar å bli gamal når ikkje berre dei ein sat barnevakt for, men småsyskena til dei ein sat barnevakt for er med på LiV (leiartreningskurs i KFUK-KFUM). Og når halve gruppa er småsysken - og faktisk ofte dei yngste småsyskena - til dei (yngste) ein har vore på leir med. Ai, eg kjenner alle mine mange år tynga meg.

Men eg blir og lett, vel iallefall varm, om hjarta av dette. Årets LiV-kull er ein flott gjeng, som held ut gjennom strabasar, delar på det dei har av overskot, oppmuntrar, syng, fortel vitsar, blir overlukkeleg over bålkos og sukker (vel, kven blir ikkje?) og som eg gler meg til å følgja gjennom to år. Og so gamal er eg ikkje at eg ikkje kan gle meg over fellesskapen mellom dei, ein fellessakp eg òg får del i (når dei berre skjønnar at "kursleiinga" ikkje er den vonde sjølv...)

tysdag 8. september 2009

I dag såg eg


I dag såg eg
tvo månar
,
ein ny
og ein gamal

Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle
Olav H. Hauge

Eg har kjøpt den nyaste plata til Valkyrien Allstars. Heilt anleis enn den førre, meir melankolsk, til tider meir sinna. Men med vakre tekstar, frå trad. til Halldis Moren Vesaas, Ibsen og Olav H. Eg skal nok nyta den utover hausten.

søndag 6. september 2009

Søndagskveld

Men festen var ikkje over! (det er enno kake igjen)

Dvs, det var kake att, so Monica og eg for til Magnhild på kaffi og kake(restar). Og so for me på konsert! Thea Hjelmeland og Hanne Vatnøy på Logen. Fyrstnemnte baud på spanande tekstar og fantastisk stemmekontroll, tankevekkande, leikande og flott. Nummer to var meir popete, men med eit oppsiktsvekkande band: piano, vakker vokal, slagverk, kontrabass, fiolin og ikkje minst Endre på marimba og diverse rytmeinstrument. Imponerande instrumentbyter til tider - og trass i at songane er flotte i seg sjølv trengs marimbaen, var me samt einige om. Ei flott avslutning på ei fin byhelg!

Take me to Tokyo, join me Susannah
teach me to dance like they do in Havanna
I like to feel music and rythms, and
Take me to Tokyo, down to this place
where good girls can fly and be heroes in space...
Hanne Vatnøy

Oi, september!

Hm, tida flyg, og bloggen stagnerar. Ei veke sidan førre innlegg, det er ei stund til meg å vera. Det viser kanskje helst at eg ikkje har svært mykje tid å lata som eg driv med andre ting - veka har forsvunne mykje i tur til Førde for å planleggja LiV-kurs, hysterisk lesing for å ta att det eg ikkje har gjort før i veka, og ei kosleg helg med gode vener i Bergen.

Fredag kveld var det middag og film i femte i Gimle. Der bur fleire av danse- jentene, med diverse vener, og dermed vert det lett jentekveld med musikal og skravling. Og sidan dei har to digre leilegheiter til saman, vart det råd med overnatting for ei som snakkar seg forbi siste buss. Laurdag morgon byrja dermed med busstur heim - der eg forresten møtte statsministaren på busstoppet på Bryggen. Hm, valkamp altså...

Men so ignorerte eg glatt valkampen resten av dagen (eg har trass alt førehandsstemt allereie, so då treng eg ikkje stressa meir med det), og sat på ein benk i Byparken med Lene og såg på folk. Dvs, etter ei litt (u)heldig setning om ynskje om nye sko, vart det handling på oss (meg). Stor stas det og. Då Lene forlot meg til fordel for landskamp (som rykta seier ikkje gjekk so godt), åt eg middag i Musehagen, før det var kakefest og spelekveld i tårnet til Magnhild. Mange folk, gode kaker og god stemning - og ein seier i Alias. Det (og ikkje berre seieren altså) kan godt bli ein tradisjon!

No er det søndag ettermiddag, men Monica og eg er knapt ferdige med frukosten. Den vart lang og roleg. Det er og planane for resten av dagen - ta det lugnt. Det trengs, før ei ny studieveke med innlagt tur til LiV-kurs i Førde føl.

(bilete: Jentene i Gimle. Musehagen i solskin)