tysdag 17. februar 2009

Februar - dikt og snø

Det er tid for februardiktet. Denne gong er min kjære Olav attende, med eit heller melankolsk bidrag:

Svarte krossar
Svarte krossar
i kvite snjo
luter i regnet gruve.

Hit kom dei døde
yver klungermo
med krossar på herd
og sette dei frå seg
og gjekk til ro
under si klaka tuve.
Olav H. Hauge

Elles er det snø i Bergen, for dei som ikkje har fått med seg det. Mykje snø - og den vil kkje smelta. Det såg slik ut i går, men i dag var rododendronen like kvit att. Eg høyrer fleire som spør etter regn - det er vel berre i Bergen slikt kan skje?

Eg spør og etter regn, ikkje fordi eg ikkje likar snø og ikkje vil ha den lenger, men fordi heile byen er full av slaps, og då vert eg so våt på beina. Når eg likevel må gå i støvlar, kan det like godt vera regnver. Oi, eg merkar bergensaren i meg vert sterkare og sterkare... Men i morgon fer eg til Røros og turr snø (kryss fingrane), so kanskje eg lærer å setja pris på den?
Hagemøblane ventar og på snøsmeltinga (og eit strøk måling?)

2 kommentarer:

  1. Hakje de teke inn møblane te vinteren?
    Skjerpings!

    SvarSlett
  2. Ja, kom regn og ta bort all snøen så den slutter å friste skuleungdom til snøballkasting.

    SvarSlett