onsdag 6. august 2008

Kajakkentusiast

Fyren framfor meg snur seg og smiler. So sperrar han augo opp. "Næh!" utbryt han. "Sjå!" Eg snur meg, og ser tre ryggfinnar stikka opp frå sjøen ti meter bak kajakken min. Me ligg og duppar midt i Sognefjorden, og ti meter bak meg snøftar tre niser vatn ut av pusteholet før dei rullar grastiøst ned i vatnet att. Eg får lyst til å le av fryd, men bryt ikkje stilla. I staden for famlar eg etter fotoapparatet innanfor redningsvesten - akkurat litt for seint.
Sidan onkelen min sette meg opp i kajakken sin og dytta meg litt ut frå brygga i Skjerdal har eg vore kajakkentusiast. Men familien min har kano. Og dermed har det alltid blitt meir kano enn kajakk for min del (sjølv om det ikkje har blitt all verdens av det heller.) Eg trur eg kan telja på ein hand (i alle fall nesten) alle kajakkturane mine. Likevel, eg er entusiast. Ein lite erfaren entusiast, men altså: likevel.

Etter at eg har mast og han har lovd, begge i tre somrar på rad, fann me tid til ein kajakktur, min ven Kim og eg. Han har havkajakk med ror til gode vener, medan han sjølv likar å visa fram sin sjølvbydge, blanke trekajakk. Den delinga var me godt nøgde med begge to. Me var og godt nøgde med turen me fekk - familien min meinte det ikkje var lange biten me padla, men for min del var det langt nok. For kjensfolk kan eg røpa at turen gjekk litt langs land, men mest midt i fjorden, ut i Vindedal. Der venta me til ferja hadde gått inn og ut att, før me kryssa over mot Fodnes. Innover mot Lærdal att padla me langs land innunder berget, før me la oss til i Hedler. Der laga me middag, etter at Kim hadde henta den i bilen der me hadde gløymt den att. Og so kom fjøra. Og so sat me no der, i Hedler, med turt land og sandbankar rundt oss på alle kantar. For dei som lurer kan eg røpa at det er langgrunt inst i Lærdalsfjorden... Dermed vart det til og med litt vassing for den skeptiske oppaføringen Mari, som verkeleg kom nær det våte elementet.

Eg kan og røpa at korsryggen, fingrane og handledda er stive i dag, men elles er eg klar for ny kajakktur kor tid som helst! Eg har ikkje tenkt å masa i tre somrar til før eg får den neste. Eg er jo entusiast - no med litt meir erfaring.

(bilete: Kim innunder fjellet i Lærdalsfjorden, eg på veg i land i Vindedal, langgrunt i Hedler)

2 kommentarer:

  1. Å, så kjekt det ser ut.
    Eg er også ein uerfaren kajakkentusiast. Kanskje det fins en kajakklubb?

    SvarSlett