tysdag 31. mars 2009

"Nei"

Kan nokon minna meg om at eg må læra meg å sei "nei"...? No er det vel nokon som vil påstå at eg er god til nett det, men altså ikkje i alle situasjonar. For eksempel ikkje når førelesaren min spør om nokon kan gjera litt ekstra arbeid og ser spørjande ut over gruppa. Då er det at eg hadde trengt ein alboge i sida og ein beskjed om at det ikkje er svært lurt å vera den som rekk handa i veret og som lyser "Me, me, pick me! Du kan få meg til å gjera kva som helst når som helst..."

"Nei" heiter det Mari, "nei"!

4 kommentarer:

  1. Ka i alle dager er det du skal gjøre?

    SvarSlett
  2. Eigentleg ikkje noko anna enn å kommentera på ei oppgåve ekstra. Det er meir eit symptom på mi evna til å snakka før eg tenkjer, og som jo ikkje alltid er like lurt... + at akkurat dette dømet her er jo og eit symptom på at eg ikkje heilt klarar å motstå når visse mannfolk som spør om noko...

    SvarSlett
  3. Haha..eg trur me begge gjere fornuftigt i å fløtta øve pao IF frao neste semester,før å sai da sånn..:) So faor me helle trøsta oss me tanken pao at vegen ikkje e so lang frao 2. og opp i 4., og viss Britt og Halvor begynna master i nordisk so ha me likavel ein gyldig grunn te å henga litt i 4.!

    SvarSlett
  4. Ok, plan: dei byrjar på master, me overtek deira lesesal og heng i 4. for alltid. Uff, ikkje berre er me nerdar, men me er litt bimbo og - nordiskbimbo...

    Men det med å sei nei altså - det gjeld faktisk ikkje berre han her. Mange mannfolk som får meg til å snakka før eg tenkjer desverre.

    SvarSlett