søndag 8. februar 2009

Høg på musikk og sukker

For å ta det fyrste fyrst: sukkeret kom frå ein halvliter brus, og enorme mengder sjokoladekakerestar.

Klokka er svært midt på natta, og eg er nett komen i seng. Den er faktisk so midt på natta at det snart er morgon att - men det bryr eg meg lite om. Og de kjenner jo meg, eg pleier ikkje vera av dei blidaste på denne tida av døgnet, kva har skjedd?

Jo, denne helgi er det fagseminar i Noregs ungdomslag. Det betyr at det er masse NU-folk i Bergen, som går på seminar om dagen, og på dans om kvelden. Midt på dagen et dei lunsj, og den lunsjen var eg med å laga til dei - svært kosleg å susa rundt i Gimle med ei oppgåve, då får ein mykje meir eigarskapstilhøve til huset og laget. Og i kveld var det altså danseframsyning og fest.

Hugsar de korleis det var når siste dans vart annonsert på diskotek når me gjekk på barne- og ungdomsskulen? Det var ein dans ein hadde sett fram til med forventing heile kvelden, enten det var ein spesiell person ein skulle prøva å få bydd opp, eller ein berre ville dansa den (og dermed gjera dansepartnaren til noko spesielt nett den kvelden). I kveld tenkte eg på at desse siste dansane, dei var viktige. Dei gjorde so mykje av kvelden, av spaninga, av oppturar og nedturar. Og so tenkte eg at eg er jammen meg glad det ikkje treng vera desse siste dansane me alltid ventar på no lenger. I kveld svinga eg meg på golvet med både ein og hin, og titt og stadig kjente eg gleda, den siste dans-gleda som kom når ein fekk dansa med nett den ein ville og det funka. Eg smilte salig både til swing med ein lang stake av ein stril, til pols med ein trøndersk spelemann og til ein sakte vals med ein rogalending. Eg hadde mange fine møte på dansegolvet i kveld, som og danseframsyninga med Martin Myhr, Solveig Hårdnes og Einar Olav Larsen (delvis) handla om - det å møta ein framand gjennom musikken og samhandla utan ord.

Klokka var vel eitt når den siste toradaren vart pakka vekk. Då hadde festen offisielt vore slutt i over ein time. Då byrja dei "vaksne og ansvarlege" (altså dei i tjueåra) å tenkja på å rydda, medan tenåringane byrja med songdans, og ikkje ville sleppa kvarandre. Det ville ikkje me vaksne heller, so det vart ein tur ut når klokka var halv to, og lagshuset endeleg låst for natta. Derfor og den noko seine kvelden, og det noko ekstatiske innlegget om dans...

Eg er forresten glad det ikkje er eg som skal på seminar klokka ni i morgon. Eg skal sova til eg vaknar.

3 kommentarer:

  1. Huff, me e vel ikkje vaksne..

    SvarSlett
  2. Eg ekje vaksen! Vilikkjevilikkjevilikkje

    SvarSlett
  3. Eg trekker det attende, me er på ingen måte vaksne! Men i nokre forsamlingar er me desverre "vaksne"

    SvarSlett