tysdag 30. juni 2009

NM i folkemusikk

Ja, førre veke var eg altså på Geilo for å få med meg NM i folkemusikk. Alt i alt var det ei vellukka veke for bergensarane, med gode plasseringar i litt av kvart. So var det og nokre plasseringar me ikkje snakkar so mykje om, men framføringane var gode, so der skuldar me på dommarar og kappleikssystem. Mellom anna resultatlista kan sjåast her.

Kappleik (som er ein del av NM, det var berre i år det var slege saman med Landsfestivalen til eit NM) er ei verd for seg sjølv. Det er ein eigen dansestil, ein eigen spelestil, og eit eige folkeferd. Det kan diskuterast om det er nett i denne retninga ein vil folkemusikk og -dans skal gå, men det er uansett spanande, med mykje flinke folk, og god dans og musikk både på tevlingar og utover natta. Ikkje alltid like lett å vita kva ein skal få med seg, og det var fleire gonger eg måtte ta harde val - luksusproblem altså.

Bergensgjengen budde litt spreidd, men i flotte leilegheitar, der me koste oss både tidleg og seint, når me ikkje gjekk den vel halvanna kilometeren til stemneområdet og hang der - noko som og skjedde både seint og tidleg. Det er ein flott gjeng, og sjølv om NM er sopass stort at ein nesten ikkje treffer folk tilfeldig, og det ikkje er berre berre å finna nye folk å henga med, gjer ikkje det so mykje når ein har greie folk å vera med i utgangspunktet.

Å komma attende til Lærdal var ei kræsjlanding i kvardagen. Varmt og fælt (ok, det var det på Geilo og), lange dagar på jobb, travelt heime, og 25 kasser med poteter som skulle opp - ikkje akkurat ein mjuk overgang. Men slik er jo sommaren. Elles ser eg fram til vidare eventyr med BulE-gjengen - som landskappleik på Voss i 2010!

(Bilete: Anbjørg og Gunn Inger dansar pols.
Nyting av sola på verandaen, Sigrid, Anbjørg og Gunn Inger)

måndag 29. juni 2009

Kino i Lærdal

Eg likar å gå på kino i Lærdal. Det skjer ikkje ofte, men det skjer gjerne saman med Gro, og berre det gjer det jo flott. I tillegg får eg skikkeleg kinokjensle i Lærdal. Det er ikkje den same kinokjensla som i Bergen, men det er likevel ei spaning i det, og ikkje minst minne knytt til det.

Når eg tenkjer på kino i Bergen, tenkjer eg på lukta av popcorn (som eg so godt som aldri giddar å stå i kø for å kjøpa), raude sete og dempa lys. Reklamen på byrjinga er alt for lang, men salane er koslege og lummert mørke og mystiske.

Ikkje so i Lærdal. I Lærdal kjøper ein litt snop på Esso, og so går ein inn i ein lys sal med blå sete. Der sit det kjensfolk, alltid. På bakerste rad sit ungdomsskuleelevane (med nokre litt eldre tillegg). Dei vil ein ikkje sitja rett framom, for dei er nett slik ungdom på bakerste rad på kino skal vera. Elles i salen sit det eldre folk (og kanskje yngre), spreidd litt rundt omkring, pratande til kvarande tvers over stolrader. Lukta av kinosalen i Lærdal er litt støv, litt vaskemiddel, og litt ungdomstida mi. Salen er ikkje gammal, berre kring 13 år so vidt eg hugsar, men dei fleste tidlege kinominne er herifrå. Det luktar ikkje popcorn og gammal plysj. Og so er det reklamen - eller nei, det er nett det det ikkje er! Presis åtte byrjar filmen, dei søndagane det er film. Men i motsetjing til Bergen er det ikkje sikkert at alt går heilt strøkent elles, filmen vert sendt landet rundt, og har gjerne sine små feil når den kjem til Lærdal. Derfor kan kinomaskinisten måtta slå på lyset og opplysa om at det vert ein pause på eit par minutt medan han fiksar. Men det er jo kjensfolk i salen, so dei minuttane går fort.

Eg var altså på kino i går, og såg Engler og demoner. Ja, den var betre enn Da Vinci-koden, men det skal då neimen ikkje mykje til. Eg må innrømma at sjølv om Ewan McGregor som katolsk prest ikkje er meg i mot, mangla det mykje - mellom anna diskusjonen mellom vitskap og religion, den meir framtidsretta framstillinga av kyrkja boka har, og ikkje minst framdrifta. Ja, dei køyrte fort i bil - men so stoppa det opp. Kanskje to timar med tempoet til boka hadde vore i meste laget - men ein mellomting kanskje? Dessutan byrjar Tom Hanks å bli gammal, stakkar, har vel litt tyngre for å lea seg fort no. Filmen er underhaldane nok, men absolutt ikkje på lista mi over filmar som må sjåast ein gong til.

Bergen ICY og Beit Sahour YMCA

I morgon fer ein delegasjon frå Bergen ICY til Palestina og våre nye og gamle vener i Beit Sahour. Me har starta utveklsing med dei, og medan nokre av oss (les: Einar, Magnhild, Agnete, Heidrun og Saliba) er svært klare til tur (reknar eg med), må dei hine av oss berre venta på gjenvisitt i august, og elles lesa bloggen til dei reisande: http://bergenicy.blogspot.com/.

tysdag 23. juni 2009

Stavarekkja

Eg står på veg ut døri for å vera ei veke på Geilo, der eg skal sjå på, lytta til og dansa med heile folkemusikkmiljøet i Noreg. Eg gler meg, særleg sidan det kjennest som det er grueleg lenge sidan eg dansa sist, sidan eg såg folki i Bergen sist, og hadde fri sist...

Men Lærdal er meir enn berre jobb - mellom anna er det marknad og med den marknadsdans på Stavarekkja. Årets var kanskje den siste nokon sinne - det er ikkje nett lovleg det som går føre seg der, av drikking på offentleg plass, og kanskje ikkje heilt etisk med alle ungdommane som ikkje nett er edru. Men det er likevel ein viktig del av sommaren i Lærdal - eit kulturminne rett og slett, og då er det gale at det skal vera slutt etter kulturminneåret 2009.

På Stavarekkja er det samla ungdom i alle aldrar. Musikken er sær, og dansa er det knapt andre enn country-klubben som gjer. Det illustrerar kanskje litt at omlag alle i tjueåra sat samla i bakken heile kvelden, medan dei hundrevis andre som var der var konfirmantar og oppover, og so nokre i foreldregenerasjonen. Men sjølv om det ikkje er dei største banda eller den beste musikken, so er det eit samlingspunkt, eit samlingspunkt som er spesielt for Lærdal.

Forresten, marknaden er og Måltippen til Mållaget. Og det er frå den ordet for veka er henta: hampast. Det tyder noko slikt som å småkrangla eller småslåst ("enten med kjeften eller nevane"). Det var ein vanleg aktivitet på marknaden før i tida...

Bilete: Eiren på veg til Stavarekkja

søndag 14. juni 2009

Matematiske under

Olve, min kjære bror, går i 8. klasse, og har nett fått att mattetentamen. Godt nøgd viste han den til meg, og me vart sitjande med den siste oppgåva, som dei ikkje hadde fått forklart. No er 8. klasse lenge sidan, og det er skremmande kor mykje ein har gløymt, men med litt oppattfrisking kom både omkrinsar og areal attende, og me kunne setja opp ein formel, med massevis av pi. Og då slo det meg: tenk at nokon har funne ut dette! At forholdet mellom ein sirkel sin omkrins og diameter er konstant, jo det er jo logisk, men so at dei har laga eit tal for det! Eit tal som ikkje kan skrivast fullt ut ein gong. Det ligg det mykje arbeid i spør du meg. Eg er glad nokon an enn meg fekk den jobben - eg er eigentleg berre nøgd med å ha funne ut korleis ein løyser oppgåvene til 8. klasse. Men eg er ikkje fullt so nøgd med at eg har teke so mange og lange steg vekk frå realfaga at denne nyoppdaga fascinasjonen får meg til å verka svært ulærd...

måndag 8. juni 2009

Eg er automobil!

I heile vinter og vår har eg hatt ei prioriteringsliste som ser omlag slik ut:
1. ikkje øydelegg folk
2. ikkje øydelegg ting
3. ikkje få køyrelæraren til å gråta
4. ikkje gråt sjølv
5. alt anna kan sjåast på som ein bonus

No er strevet, spaninga og skrekken over - eller kanskje det er no det byrjar (for alle andre)?

EG HAR FØRARKORT KLASSE B!

søndag 7. juni 2009

Resultatet

Under skreiv eg jo at jobben på villakssenteret i Lærdal mellom anna fører med seg oppdrag som fotomodell. Resultatet av ti minuttars arbeid kan sjåast her. Eg er bittelitt skuffa over at laksane har fått so stor plass i høve meg, men Oddbjørn har jo berre fått med ein arm stakkar...

Ei flott skildring av villakssenteret er det likevel, til tross for manglande frontalbilete av meg (men so er jo ikkje eg fast inventar der, i motsetjing til laksane). Etter å ha jobba der, og sett nøyare på utstillingane enn på mange år, er eg faktisk positivt overraska, og har lettare for å ymta frampå om / tvinga fram eit besøk der frå turistane. Det einaste eg har å utsetja på artikkelen er vel kanskje at den godaste journalisten kunne ha prøvd seg på eit kurs i korleis bygga fullstendige setningar. Det er ikkje ofte eg etterlyser lengre setningar, men eit subjekt i kvar periode er eit minstemål, synes eg.

onsdag 3. juni 2009

Idyll

Nett no er veret i Lærdal litt schizofrent, utanom vinden då, som er meir manisk. Men det er ikkje lenge sidan det var retteleg harmonisk:
Lærdal om sommaren = idyll!
(Særleg når broderen har kjøpt hengekøye til mamma, og ein klarar å krangla seg til ein plass)