fredag 29. august 2008

Ein liten time

Timen mellom eg var ferdig å eta føremiddagsmat og eg må springa ut døri att skulle nyttast til å lesa. Det har eg bestemt meg for mange gonger i dag, og medan eg sto på badet i dag tidleg, litt for seint ute til alt, lovte eg og meg sjølv (evt. tvinga meg sjølv til å lova) at eg skal byrja å utnytta alle slike timar. 60 små minuttar mellom store eller små ting, 50 korte augneblinkar mellom morgonstell og buss, eller 30 raske tikk mellom avtalar - dei skal utnyttast. Dei skal nyttast til å lesa 20 sider drama eller tre dikt, til å notera ei halv side grammatikk eller studera ein ny forfattar. Dei skal ikkje nyttast til å sjå fjernsyn eller sjekka fjesboki eller lesa blogg eller nyta utsikti.

Men eg må prøva å tvinga meg sjølv til å lova det på nytt på måndag, for no har eg ikkje tid. Eg har sjekka fjesboki og skrive på bloggen og studert veret. Eg har ikkje opna grammatikkboki eller lese ei scene vidare i skodespelet mitt. Eg har ikkje lese dikt.,Eg har sunge.

Ja, eg skal lova det til meg sjølv på måndag, for i helgi held eg uansett ikkje mine eigne løfte. I helgi skal eg berre nyta godt selskap og moro musikk. I helgi skal eg vera i Luster og høyra Hellbillies - og no forsvinn dei siste fire augneblinkane før bussen går frå meg òg...

tysdag 26. august 2008

Grey's

Og so var me i gang att. Frustrasjonane er omlag like store som for eit par månadar sidan. Kva er det med å erklæra seg forelska i ein gift mann? Kva er det med å krangla om avkappa armar og hovud? Kva er det med å ikkje snakka saman? Kva er det med ville familietilhøve? OG KVA ER DET MED Å DUMPA MCDREAMY - ENNO EIN GONG?! Viss ikkje du vil ha han, min kjære Dr. Grey, so står det hundrevis av jenter i kø for å ta over. Og eg står fremst.

måndag 25. august 2008

Alle somrar tek slutt

Me snakka om det i går: Når er sommaren over? Magnhild oppdaga det medan ho sto og venta på bussen i berre t-skjorte, sa ho. Eg oppdaga det når eg gjekk gjennom hagen med doggvåte sko og skarp luft i lungene. I dag bles og regnar det, ein lummer vind og eit forsiktig regn, men me ventar likevel på dei fyrste torebygene for hausten.

Men er sommaren slutt? Det er enno nokre dagar att av august, og sommarvarmen kan enno blussa opp att og gi oss ny giv: indian summer subst ubøy (utt in>djen søm>mer; eng. 'indiansk sommar') varmt sommarvêr om hausten; overf: ny oppblussande livskraft hos eldre folk.

Til æra for seinsommaren gir eg dykk mitt augustdikt (eg har eitt dikt kvar månad dette skuleåret), eit dikt som kan vera både til æra for sommaren, ungdommen, hausten, alderdommen, indian summer og neste vår.

Adle somra ta slutt
I kvæld vell e gao dær att.
Trø øve vådl å kjænna mjukgrase mot nake, so dao.

Gao te møtes, so dao. Veta
om hånno so vænte. Veta om seta vaor å lega
ein sommar te ændes.

Dæ'æ dågga å stilt, å live
dæmme før bringen so dao. Hær. Pao dænna stai.
Blao kvæld,
mæ bærre åss to i væren ein sommar te ændes.
Kari Bakke

Byhelg

Det var helger som denne eg såg fram til då eg i sommar lengta attende til byen. Helger fulle av hendingar, minimalt med studiar og massevis av gode vener.

Etter førelesing på fredag venta kafe-livet, for andre/tredje gong på omlag like mange dagar. Då ettermiddagen kom for eg heim til lesing og ein roleg ettermiddag, før Wiebke (mi veninne frå Tyskland), Bertram (hennar kjære) og eg heiv oss i ein diger bil og køyrde til Fana kyrkje, der me var vitne til ordinasjonen av Monika, ein av leiarane på TSN. Kyrkjekaffi vart det og på oss, før me suste heim til Bergen by og pizza, krim og skravling.

Laurdag skulle vera lesedag, men den gang ei. Ein kjapp bytur vart til tre timar i godt lag - og med diverse utgifter - og ettermiddagen vart brukt til skravling og bittelitt lesing før tacoen kom på bordet og film vart sett ut i dei små timar.

Søndagen byrja brått. Opp for å vera i Domkirken til ti, der eg var kyrkjevert på semesterstartgudsteneste. Kyrkjekaffi utanfor kyrkja gjekk over i føremiddagsmat og kaffi i huset med Magnhild og Einar, Wiebke og Bertram og sjølvsagt husets eigne. So vart det søndagsmiddag, før me hasta avgarda til Brann stadion. Der fekk me sjå at berre flaks (og vekktumla skot) redda Brann frå totalt nederlag mot Rosenborg. Til trøyst vart det stopp på Dolly's på veg heim, og pizza som nattmat.

No er kvardagen atter her, med forelesing, bokkjøp, lesepress og modernisme kring alle hjørne. Og eg vil helst berre kvila ut etter helgi...

(bilete: Wiebke og Monica på stadion. Frå ein kamp som gjekk bra (Brann-Viking i fjor haust))

torsdag 21. august 2008

Mamma Mia!

Mamma mia, here I go again
My my, how can I resist you?
Mamma mia, does it show again?
My my, just how much I’ve missed you

I kveld fekk eg endeleg på kino att! Lærdal er bra altså, men kino er dei dårlege på. Mamma Mia var fyrste film som kan strykast av lista, og det var ein god start. Snakk om feelgood! Det er ikkje i mange musikalar at songarane kan sveia med musikken og det er greitt, eller der Pierce Brosnan og Colin Firth syng (til tross for kulemage og mange år er dei kjekke altså!) Ein særs vellukka film - om enn ikkje ein so stor klassikar som rollelista og ikkje minst musikken skulle tilsei er dette ein film der ein ler, sukkar og går nynnande ut att:

Thank you for the music, the songs I’m singing
Thanks for all the joy they’re bringing

tysdag 19. august 2008

Kopulative samansetjingar

Kvifor betyr norsk-pakistansk pakistanar medan norsk-amerikansk betyr nordmann?

Og over til eit anna emne: er ikkje frigjera eit fantastisk mykje finare ord enn befri? Det er so aktivt. Frigjer! Eg skal gjera fri!

Hurra for førelesing i NOSP 102: Nordisk - Moderne språk...

måndag 18. august 2008

Nordiskmoro

I dag har eg hatt mitt fyrste møte med nordisk 100nivå. Eg vil oppsummera det raskt med å sei at eg er glad for at eg har hatt både Ex fac og språkvitskap på engelsk, for dette var mange ord på kort tid (både leksem og bøyingsformer)...

Elles har eg ein førelesar som er sikker på seg sjølv og faget sitt, og det er jo bra: "Dette er det mye uenighet om, men jeg har rett." Og so viste han oss ei morosam side på ordbok.no (ja, eg veit, no er eg blitt språknerd att): oversikt over dei 300 mest oppslegne orda. På topp på døgnstatistikken på bokmålslista ragar vorspiel, medan hacke var vanskeleg forrige veke. Den siste månaden har flest lurt på kongenital (som er eit ord eg aldri har tenkt på at ein kan lura på), medan vinnaren dette året er dessverre, med 7730 søk! Gratulerar til dessverre.

nynorsklista er det og mykje moro. Det verkar som nynorskbrukarar slit mest med ordet hacke, men årsstatistikken viser at vere og være skapar forvirring. Det mest oppsiktsvekkande her er vel likevel fjerdeplass på statistikken for i går, sengehygge. Tøs er oppe på sjetteplass på månadsstatistikken. Om det er det at ein har bruk for ordet, er blitt kalt det eller rett og slett lurer på kva det tyder seier statistikken dessverre ingenting om.

søndag 17. august 2008

Summer of '08

Oh when I look back now
That summer seemed to last forever
And if I had the choice,
I'd always wanna be there
Those were the best days of my life

Summer of '69 har alltid vore ein slutt-på-sommaren-song for meg. Og slik er det i år og. Eg er attende i Bergen (i eit hus utan mat (som eg har lyst på), dersom eg får lov å klaga litt), og sommaren er dermed slutt. I morgon byrjar ein ny kvardag, på same universitet, men på anna studie.

Det har vore ein sommar utan dei store sprella. Eg har ikkje drive ekstremsport. Eg har ikkje prøvd ein ny jobb. Eg har ikkje reist til det store utland (dersom me ser vekk frå Estland, og det gjer me), og eg har ikkje gjort dei store endringane i livet. Men eg har hatt ein fantastisk sommar! Den har vore full av dei små augneblinkane som gjer alt, dei augneblinkane der ein skjønnar ein er lukkeleg, eller dei augneblinkane som seinare glir fram som dei mest minneverdige.

Å eta lunsj i Rådhusparken i Lærdal med Gro.
Når Di Derre spelte "Rumba med Gunn" og nokre av mine beste vener sto saman med meg og hylte.
Å vassa ut i Hedler med kajakken på slep og føtene i gjørme på fjordbotnen.
Stå i Kvammegarden og brøla "Sumar i Lærdal" saman med halve bygdi.
Kasta fiskesprett på Aurlandsfjellet, og bli slegen ned i støvlane av resten av familien.
Fotosession på brygga ved Nigardsbreen med Karoline og Kristine.
Kjøpa burgar i Håbakken med Anja og eta i underhuset medan me ser film på storskjerm.
Stå side om side med Anja, telja til tre og hoppa på fjorden i Vindedal.
Sjå Knocked Up med Eirik og Olve.
Telefonsamtalane med Anja og Monica då ei fekk mattekarakteren og hi jobb.
Dansa macarena i bryllaupet til Jon og An-Magritt saman med tenåringane i familien.
Sitja på altanen i Skjerdal saman med tanter og onklar medan ungane trur me ikkje har lagt merke til at dei spionerar.
Å få flatbrød med rømme og spekekjøt i bållavvoen på Vinjerocken.
Synga "Idyll" av full hals saman med syskjenbarna medan me legg i brimosten.
Reinska blåbær medan eg høyrer på skravlinga til syskenbarnet og mumlinga til bror min. Det er ikkje alle rollar som er like store i ein samtale...
Få sandwich-is medan me tek poteter når det er nettopp det eg hadde lyst på sjølv om det ikkje er fint ver.

Heldigvis har eg bileta og minna - når sommaren no eingong ikkje er evig.

Man, we were killin' time
We were young and restless
We needed to unwind
I guess nothin' can last forever...

(bilete: Bøafossen. Sommarlektyre. Fleire bilete kan sjåast på fjesboki)

laurdag 16. august 2008

Paradis

Eg veit kor paradis er. Det ligg 975 meter over Aurlandsfjorden, og inneheld mellom anna ein livleg storfamilie, 68 geiter, ein bukk med so lang pannelugg at eg tvilar på han ser damene sine, eit par hestar som stikk av med ein gong dei får sjansen, og ein hund som helst vil jaga stein.

Andre kjenner kanskje paradis betre som Øystølen, fjellstølen til Skjerdal. Der flyg dagane avstad i eit renn av oppgåver og leik. Der startar morgonane med mjølking og vaksing av bøtter og folk i elvi. Der er det nyrørde blåbær og mjuk brimost til alle måltid, og utedoen har verdas flottaste utsikt. Der er det dammar til pinnebåtar, og dyr ein kan varma seg på i hustrige morgontimar. Det brenn alltid i grua under kjelen, og ein sovnar i skinet frå stearinlys. Der får mjuke hender vassblemmer, og gamle blad vert lesne om att. Der vert kroppen sliten, men hovudet får nye krefter. Me er fleire som må ein tur til paradis på jord før året kan byrja på nytt - og me er mange som er takksame for at nokon (Harald morbror og Anne Karin) orkar å halda liv i stølen og opna den for oss andre.

Paradis er fullt av tradisjonar. Slik gjorde bestemor det, slik gjer me det. Nokre nyskapingar er det, men at osten skal eltast slik me såg bestemor gjera det eller at sengeteppet med dei blå og raude lappane skal ligga i køyesenga, det er det ikkje tvil om. Heller ikkje at her har alle sjansen til å bidra - sjølv om bestemor fekk til "alt" sjølv var det alltid rom for oss. Og slik er det enno - åtteåringen står opp til mjølking halv sju, medan trettenåringen går etter vatn. Fjortenåringen plukkar blåbær, attenåringen kløvjar ved, tjuetoåringen friskar oppatt lærdommen om ysting av kvitost. Saman med dei vaksne sit dei og ser utover stølen i morgontimane ein laurdag i august, ventar på at dei siste geitene skal innfinna seg til mjølking, og nynnar:

I think to myself, what a wonderful world


(bilete: Johanne og geita Mariell. Osteaskar over kjelen. Chili (hest), Gråmor (geit), Raui (hest), selet, geiteflokken, Anne Karin, Harald, Jon, Stina, Maia (hund) og eg.)

måndag 11. august 2008

Pakking

Som kjent er eg ein stor motstandar av pakking. Eg er for å flytta på seg, men at ein må legga alt ein skal ha med seg i ein sekk og so dra på den, før ein til slutt tek ut att alle tinga litt meir krøllete enn før dei vart lagt nedi, det har eg altså problem med. Og i kveld burde eg ha pakka. Eg burde ha pakka til tur til Øystølen i morgon, og turen attende til Bergen til helgi. Det kjem eg sikkert ikkje til å gjera. Pakking skal utsetjast lengst mogleg.

Kvifor gjera i dag det du kan få andre til å gjera i morgon?
Nokon som vil pakka for meg?

søndag 10. august 2008

MålRock

Grisen står og hyler, i den stille kveld....
...hun er på størrelse med en liten traktor og heter Gunn...
Hello, Oslo, last time we met we didn't get along...
Kjære, jeg har tenkt litt...

Helgi har eg brukt i Årdal, av alle stader, med gode vener og flott musikk. For andre gong på vel ei veke har eg vore på festival, denne gong var det målROCK i Meieriparken på Årdalstangen. Stemninga var god, både på festivalområdet og heime i dokkehuset, der tida mellom slaga vart brukt til andre type slag, som kampen for nok søvn og Uno-speling.

Av konsertar var Di Derre på fredagskvelden eit høgdepunkt. Ingenting toppa desse karane, dei har jo hit etter hit med stor allsongfaktor og ein god historie i kvar einaste tekst. På ein god andreplass kjem eit band som ikkje passar inn i profilen til målRocken, nemleg The Disciplines som syng på engelsk. Men dei skapte liv, sjølv om det var verken dialekt eller norsk. Og det vart nesten litt vel intimt med vokalisten til tider... Elles er jo Odd Nordstoga alltid sjarmerande, og me fekk svinga oss sveitte til svensken Nisse Hellberg. Moro det og.

Til tross for gode band og stemning, var det likevel selskapet som gjorde helgi. Anja, Frida, Kim, Anders og Eiren: takk for ei fin helg - sjølv om me var i Årdal...

(bilete: dårleg staving på MålRocken vart heldigvis retta av Målungdommen. Kim og The Disciplines-vokalisten. Anja og eg på CC Cowboys-konsert.)

onsdag 6. august 2008

Kajakkentusiast

Fyren framfor meg snur seg og smiler. So sperrar han augo opp. "Næh!" utbryt han. "Sjå!" Eg snur meg, og ser tre ryggfinnar stikka opp frå sjøen ti meter bak kajakken min. Me ligg og duppar midt i Sognefjorden, og ti meter bak meg snøftar tre niser vatn ut av pusteholet før dei rullar grastiøst ned i vatnet att. Eg får lyst til å le av fryd, men bryt ikkje stilla. I staden for famlar eg etter fotoapparatet innanfor redningsvesten - akkurat litt for seint.
Sidan onkelen min sette meg opp i kajakken sin og dytta meg litt ut frå brygga i Skjerdal har eg vore kajakkentusiast. Men familien min har kano. Og dermed har det alltid blitt meir kano enn kajakk for min del (sjølv om det ikkje har blitt all verdens av det heller.) Eg trur eg kan telja på ein hand (i alle fall nesten) alle kajakkturane mine. Likevel, eg er entusiast. Ein lite erfaren entusiast, men altså: likevel.

Etter at eg har mast og han har lovd, begge i tre somrar på rad, fann me tid til ein kajakktur, min ven Kim og eg. Han har havkajakk med ror til gode vener, medan han sjølv likar å visa fram sin sjølvbydge, blanke trekajakk. Den delinga var me godt nøgde med begge to. Me var og godt nøgde med turen me fekk - familien min meinte det ikkje var lange biten me padla, men for min del var det langt nok. For kjensfolk kan eg røpa at turen gjekk litt langs land, men mest midt i fjorden, ut i Vindedal. Der venta me til ferja hadde gått inn og ut att, før me kryssa over mot Fodnes. Innover mot Lærdal att padla me langs land innunder berget, før me la oss til i Hedler. Der laga me middag, etter at Kim hadde henta den i bilen der me hadde gløymt den att. Og so kom fjøra. Og so sat me no der, i Hedler, med turt land og sandbankar rundt oss på alle kantar. For dei som lurer kan eg røpa at det er langgrunt inst i Lærdalsfjorden... Dermed vart det til og med litt vassing for den skeptiske oppaføringen Mari, som verkeleg kom nær det våte elementet.

Eg kan og røpa at korsryggen, fingrane og handledda er stive i dag, men elles er eg klar for ny kajakktur kor tid som helst! Eg har ikkje tenkt å masa i tre somrar til før eg får den neste. Eg er jo entusiast - no med litt meir erfaring.

(bilete: Kim innunder fjellet i Lærdalsfjorden, eg på veg i land i Vindedal, langgrunt i Hedler)

søndag 3. august 2008

Vinjerock

Oppkalt etter Aasmund Olavson Vinje, lagt til Eidsbugarden i Jotunheimen og fylt opp av fantastiske band. Det seier seg sjølv at Vinjerocken er ei spesiell oppleving, og ein suksess. Det regna kontinuerleg (kjentest det ut som) i to samfulle dagar, men god stemning på festivalområdet, ein lavvo med bål som sentrum i Lærdalscampen (lengst opp mot Uranosi) og nokre av dei mest underhaldande og beste band i landet kvar ettermiddag gjorde at regnveret berre av og til gjorde at ein skulle ynskja noko var anleis. For det er berre veret som kunne vore anleis - og so at eg hadde vore betre til å setja opp telt. Men eg er ikkje betre til å setja opp telt, og vergudane er vansklege å krangla med, so nett dei tinga må ein heller ta som dei er.

Programmet var variert og godt. Fredag var det Alyn (bråkete), Thom Hell (fint),
Animal Alpha (fasinerande, noko anna kan eg ikkje sei) og Kaizers Orchestra (som må ha vore utslitne når dei gjekk av scena...) Laurdagen byrja med Siluet (som eg ikkje høyrde) og Katzenjammer (som var det største høgdepunktet, ei fantastisk moro gruppe, anbefalast!), og fortsette med Jimmy Bowskill (som eg ikkje høyrde, for då sat me i bållavvoen og åt spekemat og flatbrød - eller flappbrød med to p'ar som det og er kjent som.) Kvelden kom med Karl Seglem (vakkert, spananade, og alt anna positivt), Valkyrien Allstars (som er ein hit nesten uansett), Strandingarna (som eg vil stemma på som Stavarekkjaband til neste år, dei hadde gjort seg der), The Snuff Grinders (som både imponerte og skremte litt, men som kanskje kunne ha vore hakket sikrare på både dansen, timingen og koreografien), og avslutta av Madrugada. Madrugada var eit av dei verkleg store trekkplastera, men sjølv om eg synes det er bra, so er det best i bakgrunnen. So Ingrid og eg gjekk den lange vegen opp til Lærdalscampen i lys frå scena, og akkompagnert av Sivert Høyem gjekk me og la oss, i dei delane av teltet der det ikkje var vått.

No er eg heima att, sit i sofaen med teppe rundt meg, nydusja, med telt, sovepose og sekk til turk ute - og vil opp att. At eg skal attende neste år er sikkert - og eg reknar med andre vert med og? Eg har firemannstelt - om enn eg manglar talent til å setja det opp...

(bilete: Utsikt frå Lærdalscampen over heile Eidsbugarden og festivalområdet. Eg i teltet. Gjennomført nynorsk og/eller valdresdialekt på festivalen - som forresten er verdas finaste dialekt, ikkje noko poeng i å diskutera ein gong. The Snuff Grinders. Ingrid søndag føremiddag - i opphaldsver!)