laurdag 31. januar 2009

Spel og dans på Vågå...

"Om jag kunde spela i dur, hadde jag inte varit så fattig."

Me hadde siste dag med undervising i dag, og då me tufla ut av klasserommet etter nesten åtte timars dag, var det med eit letta sukk. Men me var ikkje ferdige for det, for som finale på veka for me til Vågå hotell og Vågåtreffen på konsert og dans, og for å trena språkøyra.

Gudbrandsdalsdialekta er nemleg ikkje alltid like lett å få tak i. Eg har nikka og smilt mykje denne veka... Og konserten i kveld var ved den svenske gruppa Pål Olles Väg, tre mannfolk frå Dalarne i Sverige. Dei påsto dei hadde festa sidan klokka ti, og det merkast... Dei spelte (nesten) berre polska, men det var likevel svært variert. Det er noko spesielt med svensk folkemusikk, der dei let instrumenta (i dette tilfellet eit trekkspel - som eg forsåvidt ikkje likar - og to feler) fylla kvarandre ut. Det er i tillegg mykje krullar, andrestemmer og spanande samansetjingar som ikkje er vanleg i Noreg, uansett kor gode spelemennene er. Det er altså ein annan tradisjon.

Oi, lange utgreiingar her seint på natta. Men dette er slikt me har byrja å tenkja på her på Vågå. Bogestrøk, sviktkurver og rotasjon er tema som interesserar djupt for tida. Men til tross for at studiet er spanande, og at resultata verkeleg byrjar å merkast (meir enn før), merkar eg at det skal bli godt å komma vestover att. Beina er såre, knea er stive, armane er slitne og hovudet er fullt. Men på ein god måte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar