måndag 17. januar 2011

Ynskjebrønn

Natt til søndag skreiv eg skjønnlitteratur. Det har eg ikkje gjort på ei stund, og so vanskeleg det var so fann eg vel fort ut at det vert lenge til neste gong òg. Sidan resultatet vart ei novelle på ca ei halv side, trur eg eg erklærer det eit dødfødt forsøk, og skal skåna dykk alle, og meg, frå ei skremmande leseerfaring. Men problemet her er ikkje at min innebygde forfattar er daud, men derimot at eg likar å skriva. Og eg likar særleg godt å skriva ting som ikkje er mi eiga masteroppgåve - og ikkje skjønnlitterært heller, viser det seg. Og som den alt for korte novella (finst det noko kortare? Scene?) med alt for mykje regn òg illustrerer, so byrjar fantasien min å gå litt tom. Derfor har eg tenkt å overlata nett det til deg, kjære lesar.

Ideen om ein ynskjebrønn har eg teke frå Magnhild, som gjorde nett dette for nokre år sidan. Den går altså ut på at oppfinnsame og/eller nysgjerrige blogglesarar kan ynskja seg kva eg skal skriva om (gjerne i kommentarfeltet), stilla spørsmål, komma med påstandar eller tema, og so skal eg prøva so godt eg kan. Resultatet er heller usikkert, det er klårt - men det er de som må komma med starten. Kun fantasien, og min eigen sømelegheit, set grenser. Tør du?
http://www.tdcomics.com
 P.S. Til bekymra foreldre, studiekameratar osb: Dette skal på ingen måte gå ut over masteroppgåveskrivinga. Den går so haltande på eiga hand...

2 kommentarer:

  1. Haha kjenner meg grundig att i den der formen for oppgåveskrivevegring.... Aller helst vil eg at du skal skrive all statistikken eg må levere inn til staten før 1. februar :))) (æsj!!!) Men om du ikkje kan la deg friste til det, så skriv gjerne noko som kan få fram vårstemningen - er lut lei mørketid og is!

    klem Ingrid ;)

    SvarSlett
  2. Gode idé det der altså;). Håper du får flere ønsker enn det eg fikk...
    Kanskje du kan skrive et innlegg om korfor borte er bra og heime er best.

    SvarSlett