torsdag 2. juni 2011

Flytta blogg

Bloggen min får ny tilhaldstad. Etter tre-fire år på blogspot kjente eg at det var på tide med endringar, og wordpress er dermed ny heim for Kort møte. Eg kjem til å behalda denne bloggen òg, i tilfelle det skjer seg på hin, men enn so lenge er de hjarteleg velkomne til kortmote.wordpress.com!

laurdag 28. mai 2011

Konsertveke

Nokre gonger når eg tenkjer på å ein gong å flytta frå Bergen, ser eg ingen problem med det. Joda, det er folk eg kjem til å sakna, og kafear og fritidsaktvitetar og kinotilbod, men dette er ting som kan vegast opp med andre gode. Men so kjem eg på den eine tingen eg antakeleg er dårlegast til å nytta meg av, men som eg òg hadde sakna mykje, og det er konserttilboda i denne byen. At ein på eit augneblinks innfall kan få med seg store og små opplevingar i store salar eller mørke buler, av alle slag (både opplevingar og buler). Denne veka har vore ei av dei der eg har nytta meg av tilbodet, sjølv om eg no sit inne ein laurdagskveld medan Nattjazzen pågår på Verftet - nokre gonger må trøytte bein og ei slunken lommebok bli høyrt.

Konsertveka byrja med kontorkonserten på tysdag, der Jenny Hval med musikarar spelte på kontoret til ungdomslaget. Onsdag var det Nattjazz-opning, og fantastiske Joshua Redman på saksofon og resten av James Farm. Når dei var ferdige etter ein og ein halv time (!) var eg utsliten både fysisk og mentalt, og lurte svært på kor tida var blitt av. Full konsentrasjon og mange musikalske openberringar gjer slikt med ein. Etter ein slik konsert må eg berre beklaga at Jenny Hval og etterkvart Kakkmaddafakka fekk mindre merksemd, og eg ikkje syntes det var trist å ta bana heim før konsertane var over.

Earlybird Stringband på Wessel
Torsdag var det konsertfri - ein må då få med seg (minst) ein kviss i veka. Men fredag var det på'an att, fire jenter sneik seg forsiktig inn døri på Wessel Bar. Det er ikkje staden ein går til vanleg ein fredag kveld, men når Earlybird Stringband stilte opp med bluegrass-country-folk, so fekk no me stilla som publikum. Musikken passa godt i det lokalet, og eg koste meg med både konsert og selskapet. Det same gjorde eg i kveld, når knøttvesle Cafe Sanaa i Marken var stappfull, og vel halvparten var lærdøler. Me var der for å høyra sambygding Gudmund sin Gudmund Skjær Trio, som spelte jazz-country, eller country-jazz, alt ettersom. Moro!

Nei, eg skal bli flinkare å nytta meg av konserttilbodet i Bergen - slike veker som denne vil eg ha fleire av!

onsdag 25. mai 2011

Kontorkonsert

Eg har fått med meg dei fleste kontorkonsertane til P2 i vinter og vår. Det har passa godt å kombinera enten live-sendingar eller opptak med ein halvtimes pause ved pulten. Då var det ekstra moro når eg i går ikkje berre fekk med meg ei live-sending, men var med på den sjølv. Jenny Hval spelte på kontoret til ungdomslaget, og borti ei krå sat både styret og andre som klarte å snika seg inn mellom slagverk, kamera og kablar. Ei flott oppleving!


















Ein kan sjå meir frå konserten og ikkje minst Gro på kontoret i BA, eller lesa på NRK. Der kan ein òg sjå andre kontorkonsertar, mellom andre med Gjermund Larsen Trio og Jarle Bernhoft, som er eit par av mine favorittar i so måte.

måndag 23. mai 2011

Grøn kake

Ja, me må ha gulkake. Og so kan jo eg laga muffins. Og so må me ha ei bløtkake. Ja. Sukk.

Bløtkake. Eg har aldri vore særleg begeistra eg, men me må jo ha det. Desverre er bløtkaker so mykje enklare å laga til gebursdagen til pappa, når ein kan gå tre steg utanfor døri og finna bær nok til å dekka kremmonsteret. Til gebursdagen til mamma er det alltid verre - særleg sidan ho er den einaste i familien som har tolmod nok til å laga marsipanroser eller andre ting som kan gjera ei enkel bløtkake om til den festkaka ho fortener. Dermed tok eg saken i eigne hender, og laga grøn marsipankake med After Eight.

Sukkerbrød:
5 egg
150 g sukker
150 g mjøl
1 ts bakepulver
Hugs å pisk egg og sukker til eggedosis, litt lenger enn du trur eg naudsynt. Vend sikta mjøl og bakepulver kjempeforsiktig inn.
Steik på 170 grader i 45 minuttar.

Fyll:
3 dl kremfløyte til krem
1/2 pk ferdig vaniljekrem
3-4 dropar peparmyntedropar
500 g marspian
Pisk krem, og ta av ca 1/3 til pynt. Bland resten med vaniljekrem og peparmyntedropar. Del kakebotnen i to, og dynk begge delane med væske frå 1 boks hermetiske pærer. Del opp 3-4 halve pærer og legg på nederste del av botnen. Dekk med halvparten av kremen. Set på toppen, og dekk med resten av kremen. So kjem det morosame. Lag ein runding av bakepapir og legg oppå, før du legg marispanlokk av 500 g marsipan, gjerne svakt grønfarga, over. Prøv å gjer det fint langs kantane osb, her er ofte problemet med marispankaker. Skjer so gjennom marsipanen frå midten av kaka og ut til kanten av papiret som ligg under, som du deler ein pizza. Spissane du no får rullar du utover, som når ein rullar horn. Ta ut papiret og fyll oppi med den vanlege kremen, og pynt med After Eight. Viola, grøn marispankake med grøne smakar - pære og mint.

Me åt denne og dei andre kakene i glashuset kvelden før sjølve gebursdagen. Vinden ulte kring dei mange hjørna og regnet piska mot taket, men med sterainlys, varmelampe og fullt hus var det reine sommaren innandørs.

onsdag 18. mai 2011

Snurr

create avatar

Du skjønne, milde

 
Monica og mori laga 17. mai-frukost til huset, nesten før fuglane hadde byrja å synga (eller var det stille fordi salutten skremte dei til tausheit?)
 
Me for rett frå frukostbordet til byen, der ungdomslaget kjempa om plass i toget med natteramnar og turlag. Det er ikkje alltid lett å organisera to faner og massevis av folk, men me kom oss avgarde, og spelte og dansa oss ut på Bryggen og attende. At vår amerikanske faneberar hekta snorene fast i eit trafikklys får me ta som eit hendeleg uhell. So byrja det å regna, akkurat etter planen, og det passte fint å gå på kafe i Gimle, til rømmegraut og is og marsipankake og oppattrydding etter festlegheitane.
 
 Og i det eg byrja å tenkja på mat og kvile, so passte det å gå til Marte og Inger-Hanne i Skostredet, og få kaffi og pølser, selskap og lattarkrampe i bakgarden.
 
Ungdomslaget dansa og Kor e tonen song på Festplassen, eg tok bilete og dreiv generell oppmuntring. Særleg når regnet kom.
    
So kom haglet, og me måtte søka tilflukt i Musikkpaviljongen. Ein regnboge kviskra om lysare tider, men tulipanane fekk seg nok ein knekk.
 
Me fekk varmen i oss att på Henrik, før fyrverkeriet bergensarane er so gilde i avslutta ein lang og fin nasjonaldag.
Dagen derpå ligg eg på sofaen med føter som enno klagar etter hard behandling i bunadssko i går, og eit hovud som ikkje heilt har skjønt at det ikkje er naudsynt å skunda seg på lesesalen, sjølv på ein onsdag. Men eg klarar no å nyta fridomen likevel.

P.S. Dei tre siste bileta frå hovudprosesjonen (som toget vert kalla i denne byen) er tekne av Torbjørn B. Lauen

tysdag 17. mai 2011

Acknowledgements

Thanks,
to the best supervisor one could dream of. From the moment you referred to yourself as an evil old man, I knew we would get along.
to my family, who have given me permission to be a stranger, but who always answered the phone when I needed your encouragement.
to my friends, for your unceasing support and well-wishes, as well as distractions and long coffee breaks.
to my flatmates Frida and Monica, for always believing in me and always giving me a real home to return to at the end of the day.
to the master students at IF, for comfort, laughs, academic insights and shared experiences.
to Procrastination United, my comrades in arms and the best quiz team in the history of English studies. Congratulations!

Og so: sjampanje!
I lesesalssalongen med sjampanje, kviss, kake og kryssord.
På Ad Fontes med godt i glaset og djupe sofaar.
På Fridays med god mat og gode folk - og dessert!
På Ujevnt - akk so tomme, akk so lukkelege, akk so trøytte.

måndag 16. mai 2011

...

Tom. Rett og slett tom. Og ilt i magen. Det er som å gje frå seg ungen sin, og det før den er fullt utvoksen. Men ein eller annan gong må ein jo senda dei ut i verda. Snart vert eg nok glad for det òg, kjenner triumf og mestringskjensle. Men enno er eg mest tom. Snart fyller eg på med champagne.

fredag 13. mai 2011

Musikken som får meg gjennom oppgåveskrivinga

- Bo Kaspers Orkester i dei melankolske stundene
- Counting Crows for, og mot, bakgrunnsstøy
- Casa Murilo for å feira når alt går så meget bedre
- California-spelelista mi for å minna om at det kjem ein sommar etter denne helgi
- Tyler Hilton (beklagar han!) i dei seine nattetimane
- Les Miserables (og Ringenes Herre-soundtracket) når ein treng dei pompøse avslutningane
- Enchanted-soundtracket og musikken frå Cats når humøret manglar
- The Wombats når energinivået dalar
- Gjermund Larsen Trio når soli skin - eller ein føremiddag det regnar. Eventuelt saman med Trondheimsolistene når ein har bruk for dei store tankane
- Frigg, Ranarim, Geitungen, Majorstuen og Danu når orda vert for mange
- Fleetwood Mac når alt håp er ute

Har du god oppgåveskrivemusikk?

måndag 9. mai 2011

Meg?

I helgi oppdaga eg at eg ikkje klarar å sjå føre meg meg på den andre sida av innleveringsfristen. Eg klarar ikkje å sjå føre meg livet mitt, kvardagen min, tilveret mitt. Eg klarar ikkje sjå føre meg venene mine, interessene mine, planane mine. Eg klarar ikkje å sjå føre meg personen meg. Eg håpar berre eg kjem til å vera der, ein eller annan stad.

laurdag 7. mai 2011

Husmorpoeng

I dag tidleg prøvde eg å sanka husmorpoeng istadenfor studiepoeng. Noko oppmuntring må ein ha i harde tider, og som oppmuntring funkar mat godt har eg funne ut. Dermed vart det baking på morgonkvisten, eg laga Chocolate Chip Cookie Dough Cupcakes etter oppskrift frå Passion 4 Baking. (Korleis vart eg slik ein bakebloggar?!). Litt deig vart det til overs og, og dermed vart det nokre få sjokoladekjeks nederst i boksane - ein til Frida nede på geografi og ein til lesesalen på IF. Og gode vart dei, begge deler, om eg må få sei det sjølv! No har me nytt kaffi og muffins og BT-quizzen, og eg håpte, i det lengste, at oppgåva skulle ha skrive seg sjølv til eg kom inn att. Men nihil novi, og dermed må ein vel trø til sjølv.

tysdag 3. mai 2011

I'd love to...

Når denne delen av livet mitt er ferdig (altså etter klokka eitt måndag 16. mai) skal eg

- ligga i parken med godt samvit
- lesa bøker berre fordi eg har lyst
- gå på fest og bli der til over midnatt
- eta festmiddag med lesesalsfolk
- drikka champagne i parken
- invitera vener på middag
- gå på kafe
- ta opp att mitt nye og betre liv (som her betyr å trena)
- sjå gamle filmar
- sova til midt på dagen
- og stå tidleg opp for å nyta fridomen
- få panikk pga munleg eksamen
- bli solbrent
- eta frukost i hagen
- gå tur til slottet
- spela frisbee
- sjå sambuarane mine
- ta bilete med massevis av fargar og blomar og folk
- bowla
- eta is på Bryggen
- lakka tåneglene knallraude
- oppleva solnedgangen frå toppen av Fløyen
- kjøpa symaskin og gå i gang med lapping av slitte buksekne
- baka kake(r)
- sakna lesesalen
- og byrja på toppen av lista ein gong til!

måndag 2. mai 2011

For eit år sidan

The woods were all of oak and beech, the oak grey and bare, the beech faintly dusted with green by the breaking buds; they made a simple, carefully designed pattern with the green glades and the wide green spaces - Did the fallow deer graze here still? - and, lest the eye wander aimlessly, a Doric temple stood by the water's edge, and an ivy-drawn arch spanned the lowest of the connecting weirs. All this had been planned and planted a century and half ago so that, about this date, it might be seen in its maturity. From where I stood the house was hidden by a green spur, but I knew well how and where it lay, couched among the lime trees like a hind in the bracken.
 Brideshead Revisited: The Sacred and Profane Memories of Captain Charles Ryder av Evelyn Waugh. 

Biletet er frå Castle Howard, der eg gjekk meg vill i rododendron-skogen for akkurat eit år sidan.

laurdag 30. april 2011

TSN 10/11

Eg er av dei som meinar scena i Gimle absolutt har sin sjarm, men er dårleg eigna til større konsertar. Det motbeviste TenSing Norway 2010/2011 med bravur i kveld!
Eg sat bak i eit hjørne og klarte ikkje bestemma meg for om eg skulle gispa i beundring over flinke folk eller turka stolte tårer som pressa på for dei same flinke folka. Eg bestemte meg for å synga med. Og for å hugsa, når det buttar i mot, opplevingane musikk, vener og tru kan gi.

Lukkeleg augneblink

SPINF

Eller Språk og informasjon, for dei som ikkje er på innsida.

Det er det eg har ein bachelor i, vert eg minna på med jamne mellomrom. I går vart eg minna på det att, når det noverande fagutvalet inviterte alle ni kull på alumnusfest i Ad Fontes, baren på HF. Både talar, undehaldning og mat sto på programmet, men vel so viktig var det at me fekk møtast og pratast, både på tvers av kull, på tvers av arbeidsoppgåver og ikkje minst me som studerte saman, som delte frustrasjonar og eksamenar og minner. Stor stas å sjå att fem av sju medstudentar i går!
Alle åtte SPINF-studentar frå kull 2008 med programstyremedlemmer og administrasjon på avslutningsmiddag på Lille Escalon våren 2008.
SPINF er eit typisk forsøk på å gjera noko nytt på universitetet. Med ei språkutdanning i botn og litt informasjonsfag og omsetjing på toppen, skulle me få andre impulsar enn dei reine språkstudentane. Arbeidsmarkanden fekk aldri skikkeleg opp augo for oss - det finst so mange kommunikasjonsutdanningar der ute - og universitet har bestemt at me er dyre i drift. Programmet vert lagt ned, men me som er utdanna er jo like flinke! Det er ikkje vanleg at ein universitetsstudent, utanom profesjonsstudia, har hatt praksis. Ikkje er det so vanleg med omsetjingsfag heller, eller utdanning i å skriva andre ting enn akademiske tekstar. Og so kan me jo det i tillegg! Me kan både forska, og formidla det. Eg kjenner eg vert litt oppgitt når eg høyrer om jobbsøking og avslag for medstudentane mine. Nokon må få opp augo og tilsetja han med nordisk i botn og mastergrad i pr og marknadsføring, han med japansk i botn og master i medievitskap, ho med spansk i botn og utdanning som teiknspråktolk. Ho med mastergrad i fransk, og oss med mastergrad i engelsk. Nei, me har ikkje fordjupa oss i kommunikasjonsarbeid, marknadsstrategi og pr (vel, ikkje alle av oss), men me har stor fagleg tyngde innanfor språk - og det er jo det ein kommuniserer med.

Eg vart inspirert i går. Inspirert til å tenkja på kva eg eigentleg kan, og kva eg vil. Framtida er lika open som før, men moglegheitane er der, i fleirtal. Eg gler meg til å ta fatt på dei. Og eg gler meg til neste gong SPINF kull 2008 samlast til nye latterkuler og lange samtalar.

Forresten, tidlegare studentar ved UiB vert oppmoda om å verta medlem av UiB Alumni. Ein idé for fleire?

torsdag 28. april 2011

Smile

- tomorrow will be worse...

Og det var dagens oppmuntring frå datasalen på HF - versågod!

onsdag 27. april 2011

laurdag 23. april 2011

Vindhella

Når gradestokken syner 20 grader i skuggen ein laurdag i april, då er det at til og med ho med oppgåvepanikk og verdas dårlegaste form tenkjer som so, at det er på tide å få noko meir ut av våren i Lærdal enn det ein ser gjennom kjøkenglaset. Som tenkt so gjort. Hunden vart stappa i bagasjerommet, naboen lempa inn i passasjersetet, og so for me på tur, heile den lange vegen til Borgund (!).
Kvar vår tenkjer eg det samme, at eg skal bli flinkare til å bruka desse vegane. Men skjer det? Nei. Orda kom frå Gro, men det kunne lika gjerne vore eg som sa det. For kvar gong ein går langs desse murane, ser denne utsikta, les denne historien, so lovar ein seg sjølv det. Dette skal eg gjera oftare. Nei, dette skal eg gjera ofte! Og sjeldan vert det slik. Men viss me seier det ofte nok...?
For det er noko heilt spesielt med å gå langs vegar bygd med handmakt høgt over dalen, på murar over 150 år gamle, i fotspora etter dei som kom før oss. Og i Lærdal finst det mange av desse vegane. Og når soli steikar slik at ein i tillegg kan få ein dose D-vitaminer innunder helleren på toppen - ja, då "kan han ingen stad venare sjå," og ein ynskjer to ting: at påskeferien skal vara hakket lenger, og at ein skal klara å gjennomføra forsettet om turar til sommaren, for fyrste gong...

fredag 22. april 2011

Gulrotmuffins

ca 4 (store) gulrøter, rivne på det grove jernet
2 egg
1,5 dl sukker, til eggedosis
50 g smør, smelta
1 dl lettmjøl
3 dl kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
1,5 ts kanel
Sikt i og bland forsiktig. Ha i muffinsformer, hugs at det må vera plass til å heva litt.
Steik på 175 grader i 10-15 min. Stikk ein strikkepinne i for å sjekka om det er ferdig.
Avkjøl, før du har på massevis av glasur:
200 g philadelphia naturell
200 g melis
2 ts vaniljesukker
Ta med ut i åkeren saman med ei kanne nytrakta kaffi, og nyt våren!

torsdag 21. april 2011

Coming Home

I går kom endeleg påskeferien til meg òg, i form av heimreise. Det skal seiast at fyrste halvdel av dagen gjekk med til litt oppgåveskriving i byheimen, men med fuglekvitter og sol i hagen, kaffi i koppen og god musikk på anlegget var det ikkje so hardt som det har vore i det siste. 
 Og so, midt på dagen, kom Monica heim, for som ein virvelvind rundt i huset og samla saman naudsynte artiklar, og snart sat me i bilen på veg nordover. Heimover. Heimheimover.
Me måtte sjølvsagt ha pause undervegs. Nærare ein time brukte me gjennom Voss, mykje på grunn av ekstrem påskeutfart og ein snarveg som viste seg å verta ein omveg. Men me tok oss likevel tid til kaffi og is, og å nyta soli på panseret til Sylvin.
 På Voss var det enno vinter, sjølv om soli varma.
 Og om ein vil feriera i vinteren er Oppheim Hotel & Resort eit alternativ. Eller...?
 "Sjå dei vakre fjella! No er me..." "nesten heime!"
Slik snakkar to patriotiske sognejenter når sognefjella endeleg viser seg, mellom to tunellopningar. Mellom Stalheimtunellen og Sivletunellen bør ein kasta eit kjapt blikk mot høgre, slik at ein får sjå Nærøydalen og Nåli i all deira prakt. Fine fjell. Og nesten heima no!
 "Hurrah! hurrah!" hurrah!" song Casa Murilo i det me køyrte inn i Lærdalstunellen. Blåfjellet lyste kaldt, og hjalp oss å telja ned - 18 km att, 12, 6.
 Vel framme kunne eg sjå bjørki spretta. Det grøne vart grønare i løpet av eit par varme kveldstimar. Og 9 minuttar etter at Monica hadde rast vidare mot ferja, sat eg allereie på potetsetjaren.
Etter potetsetjinga tok eg med mamma til Skjerdal, på "instant påskeferie." Soli gjekk ned over fjelli i vest, og himmelen spegla seg i fjorden.
Nyetraktoren til onkelen lengta mot fridomen etter nokre år innestengt på ein låve. Lenger enn til å nyta utsikti kom den ikkje. Men det er no ikkje so verst ein ferietur det heller, ut på snuplassen og attende.

“There is a magic in that little world, home; it is a mystic circle that surrounds comforts and virtues never known beyond its hallowed limits”
Robert Southey