måndag 28. februar 2011

Chocolat and Coffee

c for Chocolat
Fin film. Ein får alltid lyst på sjokolade når ein ser den, gjerne med chili i. Og so får ein lyst å møta ein elvepirat som Johnny Depp.

c for Casa Murilo
 Ja, eg veit, eg har skrive om Casa Murilo før, og det ikkje for so lenge sidan. Men det er fordi dei er gode! (og det seier eg ikkje berre fordi trommis Fredrik er ein knakandes kjekk fyr) Eg gler meg til plateslepp, og høyrer i mellomtida på gladmusikken dei deler på nettet.

c for C-3PO
 Eg likar Star Wars, eg. Kan sjå dei om att og om att. Vel - dei tre opprinnelege, desse nymotens forløparane har eg lite til overs for. Men Star Wars er nok likevel ikkje so høgt oppe mellom mine favoritting at det kjem med i alfabetet. Men C-3PO, han er nok ein av mine favorittdroidar, om ikkje anna. Kanskje kjenner eg meg att i han? Eg og ville nok reagert med forundring og litt avstandstaken om eg havna i det uføret han kjem oppi - og so ynskjer eg meg hans språkkunnskapar. Ellers håpar eg eg er mjukare i rørslene enn han, stakkar.

c for The Curious Incident of the Dog in the Night-Time
 Bøker ein har på pensum vert sjeldan yndlingsbøker - iallefall ikkje før ei god stund etter eksamen. Men The Curious Incident av Mark Haddon vart ein favoritt med ein gong, so heilt anleis enn noko anna eg har lese. Sett gjennom augene, og tankane, til den autistiske hovudpersonen vert verda heilt anleis, både sjølvsagt og sjøvmotseiande for alle som ikkje tenkjer slik. Morosam, opprørande, lærerik.

c for Coffe and Cigarettes

Det er rart korleis ein song kan setja seg fast. Denne har gjort det, og trass i kor enkel den er, eller kanskje nett difor, er det ein av dei som vert oftast spelt for tida. Lett å lytta til, lett å bli sentimental til.

Som Hauge skreiv, C er ikkje den mest brukte bokstaven i alfabetet. Kva brukar du dine c-ar til?

søndag 27. februar 2011

Fagseminar

I natt var eg meint å berre lenkje til dette to år gamle innlegget. For i det eg gjekk ut av Gimle når klokka var ein plass mellom midnatt og ein ny dag, so kjentest det omlag slik. Høg på musikk, mindre sukker, og rett og slett godt nøgd med både min eigen og andre sin innsats, og kvelden i det store og heile. Men på frontruta til Sylvin låg ein gul og svært uvelkomen lapp og venta, og eg fann ut at kjensla kanskje ikkje var heilt lik likevel...

To år etter førre gong. Eg står enno på kjøkenet ei travel lunsjvakt. Forskjelen er vel at eg eigentleg ikkje har vakt. Men eg kan ikkje halda meg heima, det er jo her det skjer - og det er jo eg som skal ordna det i stand. Dersom ikkje alt hadde gått av seg sjølv då, med gode dugnadsfolk og engasjerte sjeler.
Alt det fine som finst i Gimle! Håvard og eg brukte torsdag på å rydda det gamle lagskontoret, og fram dukka det skattar. Ikkje mange, men dei finst - som denne reklameplakaten for gamle Ervingen. Og det passa jo godt når lagshusa skulle fyllast for helgi.
Innimellom teljing av stolar, handling av brød (nei, eg skal ikkje eta alle sjølv) og kjeks (joda, eg likar kjeks, men ikkje to bæreposar), fekk me tid til å henga NU-flagget ut i Bergensveret
Borghild var kjøkensjef laurdag kveld. Full kontroll over festmiddagen og masser av dugnadsfolk
Og so var middagen ferdig og salen vart rydda til dans. I hjørnet gjorde spelmennene seg klare, medan Kristin godkjente golvet
Maria, Birgit og Silja gjer klar til kafè
Turdans med Vegar og Einar Olav. Songdans med Torbjørn. Dans mot midnatt til Audhilds. Fin musikk. Fin kveld.
Guro og siste rest av oppvasken
Søndag føremiddag og tremila på storskjerm. Kaffi og sjokolade
Takkegåve frå NU. Konfekt og 20 kroner på flax-lodd. Stor moro - og stor lette når me endeleg kunne klemma og gratulera kvarandre med eit vel gjennomført fagseminar (vel, den praktiske delen av det, iallefall)
Klokka kvart over åtte søndag morgon. Byen er stille, berre mellom dei to husa i Kong Oscarsgate spring eg med ein fløytemugge til landsrådet. Snart er det kaffi, kjeks og VM, lunsj, prat og so opprydding. Etter fire dagar i Gimle skal det ikkje bli so aller verst med ein ettermiddag på sofaen. Men kva skal ein no ta seg til, når ein er ferdig med fagseminar? Masteroppgåve, liksom...?

Oppsummering: trass parkeringsbot (men hei, erfaring det òg!), var det ei fin helg. Ynskjer meg fleire slike.

måndag 21. februar 2011

NCD

Ein småkriminell gentleman vert funnen skoten i sin eigen bakgard. Han har kvitvaska pengar for dei store skurkane, og kjøper no opp aksjar i ei haltande verksemd til spottpris. Kvifor? Korleis? Og kven har skote han med ein .44 kaliber, når den sjalu ekskona berre har ein .32?

So langt, klassisk krim. Butleren er òg involvert, og den tradisjonelle politidetektiven med den vanskelege sjefen. Moderne innslag er det òg, det er patologen som løyser gåta til slutt, som det gjerne er no til dags. Men offeret er ikkje nokon kven som helst - han er Humpty Dumpty, og knuste når han datt ned frå veggen. Detektiven, Jack, har eit bønnestengelproblem, og er ute etter kjemper (eller berre svært høge folk). Avdelingen som etterforskar dødsfallet er Nursery Crime Division, underfinansiert og utan fellande dommar, mykje på grunn av motstand frå dei meir leste detektivane. Både Jack og betjent Mary Mary er på utveksling frå romanen Caversham Heights, som ingen gadd å lesa etter Well of Lost Plots. Men det er det ingen som veit - om dei ikkje har lese Thursday Next då.

Humpty: All-righty. I get that. Sort of like 'reverse explain engineering' ?
Jasper: If you like. George Lucas has been doing it for years. 

Jasper Fforde bommar sjeldan. Eg les hans nyaste bok The Last Dragon Slayer tidlegare i vår, det må vel vera det næraste bom han har komme. Men dei tre andre seriane, metalitterære Thursday Next, like absurde Nursery Crime Division og den meir samfunnskritiske Shades of Grey er alle verdt å få med seg (amazon.co.uk har dei...) Og i dag fekk eg e-post frå ein av bokdealarane mine:
We are writing to let you know that the following item has been sent: One of our
Thursdays is missing.

søndag 20. februar 2011

B for...

I serien "Mari lagar lister over fine ting på..." har me no komme til B:

b for The Beatles
Eg høyrte knapt på anna frå eg fekk platespelar til eg var godt og vel ferdig med ungdomsskulen. Beatles var svaret på alt - trist musikk, glad musikk, dansemusikk, lyttemusikk. Tenkt den som hadde fått med seg denne konserten...

b for Bergen
Det er viktig å vera fornøgd med byen ein bur i, og når det er strålande sol, vårkjensle og kjensfolk, er ikkje det vanskeleg. Verre er det når det har regna to månadar i strekk og det kjem kald trekk frå sjøen - men det går over det òg.

b for bibliotek og bokhandel
Eg sler i samen desse, eg, for dei heng jo saman. Å berre gå, langs hylle etter hylle, fulle av kunnskap og opplevingar ein enno ikkje har fått, men som berre står der og ventar. Stille og roleg eller hektisk og travelt, uansett er det ei eiga stemning i bibliotek og bokhandlar. Det beste er når ein kan setja seg på golvet mellom to reolar og lata blikket gli over titlar ein kan lesa, eller kan sleppa å lesa.

b for bringebær
Andre ventar på jordbæra kvar sommar, eg ventar på bringebæra. Med mjøl, med fløyte, med vaniljesaus, eller berre med sommarregn og solskin.

b for Breakfast at Tiffany's
If I could find a real-life place that'd make me feel like Tiffany's, then - then I'd buy some furniture and give the cat a name!
Holly, katten og Paul, like heimlause, like blinde, like sjarmerande, like glade som meg når kysset i regnet endeleg kjem. Vakre Audrey Hepburn, flotte George Peppard, og romantisk film slik det skal vera.

b for briller (på mannfolk)
Ta Jude Law i The Holiday...

b for bok
Ikkje forlat huset utan, du kan komma til å angra. Ei bok er alltid ein del av mi utrusting, saman med mobil, nøklar, setlabok, fotoapparat og iPod. Vel, iPod og bok kan kombinerast...

b for brødre
 Eg har verdas beste! (sjølv om dei er hakket eldre no, er dei like gode å ha)

b for Billie Holiday
Melankolsk og nydeleg, romantisk og nydeleg, trist og nydeleg, livleg og nydeleg. Uansett er det jazz for seine kveldar og rolege dagar.

b for The Boat that Rocked
Du veit når du har lyst å vera med å dansa eller synga når du ser ein film? Det har ein til denne. På same tid har ein lyst å gøyma hovudet under armen, for det er so flaut som berre engelskmenn kan gjera det. 60-talet. Den som hadde vore der...

b for British Museum
  British Museum had lost its charm, går ein jazzlåt. Då veit ein at livet ikkje er nett rett. For eg veit at det kan diskuterast om det er so bra, dette museet. Det kan iallefall diskuterast om det var rett, det britane gjorde når dei samla skattar frå heile verda og tok "redda" dei heim til London. Eller kanskje ein ikkje kan diskutera det lenger, svaret er so openlyst. Men når skattane no finst der, tilgjengelege og samla, so er det ei oppleving å gå rundt i historien. Men ein treng meir enn ein dag på ein slik tur.

b for Bezzerwizzer
Yndlingsspelet for tida. Ikkje berre eit kunnskapsspel, men eit kunnskapsspel der alle er aktive. Ikkje gale berre det. Dessutan gjer eg det ofte ganske brukbart i Bezzerwizzer, i motsetjing til i ein del andre spel...

b for Bo Kaspers Orkester
Ein av dei største konsertopplevingane eg har hatt, sto Bo Kaspers Orkester for på Vinjerock i 2009. Eg kan ikkje hugsa om dei spelte Hon är så söt, for det var so mykje anna godt. Men Hon är så söt var den fyrste Bo Kaspers-låten eg høyrde, og ein god introduksjon til alt det andre dei har å by på.

b for blomstrande frukttre
Ein vert so glad av blomstrande tre. Dei kjem med våren og latteren og alt som er vakkert. Og dei finst alle stader, i ei eller anna form. Ein får lyst å klappa, både i hendene og på dei lyse, lette kronblada. Og so har ein lyst å trekka pusten djupt, og le når ein slepp den ut att.

Oi, det vart mange b-ar, og enno kan eg komma på fleire. Godt c ikkje er ein so mykje brukt bokstav...

Forfattar om forfattar

Når ein forfattar i dag slenger med leppa om ein medforfattar, vert det rekna som surmaga sjalusi og utslag av Janteloven. Når ein forfattar på 1700-talet gjorde det same, vart det lyrikk av det:

The mighty Blackmore gravely sing
Of Arthur Prince, and Arthur King,
Heroic poems without number,
Long, lifeless, leaden, lulling lumber.
(Robert Lloyd om Richard Blackmore)

Kanskje skulle ein ha rima meir no for tida òg?

torsdag 17. februar 2011

One Day

Det er ikkje bra å ha so høge forventingar. Fram mot hausten skal eg undertrykka dei, tenkja over kor gale dette kan gå, innsjå at romantiske komediar (etter ca 1960) sjeldan er gode. Men so kjem slike ting som denne fine plakaten, og forventingane flyg i veret att. Flotte Jim Sturgess, pene Anne Hathaway, og filmatiseringa av One Day av David Nicholls, som eg fall for i sommar. Dersom filmen er like romantisk, søt, lattervekkande, tåredryppande og sentimental som plakaten (og boki), so går me ein fin filmhaust i møte. Eg gler meg, eg - og kvir meg litt til alt fell til jordi.

onsdag 16. februar 2011

Positivitetstyranni og mitt eige alfabet

Eg lir under eit positivitetstyranni. Det høyrest jo fælt ut, men det er eigentleg greitt, for det er mitt eige. Og det er ikkje eit positivitetstyranni i den tydinga at alt må vera bra og vellukka og framgangsrikt heile tida (gudskjelov for det), men i den tydinga at eg må vera positiv. Iallefall utanpå. Iallefall på lesesalen. Og aldri sei nei om eg kan sei ja. Vanskeleg, dette tyranniet. Rart det, når det er tyranni det er snakk om, sjølv om tyrannen er ein sjølv.

Men so les ein no litt på nettet då, ein må innrømma det (set inn "eg"/ "Mari"/ "studentar"/ det som måtte passa istadenfor "ein"). Og på nettet, der finn ein slike fine sider som Mariell sin blogg, og Mariell sitt alfabet over fine ting. Dermed vert tyranniet lettare å leva under, for ho veit om so mange fine ting. Og so kom eg på at eg veit om mange fine ting, eg òg. 29 post it-lappar (og ein busskvittering) seinare, er eg klar for å byrja på mitt eige fine alfabet. Og eg byrjar sjølvsagt med A, system i galskapen må ein då ha:

a for Austen, Jane
 Seks romanar, ikkje meir, og eit ganske kort liv. Men jammen meg har ho hatt sitt å seie for generasjonar av lesarar etter det. Om det er "of matrimony and dancing" eller verdas mest intense kjæleikserklæring, og avvising, so får ho sagt det.

a for Across the Universe
Fin musikk. Fin mann. Fin film.

a for a beautiful mess
 Bloggen til Johanne. Ei ung jente, men med so kloke observasjonar, og so fine bilete. Inspirasjon her òg.

a for Amélie
 Om eg nokon gong vert stor og modig, so skal eg verta som Den fabelaktige Amèlie fra Montmartre. Snakka med framande og senda ein hagenisse verda rundt. Og bu i ein storby, med mystiske fotoboksar og mopedar. Men eg trur ikkje eg vil bli vaksen og modig heller, eg vil vel helst berre drøyma om det - gjerne gjennom Amèlie.

a for almanakk
 Eg er sopass gamaldags at eg vil ha ting skrivne ned. Ikkje på mobilen. Ikkje på dataen. Ikkje på nett. Med blekk og penn, eller blyant, i ei lita svart bok. Den vesle svarte boki har dessutan store fordeler, som kart over dei britiske togbanene, og fine sitat på annakvar dag: Being defeated is often a temporary condition. Giving up is what makes it permanent (Marilyn vos Savant).

a for Are Kalvø
Noregs 57. morosamste mann. Eg anar ikkje kven dei 56 over er, men kunne godt tenkja meg å lesa dei. Men helst trur eg det er sunnmørsk audmjuke, om slikt finst. Ikkje berre er han morosam, han skriv om viktige ting òg. På ein morosam måte.

a for Alias
Antakeleg verdas beste spel for dei pratsomme. For dei som ikkje er so nøyne på det. For dei som ikkje er redd for å skaffa seg ein uven eller to i løpet av spelet. For alle aldrar. Eg er klar for spelekveld snart!

a for Audrey Hepburn
Antakeleg verdas vakraste kvinne. Filmane er kunstykke i kvar sine sjangrar, og dama - vel, lat meg berre sei at ho gjer seg godt på veggen, både i stova og på rommet mitt. Uansett kva som skjer, so veit eg at ein av filmane med henne kan gjera livet lysare. Dessutan, det er noko med gamle filmar.

a for An Affair to Remember
Deborah Kerr og Cary Grant. Ei Empire State Building-scene som går Sleepless in Seattle ein høg gong. Rett og slett den ultimate romantiske komedie, og det lenge før det var eit omgrep. And all I could say was, "hello". Sukk.

Oppdatering: vel attende på lesesalen kom eg på enno ein fin a, og den er knytt til mi eiga masteroppgåve.
a for "A poet is not a vegetable"
George Saintsbury har helit rett i det, ein poet er ingen grønsak. Er det ikkje godt me fekk det på det reine?

Har du nokre fine a-ar?

søndag 13. februar 2011

fredag 11. februar 2011

Show some restraint


Eg høyrer mykje variert musikk for tida, har musikk på øyra heile dagen her eg sit og skriv og utset og sukkar. Når sukka vert for mange, so veit eg råd - Life Jacket, promo-EPen til Oslo-bandet Casa Murilo. No har dei lagt ut video frå plata som kjem i byrjinga av mars, Lifting Ships. Eg gler meg, og ser fram til ein vår med mykje god og oppmuntrande musikk på øyro. Anbefalast!

onsdag 9. februar 2011

Ikkje det ho sa

- då vart det fele!
Det var ikkje det ho sa, men måten ho sa det på. Me sat på pinnestolar i Songarhuset. Rundt oss dansa hundrevis av folk pols. Ute var det iskaldt, inne var det tett. Ho hadde vondt i knea, eg var berre utsliten. Ho spelte den finaste polskaen eg kunne tenkja meg. Eg tenkte på alt eg skulle ha gjort før det vart for seint.

Det var ikkje det ho sa, men måten ho sa det på. "Eg spelte handball til eg øydela skuldra. Eg ville fortsetja med lagspel - so då vart det fele!" Det var ikkje det ho sa, men måten ho sa det på. Måten ho sa det på som gjorde at eg visste at om ein berre vil det, so klarar ein det. Viss ein berre jobbar for det, får ein det til. At som jenter har me all makt me vil ha. At som menneske kan me veksa so høgt me berre vil, komma so langt me berre vil. Måten ho sa det på, der me sat på pinnestolar i Songarhuset, den vil eg alltid ha med meg.

tysdag 8. februar 2011

Tysdagsplanar

- eller: eit nytt og betre liv (trur eg).

Måndag er aldri ein god dag når det gjeld å starta på nytt. Få gjort noko. Tenkja positivt. Komma over helgi. Tysdag er betre i so måte. Og i dag hadde eg nokre målsetjingar. Stå opp tidleg. Trena. Skriva eit eller anna - kva som helst. Lata vera å eta Skittles på lesesalen. Ikkje klaga. Gjera noko moro. Dei fyrste tre måla gjekk ca åt skogen (men i morgon, då!), men dei siste: over all forventing. Eg har ikkje ete Skittles på lesesalen. Eg har vore irriterande positiv heile dagen. Og eg klarte å lokka med meg tre andre masterstudentar på film, midt på ettermiddagen. To på rømmen er klassisk Disney feel-good, kunne kanskje vore betre om det var teikna (gamaldags som eg er likar eg ikkje heilt dataanimasjon i alt), det mangla ein skikkeleg hit, og var nok litt hektisk. Men hesten Maximus var fantastisk, so då er alt i orden. Dessutan enda den godt, og kan ein be om meir?
Skurk, prinsesse, hest og kameleon. Han siste vil eg vera.
Vel attende på lesesalen, etter å ha lova på tru og ære at me skal få gjort noko, ete middag og lagt slagplan for kvelden, sjekkar eg mobilen. Sambuar utelest frå Huset. Dermed vart det ikkje skrive all verdens i kveld heller, og eg overlot lesesalsnaboane til sine ting - og so seier me ikkje noko om kva nett det var...

søndag 6. februar 2011

Botanisten, Väsen


Fire og ein halv times søvn. Det var alt eg fekk før eg var attende i ungdomslagsmodus søndag føremiddag. Men det er lett å driva møteverksemd når ein innimellom har kveldar som i går. Forventingane låg tjukke i lufta i storsalen. Dei vart oppfyllte. Stor stemning når To rette og ein rang og Väsen spelte både til konsert og dans. Store smil når fentene i Fant og fente snurra til svenskane. Stor jubel når Sigbjørn Rua sparka hatten, og sukk av beundring når han spann opp frå det glatte golvet. Latter og prat ut i dei seine timane med gode vener og gode musikarar. Suksess.

(Joda, det finst betre opptak av Väsen. Sjå berre på YouTube, eller lytt til dei tre platene på Spotify. Men eg har endeleg prøvd fotoapparatet som filmkamera (!), og dessutan er det noko eige med konsert i storsalen i Gimle)

Oppdatering: Anbjørg filma òg, og det meir enn meg. Opptak av Väsen både med og utan fentene ligg på hennar YouTube-side

laurdag 5. februar 2011

Snøkvit-muffins

Då eg var liten hadde eg to kokebøker eg brukte. Den eine var det bilete av ei mus utanpå, eg trur ho heitte Anna. Den andre var ei Disney-kokebok. Frå den fyrste lagde eg berre svart drakula, som vel eigentleg var ei ganske enkel (men ekstremt god) form for milkshake. Frå den andre lagde eg berre Snøkvit-muffins. Desse kokebøkene ligg att heime, med meg til byen er nemleg berre slike eg fekk frå ungdomskulen og oppover. Men eg sakna Snøkvit-muffinsane, og måtte få oppskrifti tilsendt av broderen. No har eg den i utklypp- og lim-inn-oppskriftsboki mi (som forresten er noko eg meinar alle bør skaffa seg før dei flyttar heimanfrå, slik at dei har med seg oppskriftene til både mamma, pappa og bestemor, og kan fylla den vidare opp med alt mogleg frå vener, blad, nettet og eigne oppfinningar), og nyttar den kvar gong eg skal laga noko lettvint og lett-ete.

Når det gjeld Snøkvit-muffinsen finst det få oppfinningar og endringar - utanom alt det ein kan gjera med muffins då. Eg brukar å halda meg til Snøkvit og Trøytten sine versjonar av dei, kvite og brune. Og so med akkurat den glasuren eller pynten ein kan tenkja seg, både fargerikt, søtt og klissete. Sjølv om t.d. Wiebke sine "cupcakes" og alt dei serverar på diverse kafear i byen går desse ein høg gang, sørleg i utsjånad, vert det ikkje meir muffinsaktig enn dette!
Dersom oppskrifta over er bittelitt vanskeleg å lesa, er den her:

Du trange:
50 g smelta smår
1 dl sukker
1 egg
1 dl mjålk
3 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
2,5 dl kveitemjål
papirfårme

Slek gjere du d:
1. Set åbben pao 175
2. Smelt smår å lat d avkjøla seg litt
3. Ta fram ei skaol. Ha småre og sukkere i skaoli. Rør d godt me ei tresleiv t d bli lyst og luftig.
4. Ha oppi egge. Rør egge godt samen me d andre, slek at d blir jamnt.
5. Ha i mjålki og sikt i mjål, bakepulver og vaniljesukker. Bland alt godt.
6. Fydl oppi papirformedn (hallfullt).
7. Sett dei pao nederste rill i åbnen og steik dei i 15 min.

Kos deg!

fredag 4. februar 2011

Ikkje les på lesesalen:

Ein eller annan luring la ut lenkje til damnyouautocorrect.com på facebook. Sjølvsagt måtte eg berre nett sjekka. Eg vil ikkje anbefala å prøva det på lesesalen. Eller i stova med sambuarane rundt deg. Eller på rommet når du påstår at du les pensum. Eigentleg ikkje i verken umiddelbar nærleik eller litt meir distansert frå nokon som helst - om du då ikkje prøver å få eit rykte som halvgal. For ein klarar ikkje å halda latteren inne når ein les ein del av desse:
"A synonym is a word you use when you can't spell the word you first thought of" (Burt Bacharach)
Om eg er glad min telefon ikkje er intelligent nok til å retta noko som helst? Jepp - eg klarar å skriva sprø ting heilt på eiga hand.

torsdag 3. februar 2011

Frå Broadway til West End

Det er ikkje ofte ein ser perkusjonistane i Filharmonien hoppa opp og ned medan dei klappar over hovudet. Eit adstadig filharmoni-publikum let seg likevel ikkje vippa av pinnen - dei klappar når dirigenten kjem inn, helser på fyrstefiolinisten, og når han går ut att. Og so klappar dei for solistane, sjølv om solistane syng musikalstykke i litt små, eller litt store, kjolar. Klappa takten til Abba-låter? Heller forsiktig.
www.harmonien.no
Musikalmusikk altså. Det er noko spesielt med det. Det er kosleg å høyra på plate. Det er fantastisk å sjå det på ei scene med full oppsetjing. Men det er neimen ikkje so aller verst å høyra det på konsert heller. Særleg når det er ein full filharmoni med ekstra slagverk, perkusjonistar, el-bass og klokkespel i tillegg til alt det andre. Joda, det er ikkje so komplisert. Det er store kjensler, store rørsler, stort patos på få tonar. Og den vetle blonde sopranen var eigentleg mest irriterande. 
Men når Filharmonien let sei fyrste tonane frå "Bring in the Clowns" klinga ut i Grieghallen, når Operafantomet plutseleg står der, når Jean Valjean med sønderrivande røyst bryt ut "om eg døyr, lat meg døy" - då er ikkje musikal verken enkelt eller overdrive. Då er det so fint at ein må klypa seg litt i armen og senda ein venleg tanke til ho attmed, som tenkte at Filharmonien og musikal måtte vera ei passande gebursdagsgåve. Ho hadde rett i det.

tysdag 1. februar 2011

To tekstar

Dei siste dagane har eg lese to tekstar som har betydd mykje, både for meg og for mange andre. Den fyrste er ein mediatekst, skrive av ein mediaperson, som har blitt sendt land og strand rundt i aviser og på nett, og har fått merksemd frå dei mektigaste. 145 000 har lese Lærer Bjørndals metode, har lese om ansvar, om at kvar og ein av oss har ansvar for dei som er svakare enn oss, for dei som slit, for dei som vert mobba. Teksten er eit spark bak til alle som har snudd seg vekk, til alle som har sett men ikkje ville skjønna, eller til alle som burde skjønt men aldri gjorde det.

Om å vera modig er skriven av ei som var av dei svakare - men òg av dei sterkaste. Ho som sto opp om morgonen sjølv om ho ikkje orka. Ho som kjempa tilbake når livet gjekk henne i mot. Ho som nok ikkje hadde ein lærar som Bjørndal. Ho som gjer det ho er reddast for, fordi ho veit at det er slik ho veks. Ho er ikkje sjefsredaktør i ei stor regionalavis (enno). Ho har ikkje fått statsministaren til å gråta (enno) - men det ho skriv når ut til dei som treng det. Det viser 179 kommentarar frå unge jenter på bloggen hennar, 179 takk for inspirasjon til å gjera det same.

To tekstar om mobbing. Ein til dei sterke i skulegarden. Ein til dei svake. Ein dag er rollane snudd om. Ein dag er det ho som er den sterke, som kan visa at ho har kjempa og vunne. Ein dag, og her er dagen, er det ho, som saman med sjefsredaktøren, kan gi oss inspirasjon til å stå på - for å komma oss opp om morgonen - for å hjelpa andre opp om morgonen.

Her er lesar nr 145 001. Og takk nr 180.