I Leiden syklar dei fort på smale og høge bysyklar. Dei er rette i ryggen og årvåkne i blikket, dei helsar på naboen og legg kreftene til berre i stiginga over ei kanalbru. Dei legg seg ut i rundkøyringar med dødsforakt, og bilistar respekterar dei raude merka og fotgjengarar veit dei må halda øyro opne etter susinga frå smale sykkelhjul mot glatt brulegging.I Bergen krummar syklistane seg saman mot regnet på kraftige terrengsyklar med mange gir. Me skvett ut av vegen ved knurringa frå ein travel bilist, og me rykker i styret for å komma over dei mange rennene og den ujamne brusteinen.
I Leiden er ein sykkeltur langs kanalane ei sjølvfølgje. I Bergen er ein tur til sentrum å bestiga Everest.
Som de skjønnar har eg prøvd meg som syklist i Leiden, Holland. Faren er å køyra på andre syklistar eller treffa ein kanal, men helst er det berre behagleg. Og Leiden er ein fin by, sjølv i sterk vind rett frå havet. Eg gler meg til å sjå enno meir!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar