laurdag 31. januar 2009

Spel og dans på Vågå...

"Om jag kunde spela i dur, hadde jag inte varit så fattig."

Me hadde siste dag med undervising i dag, og då me tufla ut av klasserommet etter nesten åtte timars dag, var det med eit letta sukk. Men me var ikkje ferdige for det, for som finale på veka for me til Vågå hotell og Vågåtreffen på konsert og dans, og for å trena språkøyra.

Gudbrandsdalsdialekta er nemleg ikkje alltid like lett å få tak i. Eg har nikka og smilt mykje denne veka... Og konserten i kveld var ved den svenske gruppa Pål Olles Väg, tre mannfolk frå Dalarne i Sverige. Dei påsto dei hadde festa sidan klokka ti, og det merkast... Dei spelte (nesten) berre polska, men det var likevel svært variert. Det er noko spesielt med svensk folkemusikk, der dei let instrumenta (i dette tilfellet eit trekkspel - som eg forsåvidt ikkje likar - og to feler) fylla kvarandre ut. Det er i tillegg mykje krullar, andrestemmer og spanande samansetjingar som ikkje er vanleg i Noreg, uansett kor gode spelemennene er. Det er altså ein annan tradisjon.

Oi, lange utgreiingar her seint på natta. Men dette er slikt me har byrja å tenkja på her på Vågå. Bogestrøk, sviktkurver og rotasjon er tema som interesserar djupt for tida. Men til tross for at studiet er spanande, og at resultata verkeleg byrjar å merkast (meir enn før), merkar eg at det skal bli godt å komma vestover att. Beina er såre, knea er stive, armane er slitne og hovudet er fullt. Men på ein god måte.

onsdag 28. januar 2009

Aha-oppleving nr 1

Den kom, den kom, aha-opplevinga eg venta på! (Det kom forresten ein i går kveld og, men det var berre ei gjenoppdaging av ei aha-oppleving eg hadde i november.) Eg sat og høyrde på teorilæraren vår snakka om "folkeleg" og irriterte meg over at eg har lært hamborgar (ein dans altså) på heilt annan måte enn eg om halvanna månad skal dansa den på eksamen. Eg fulgte altså ikkje særleg med. Men plutseleg, aha, skjønte eg at det eg lærte for gud veit kor mange år sidan (seks? sju?) er det eg lærer no og, berre med andre ord (og bittelitt anna prioritering). Hurra!
Aha-oppleving nr 2 let venta på seg, men den kjem nok.

måndag 26. januar 2009

Dans og sømn

Det er eigentleg det eg tenkjer på denne veka, dans og sømn. Av desse to tinga får me mykje av det fyrste og lite av det andre - eller, kanskje meir enn vanleg, men so dansar me og enoooormt mykje meir enn vanleg, so det går liksom ikkje opp i opp ein gong.

Eg er attende på Klones vgs på Vågå. Her er det radiatorar som går av og på etter forgodtbefinnande, enorme mengder kjøtpålegg, ein halvmeter (minst) med snø, dobbeltrom, tradisjonell norsk mat til alle måltid, eit tekjøken utan koppar og elles alt slik det skal vera på eit internat. I tillegg er me åtte gira (og allereie utslitne) dansestudentar, og eit par-tre enno meir gira lærarar. Det er stas!

I dag har me lært om dansestil i Nord-Gudbrandsdalen, me har diskutert folkeleg dans vs. folkedans (nei, eg er ikkje klokare), og dansa springleik. Og litt til springleik. Og enno meir springleik. Og nei, eg klarar det ikkje. Me lurer litt på om læraren var so skeptisk som han virka når han sa "Har de fleire samlingar før eksamen? Nei vel... Og den er i april? Allereie i mars?! Jaja..." Men det kjem vel, det er jo berre dag 2 av denne veka på Vågå. Aha-opplevingane ventar nok rundt neste sving (rundsnu).

(bilete: frå turen over Strynefjellet i går. Det var nydeleg!)

fredag 23. januar 2009

Distre vorten?

Eg har blitt distre. Eventuelt byrjar eg å bli gamal og gløymsk, men distre høyrest litt betre ut, litt meir eksotisk. Trur de meg ikkje?
Prov 1: På tysdag var eg særs nøgd når eg hadde planlagt middag for to dagar. Eg kom heim og pakka mjølk og agurk ut or veska, men noko mangla: laksefiletane som var til middagen på onsdag, dei låg att på butikken. Onsdag vart det pizza...
Prov 2: På torsdag skulle eg på årsmøte i ICY. Eg sat i stova og les (ikkje) språkhistorie, då eg kom på at eg måtte gå. So langt, alt vel. Men i det eg var på veg ut døri kom eg på tre ting: muffinsane på kjøkenet, som ikkje var pakka, rekneskapen på dataen, som ikkje var skriven ut, og meg sjølv, som var i joggebukse og holete gensar, altså kledd verken for selskap eller vinter.
Prov 3: I dag vakna eg fem på elleve. Og ja, førelesinga byrja kvart over ti. Bye bye førelesing, hello dårleg samvit og vekkasta dag - og enno eit prov på at eg er blitt særs distre. Åja, grunnen til at eg forsov meg: eg gløymte å skru på vekkarklokka i går kveld.

tysdag 20. januar 2009

Om kjærleik og draum

I går låg det ein lærdøl og vaka på framsida til Dagbladet.no. Det var Jostein, som eg arbeidar med på turistinformasjonen, og som elles går musikklinja på Firda. Han har skrive desemberdiktet på Skolekammeret, og den utmerkinga er vel fortent. Eg synes det er eit lydleg fint og velkomponert dikt - og so er det so positivt!
(Og so ignorerar me glatt dei uutdanna/udanna "lyrikkrititikarane" i kommentarfeltet, for her har dei verkeleg ingenting å komma med...)

måndag 19. januar 2009

Get On Your Boots

U2 har sluppe sin nye singel, "Get On Your Boots" (trykk på lenkje for å høyra sjølv, og/eller les teksten her). Eg er usikker, den minner litt om dei sjølv på tidleg nittital og litt om Beatles i deira eksperimentelle periode. Det handlar om dei store tinga og dei små tinga, om verdsproblem, om å vera "beautiful" og sexy støvlar. Jepp, nett det siste set meg ut og... Men det er U2, og eg likar dei eg. I alle fall let eg tvilen komma dei til gode. Eg ser fram til nytt plateslepp i mars, den fyrste på fem år!

Half agony, half hope

"I can listen no longer in silence. I must speak to you by such means
as are within my reach. You pierce my soul. I am half agony,
half hope. Tell me not that I am too late, that such precious feelings
are gone for ever. I offer myself to you again with a heart
even more your own than when you almost broke it, eight years
and a half ago. Dare not say that man forgets sooner than woman,
that his love has an earlier death. I have loved none but you.
Unjust I may have been, weak and resentful I have been,
but never inconstant. You alone have brought me to Bath.
For you alone, I think and plan. Have you not seen this?
Can you fail to have understood my wishes? I had not waited even
these ten days, could I have read your feelings, as I think you must have
penetrated mine. I can hardly write. I am every instant hearing
something which overpowers me. You sink your voice, but I can
distinguish the tones of that voice when they would be lost on others.
Too good, too excellent creature! You do us justice, indeed.
You do believe that there is true attachment and constancy among men.
Believe it to be most fervent, most undeviating, in
F. W.
I must go, uncertain of my fate; but I shall return hither,
or follow your party, as soon as possible. A word, a look,
will be enough to decide whether I enter your father's house
this evening or never."

Jane Austen, Persuasion

søndag 18. januar 2009

Misunneleg? Oh yeah!

Bror min er i Bangkok. Kanskje ikkje sjokkerande i seg sjølv, men det er berre fyrste stopp på hans jordomflyging. Den skal han bruka ganske akkurat fire månadar på, dei same fire månadane som eg skal bruka på å halda meg turrast mogleg, pugga norrønt og skriva uinteressante innlegg om litteraturhistorie og anna som fell meg inn. Heldigvis skriv dei tre reisande karane meir interessante innlegg om spanande reisemål, og dei kan følgjast på Boys on the gang.

onsdag 14. januar 2009

Januardiktet

Dette er eit dikt til æra for den gong litteraturen hadde modernistiske trekk og norsk var norsk og ikkje ei rekonstruert blanding av norsk og islandsk frå kring år 1250 (altså førre semester) (ja, eg har hatt fyrste førelesing i norrønt):

Piggtrådvinter
- - Ho.
Da vi giftet oss da var det kaldt, da.
Minst femogtjue harde,
solvervsdag, nittenførr,
krig og kvegpest.
Veien til kjerka var stengt med piggtråd.
Husker vi klatret over skigarden til presten.
-Hei, kjolen din henger fast.
-Nei ikke der men der.
Vi tråtte plogfurer over is-klaka
potetåker opp til presten i serk
som sto klar med skriften.
-Jag efter kjærligheten, sa´n. Ja, sa vi.
Men du verden hvor møkkete vi var på beina.
Da vi hadde lagt oss om kvelden
grein vi en skvett, begge to. Gud
vet hvorfor.
Og så begynte det lange livet.
Rolf Jacobsen

Det er sjølvsagt mange andre grunnar til at eg likar dette diktet enn at det minner om førre semester, eigentleg burde det vel heller vera til tross for nett det. Det skildrar ein skikkeleg kald dag, nesten eit kaldt tilvære. Men på same tid er det varme i det, det er fullt av humor, og eit godt døme på eit dikt som set i gang noko - og så begynte det lange livet. Kanskje eit liv som vart fullt av piggtrådvintrar, men sikkert med milde vårar, varme somrar og modne haustar innimellom.

laurdag 10. januar 2009

Crikey!

Dei fyrste dagane i Bergen har gått med til kafe. Og ja, lite anna. Men for å toppa ein fin dag (på kafe) vart det kino for fire jenter og ein kar. Australia. Og ja, eg skjønnar kritikken mot den, at den er langdryg og jentete, forutseieleg og med lite historie. Men who cares?! Handling er oppskrytt. Nesten tre timar med Hugh Jackman, regissert av Baz Luhrmann - ja takk!

Oppdatering 12. januar: Nicole Kidman er visst ikkje like nøgd med filmopplevinga som me var. Eg synest ikkje ho skal klaga, ho fekk kosa seg med Jackman i lengre tid enn me...

torsdag 8. januar 2009

Fakkeltog for fred

I kveld gjekk 3000 menneske i fakkeltog rundt DNS i Bergen. Samtidig gjekk folk roleg og sindig i fakkeltog i fleire andre norske byar og tettstader, medan dei i Oslo rasa rundt. Eg likar vår måte betre. Det er meir tyngd over eit tog av menneske som samlar seg om ei sak, går i same retning og som ikkje let seg stoppa av trafikklys og sure sjåførar, enn over ei lita gruppe galne ungdommar som øydelegg privat og offentleg eigedom, og regelrett skadar folk (og som kanskje ikkje bryr seg om konflikta ein gong?). Ingen kan sei at eit tog med 3000 menneske som bevegar seg sakte gjennom gatene gjer noko gale, men det kan ein om dei andre.
Eg likte fakkeltoget i Bergen. Det var eit felles arrangement med mange organisasjonar bak, mellom anna KFUK-KFUM Global. Derfor var og ICY der (sjølv om mange av oss nok hadde vore der uansett). Og ingen kan sei seg i mot kravet frå dette fakkeltoget: Våpenkvile no, og støtte til alle offer i konflikta. Ingen taking av sider, ingen slagord mot nokon, berre ein roleg gange og eit ettertenksomt følgje menneske som har lyst å endra verda, til det betre.
I kveld kom ein kanskje, kanskje eitt steg vidare ei våpenkvile, med forslag til FNresolusjon - men eg har mine tvil. USA er lite samarbeidsvillige, det same er Israel (sjølvsagt) og Hamas. Men som ICY snakka om - viss me ikkje kan håpar og tru lenger, kva kan me då gjera?
Så me fortset å tru og håpa, både på vit i FN, ro i Noreg og ikkje minst, ei gong i forhåpentlegvis ikkje så fjern framtid, fred i det/dei heilage landet/a. For det er og viktig at etter at røyken har lagt seg over både Oslo og forhåpentlegvis Gaza, etter at Israel har trukke seg ut eller "gjen"okkupert området - då må ein ikkje gløyma Palestina att. Ein må ikkje gløyma Vestbredden og Gaza, flyktningane og dei som har prøvd å leva normale liv innesperra i 40 år. Eit roleg fakkeltog gjennom gatene i Bergen - det kan me spandera på oss fleire gonger.

tysdag 6. januar 2009

Juleferie, og godt år!

Det er ein trend å sei godt nytt år på bloggen ser det ut til, so då gjer eg det og: Godt år, alle saman! Men eg skriv ikkje noko om nokre nyttårsforsett, for slikt driv eg ikkje med. Dessutan har eg sikkert allereie brote dei...

Men det eg har tenkt å sei noko om, denne siste dagen/natta (kva skjedde med døgnrytmen min?) eg er heime i Lærdal, er juleferien. Dvs, eg let bileta tala (nesten) for seg (eg er jo eit menneske av mange ord...):
Julafta i Sande, ei tradisjonell sodann. Me åt for mykje, og storkoste oss saman. Karane kapra dei beste liggeplassane etter middag, men vart snart tvinga opp att for å gå rundt juletreet, der me kraksa fram nokre få songar før mamma måtte gje opp og gåveopninga kom i gang.Gro Agnethe med Johannes, Monica, Frida, Hilde Oddny og Eiren (altså ca to tredelar av Gjengen) var på besøk i Lærdal fjerdedag. Middag og skravling sto på programmet, og sjølvsagt stal Johannes mykje av showet. Når dei fleste forlot oss utpå kvelden, såg Eiren og eg Mamma Mia, før me for på Borgundspuben.
Nyårshelgi var me, som alltid, i Skjerdal med so godt som heile familien (mangla Eirik og Sigrid syskenbarn av dei vanlege, so me var "berre" 20 til middag). Der kraksa me ikkje lenger, men song so det ljoma både til middag (eitt vers av Fager er jordi var ikkje nok) og rundt juletreet. Men etter "Tomtegubbe, ta i ring" var me utsletne...Og juli har sjølvsagt bode på mange høve til å spela spel. Her er eit par av hittane, Backgammon (eller samisk: bak gammen) og Alias. Desse vart spelt både julafta, fyrstedag og nyårshelgi. I tillegg var det Scrabble, Fantasi og Skip Bo i Skjerdal, og Uno og Store norske på den årlege spelekvelden på Bø. Her er det Olve og Stina som var engasjert i eit heftig slag, dei hadde ikkje ein gong tid til kaffi...

Som de skjønnar, eg har hatt ein fin og (særs) avslappa ferie. Men i morgon er det attende til Bergen og kvardagen, sjølv om eg reknar med at eg har eit flott semester og fint år å sjå fram mot. Det håpar eg de og får!

fredag 2. januar 2009

Observant

Uno, dos, tres, catorce! Mobilen ringte, og sidan det ikkje er eit svært velkjent fenomen storma eg mot den. "Magnhild" sto det på skjermen, og eg reiv den opp og helste blidt:

"Hei! Godt år!"
"Hei, ja, godt, ja... nytt år, ja... Du, er nokon av dykk i byen?"
"Nei...? (og her er det eg byrjar tenkja: Vil ho finna på noko? Nei, då hadde ho ikkje spurt etter "nokon av oss". Vil ho på besøk? Ja, kanskje det. Kanskje ho har sett lys der? Ja, sjølvsagt har ho sett lys!) Men onkelen min og faren har vore der i dag."
"Aha! Ja, du skjønnar, eg flaug over huset dykkar og tok eit bilete. Eg skulle senda det til deg, litt sånn stalker, sånn "eg veit kor du bur", og så zooma eg inn, og så sto det ein stige der, inn eit ope glas!"
Då eg la på tenkte eg to ting: gudskjelov at det ikkje var Monica ho ringte til, då hadde det blitt panikk i leiren, og: kven treng superheltar når ein har flygande vener?

(bilete: Huset, fotografert av Magnhild S. B)