Viser innlegg med etiketten Media. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Media. Vis alle innlegg

onsdag 16. mars 2011

Sexy?

Minn me pao at neste gång e vil oppnao nåkke, so mao e bærre prata so breitt e e go før. Gjedna motpartn bli so lei at'n jir opp, slek so denna kar'n her? Å so bør de stemma, heile hurven, pao sågnadialekti so den mest "sexy," so dei seie borti Oslobygdn. Men ikkje håyr pao opptake fysst, de e verken sexy elle frao Sogn.

(Å elles va de Janne so jore me oppmerksåm pao lenka, so de kan gjedna lesa kå ho skrive om saken å - å ho ha meir trening enn me i å skriva dialekt, so der faor de gjedna eit bærre inntrykk tao kåleis de ska håyrast/sjao ut...)

tysdag 1. februar 2011

To tekstar

Dei siste dagane har eg lese to tekstar som har betydd mykje, både for meg og for mange andre. Den fyrste er ein mediatekst, skrive av ein mediaperson, som har blitt sendt land og strand rundt i aviser og på nett, og har fått merksemd frå dei mektigaste. 145 000 har lese Lærer Bjørndals metode, har lese om ansvar, om at kvar og ein av oss har ansvar for dei som er svakare enn oss, for dei som slit, for dei som vert mobba. Teksten er eit spark bak til alle som har snudd seg vekk, til alle som har sett men ikkje ville skjønna, eller til alle som burde skjønt men aldri gjorde det.

Om å vera modig er skriven av ei som var av dei svakare - men òg av dei sterkaste. Ho som sto opp om morgonen sjølv om ho ikkje orka. Ho som kjempa tilbake når livet gjekk henne i mot. Ho som nok ikkje hadde ein lærar som Bjørndal. Ho som gjer det ho er reddast for, fordi ho veit at det er slik ho veks. Ho er ikkje sjefsredaktør i ei stor regionalavis (enno). Ho har ikkje fått statsministaren til å gråta (enno) - men det ho skriv når ut til dei som treng det. Det viser 179 kommentarar frå unge jenter på bloggen hennar, 179 takk for inspirasjon til å gjera det same.

To tekstar om mobbing. Ein til dei sterke i skulegarden. Ein til dei svake. Ein dag er rollane snudd om. Ein dag er det ho som er den sterke, som kan visa at ho har kjempa og vunne. Ein dag, og her er dagen, er det ho, som saman med sjefsredaktøren, kan gi oss inspirasjon til å stå på - for å komma oss opp om morgonen - for å hjelpa andre opp om morgonen.

Her er lesar nr 145 001. Og takk nr 180.

måndag 18. oktober 2010

På verdsnyhenda

At verdas eldste by feirar 10 000 år har heldigvis fleire fått med seg - som CNN og deira like. At det sneik seg med ein lærdøl er kanskje ikkje like sjølvsagt, men han gjorde ein god figur. Betre enn guvernøren, som er han bak han i t-skjorta...

Oppdatering onsdag: Og i går var gjengen atter på Vestlandsrevyen, denne gong var det gitarist Marius og synthdramaet som sto i fokus. Ryggen min er og med!

fredag 15. oktober 2010

måndag 27. september 2010

Fjernsyn

Ein gong i tida var det usunt å sjå for mykje på fjernsyn. No verkar det som det er in - so lenge det er ein serie, helst ein som ikkje har gått i alt for mange sesongar, og du har lasta ned den siste episoden. Er fjernsynet den nye kaffien? (Metaforen er open for tolking)

onsdag 26. mai 2010

3 minuttar, 18 sekundar

3 minuttar og 18 sekundar. Det var all tida ungdomane skulle vera på scena - men det kjennest ut som eg har vore gjennom vaskescena i Den lille havfrue. Like trøytt, like våt og like mange rare lydar i mystisk system.

200 ungar frå bergensskulane skulle dansa på opninga av Festspela, og lur som eg er sa eg at "ja, eg vil gjerne hjelpa til!" Det er ikkje kvar dag ein får dansa for både kongepar, ordførar og annan fiff, og det utan at ein eigentleg er i fokus og kan få skulda for det som går gale. Det er heller ikkje kvar dag ein kler seg i oransje, spring gjennom publikum som spring hovudlaust ut av vegen med 30 ungar på rekke bak seg, eller dansar svært improvisert halling på asfalt heller. Alt er erfaringar ein kan ta med seg. Ei erfaring eg har fått, er at eg iallefall ikkje skal bli lærar for barne- eller ungdomsskule i ein by - hjelpes kor mange ungar som ikkje står i ro!

Men dansinga gjekk bra den, og haglet kom akkurat under kongen sin tale (og ikkje fem minuttar før). I tillegg ga eit par av smakebitane frå Festspelprogrammet meirsmak, so kanskje klarar eg å bli kulturell i år?

Forresten, mykje mediemerksemd vert det kring 200 folkedansande ungdommar: NRK Hordaland, NRK P2 (Kulturnytt 26.05 kl 08.05, ca ti minuttar ut i sendinga)
Og Ole Hamre sitt bestillingsverk til Festspela, med trompetist Arve Henriksen, kan ein sjå på BT - rett og slett fascinerande!

Bilete: BULEingar klare for dans!

onsdag 21. oktober 2009

Reisebrev frå Jeriko

I dag vert innlegget frå Jeriko ein del av det eg har skrive i kveld. Ordføraren vår er nemleg god på å delegere, so i tillegg til å måtta halda eit improvisert føredrag om Lærdal, endte eg opp med å skriva reisebrev til Sogn Avis. Om dette skal brukast er usikkert, men me prøver. So får de lata vera å sladra om at eg nyttar ting før det kjem på trykk, og eg får heller oppmoda til å kjøpa laurdagsavisa...

– You're almost welcome, repeterar tolken vår. Me tek det i beste meining, og takkar. – Shukran. Den frasa har me lært, ikkje berre for å vera høflege, men fordi me har so mykje å vera genuint takksame for. DEt viktigaste er gjestfridomen me vert møtt med.

Me opplever mykje her i Jeriko, og ei i reisefølgjet kom med eit hjartesukk: - Det hjelper ikkje kva ein seier, me har jo ikkje ord som kan forklara dette likevel! Då tenkjer me på både det vonde me ser og høyrer, og alt det flotte me opplever. Eg vil likevel prøva å fortelja om ein ”vanleg” dag på tur i Jeriko.

Når eg kjem ned i lobbyen på hotellet står det ein bussjåfør og ein student og ventar på oss. Sjåføren tek stordelen av gruppa med til sentrum, dei skal besøka ein barnehage, medan nokre føl Nada til heimen hennar. Familien bur i ein av to flyktningeleirar i Jeriko, Aqabet Jaber. Far hennar kom hit i 1948, forvist frå det nyoppretta Israel. Sidan då har husveret endra seg frå telt til leirhus til eit nytt murhus, og tomta frå ein liten flekk til eit stort område med hage og hønsehus, men situasjonen som flyktning i eige land har ikkje endra seg på 61 år. Og flyktningestatusen er overført til borna. Her inne er alt lagt til rette av FN, men flyktingane har inga permanent adresse og dermed heller ingen demokratiske rettar. Nada prøver å roa oss frå kommune og politisk aktive liv: dei bryr seg ikkje så mykje om det her. Det er andre ting som er viktigare: utdanning, jobb, familie, overleving – og for ein del av dei kampen for retten til ein gong å returnera til fødestaden. Dei fleste her ser likevel ikkje det som sannsynleg, men dei drøymer om i det minste ein fri palestinsk stat.

Rett frå flyktningeleiren går turen til guvernøren for Jordan-dalen. Nokre offisielle besøk må ein innom, og ordføraren gjer heldigvis ikkje skam på oss. Det har han berre gjort ein gong på turen, då han sat sund dei nye utemøblane til verten vår – men me skuldar på dei fire dessertane han fekk den kvelden. Her viser dei nemleg gjestfridom gjennom mat, og då blir det mykje av den slags.

Frå guvernøren køyrer me ut av Jeriko og inn i israelskstyrt område. Me er litt nervøse når me passerar sjekkpunktet, men som nordmenn har me ingenting å frykta. For palestinarane kan sjekkpunkta derimot skapa forseinkingar på fleire timar, eller heilt hindra reise innan det palestinske området. Venene våre får heldigvis ingen problem i dag, og me kjem fram til ein landsby i ørkenen. Her besøker me en skule betalt av norske myndigheiter, og me ser at pengane frå norsk bistand kjem til nytte. I desse beduinlandsbyane har mykje undervising gått føre seg under open himmel, og gjer det til tider enno.

Mr. Abu Sultan tek i mot oss i sin landsby, ei samling hus og jordstykke som høyrer til storfamilien. Mannfolka møter oss og viser oss rundt, medan kvinnene held seg unna. Men etterkvart som ettermiddagen skrid fram, tiner òg dei opp, og dei unge jentene møter nokre av oss i maisåkeren. Det vert mykje latter og teiknspråk når ein skal kommunisera på to-tre språk ein eigentleg ikkje har felles, men me skjønnar kvarandre.

Kvelden vert nytta utandørs, med mykje god mat og god prat. Her er det den litt haltande tolkinga kjem inn, men med godvilje og mykje latter flyt samtalen likevel godt. Og når ein annan av gjestene i selskapet insisterar på at kvelden skal avsluttast med ein tekopp i hans hage, er me ikkje vanskelege å be. Trass i at eit hardt program ventar dagen etter, i dette høvet dagstur til Jerusalem og Betlehem, er det ikkje så freistande å avslutta. For medan dagane i Jeriko kan vera drepande varme, er kveldane nydeleg milde, med ei lukt av sjasmin og sitrusfrukt som er både spanande eksotisk og etterkvart svært velkjend og heimleg. For me kjenner oss svært velkomne her, og ikkje berre nesten. Og me kjenner oss takksame, både som får leva i eit land utan problema dei møter her, og som får lov å besøka denne verda med desse problema, og på same tid denne gjestfridomen.

(bilete: i Aqabet Jaber - far Damra, Anna, bror Damra, Nada Damra og Lasse.
Ørken.
På garden til Abu Sultan.
Eg og nokre av hans hundrevis av døttre...)

fredag 28. august 2009

Teikneseriar

Eg skriv oppgåve. Det vil sei, eg sit på lesesalen, skriblar ned nokre setningar, og ser meg elles rundt. Og i ettermiddag er eg so åleine her (surprise? Fredag kl kvart på sju? I don´t think so...) at eg fekk tid til å lesa teikneseriar. Og ikkje kva som helst slags teikneseriar, men frå livet mitt - livet på lesesal, fram mot masteroppgåve (ok, desse handlar om PhD, men det funkar det og). Ein tur til www.phdcomics.com anbefalast!

søndag 12. juli 2009

Ord eller papir?

Erik Fosnes Hansen kasta papir på Frp-nestleiaren. På radio. Eg må innrømma eg skjønnar forfattaren, men er einig i at det ikkje er verdas beste debatteknikk - kanskje særleg ikkje på radio. Og eg må innrømma at eg tenkte som Frp-nestleiaren (for fyrste og siste gong, håpar eg indarleg!), at særleg ein forfattar bør jo nytta ord heller enn vald. No skal det seiast at Frp-nestleiaren meinte Fosnes Hansen burde nytta ord heller enn papir som forfattar, noko som seier litt om kor mykje Frp-nestleiaren har lese i si tid...

Uansett, ein flott sak å bli møtt av ein stille søndag på jobb, med ein stolt veslebror av journalisten som formidlar.

tysdag 7. juli 2009

Norgesglasset i Betlehem

Eg har jo som kjent øyra på stilk for nyhende frå dei palestinske områda, kanskje særleg no som folk frå ICY er på besøk der. I dag var det innslag frå checkpointen mellom Betlehem og Jerusalem på Norgesglasset, med intervju med ledsagar frå EAPPI (World Council of Churches). Eg har jo sett det, kveginnhegningane og metalldetektorane, dei unge soldatane, og noko av desperasjonen til palestinarane som skal gjennom, for å komma til arbeid, sjukehus, familie og alt anna på israelsk side. Men det er likevel tøft å høyra. Gå inn på NRK Nettradio, søk på Norgesglasset, finn 07.07 (14.05-14.59), og gå ca ti minutt ut i sendinga (etter "Gøy på landet").

søndag 7. juni 2009

Resultatet

Under skreiv eg jo at jobben på villakssenteret i Lærdal mellom anna fører med seg oppdrag som fotomodell. Resultatet av ti minuttars arbeid kan sjåast her. Eg er bittelitt skuffa over at laksane har fått so stor plass i høve meg, men Oddbjørn har jo berre fått med ein arm stakkar...

Ei flott skildring av villakssenteret er det likevel, til tross for manglande frontalbilete av meg (men so er jo ikkje eg fast inventar der, i motsetjing til laksane). Etter å ha jobba der, og sett nøyare på utstillingane enn på mange år, er eg faktisk positivt overraska, og har lettare for å ymta frampå om / tvinga fram eit besøk der frå turistane. Det einaste eg har å utsetja på artikkelen er vel kanskje at den godaste journalisten kunne ha prøvd seg på eit kurs i korleis bygga fullstendige setningar. Det er ikkje ofte eg etterlyser lengre setningar, men eit subjekt i kvar periode er eit minstemål, synes eg.

søndag 26. april 2009

Løge

Løge er eit kjekt ord. Det vert brukt om noko som er rart, undarleg, komisk, og passar fint i mange samanhengar. Ein stad det ikkje passar, har eg òg funne, BA frå onsdag 22. april 2009, s. 8, ein politifyrstebetjent uttalar seg om bilulukker i Fjøsangervegen: "Det er jo veldig løgent at dette har skjedd, men det er vanskelig å få svar på hvorfor det skjer akkurat der."

Det som er løge(nt), er at journalisten, ein greitt habil bokmålsbrukar (ja, berre greitt habil, det manglar ein del her før språket er på topp) fann ut at akkurat dette adjektivet passa i ein artikkel i ei grei (men absolutt på ingen måte noko meir!) avis frå Bergen. Eit adjektiv som ikkje finst i verken bokmål eller nynorsk? Eit adjektiv me i tillegg bøyer litt på sida av eventuelle normalar? (dette kjem sjølvsagt litt an på bruken av kjønn i tilknyting til bøyinga av dette adjektivet, men det er ein annan (dialekts-)diskusjon) Ja, det passar fint her! Særleg saman med det fantastiske stilbrotet det er å nytta substantivet "indikasjoner" i neste setning.

Kjære journalisti BA: Eg veit at løge er eit fint ord. Eg veit at den stakkars politifyrstebetjenten sikkert nytta det, rett før han snakka om "indikasjoner", "Fjøsangerveien generelt", "antallet personskader" og "ulykkesfrekvens". Og til vanleg er eg til og med for eit munnleg språk og ei nøyaktig attgjeving av det som vert sagt og gjort, gjerne med personlege innslag vist gjennom skildring og ordval. Men alt med måte - òg bruken av mine ord for veka.

tysdag 3. mars 2009

Syntaks?

Oppgåve:
1. Finn fram dagens Sogn Avis
2. Slå opp på fyrste sida, debattinnlegga, om "Lærdal, den raskaste kommunen i landet"
3. Fyrste utfordring: les teksten.
4. Andre utfordring: svar på spørsmålet "Kven gjer kva korleis?"

Ok, eg veit, ikkje alle som har so grei tilgang til Sogn Avis. Her kjem derfor eit utdrag av det som kan skapa hovudbry: "... og dersom det ikkje er umogleg gjennomfartstrafikken som står for desse lovbrota kan eg ikkje forstå korleis dei får det til når dei veit at det er kontroll langs vegen annakvar dag. Som eit plaster på såret for dei fartsglade lærdølene..."

Godt å sjå at det ikkje berre er ungdommen som slit med slike detaljar som syntaks, samsvarsbøying, antesedentar og teiknsetjing! (og ein smule realkunnskap)

tysdag 20. mai 2008

Flystreik

Flystreiken gjer det tungvint å røra på seg i Noreg, og ut over grensene. Ei veninne måtte reisa frå Bergen nesten eit døgn før tida i helgi, ei an kom med nattbuss om Oslo heim frå bryllaupet sitt. Konfirmasjon i Alta er blitt eit bal, og planane framover er usikre. Toga er fulle, busselskapa har gode tider, og folk klagar.
Eg klagar og. Eg likar ikkje at eg ikkje får lagt planar. Men ein samtale i dag minte meg på eit anna aspekt ved streiken - at det er godt at den finst. Det er godt at me bur i eit land der ein har ytringsfridom og lov til å streika. At me bur i eit land der det er so kort veg til makta at det er vits for bakkemannskap eller sjukepleiarar å streika, der det er vits for ein ungdomsorganisasjon å driva underskriftskampanje, der det er vits å prøva å endra på det ein meinar er urettvist, innanlands eller utanlands. At me bur i eit land som er so bra at, sjølv om ikkje alt er perfekt, me kan bry oss om andre, i tillegg til oss sjølv. At det er bra at ein ikkje får sparken eller vert fengsla om ein hevar stemma mot maktpersonane. Det er ikkje alle land der makta er so nær folket, og midt i klaging, frustrasjonar og stranda planar, kan det vera lurt å hugsa det.

laurdag 1. mars 2008

Holocaust mot Palestina

På bussen i går les eg at viseforsvarsministaren i Israel seier Palestina skapar sitt eige holocaust dersom dei trappar opp rakettangrepa mot Israel. Det er sterke ord frå ein jødisk stat - so sterke ord at eg trur det internasjonale samfunnet har vore forsiktige med å nytta dei. Men her kjem det altså, frå Israel sjølv - men sjølvsagt vridd om på... Palestina skapar sitt eige holocaust, seier viseforsvarsministaren, i følgje nyhenda på bussen.

Dagbladet og The Daily Mail har litt ulike versjonar av saken. I følgje Dagbladet "advarte Israels viseforsvarsminister Matan Vilnai palestinerne og sa at de risikerer «shoah» (holocaust)". Daily Mail refererar viseforsvarsministaren slik: "[the Palestinians) will bring upon themselves a bigger 'shoah' ". Her seier han faktisk at det finst eit holocaust mot palestinarane - og at dette vil auke fordi Israel vil forsvara seg.

The Daily Mail forklarar og litt om bakgrunnen for ordet "shoa". Det betyr eigentleg "katastrofe", men vert av mange berre brukt om holocaust. Hamas var sjølvsagt ikkje seine om å utnytta desse orda, medan israelske styresmakter ville dempa tydinga.

For det er sterke ord frå eit folk som fekk landet som følgje av holocaust og eit verdssamfunn som ville gjera det godt att. Kva landområde skal palestinarane få som godtgjersle, etter 40 år med okkupasjon? Og når israelarane sjølv brukar dette lada ordet, skjønnar dei ikkje at det har gått for langt, at dei gjer seg skuldige i ein forbrytelse dei sjølv har lidd under? Er det slik med dei som med born som er utsett for overgrep - at dei sjølv står i fare for å gjera det same? Holocaust er eit sterkt ord, særleg når det kjem frå ei okkupasjonsmakt som meinar dei har retten på si side...

laurdag 15. desember 2007

Om kor bra Clooney er...

Då eg no sit heima i Lærdal og nyt at me har nett i stova (og utnyttar det faktum at det ikkje lenger er berre eg som har laptop), vert det litt surfing innom sider eg ein gong i tida har høyrt om, men aldri har fulgt med på. Ei av desse er den fantastiske nyhendesida The Onion. Dei har til dømes ein nyhendeartikkel om at George Clooney ser bra ut - og det kan ein vel nesten ikkje motsei...? Og ja, det er meir på denne portalen som er verdt å få med seg - ikkje nødvendigvis fordio det er sant, men fordi det er ein fantastisk kommentar til kva nettaviser, magasin og folk flest er opptekne av og tenkjer om ulike tema. Sist eg var innom, les eg til dømes ein artikkel om den fantastiske oppdaginga av Midtvesten (i Junaiten altså), og det seier vel litt om korleis folk (og då særleg amerikanarar) tenkjer om USA. omlag slik me tenkjer om Trøndelag kanskje? Utanom at me veit at dei der oppe har bart om heimbrent...

måndag 5. november 2007

Kva me har lært av TV2-underhaldninga

Skal vi danse har lært oss at ikkje ein gong dyrlegar kan dansa, og Jakten på kjærligheten har lært oss at det kan bli noko på til og med bønder. Dette i følgje Are kalvø, medan salen på Fretheim Hotell brølar av latter.

I helgi var det Nynorske Litteraturdagar i Aurland, og til tross for at skreiv oppgåve og skulle nytta tida godt heima, vart det ein del turar gjennom holet. Fredag på opninga med Linda Eide og Jorunn Torsheim , laurdag Are Kalvø som les og fortalte frå "Våre venner kinesarane" - og alle andre innfall - og søndag konsert i kyrkja med Henning Sommero og Edvard Hoem. Rett og slett flotte arrangement, og moro at so mange var heima i Skjerdal og!

Men no er eg attende i byen, og eg må på fullt alvor (slik som folk åt blodpølse før i tida) skriva oppgåve i ein fart! Men det går litt seint framover...