måndag 24. desember 2007

Vinter og julefred

No har julefreden senka seg over huset i Sande. Det er tjue minuttar til sølvgutane syng jula inn, og til vanleg er det panikk i heimen på dei tider. Men i år tek me det med ro, for Eirik sendte nettopp melding om at han får gå før frå jobb, so då ventar me på han. Altså er det roleg, det er gudsteneste på radioen, Olve legg frukt på fat og det byrjar å lukta pinnekjøt i huset. Dei vanlege førjulstradisjonane er fulgt i år og, med besøk her og der, eit par stressa damer (meg og mamma) og alt som høyrer til. Og alt i juldegrader og glitrande vinter.
No skal det seiast at vinteren er på veg avgarde - det har stige frå -3 til +2 i løpet av dagen. Men før det gjekk so langt fekk me nyta det beste vinteren har å by på - og noko den ikkje har bydd på på mange mange år (30, sa min onkel Harald). Nemleg skøyteis på Aurlandsfjorden! I går var me i Skjerdal på julelunsj, og hadde med skøyter (dei få som er store nok). me var mange på isen, og sjølv om det knaka godt under oss hadde me ein flott time ute på den glatte flata - Harald fekk til og med hai, til Vetle si store glede! Eg har aldri gått på fjorden før, og det var flott å oppleva. No ventar me på snø, so det blir aking i nyårshelgi.

Men fyrst er det julefeiring i heimen, og me gler oss til ei tradisjonsrik jul i Sande!

laurdag 15. desember 2007

Om kor bra Clooney er...

Då eg no sit heima i Lærdal og nyt at me har nett i stova (og utnyttar det faktum at det ikkje lenger er berre eg som har laptop), vert det litt surfing innom sider eg ein gong i tida har høyrt om, men aldri har fulgt med på. Ei av desse er den fantastiske nyhendesida The Onion. Dei har til dømes ein nyhendeartikkel om at George Clooney ser bra ut - og det kan ein vel nesten ikkje motsei...? Og ja, det er meir på denne portalen som er verdt å få med seg - ikkje nødvendigvis fordio det er sant, men fordi det er ein fantastisk kommentar til kva nettaviser, magasin og folk flest er opptekne av og tenkjer om ulike tema. Sist eg var innom, les eg til dømes ein artikkel om den fantastiske oppdaginga av Midtvesten (i Junaiten altså), og det seier vel litt om korleis folk (og då særleg amerikanarar) tenkjer om USA. omlag slik me tenkjer om Trøndelag kanskje? Utanom at me veit at dei der oppe har bart om heimbrent...

onsdag 12. desember 2007

Juleførebuing i by'n

Sidan eg kom heim frå Holland har det vore rolege dagar i Bergen. Fredag hengde Frida, Solrunn og eg oss på Ingebjørg som skulle handla julegåver til familien. Nydlege timar på Bryggen! I tillegg fann og og Solrunn oss kvart vårt dyr - reisndyret Dagros Hjulius, og elgen Elmer.

Fredag kveld var det revy for meg og Frida - Vestlandsrevyen på Logen, og etterpå bar det rett på fest og på byen for min del, saman med nokre frå klassen. Lenge sidan eg har vore ute og dansa merka eg, lite vant til å ha dåreg plass og isbitar under skoa.


Laurdag og søndag var mamma og pappa på besøk, men eg brukte tida på julesnop og ikkje minst konsert med Maria Kantori i Mariakirken søndag kveld. Til tross for at eg nesten sovna under nest siste arie, var det ein flott konsert - og eg fekk sjå korleis Monica er på jobb :-)


Måndag var det julehandel, og tysdag var eg inne og laga snop (ja, enno meir...) Og i dag har me hatt besøk, og juleverkstad, med snop, peparkake, julebrus og Grinchen på film. No er det ny film og rolege kveldstimar - fin juleferie!

torsdag 6. desember 2007

Heima frå Holland


No er eg attende i Bergen etter nokre flotte dagar under havoverflata. I Bergen vart eg møtt av fiskepudding, foreldra til Monica og Frida, og det er jo fine ting å bli møtt av. Reknar med det vert nokre avslappa dagar i byen og - men om dei vert so avslappa og med fullt so mange kafebesøk som i Nederland er vel vanskleg å spå om.

onsdag 5. desember 2007

Sinterklaas og Amsterdam

For å byrja med det siste: I dag er det Sinterklaasafta, altså julenissedagskvelden, og i dag får alle ungar pakker dersom dei har vore snille. Dersom dei har vore stygge kjem SvartePer, som elles er Sinterklaas sin hjelpar. Kva har dette å sei for meg? Lite utanom at det er folk med skokrem i ansiktet i fleire butikkar, nokre ungar har rare hattar, og det var ekstremt lite folk i Amsterdam i dag, noko som var sœrs behageleg.
For i dag var Ingrid og eg på dagstur til Amsterdam. Det vil sei ein halvtime på toget, og mange timar trasking kanallangs, litt handling og fleire kafebesøk (eg likar kafeane i dette landet, det er mange av dei!) Amsterdam er som resten av Nederland: sjølvsagt flatt og fullt av syklar, skeive hus og kanalar. Men kanalane i Amsterdam er større, husa er litt skeivare, og ein kan faktisk risikera å bli påkøyrt av ein bil eller ein trikk i tillegg til milionar av syklar (12 i heile Holland i følgje Ingrid). Spanande!
Dette var desverre min siste dag i Holland, i morgon skal eg attende til julestemninga i Noreg og overlata Ingrid til eksamenslesinga. Blir trist, for det har vore so kosleg, so moro og so avslappande å vera her! Men Ingrid treng litt lesetid reknar eg med, og eg er redd eg ville blitt so overmodig at eg hadde sust pa ein eller annan kanal med sykkel ein vakker dag...

tysdag 4. desember 2007

Kyrkjer og kafe

Delft ligg ein halvtime med tog frå Leiden, og i Delft lagar dei blått og kvitt porselen, og dei har mange hotell. Det er fordi det er so steike mange kyrkjer der. Hotella er der på grunn av turistane altså, som kjem på grunn av kyrkjene. So i dag var det fyrst forelesing m hollandsk kunsthistprie, før me for til byen med dei mange kyrkjene. Ein av dei heiter faktisk Gamlekyrkja, og den har ekstremt skeivt tårn. Kvifor nett denne er Gamlekyrkja er vanskleg å sei, for dei andre er ikkje nett topp moderne dei heller...
I Delft har dei og store mengder kanalar og smale gater, som i resten av dette flate landet. Dei har faktisk og julegatekanal, altså ein mork og grumsete kanal som alle andre mørke og grumsete kanalar, men denne var lyst om av mengder av blå lyspœrer. Det må vel rett og slett kallast sjarmerande.
Ein annan ting som er sjarmerande er alt det blå og kvite porselenet, som kjem frå Delft. Desse mengdene med porselengjer at det på toalettet på ein av kafeane kjem vatnet i vasken ut frå ein blå og kvit tulipan! i tillegg serverte dei her peparkuler (julekakene altså) i små tresko. Svœrt nasjonalomantisk, og treff ein turist sitt hjarta.
So, i dag har eg lœrt om nederlandsk kunst (og nesten skjønt korleis ein uttalar Van Gogh), sett mengdre store kyrkjer, mørke kanalar og innsida på fleire svœrt koslege kafear. Enno ein vellukka dag i det lågtliggande landet altså!

måndag 3. desember 2007

Sykling i Nederland

I Leiden syklar dei fort på smale og høge bysyklar. Dei er rette i ryggen og årvåkne i blikket, dei helsar på naboen og legg kreftene til berre i stiginga over ei kanalbru. Dei legg seg ut i rundkøyringar med dødsforakt, og bilistar respekterar dei raude merka og fotgjengarar veit dei må halda øyro opne etter susinga frå smale sykkelhjul mot glatt brulegging.
I Bergen krummar syklistane seg saman mot regnet på kraftige terrengsyklar med mange gir. Me skvett ut av vegen ved knurringa frå ein travel bilist, og me rykker i styret for å komma over dei mange rennene og den ujamne brusteinen.
I Leiden er ein sykkeltur langs kanalane ei sjølvfølgje. I Bergen er ein tur til sentrum å bestiga Everest.

Som de skjønnar har eg prøvd meg som syklist i Leiden, Holland. Faren er å køyra på andre syklistar eller treffa ein kanal, men helst er det berre behagleg. Og Leiden er ein fin by, sjølv i sterk vind rett frå havet. Eg gler meg til å sjå enno meir!

fredag 30. november 2007

Ferdig!

Eg er ferdig med eksamen!
Eg er ferdig med alle oppgåver!
Eg er ferdig med datafag!
Eg er ferdig med helvetessemesteret!
Eg er ferdig med læraren som ikkje skjønnar språket mitt!
Eg er ferdig med tekstkodingsdritet!
Eg har juleferie!
Søndag skal eg til Nederland, i morgon skal eg slappa av, i kveld skal eg ut og eta - men NO skal eg feira med ein episode Bones :-)

onsdag 28. november 2007

Pols, kollokvie og oppgåver

Det er eigentleg det dagane mine går i for tida - minst polsdansing, mest oppgåve, og kollokvie innimellom.
Måndag leverte eg oppgåva i HUIN 102, og i kveld leverte eg i PRAKTINF. Den tel 100%! Slikt er eg ikkje vant til, men innleveringa skjedde 21 timar og 6 minutt før fristen, og det er jo eit godt teikn.
Ellers prøver eg å lesa til eksamen, men det går trått. So heldigvis er store deler av klassen min interesserte i kollokvie, so dei siste dagane har me diskutert i hels tekstkoding, som ingen skjønnar, korpus, som få skjønnar, og læringsteori, som alle skjønnar ein del av, men ingen har oversikt over. Gledar me oss folkens...? I morgon blir det også kollokviering - men då skal me ha panikk, drikka julebrus og roa panikken. Er iallefall min plan.
Men kva gjer polsen inni alt dette? jo, det er det eg har brukt kvelden på, tre og ein halv time folkedans, der eg for fysrte gong i mitt liv klarte å dansa gut i polsen! Meistringskjensle delux! Anbefalast som angstbehandling to dagar før eksamen...

søndag 25. november 2007

Ny på fjortislista mi

Kanskje ikkje fjortislista burde heitt fjortislista? Det er vel ein del der som er litt vel gamle til å høyra til på ei liste ved det namnet, men men...
Det nyaste tilskotet er George Clooney, tilføydd etter at Monica, Frida og eg avslutta ein slapp, lite produktiv, men svært kosleg laurdag med pizza og Ocean's Twelve i går. Mykje kjekke mannfolk i dei filmane altså, men han her slår dei alle :-)
Eg seier slapp og lite produktiv, for det var den sett i auga til ein student med knapp tid før eksamen. Men Magnhild overnatta frå fredag, so det var tid til både skravling og forsøk på å halda julestemninga på avstand gjennom Holiday. Funka dårleg, men kos var det absolutt!
Men i dag er det søndag, og det er kristusdagen og då passar det bra å lesa til eksamen (i kristologi). Alt dette i følgje Monica. Eg les ikkje til kristologi, kanskje det er forklaringa på at det går so seint framover? Jaja, uansett so er bebuarane i huset solidariske med Frida som har eksamen i morgon, og har barrikadert oss på kvart vårt rom og let som me les. Nye blogginnlegg er kanskje litt avslørande frå mi side...

torsdag 22. november 2007

Eksamensperiode

I vår var eg stressa før eksamen. Eg hadde slik panikk at pappa måtte ta frå meg dei gamle eksamensoppgåvene me hadde fått utdelt for at eg i det heile skulle fungera. Eg les på harde livet i ei veke - og det gjekk bra.
I haust er eg stressa og. Stressa som femten høner innestengt med ein rev, som eg presterte å skriva til Arild i klassen. Men eg kjem ikkje i gang med noko! Oppgåvene er ferdig skrivne - dvs, dei er so dårlege at eg er reint flau, og veit ikkje om eg tør levera dei, men orkar ikkje opna dokumenta att. Arild spør om eg har snakka med psykologen om det, altså vår kjære, flinke, snille lærar Mari, men det har eg ikkje - bør vel det. Faren er at eg då må skriva alt om... Jaja.
Uff til klaging. Eg er no eigentleg heldig som har komme sopass langt, no burde eg eigentleg byrja å lesa til eksamen, har ei veke. Men det kjennest so lite produktivt! Det kjem ingen ord ut av det! Og dessutan øver eg litt til EM i utsetjing, der eg skal stilla neste år saman med Eirik i klassen, dersom han finn ut det er lov med blanda lag (Eirik sin skuleblogg)... Heia SPINF-studentane!

tysdag 20. november 2007

Fjortislista

Som eg trua med i går, ser det ut som at fjortislista frå spacet mitt har gjennoppstått, utan dei drastiske endringane. So, nederst til venstre kan de alle nyta synet av namnet til mine kjekke mannfolk (I wish...)
Som eg og trua med i går, er Gregory Peck det nyaste tilskotet på lista - sjå han og nyt han! (gjerne i Roman Holiday :-) )
EDIT: dette gjer eg berre for å utsetja oppgåveskriving lengst mogleg...

måndag 19. november 2007

Roman Holiday

Eg har fått ein ny yndlingsfilm! kanskje endrar det seg når eg ser ein ny film - det gjer ofte det -men nett no er dette den søtaste romantiske komedien eg nokon gong har sett, med ein bittersøt slutt, flott filming og pene skodespelarar - Audrey Hepburn visste me var litt av ei dame, men Gregory Peck burde garanert vore på kjekkaslista! (dersom den hadde funnest enno - kan dette vera grunnlag for gjennoppståing?) Absolutt å anbefala, ein klassikar av den lettare sorten...

I have to leave you now. I'm going to that corner there and turn. You must stay in the car and drive away. Promise not to watch me go beyond the corner. Just drive away and leave me as I leave you.

søndag 18. november 2007

Ei ny veke står for døra -

- og er eg klar? Oh no, not at all! Har vore i Førde i helgi, på LiV-kurs med den kjekkaste ungdommen som finst, "ungane" var arbeidssame og hyggelege og lærevillige. We like! Men no er eg altså attende i Bergen, og har to veker med oppgåveskriving og eksamenslesing å sjå fram mot - skrekk og gru!

måndag 12. november 2007

Austlandshelg og Vestlandsmåndag...

I helgi var eg i Oslo på PUKT (Programutvalet for klubb og TenSing)-møte. Det var eit par bra dagar i byen - særleg kosleg var det å bu hjå Einar (TS-gut frå Sogndal), sjå korleis han lever i storbyen og prata om Palestina. Desverre vert det lite tid til å vera sosial når ein er på både fredag kveld og laurdag dag, utano at møta og måltida på hovudkontoret jo er ganske sosiale i seg sjølv...

Laurdag ettermiddag traff eg Kristine, min kjære eks-sambuar, på PM der ho jobbar. Prøvde å slå to fluger i ein smekk og sjå etter julegåve til mamma medan eg no var der, men det er ein litt for gamaldamebutikk for mi unge mor :-) So vart det middag på Friday's i lag med alle Haugesund-supporterane (er det cuphelg, so er det cuphelg, og då vert vist Oslo invadert). Og so bar det heim til Hønefoss og den nye leilegheita til Kristine - er eg misunneleg eller!? Og eg som har so fint hus, då kan de tenkja dykk korleis ho bur... Eigentleg burde eg jo hatt eit fint bilete av idylliske Nordrehov, men det vert istadenfor eit av Stortinget...

No er eg attende i Bergen, og skal eigentleg nytta tida til å skriva praksisoppgåve og lesa til eksamen. Monica slit med det same, so ho er ein engel og kjem med jus og kjeks - kanskje ikkje svært effektiv jobbing, men oppmuntring er viktig! Veret er faktis og ei oppmuntring (det skulle ein kanskje ikkje tru når eg har overskrifta "Vestlandsmåndag") for det er snø på fjelltoppane (og litt i hagen) og strålande sol - på den andre sida av dalen, men me kan iallfall nyta utsikta. Desverre vert det fort meir nyting av utsikta enn oppgåveskriving, men here goes! snart...

torsdag 8. november 2007

Iiiiiilt!

No har eg skrive 4015 ord på semesteroppgåva mi - og 3500 av dei sidan klokka var seks. Eg har ilt i kroppen min!
Og slik ser altså skrivebordet mitt ut litt utpå kvelden, rundt 2000 ors uti - legg merke til at skjermen har gått i svart

tysdag 6. november 2007

Huttre huttre

Uff, i dag er det kaldt!
På veg til skulen regna det is, og medan eg sat på Høyden og såg lengtande ut glaset kom det nokre snøfjon dalande! Og det er ikkje vanleg det, i Bergen... Men slik er det no, når vintaren nærmar seg - har faktisk att berre ei førelesing i HUIN, to dagar i praksis, og to-tre veker intensiv lesing og skriving. Og so er det jul(eferie)
P.S. Såg dette, som Magnhild har skrive, etter at eg hadde skrive innlegget. Eg kan informera om at det ikkje berre er Løvstakken det er snø på, men og Ulriken :-) (Eg og Magnhild bur på akkurat motsett side av dalen...)

måndag 5. november 2007

Kva me har lært av TV2-underhaldninga

Skal vi danse har lært oss at ikkje ein gong dyrlegar kan dansa, og Jakten på kjærligheten har lært oss at det kan bli noko på til og med bønder. Dette i følgje Are kalvø, medan salen på Fretheim Hotell brølar av latter.

I helgi var det Nynorske Litteraturdagar i Aurland, og til tross for at skreiv oppgåve og skulle nytta tida godt heima, vart det ein del turar gjennom holet. Fredag på opninga med Linda Eide og Jorunn Torsheim , laurdag Are Kalvø som les og fortalte frå "Våre venner kinesarane" - og alle andre innfall - og søndag konsert i kyrkja med Henning Sommero og Edvard Hoem. Rett og slett flotte arrangement, og moro at so mange var heima i Skjerdal og!

Men no er eg attende i byen, og eg må på fullt alvor (slik som folk åt blodpølse før i tida) skriva oppgåve i ein fart! Men det går litt seint framover...

onsdag 31. oktober 2007

Regnbyen

http://www.bt.no/vaer/article433281.ece
I følgje dette er det kaos i Bergen - stengte vegar, oversømte hus og blokkerte tunellar. For alle som lurer kan eg avsløra at på Høyden renn vatnet nedover, so der er det turt, og dersom ein føl sykkelstien forbi Danmarksplass er det ingen bilkø og berre ein stor dam - som eg sjølvsagt vart våt i. Eg synes ikkje det regnar so mykje i Bergen eg...

måndag 29. oktober 2007

"Tjokk og feit og full av seriegull"

So har eg fått med meg den store festen i Bergen i år - kampen der Brann køyrte over Viking (Frida høyrde jubelen heilt heim, og det har me ikkje gjort før) og den etterfølgjande feiringa på Festplassen, med songar me ikkje kunne og store mengder glade bergensarar. Sært å gå ned til byen, midt i gatene saman med store mengder raudkledde folk og bilar som bæljar ut supportarsongane (som me altså ikkje kunne, til tross for nokre timar på stadion i forkant).


Det vart rett og slett ein emosjonell kveld - eg og Monica fann ut at eit fullpakka fotballstadion under ein slik kamp er litt som å vera manisk depresiv - og eg som berre er Brann-supportar fordi eg bur i denne regnfulle byen vart reint rørt. Uansett kva ein meinar om Bergen, bergensarar og Brann kan ein ikkje lata ein slik kveld gå upåakta hen!

Sjå stemning frå fotballpuben og Festplassen: http://fotball.bt.no/tv/article93299.ece (men tenk hujing og brøling, det er tross alt feststemte bergensarar (og wannabe bergensarar) det er snakk om)

Og her er ein av supportersongane som eg ikkje kan, men som eg likevel har hatt på hjernen - med eit syngande fotballag og ein gal (eks-)ordførar: http://fotball.bt.no/tv/article93287.ece (desverre dårleg kvalitet.)
Og so kan ein sei at det kanskje er litt vilt å lokka tusenvis ut i gatene ein sein søndagskveld, at det er vilt å bruka so mykje pengar på ei slik markering, at det er vilt at til og med tre sogningar går ned til byen for å blanda seg med dei raudkledde, og at vaksne folk ikkje burde oppføra seg slik. Men det er Bergen, det er Brann, og det skjer ikkje nett kvart år... (enno)

søndag 28. oktober 2007

Fine helgi

Dette har vore ei god helg altså! Byrja friskt fredag med å vera flink student og byrja på semesteroppgåva, men la det fort på is til fordel for eit sosial liv... Fredag ettermiddag kom Magnhild på middag og filmkveld, og ho, Frida og eg koste oss med Prime og Dirty Dancing (som Magnhild aldri hadde sett før, på tide!) Ho overnatta til laurdag, og ein roleg frukost vart etterfulgt av ein dag i byen. Fyrst i butikkar med Frida og Magnhild, so stoffbutikk og på leit etter ordbøker med Frida - før det gjekk over i ein betre lunsj med Lene. Og so traff eg Kim og Anders, og det vart kaffi på Brunello med gutane og Lene.
Men dagen slutta ikkje der - Lene og eg for heim til huset og laga pizza med Frida, før me målte blad til Lene sin praksisklasse og såg Clueless. Og Lene overnatta og (godt me har god plass), og føremiddagen i dag byrja og roleg med frukost og skarvling.
No er eg nesten i gang med oppgåva att, men sit mykje og ser ut på regnveret og håpar det skal forsvinna. For i ettermiddag skal Monica og eg på kamp, og sjå at Brann får utdelt gullmedaljane sine!

torsdag 25. oktober 2007

Gebursdagsfeiring

Ok, det er no halvanna veke sidan Frida og eg feira gebrusdagane våre med gode vener og mykje kaker - men her er eit av dei koslege bileta. Monica, Magnhild og Wiebke les russeavisa vår, og ler godt av oss frå Sogndal - kan du fatta...?

tysdag 23. oktober 2007

Ungdommen no til dags

Magnhild (http://magnhild.genipabu.no/) er irritert i dag, fordi dei eldre ho møter på bussen er so uhøflege. Eg kjenner meg godt att, mange eldre er sjølvsagt svært koslege, men nokre er det ikkje - nett som med unge folk. Kvifor er det då alltid ungdommen som skal setjast i bås og kritiserast?

Den uengasjerte ungdommen
Ein vanleg torsdag i regntunge Bergen står ni ungdommar kledd i baderingar og fargerike klede på Torgallmenningen. I hendene held dei bøsser, på standen i bakgrunnen står flasker fulle av skite vatn og skilt med bilete av born utan ferskvatn, mat eller husvære. Dei samlar inn pengar til flomoffer i Bangladesh, og spør oppfordrande dei passerande: ”Har du ei krone for mykje?” ”Vil du hjelpa flomofra i Bangladesh?” ”Excuse me, do you have a minute?” (for dei er ikkje alle norske). Dei er i slutten av tenåra og byrjinga av tjueåra, dei har jobba med kampanjen i tre veker – og dei høyrer til dei ”uengasjerte.”
I ein liten kommune på Vestlandet står striden i valkampen om barnehageplassar og eldreomsorg. Ungdomane kjem i brakgrunnen. Dei er ikkje interessert i barnehagen – dei skal ikkje ha born på minst ti år. Dei er ikkje interesserte i eldreomsorga – dei skal ikkje ha foreldra sine innan systemet på minst tjue år. Dei er i slutten av tenåra og byrjinga av tjueåra, livet ligg framfor dei – og dei vert stempla som ”uengasjerte.”
Men å bruka ”den uengasjerte ungdommen” som eit felles uttrykk om dei unge vaksne, nyttar ikkje. ”Den uengasjerte ungdommen” finst knappast, og dersom han finst, er det fordi han ikkje engasjerar seg i det dei eldre vaksne forventar.

Attende til Torgallmenningen, Bergen, ein torsdag i september: Ni (uengasjerte?) ungdommar har stått kvar for seg i ein time. Bøssene i hendene har byrja å skrangla. Dei samlast om vassflaskene og bileta og diskuterar dei forbipasserande. Dei vaksne forbipasserande. I løpet av denne timen har om lag tjue personar stoppa opp hjå guten med baderingen, tre av dei var over trettifem år. Ingen av desse tre var kvinner. Det same gjeld for jenta i den oransje sjalet, sett vekk frå den eine kvinna som gav henne kompliment for sjalet, men ikkje la pengar på bøssa. Alle kan slå fast det same: Den uengasjerte ungdommen finst ikkje på Torgallmenningen, derimot er den full av nysgjerrig ungdom som gjerne gir av tid og pengar, som vil høyra om klimaendringar og humanitære krisar, og gjera noko med det. Men den uengasjerte vaksne finst der i stor grad – og den uengasjerte vaksne må ta tak i seg sjølv før det er for seint, og han har lagt all skuld på den engasjerte ungdommen.

(dette var byrjing og avslutning på ei av oppgåvene eg skreiv i Praktinf i haust)

Gullet kom hem

Dette møtte alle studentar som logga på studenteposten i dag. "Dette hadde ikkje skjedd på austlandet," sa Frida (litt indignert?), og det har ho vel forsåvidt rett i. Men då er eg litt glad eg ikkje bur på austlandet - for alle bergensarar blir so glade! Ok, resten blir jo litt oppøste, men no er det ein gong slik at bergensarar kan overdøyva dei fleste, so det gjer ikkje so mykje.
Ok, eg er jo ikkje bergensar. Ikkje er eg spesielt inne i fotballverda heller, eller nokon stor supportar (anna enn kvar sesongstart, medan det enno er håp at Sogndal kan gjera det bra. Den vona forsvinn no tidleg...) og ikkje bryr eg meg so all verdens om Brann (ikkje slå, Lene! (Lene bryr seg nemleg all verdens om Brann: http://leneiversen.blogspot.no/) Men det er no moro at gullet kom heim etter 44 år!
Og so gledar me oss over at sexlivet vert betre, skilsmissetala går ned, og bergensarane kjem til å vera glade det neste halvåret (ifølgje BA)

torsdag 18. oktober 2007

Meg og Olav

Nokon som reagerar på kvifor det er so steike mange dikt av Olav H. Hauge her? Då kan eg røpa at han er mannen i mitt liv for tida! Eg veit, litt trist at mannen i ditt liv ville vore 99 hadde han levd, men er død, og var i tillegg lukkeleg gift all to the end...
Men eg er altså i praksis i haust, tre dagar i fire-fem veker i Hauge-Tveitt 08, ei jubileum som skal vera neste år for min kjære Olav H., og komponisten Geirr Tveitt (som kanskje blir min kjære han og, eg har berre ikkje fått sett meg so inn i han enno). So for tida vekslar mi tid mellom skulen (fæle datafaget), kontoret på Sydnesplassen (og sjølvsagt dans og ICY og KM-arrangement av alle typar...) I tillegg går dikta til Olav H. om att og om att i hovudet mitt, og kvar einaste dag oppdagar eg minst eitt eg trur kjem til å følgja meg i lang tid.
Men det er ikkje lett, det å vera i praksis utan å eigentleg vita kva ein skal gjera... Eg fører no dikta inn på dataen, skriv småting og prøver å snappa opp mest mogleg av det som går føre seg. Men aller helst vil eg vera åleina med Olav H., og nyta han i fred og ro...

tysdag 16. oktober 2007

Holmen

Einsleg, forvist
langt frå land,
strider holmen
på grufsen fjellsjø.
I stille næter,
når sjøen søv,
kjenner han berget under seg
breider seg tungt og veldig ut
og vert eitt med landet.
Olav H. Hauge



søndag 14. oktober 2007

Hausttur til Stolmen


Hehe, mange av innlegga mine heiter noko med "haust" for tida, men det er det vel ein grunn til...

I helgi var Bergen ICY på hausttur til hytta til Endre på Stolmen i Austevoll. Der fekk me leika oss i bølgjene i båt, fiska mykje, ete mykje og spelt mykje. Seks ICY-arar kom til øya fredag kveld, dei to siste kom laurdag. Fredag kveld vart brukt til å reisa ut på sjøen og leika i bølgjene, og spela Bang. Mykje av laurdagen gjekk med til det same - ein sein morgon fulgt av fisking, Uno-speling og avslapping, litt ICY-aktivitetar og meir Uno-speling (eg leda fire rundar!) Søndag var litt tidlegare frukost, ICY-planlegging og enno meir fisking. I dag var det varmare, og me brukte litt tid nede hjå sjøen - fantastisk moro, til tross for sjøsjuke.

Det er godt å ha ei slik helg med mykje leik og sosialt liv, det er godt å bli kjent med gruppa på denne måten. Me er ikkje mange, men me er gode :-) Takk for ei fin helg folkens!

søndag 7. oktober 2007

Knattholmen i haustsol

Etter åtte timar i bil er eg og Monica attende i Bergen. Ei fin helg på Knattholmen er slutt, og det var ei kosleg helg. Særleg moro å sova på rom med TSN 04/05-jentene, ha strikkeseminar, spela TP (til tross for at me tapte mot gutane to kveldar på rad...), og oppleva eit par fine kveldsavlsutningar og avsluttande gudsteneste.
Men det kan diskuterast om det er verdt å betala nesten 600 kr for ei helg, der mesteparten består av køyring til og frå (ok, kyringa var jo svært kos, men uansett). Knattholmen er jo nydeleg, det er ikkje det, men ein kunne kanskje funne ein stad som er billegare, og meir sentral. Og det er etterkvart tpåleg å kalla det landsarrangement for unge vaksne når me var fem-seks frå Bergen, og to av dei er GoCY-interns... Då bør ein nesten diskutera alternativ tenkjer eg. Men alt i alt ei kosleg helg, det er vel den greiaste måten å sei det på.
Og no er eg iallefall sopass utsliten at det skal bli hardt nok å byrja på att etter "studieveka" i morgon...

torsdag 4. oktober 2007

Haustferie i fagre Lærdal

Har vore heima denna veka og nytt hausten, finveret og Lærdal. No er det dykkar tur til å nyta bileta (og diktet på sida her, som er eit resultat av at eg har fokusert mykje tid og energi på biografien om Olav H. Hauge...)



Underhuset (møkakjellaren) etter at Eirik har brukt hausten på å gjera det om til kinosal/spelebule/guterom





Når ein får nytt fotoapparat må funksjonane testast... Dei nydlege haustfargane kan skimtast enno.

Velkomen!

Eg bestemte meg brått i dag for at levetida for msn-spacet mitt er over for lengst, og at ein ny blogg trengs. Ikkje det at ein blogg verkleg "trengs", men ettersom eit av faga eg tek denne hausten omhandlar blogging, kan det henda eg i det minste blir minna om å oppdatera av og til...
So, eg vil med dette sei takk og farvel til mitt trufaste space, og ynskja velkomen til eit nytt og anleis innblikk i mi "vedundarlege verd". Kos dykk!