tysdag 3. mars 2009

Syntaks?

Oppgåve:
1. Finn fram dagens Sogn Avis
2. Slå opp på fyrste sida, debattinnlegga, om "Lærdal, den raskaste kommunen i landet"
3. Fyrste utfordring: les teksten.
4. Andre utfordring: svar på spørsmålet "Kven gjer kva korleis?"

Ok, eg veit, ikkje alle som har so grei tilgang til Sogn Avis. Her kjem derfor eit utdrag av det som kan skapa hovudbry: "... og dersom det ikkje er umogleg gjennomfartstrafikken som står for desse lovbrota kan eg ikkje forstå korleis dei får det til når dei veit at det er kontroll langs vegen annakvar dag. Som eit plaster på såret for dei fartsglade lærdølene..."

Godt å sjå at det ikkje berre er ungdommen som slit med slike detaljar som syntaks, samsvarsbøying, antesedentar og teiknsetjing! (og ein smule realkunnskap)

3 kommentarer:

  1. Det der er eit mareritt å lesa for ein dyslektikar.

    SvarSlett
  2. Det er eit mareritt for kven som helst

    SvarSlett
  3. Sogn Avis i eit nøtteskal!

    SvarSlett