torsdag 31. desember 2009

Årskavalkade



Årskavalkade er slik i vinden i desse dagar. Eg har ein eg og, men den ligg på fjesboki, so de må besøka den der. Her vil eg berre sei takk for det gamle, og lukke til / til lukke med det nye!

søndag 20. desember 2009

Når en pepperkakebaker...

Når en pepperkakebaker
baker pepperbakerkaker
tar han først en stekegryte
og en kilo margarin
oppi gryta smelter smøret
og det neste han må gjøre
er å røre sammen smøret med en kilo med farin!

(- Farin er det samme som sukker, det.
- Ja, jeg vet det.)

Og mens smør og sukker skummer
tar man åtte eggeplommer
som han rører ut i gryta med en kilo hvetemel
og til slutt i gryta slipper
han en liten teskje pepper
så rører han omkring og tømmer deigen på ei fjøl.
                  - Torbjørn Egner, Pepperkakebakesang


(bilete: Peparkakebakarar Eirik og Olve.
Peparkakehuset i Sande.)

onsdag 9. desember 2009

Ein feriedag

Plan for dagen:
- stå opp (ikkje alt for seint)
- kafe
- kjøpa julegåver
- middag
- teater
- korøving
- dans
- konsert

Den reelle dagen:
- sto opp (for seint). Det er slikt som skjer når ein har ferie, men eg reknar med mamma plukkar av meg uvanane når eg kjem heim...
- kafe (altså frukost) med Eivind. Fann ut at han jo kan det eg trengte å kunna om data før i haust (og sjølvsagt mykje meir enn det). Men no er det for seint, frekvenslister og alfabetiserte ordlister er nok ikkje det store i framtida mi (men ein skal aldri sei aldri).
- kjøpte litt julegåver. So kom beskjeden: "Betaling ikke godkjent" Hahaha! "Betaling ikkje godkjent" Neivel nei? 47 kr på kortet?! What?!?! Åja...
- middagen kunne dermed hunge i ein tynn tråd. Men takka vera Janne, Halvor og eit par førehandsbetalt teaterbillettar ordna det seg med kontantar for ho utan peng på konto - og med middag for oss alle tre.
- og so var det teater! Brødrene Løvehjerte på DNS, ei fantastisk framsyning som fekk fram det beste med historien, og det beste med teateret. For her nytta dei lyd, lys, kulissar, rekvisittar og publikum på akkurat rette måten. Det var balanse mellom det skumle og triste, og det koslege og humoristiske. Og då me hadde sete og humra av vaktane Kader og Veder vel og lenge, so var det tid for eit par tårer for min del - altså litt for ein kvar smak. (Og forresten, barneførestillingar er verkeleg ikkje berre for born!)

- ekstra korøving venta etter teateret, og det var der eg oppdaga kvifor eg ikkje skvatt so mykje som andre på Småscenen - eg harpådrege med ei lite passande forkjøling, og høyrde verken med sjølv eller andre. Kryssar fingrane for at den har gitt meg opp til i morgon, elles kan/bør det bli heller stille frå meg på konserten i morgon...
- fekk svinga meg i ein halvtime, nok til at dansen sit litt i kroppen over ferien og.
- og so vart eg plukka opp av Wiebke og dregen med på konsert på Landmark, der me møtte Ingunn frå SPINF. Alexander von Mehren byrja og på Språk og informasjon med meg, men feiga ut. Det er eg glad for, for åra etterpå har han mellom anna nytta på musikk - og bra musikk! Eg fekk nesten vårkjensle av det eg, og ser for meg at dette kan bli fin bakgrunnsmusikk for mange gode opplevingar når plata kjem ut i 2010. Han fortener både ein og to sjansar, so de kan besøka han på myspace.

Men nu vart det natten, for å sitera ein annan Lindgren-karakter. Og den natta vert nok god, for etter ein slik feriedag er eg reint utsliten eg...

tysdag 8. desember 2009

Vampyrar

Eg les aldri Den vesle vampyren når eg var liten. Likevel kjennest det som vampyrar har fulgt meg heile (ok, minst halve) livet - utan at det er på ein skummel måte altså... Og no er det atter "in" med vampyrar, heldigvis, og eg kan få utløp for mine litt sære interesser.

Kva er det eigentleg med vampyrar som gjer dei so tiltrekkande? Eg meinar: dei er daude - eller udaude, alt ettersom, dei er (bokstaveleg tala) livsfarlege, og dessutan heller blodfattige. Men likevel er det altså noko med dei. For forutan å vera daude, blodfattige og farlege, so er dei mystiske, tiltrekkande, vakkre, plaga, eksotiske, erotiske og - vel - farlege. Og kven likar vel ikkje slike mannfolk? (I teorien/fantasien iallefall...) For det er no ein gong slik at kvinnelege vampyrar aldri har slege skikkeleg an - og at det er me kvinnfolka som samlast kring NRK3 kvar torsdag, eller kjøper svarte bøker med raude detaljar i dyre dommar...

Dei seier vampyrinteressa går over. Det kan so vera, og eg er sikkert heilt einig når den gjer det. Men fram til dess er eg godt nøgd med å vera med på bølgja, sjå True Blood saman med huset kvar torsdag - til tross for latterkuler, sukk og redlsegisp, og vakling mellom "Eg skal aldri sjå dette att" og "Eg MÅ sjå neste episode" - og å lesa Twilight-serien ut i dei mørke nattetimar. Eg har til og med sett begge filmane som har komme til no, på under eit døgn. Forresten, eg har eit tips: om du kan lata vera, unngå Twilight. Verre gotisk heltinne enn Bella Swan finst knapt i gotikken sjølv, og Edward Cullen er nesten litt for plaga. Men eg klarte altså ikkje å lata vera... For det er noko med desse vampyrane altså!

(Bilete: Bill Compton (Stephen Moyer) i True Blood.
Edward Cullen (Robert Pattinson) og Bella Swan (Kristen Stewart) i Twilight) 

måndag 7. desember 2009

Me tømmer tusen julebrus

Det vart diskusjon kring tittelen for nokre veker sidan: "Nå tømmes tusen julebrus?" "Moro!" "Men det høyrest ikkje so bra ut på nynorsk..." "Å?" "Er det lov med slik der -s?" "Men det er jo lov med -st!" "Men berre viss ein har eit modalt hjelpeverb i tillegg." "Og uansett er det ikkje heilt stovereint." "Hmmm..."

Men det vart tittel - Me tømmer tusen julebrus - og på torsdag vert det konsert! Spanande, julekonsertar er ikkje noko eg har mykje erfaring med. Og kanskje særleg spanande sidan dirigenten var sjuk på siste øvingsdag... Men me klarte oss greitt utan, og når me klarar oss utan vert det strålande med! So eg reknar med at torsdag klokka sju, då vert det vellyd og fine tonar frå Kor e' tonen - og eg håpar det vert vellyd og fine ord frå vener i salen etterpå *hint* Eg gler meg eg, eg har sunge julesongar sidan september, og er so klar for å få dei ut i/av verda!

laurdag 5. desember 2009

Pynta pynt og spela spel


Eg er av dei som meinar at ein ikkje skal pynta til jul før det er jul. Ein kan ha stjerne i glaset og lilla dukar og lys her og der, men julepynten skal ein venta med. Men i år har det gått litt gale - dersom ein skal få nyta eit julepynta hus i Bergen må ein gjera det tidleg, og derfor er stova full av englar, og desse søte små står i glaskarmen min saman med den kenyanske elefanten. Og det er meir som har blitt pynta:

Utanfor lesesalen har masterstudentane ein stor del av gangen heilt for seg sjølve. Der har me eit par bord, kjøleskåp og sofa - alt ein treng for eit lukkeleg studentliv. Men gangen elles er trist, særleg sidan den einaste pynten me har ser ut som det er laga av lite estetisk medvitne orkar. Derfor har det vore eit tema gjennom heile november kva som kan gjerast med denne pynten - og i går, akkurat i det eg leverte den siste eksamenen min, kom Gunn Inger med blå julekuler. Dermed vart det pynting av pynten, før eg tok juleferie frå lesesalen.


Fyrste kveld i juleferien vart nytta saman med ICY på juleavslutning. Gløgg, pakkeleik og Store norske spillet, i tillegg til fleire latterkrampar og høglytte diskusjonar kring forfattarar og algar, og alt innimellom. Det er godt å ha ferie, pynta pynt, spela spel og vera med vener.

(Bilete: Julenissevener og elefanten.
Lesesalvener pyntar orkepynten.
ICY-vener trillar terning og spelar spel)

torsdag 3. desember 2009

Ligrettovaffeldate

Då eg slutta på nordisk i vår, so var det ikkje med lett hjarta. Det var sjølvsagt mykje på grunn av emnet og - ikkje minst - førelesarane, men og medstudentane. For me var ein fin gjeng, som kollokvierte, sukka over førelesarane (både på godt og vondt) og beint ut treivst saman. Den siste kvelden saman gjorde me ein avtale: felles vaffeleting minst ein gong i veka! Eg må innrømma eg tenkte som so at "det vert vel ikkje so godt fulgt opp, dette", men der tok eg feil - og godt er det! For allereie tidleg i haust bestemte me tid - torsdag klokka tolv - og stad - kantina på Sydneshaugen.

Og der har me vore, Janne, Halvor og eg, nesten kvar veke. Vaffeldateane var ein måte å halda saman til trass for ulike institutt, og det var ein god plass å få lufta frustrasjonar og nyerverva kunnskap. Halvor har undervist oss i norske fornamn, medan me jentene har fått klaga over uforståeleg gamalengelsk syntaks. Vaffeldateane utvikla seg snart til å bli ligrettovaffeldatear, og dermed var det i dag, på min siste dag i semesteret, duka for ligrettovaffeldatejuleavslutning! Me hadde både julebrus, mandariner, julenissesjokolade og - ikkje minst - vaffler og Ligretto.

Ligrettospelinga vår har vore hard og langvarig, og ved semesterslutt kan poenga framstillast omlag slik:

Dette er då dei reelle poenga me har fått i løpet av året, men sidan ein date inneheld alt frå 10 til 22 omgangar, må ein viss utjamning til, og grafen under viser poeng i snitt per omgang på kvar ligrettovaffeldate:

Eg trur me kan oppsummera hausten omlag slik: Janne har den største utviklinga, Halvor er klår vinnar - og eg, eg held det på det jamne, eg...

tysdag 1. desember 2009

I dag er det...

I dag er det 1. desember, Det er 1. desember i dag. Alle nissunger må opp og stå, ut og gå, I dag er det 1. desember!

Og tid for adventskalender! Ei ny spaning kvar dag, ei ny luke eller ein ny pose. Det er luker for min del, eg har funne fram att kalenderen frå i fjor, den Magnhild laga til huset. Og so har eg funne eit par andre eg kjem til å fylgja med glede, og det er dei eg har lyst å dela med dykk her på bloggen - so kan de fylgja dei sjølv, for det er fine ting: Magnhild deler fine ord på sin blogg, og på folkemusikk.no deler dei fine slåttar. Nyt førjulstida!