laurdag 27. desember 2008

På Borgund

For dei mindre lokalkjente kan eg fortelja at Borgund er den bygdi som ligg øverst i kommunen. Dei har eigen butikk, pub, barnehage, skule og ungdomsskule. Dei er engasjerte i 4H og ungdomslaget, og står på ski. Ergo: me har ingenting med dei å gjera før me byrjar på vidaregåande, og sjølv då er det viktig å markera avstanden mellom Borgund og Lærdal (og i "Lærdal" mellom Ljøsne og Øyri). Altså har ikkje "nedanføringar" / "lærdøler" so mange moglegheiter til å treffa borgynder, og omvendt.

So eg kjente meg modig når eg i går planlagde tur til Borgund, på gubbafest (tradisjonell andredagsfest) utan ein einaste nedanføring. Men om borgyndene ikkje er gode til å få so mange frå andre stader i dalen til å komma opp, so tek dei godt i mot den eine stakkaren som kjem. Samtalane eg hadde i det stappfulle ungdomshuset byrja gjerne slik: "Hei, eg heiter (namn)" "Mari her" "God kveld! Kor er du frå då?" "Nei, eg er frå Ljøsne, eg" "Å? Kven er du i lag...?" "Nei, eg er no her med eit par vener, dei der" "Å? Ja, men kva med Laksen då? (det er puben i sentrum)" "Nei, ville no hit eg" "Å? Ja, det er no ikkje so ofte at det er andre her oppe..." Og slik fortset det. Men det er kosleg, dei kan festa og dei kan dansa der oppe.

Ein annan ting dei kan, er å finna på ting ingen an i bygdi driv med. So i dag tidleg (ok, midt på dagen) ramla eg ut av sengi når Gro (frå Ljøsne!) ringte og tvang meg med på paintball. Plutseleg fann eg meg sjølv krypande rundt i skogen lengst oppe i dalen, med ein markør stappfull av gule kuler og maske som dogga, ei bukse som spjera medan eg var i fullt firsprang opp ei steinrøys, og kjensla av at eg var mutters åleina i skogen. Det var eg heldigvis ikkje, det var massevis av mannfolk i kamuflasjekle rundt meg, men det var til lita trøyst når eg mista retninga og rava rundt i ei granplanting på ca 150 gonger 100 meter, med innstramming i eine enden. Godt gjort, fekk eg beskjed om...

Men sjølv om livet på Borgund byr på mange opplevingar og mykje latter, er det godt å komma heim til eige hus utpå ettermiddagen, ta ein varm dusj og sitja i ein stol framfor omnen med ullteppe og ein kopp med te (viss eg ikkje blir sjuk a å krypa på kne i snø og 10 minus, so fortener ein eller annan stor takk...) - men om ikkje lenge er eg klar att eg, til nye eventyr!

Oppdatering 28. desember: Var på Borgund for tredje dag på rad i kveld. Byrjar å få kommentarar. Skal snart gi meg, elles vert eg vel kasta ut av det gode selskap (resten av Lærdal...) Neida, so gale er det ikkje, ein fin kveld på puben med Eiren!

2 kommentarer:

  1. Det høres ut som du har en fantastisk romjul! Paintball har eg aldri prøvd, men har kjempelyst å prøve.
    Klem

    SvarSlett
  2. DEt ambefalast, det er dritmoro! Men best når ein spelar med folk som kan det (meir nervepirrande då), men som likevel er greie, forklarar godt, skryt og let alle vera med. Karane på Borgund er slike, og då er det stas!

    SvarSlett