søndag 15. februar 2009

Styrke?

Av og til opplever ein ein song på ein heilt ny måte. Det skjedde med meg i helgi, for medan eg sto saman med 5-600 andre i ein idrettshall må Voss og mumla/brølte La oss stå sammen (TT-salme frå 2004), oppdaga eg at det ikkje var linja "Nå står vi samlet" som vanleg, men derimot "Gud gi oss styrke på ferden" som sa meg noko. Ja, eg trengte nok litt ekstra styrke i helgi, 40 uerfarne konfirmantar på Vinterfestival er ikkje nett ferie.

Men det var ei fin helg, og sjølv om eg er utsliten og litt lei, står nokre augneblinkar att som svært gjevande: dei tre jentene som aldri snakkar saman som plutseleg gjorde det, gutane som sto på rømmen ved utgangen fyrste kveld som enda opp jublande midt i folkemengda, jentegjengen som fekk mot til å snakka til den nye helten sin, konfirmantane som gjekk til sin fyrste nattverd. Vinterfestivalen har sine manglar og feil, men det er ein sjanse for ungdom til å oppleva fellesskap med Gud og menneske. Gudskjelov for at ein har nokon som kan gi ein styrke til å arbeida vidare for det.

2 kommentarer:

  1. Eg tar ein Facebook: Eiren likes this.

    SvarSlett
  2. nei ,men du har jo vaert pä vinterfestivalen, min kjaere, du mä husker navn, det kommer ikke ä vaere din siste vinterfestivalen!

    glad i deg

    SvarSlett