tysdag 29. januar 2008

Let it be?

Facebook altså... I dag tok eg ein test som seier noko om kva Beatles-song som skildrar livet mitt nett no. Hurra, tenkte eg, Beatles, we like!
Og so fekk eg Let it be! Ja, eg likar Let it be, den er fin den. Men kva med With a little help from my friends, If I fell, I'll follow the sun, I've just seen a face, Penny Lane eller til og med (i nokre situasjonar) Help? Tenk på alle dei songane som finst for desperate jenter (ok, kjærleikssjuke unggutar, men litt omskriving er vel lov?), om vennskap, om rare menneske og surrealistiske dagdraumar. Og so får eg Let it be? Deira siste store hit, frå deira siste plate, skrive i oppbrotstida. Det er jo berre trist...

måndag 28. januar 2008

Singin' in the rain - eller ikkje...

Conradi anar ikkje kva han går glipp av. Det var konklusjonen til Kristine, min kjære eks-sambuar, og meg etter ei noko lang og, frå mi side, irritert utgreiing om at alle framsyningar av musikalen Singin' in the rain - som eg har hatt driiitlyst å sjå lenge - er utselt ut april - og etter det spelar ikkje Kåre Conradi Don, og kva er då poenget. Altså går han glipp av meg sukkande i salen - og det er eit stort tap! (for han)
Mm, litt bitter her...

(og litt usikker på kor mange tankestrekar ein eigentleg kan bruka i ei setning) (og om det er tankestrekar når det på ein måte er i stadenfor komma og markerar innskoten setning)

laurdag 26. januar 2008

I Lærdal att

No sit eg ved kjøkenbordet heima i Lærdal og prøver å utsetja lesinga av 50 svenske sider pensum... Funkar fint det altså, eg har jo Facebook og blogg og andre sin blogg og nettaviser og musikk...
Eirik har reist i militæret, so det er roleg her heima - og i går fekk pappa, Olve og eg sitja i underhuset og sjå film, medan mamma kom med vafler og elles fekk ha huset for seg sjølv. Men det er rart at han ikkje er heima og, sjølv om eg til vanleg ikkje ser noko særleg til han er det litt forundarleg at han faktisk er stor nok til at han har reist ut i den vide verda. Eg håpar berre han kjem til å trivast, og komma heim om eit halvt år stappfull av gode historiar.
I mellomtida sit eg heima og ser ut på regn og sludd, medan eg eigentleg burde lesa 50 svenske sider pensum.

måndag 21. januar 2008

Årets verste dag?

Då eg møtte Arild i klassen på busstoppet i dag, var me begge trøytte og upplagde - det er tross alt måndag. Då fortalte han om ein artikkel han hadde lese, at nettopp dagen i dag er den verste dagen i året. Dette er vistnok vitskapeleg rekna ut, gjennom å sjå på ting som ver, tid på året (so lenge sidan nyår at ein har brote dei fleste nyårsforsett, og so tidleg på året at det er lenge til neste jul), inntekt og utgifter, og motivasjonsnivå. Og sjølvsagt må det vera på ein måndag.
Akkurat dette med måndagen er eg med på, særleg etter ei flott helg. Men er det ikkje godt at ein kan gle seg til jul? Og inntekt og utgifter? Joda, julegåvene tek litt, men det er jo stort stipend i januar! Nyårsforsetta er brotne for so lenge sidan at dei er gløymte (Om eg hadde nokon? Nei, det hugsar eg ikkje...), og motivasjonen for eit nytt semester har ikkje blitt drukna i alt arbeidet det er (enno).
Eg kjenner at det var godt å kunne motsei denne artikkelen og denne forskaren - fekk ruska opp i ei måndagsslapp jente. Eg hadde kanskje ikkje vore so positiv elles...
Forresten, fyrste faktor, veret? I dag var det sol i Bergen :-)

laurdag 19. januar 2008

Across the Universe

"Is there anybody going to listen to my story, all about a girl who came to stay. She's the kind of girl you want so much it makes you sorry, still you don't regret a single day"
Slik byrjar filmen eg såg i går. Across the Universe handlar om ungdommar på 60-talet, krig, opprør, familieforhold og ikkje minst kjærleik - alt pakka inn i Beatles sin musikk. To og ein halv time med film der ein ikkje kjenner handlinga, men får lyst å synga med på alle songane, det er ikkje ofte ein opplever - og det var ei flott oppleving!
So kan det diskuterast om filmen var god film- og historiemessig, eller berre estetisk. Var det ein god slutt, eller kunne den vore betre med ei alternativ avslutting. Men det bryr eg meg ikkje om, eg veit berre at Jim Sturgess no kjem på kjekkaslista mi (på grunn av dialekta i denne filmen) og at eg ikkje kjem til å slutta å lytta til Beatles med det fyrste.

søndag 13. januar 2008

Oppmuntring i kvardagen -

- det er det LiV-kurs med Sogn og Fjordane (ja, me er ein krins no! Eller snart, men never mind...) er! Det er svært godt å komma frå frustrasjonar i Bjørgvin og kjensla av at arbeidet går trått, og so komma til Sunnfjord Folkehøgskule og treffa eit engasjert og oppegåande LiV-kurs, som kan nå langt heile gjengen! Då kjennest det ut som det er vits å jobba innan KM - og det same gjeld mykje anna arbeid i S og Fj. Me er heldige, me som har fått ha vår ungdomstid der. So er det berre viktig å fortelja det til dei bra folki der og, det må eg bli betre på... Dette er dermed ei utfordring til meg sjølv, so var det berre om eg lyttar når eg snakkar til meg då :-)

fredag 4. januar 2008

Nyårsfeiring

Ja, eg skreiv visst nedanfor her at eg håpte på snø, so det vart aking i nyårshelgi i Skjerdal. Og snøen kom den, so me aka i strålande sol to dagar til endes! I mellomtida feira me nyårsafta, med god mat, musikk og utpå kvelden til og med dans...

torsdag 3. januar 2008

Godt år!

Oppsan, dette er det fyrste innlegget i det nye året. Tenk det, bloggen overlevde årsskiftet - litt synkande aktivitet, men det er mest fordi eg istadenfor å lata som eg skriv oppgåver (som eg gjorde heile hausten), no ikkje let som eg gjer noko som helst - og heller ikkje gjer noko som helst... Fyrste infomøta er neste veke, so for min del er det laaang tid att av juleferien enno, sjølv om eg har skjønt av andre at det ikkje stemmer. Men desse andre ignorerar eg med glans, og nyt kaker, snop og late dagar med god (ok, grei nok) samvit.

Godt år til alle saman!
(Forresten, eg har funne ut at eg likar å ynskja "godt år" mykje betre enn "godt nytt år". Det varar på ein måte lenger då. So eit langt, godt, spanande og fredeleg år til alle!)