onsdag 9. desember 2009

Ein feriedag

Plan for dagen:
- stå opp (ikkje alt for seint)
- kafe
- kjøpa julegåver
- middag
- teater
- korøving
- dans
- konsert

Den reelle dagen:
- sto opp (for seint). Det er slikt som skjer når ein har ferie, men eg reknar med mamma plukkar av meg uvanane når eg kjem heim...
- kafe (altså frukost) med Eivind. Fann ut at han jo kan det eg trengte å kunna om data før i haust (og sjølvsagt mykje meir enn det). Men no er det for seint, frekvenslister og alfabetiserte ordlister er nok ikkje det store i framtida mi (men ein skal aldri sei aldri).
- kjøpte litt julegåver. So kom beskjeden: "Betaling ikke godkjent" Hahaha! "Betaling ikkje godkjent" Neivel nei? 47 kr på kortet?! What?!?! Åja...
- middagen kunne dermed hunge i ein tynn tråd. Men takka vera Janne, Halvor og eit par førehandsbetalt teaterbillettar ordna det seg med kontantar for ho utan peng på konto - og med middag for oss alle tre.
- og so var det teater! Brødrene Løvehjerte på DNS, ei fantastisk framsyning som fekk fram det beste med historien, og det beste med teateret. For her nytta dei lyd, lys, kulissar, rekvisittar og publikum på akkurat rette måten. Det var balanse mellom det skumle og triste, og det koslege og humoristiske. Og då me hadde sete og humra av vaktane Kader og Veder vel og lenge, so var det tid for eit par tårer for min del - altså litt for ein kvar smak. (Og forresten, barneførestillingar er verkeleg ikkje berre for born!)

- ekstra korøving venta etter teateret, og det var der eg oppdaga kvifor eg ikkje skvatt so mykje som andre på Småscenen - eg harpådrege med ei lite passande forkjøling, og høyrde verken med sjølv eller andre. Kryssar fingrane for at den har gitt meg opp til i morgon, elles kan/bør det bli heller stille frå meg på konserten i morgon...
- fekk svinga meg i ein halvtime, nok til at dansen sit litt i kroppen over ferien og.
- og so vart eg plukka opp av Wiebke og dregen med på konsert på Landmark, der me møtte Ingunn frå SPINF. Alexander von Mehren byrja og på Språk og informasjon med meg, men feiga ut. Det er eg glad for, for åra etterpå har han mellom anna nytta på musikk - og bra musikk! Eg fekk nesten vårkjensle av det eg, og ser for meg at dette kan bli fin bakgrunnsmusikk for mange gode opplevingar når plata kjem ut i 2010. Han fortener både ein og to sjansar, so de kan besøka han på myspace.

Men nu vart det natten, for å sitera ein annan Lindgren-karakter. Og den natta vert nok god, for etter ein slik feriedag er eg reint utsliten eg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar