"Hei! Godt år!"
"Hei, ja, godt, ja... nytt år, ja... Du, er nokon av dykk i byen?"
"Nei...? (og her er det eg byrjar tenkja: Vil ho finna på noko? Nei, då hadde ho ikkje spurt etter "nokon av oss". Vil ho på besøk? Ja, kanskje det. Kanskje ho har sett lys der? Ja, sjølvsagt har ho sett lys!) Men onkelen min og faren har vore der i dag."
"Aha! Ja, du skjønnar, eg flaug over huset dykkar og tok eit bilete. Eg skulle senda det til deg, litt sånn stalker, sånn "eg veit kor du bur", og så zooma eg inn, og så sto det ein stige der, inn eit ope glas!"

(bilete: Huset, fotografert av Magnhild S. B)
Eg kjenner både deg og Monica ganske godt etterkvart... Sjåast snart
SvarSlettKlem