søndag 3. august 2008

Vinjerock

Oppkalt etter Aasmund Olavson Vinje, lagt til Eidsbugarden i Jotunheimen og fylt opp av fantastiske band. Det seier seg sjølv at Vinjerocken er ei spesiell oppleving, og ein suksess. Det regna kontinuerleg (kjentest det ut som) i to samfulle dagar, men god stemning på festivalområdet, ein lavvo med bål som sentrum i Lærdalscampen (lengst opp mot Uranosi) og nokre av dei mest underhaldande og beste band i landet kvar ettermiddag gjorde at regnveret berre av og til gjorde at ein skulle ynskja noko var anleis. For det er berre veret som kunne vore anleis - og so at eg hadde vore betre til å setja opp telt. Men eg er ikkje betre til å setja opp telt, og vergudane er vansklege å krangla med, so nett dei tinga må ein heller ta som dei er.

Programmet var variert og godt. Fredag var det Alyn (bråkete), Thom Hell (fint),
Animal Alpha (fasinerande, noko anna kan eg ikkje sei) og Kaizers Orchestra (som må ha vore utslitne når dei gjekk av scena...) Laurdagen byrja med Siluet (som eg ikkje høyrde) og Katzenjammer (som var det største høgdepunktet, ei fantastisk moro gruppe, anbefalast!), og fortsette med Jimmy Bowskill (som eg ikkje høyrde, for då sat me i bållavvoen og åt spekemat og flatbrød - eller flappbrød med to p'ar som det og er kjent som.) Kvelden kom med Karl Seglem (vakkert, spananade, og alt anna positivt), Valkyrien Allstars (som er ein hit nesten uansett), Strandingarna (som eg vil stemma på som Stavarekkjaband til neste år, dei hadde gjort seg der), The Snuff Grinders (som både imponerte og skremte litt, men som kanskje kunne ha vore hakket sikrare på både dansen, timingen og koreografien), og avslutta av Madrugada. Madrugada var eit av dei verkleg store trekkplastera, men sjølv om eg synes det er bra, so er det best i bakgrunnen. So Ingrid og eg gjekk den lange vegen opp til Lærdalscampen i lys frå scena, og akkompagnert av Sivert Høyem gjekk me og la oss, i dei delane av teltet der det ikkje var vått.

No er eg heima att, sit i sofaen med teppe rundt meg, nydusja, med telt, sovepose og sekk til turk ute - og vil opp att. At eg skal attende neste år er sikkert - og eg reknar med andre vert med og? Eg har firemannstelt - om enn eg manglar talent til å setja det opp...

(bilete: Utsikt frå Lærdalscampen over heile Eidsbugarden og festivalområdet. Eg i teltet. Gjennomført nynorsk og/eller valdresdialekt på festivalen - som forresten er verdas finaste dialekt, ikkje noko poeng i å diskutera ein gong. The Snuff Grinders. Ingrid søndag føremiddag - i opphaldsver!)

3 kommentarer:

  1. Høyres bra ut!
    Eg e me neste år!

    SvarSlett
  2. Hurra! då må du passa på lang tid på førehand at du får fri...
    Fleire?

    SvarSlett
  3. Forresten satsa me på fint ver neste år...

    SvarSlett