søndag 30. november 2008

1 kyrkje, 1 døgn, 50 ungar

Nei, det er ikkje eit nytt reality-konsept, men det kunne nesten vore det...

Folk har spurt meg om "Kvifor gjer du dette?" (og meir direkte: "er du gal?") Men nei, eg er ikkje gal, og eg er svært glad for at eg gjer dette. Denne helgi har det vore Lys Vaken i heile landet, ei natt i kyrkja for 10/11 åringar. I Lærdal gjorde me det hakket større, og inviterte dei tre øverste klassane på barneskulen. Og halvparten kom, noko som var over all forventing (og planlegging...) Me slo det og saman med lysmesse og påfølgjande fakkeltog til julegateopning, og dermed sikra me oss ei stappfull Hauge kyrkje i eit knapt døgn (laurdag 17.30-søndag16.50).

Ungane er fantastiske! Dei var mange, men det merkast eigentleg ikkje på anna enn høgt støynivå. Dei la seg greitt nok, sjølv om dei aldri vart stille, og dei sat stille og oppslukte både titt og ofte. Og det er moro når ein kan invitera heile årskull til slike positive opplevingar i kyrkja. Og at ein får slike positive opplevingar sjølv!

Eg har funne ut at det er litt forskjel på 10-12-åringar og tenåringar: dei fyrste stiller spørsmål ved alt (det er ein fantastisk alder!), men når dei får vetigt svar godtek dei det. Dei synes And og gås (leiken Duck and Goose frå Irland) er fantastisk, medan Sheriff kan bli i tøffaste laget. Dei vil vera vakne heile natta, ikkje fordi dei har ein plan, men berre for å vera vakne. Og dei vaknar ein time før dei må - det ville aldri skjedd på ein tenåringsleir...

Eg er glad for at eg fekk vera med denne helgi, sjølv om det ikkje nett kan kallast avslapping. Og so er eg glad for at nesten 300 kyrkjegåarar fekk oppleva ungane "mine" og sjå kor flotte dei, og det arbeidet kyrkja gjer, er.

Vi tenner våre lykter når det mørkner,
kanskje lyser de til kvelden si'r god natt.

(bilete: Hauge kyrkje, foto: NRK)

EDIT: Artikkel om overnattinga kan lesast på Porten

onsdag 26. november 2008

Eksamenspanikk

Eksamenstida er i gang for fullt, og det byrjar eg å merka. I natt gav det seg utslag i mareritt og at eg sat rett opp og ned i sengi ca kvar time. I dag gir det seg utslag i motløyse, utsetjing og stivna panikk, og i morgon...? Eg håpar indarleg panikken tek ein pause mellom ni og tre, for å sei det slik...

Men eksamenstida kan vera koseleg og. I går sat eg med eit par andre indresogningar på HF-kantina i seks timar, medan me diskuterte alt frå morfologi og syntaktiske tre til familieliv og fritid. Og når eg endeleg får teke opp notatane mine frå førelesingane i haust, so er det diverse morskap der og:

- om ordklassar: "Det er orden i rotet skjønner dere!"
- om substantiv: (med svært begeistra tonefall) "... og det finnes substantiv som ikke kan bøyes også, faktisk!" "Og framandord tør jeg ikke snakke om en gang - klokka er jo snart ett!"
- om genitiv: "Og så har vi den siste - men - ja, vi har mange flere også, selvfølgelig, faktisk!"
- "Jeg har delt ut et ark. Det er om mulig enda tørrere."
- om samsvarsbøying: "Så kommer det vi nesten ikke tør snakke om", "Det er kanskje ikke noen trøst at ingen kan det?"
- om rettskriving/bregensarar: "Bruker man språkøret og skriver som man snakker, blir det som regel rett. Jeg vet ikke om det stemmer for bergensere, men..."
- om pronomen: "Enten så er det totalt forfall, eller så er det noe annet." Det er ingen som er helt enig med seg sjøl."
- om data: "Her er så mange morsomme taster..."
- om i følge/ifølge: "Det er rett og slett for å holde styr på når man går i tog og ikke."
- om tekstmodell: "Det blir ikkje stort verre enn dette her!"
- om diskuterande teoretikarar: "Begge har rett, og slik er det!"
- om tekstur: "Dette kan gjere litt vondt."
- om studiane generelt: "Det kan komme en situasjon i livet, for eksempel til eksamen..."

(bilete: studiar i HF-kantina. Det ser no ut som me har nok stoff å gå gjennom...)

måndag 24. november 2008

Bond. James Bond.

Eg har sett den "nye" James Bond-filmen i kveld. Pappa spanderte kino, og me var begge klare for action. Og det fekk me, særleg då pappa togg litt hardt i ein Mentos og mista hjørnetanna...

Neida, filmen var meir enn action-spekka nok i seg sjølv, det var få kvilepausar - og ingenting av humoren som fanst i James Bond før (før Pierce Brosnan eller so). Det saknar eg, men elles er det jo bra. Einaste problemet er at ting skjer for fort - og det er for mange veltrente mannfolk i dress (det skulle ein ikkje tru kom frå meg!), slik at ein ikkje veit kven som spring framfor eller bak, eller kven ein eigentleg heiar på. Og ein augneblink, etter biljakt, båtjakt og flyjakt, tenkte eg på kva det neste køyretøyet han kom til å køyra fort og gale og i kuleregn i kom til å vera. Kano? Sykkel?

Men det er James Bond, og sjølv om det manglar både "Bond. James Bond" og "Shaken, not stired", so er det greitt. Det skal vera ekstraordinert, det skal vera litt vanskeleg å følgja, og det skal vera fullt av vakre kvinner og den eine kjekke mannen som får dei alle. Historien? Er den so viktig då?

laurdag 22. november 2008

Ein gong til!

Berre stig på,
her er det fest.
Mange har kro,
men mi kro er best...

På tysdag var eg innom teateret for å kjøpa nokre billettar. Dei eg skulle ha kom eg ut att utan, men med meg hadde eg fått to restplassar til laurdag - på Les Miserables! So i kveld tvang eg med meg Monica, og me har grete, ledd og grete meir i nesten tre timar. Den var bra fyrste gong, men ikkje noko dårlegare no. Dessutan var eg sjølvsagt svært klar til å bli fortrylla, forført og forelska på nytt - og (er det tvil?) det vart eg!

fredag 21. november 2008

Avskyeleg snømann?

Til vanleg har Edvard Grieg selskap. Ein måse brukar hovudet hans som utkikkspost, og eg er sikker på at han fortel sladder frå heile byen til komponisten som takk for hjelpa. Men i dag sat måsane og gøymte seg langs Lille Lungeren, medan Grieg hadde teke snøkåpa på. Han såg einsam og tankefull ut der han sto i stoisk ro/ stivfrosen på sokkelen og stirra mot den tomme Blomsterpaviljongen.

Det har snøa i heile dag i Bergen, og det vekslande veret (snø, sol, vind, og alt på ein gong) har gjort at det ikkje er svært freistande å gå ut. Desverre er det ikkje svært freistande å sitja inne heller, for her er det studiar det går i, for heile huset. Heimeeksamen for Frida, eksamenslesing for meg og oppgåveskriving for Monica. Heldigvis kan me av og til møtast i stova og klaga til kvarandre, før me går attende til historie-omgrep, pragmatikk og Gandalf.

Eg har eksamen om knapt ei veke, og panikken byrjar å nærma seg. Desverre er det den handlingslammande typen, noko som ikkje hjelper særleg på bokbunken som skal minka i løpet av dei neste dagane. Det meste er dramatisk mykje meir interessant enn det ein MÅ gjera...

måndag 17. november 2008

Novemberdikt

Som nemnt har eg eit dikt for kvar månad dette skuleåret. Augustdiktet var Adle somrar ta slutt, medan september var Til Dig av Olaf Bull (som var alt for klissete for mitt september-humør i år, og dermed aldri vart publisert). Oktober var Kort møte av Ernst Orvil, som pryda Dikthjørna i vår/sommar og som har gitt namn til heile denne sulamitten (bloggen altså). Men no kjem novemberdiktet,
Kveld i november av Olav H. Hauge:

Han sperrar loftet. Natti kjem med frost.
Eg fer med augo yver hagen, veit

det heng att eple i ein topp. Eg leit
på mildver enno; veden skal i kost,

og kålen takast upp og kulast, tre
skal plantast; det burde vorte tid
til nybrot òg. No ser eg hausten lid
og marki frys og snøen kastar ned

midtlides, og eg veit eg ikkje rekk mitt.
Den epleslumpen fær eg berga, kor
som er, so er i minsto ei sut kvitt.

I vest er månesigden ute, stor

og haustkvass, gjerug med å berga sitt,
ei saknads solbunde åt ei myrk jord.

Det passar so fint med dette diktet i kveld. Ikkje det at snøen kastar ned midtlides (Bergen=regn) eller at eg har berga nokon epleslump (dei siste epla fekk fuglane), men det har vore ein kosleg haustkveld med regn på vindauga, susing i hekken, eld i omnen og te og film i stova. Då er november fin, om enn litt tidlegare enn ein venta. Desember nærmar seg med stormskritt...

søndag 16. november 2008

Oppsummering?

Eg burde vel prøva å sei kva eg har drive med den siste veka, men det er ikkje lett. Eg prøver likavel:

- køyrt Strynefjellet to gonger - bort i vind og på bare vegar, attende i snøver og sterke ynskje om å møta/bli forbikøyrt av ein brøytebil
- ete skikkeleg innlandsmat, kjøt til alle måltid, og enorme mengder kjøtpålegg...
- stått. Rett opp og ned, bokstaveleg tala. Folk står nemleg ikkje rett opp og ned til vanleg, om de trudde det
- gått. Saman med folk, åleine, i blinde, sjåande, med retning, utan retning, med store steg, med små steg, i totakt, tretakt og utakt (med og utan vilje)
- dansa, men ikkje so mykje som ein skulle tru
- ete sjokoladepudding. Medan ein del leitte fram opningstidene til polet, var det andre som fann ut at dessert var tingen
- lært Vågå-dialekt. "Døm som let mest åt dans va døm so kunne gode danseleike" (og her er det "å låte" og "ein leik" som er det sentrale)
- sove middag kvar dag. For hjelpes kor utsliten ein vert i hovudet av å gå og stå.
- fått nye vener. Me er ikkje mange, men me er gode!
- fått alt for mykje å tenkja på. Å ta oppvasken, pussa tennene, gå til bussen eller høyra musikk er no grav alvorleg arbeid, dansemessig. Leiken (i meininga "ha det moro", ikkje "musikkstykkje") skal me visstnok få att i januar
- feirt tante Tone sine førti år med diverse familie og vener i Sogndal
- komme meg til Bergen att
- gått lei av Bergen att. Eg vil på tur!

(bilete: Camilla og Sigrid på Klones. Førelesingsnotatar, med illustrasjon av framdrift, og mindre/ingen framdrift)

søndag 9. november 2008

Om traktor, fotball og dans

Mm, flott blanding! Men det er fordi eg har hatt ei svært variert helg:

Reiste heim fredag, det var grueleg godt! Hadde ein fin og roleg kveld med Olve, Eirik hadde kjøpt pizza til oss og me såg film(ar) til langt på natt. Laurdag var det seint opp, ein lang morgon i heimen og, jepp, traktor. Me har fått ny. John Deer, av alle ting (me har aldri hatt noko so fancy før. Ok, me har Ferrari og, men den er so liten...) So den måtte jo prøvast. Tone tante var litt sjokkert over køyring utan ærend – men det er jo naudsynt på bli kjent med det nye, sant?

So for eg til Sogndal, til nemnte tante og familie. Det vart film på oss om kvelden, me og ca 10 andre såg Mamma Mia i sing along-versjon. Litt sært, men og svært moro. Må innrømma at ”Don’t go wasting your emo-o-tion” har gått litt om att i hovudet på meg i dag.

I tillegg var det jo kamp i Sogndal i går. Kvalik-kamp til Tippeligaen. Det vert nok eit år til i fyrstedivisjon for sogningane, og dessverre må eg sei at det er fortent. Og det er ikkje berre pga sjølvmålet... Men det mest sjokkerande med kampen var ikkje spelet (for det er jo vekslande, det veit ein). Derimot var det Ålesund sin Kjetil Rekdal etter kampen. Ingenting om ”godt jobba, dette fortener me, 1-4 er eit fantastisk resultat” eller noko slikt. Neida: ”Dette er det dårlegaste publikumet i landet!” Fordi han hadde fått eit pappbeger i ryggen. Ok, det er ikkje snilt, men det var faktisk 2500 andre Sogndal-supporterar der og!

Men i dag har eg altså forlete Sogndal, og må komma over dette (og det skal eg klara, han er vel ikkje nett kjend for å vera sympatisk...?) Eg er på Vågå. Jepp, Vågå! Kva eg gjer her? Studerar. Jepp, studerar! (Oi, mange ”jepp” her...) Norsk folkeleg dans, og det skal eg gjera (nesten) ei veke til endes. Spanande – og travelt. Etter berre tre timars økt i kveld måtte dei fyrste legga seg i ni-tida. Kan bli hardt med nitimarsdagar etterkvart (i morgon...) Men me lærer ekstremt mykje, og det er ei oppleving eg ikkje ville vore utan. Og so spørst det om eg seier det same i morgon, på fredag eller ikkje minst måndag, når eg skal attende til det ”verkelege” livet og levera semesteroppgåver på UiB.

Det er forresten attende til internatlivet og. Me bur på Klones, ein jordbruksskule. Her er det dobbelrom, høgt under taket og fellesrom utan so mykje bestikk o.l. Høyrest det kjent ut for ein del? Eg trivst i alle fall so langt. Ein av medstudentane mine sa det og so fint: ”Eg ser litt på dette som ein retreat eg! Me har jo ikkje noko anna å ta oss til...” Og det har ho jo rett i. Me tek det som ein ferie. Ein hard ferie, men likevel. So kan kvardagen komma om ei vekes tid.

(bilete: i mangel på bilete av meg i ny traktor --> meg i gamal traktor. Mamma Mia!)

onsdag 5. november 2008

Buzz Aldrin

"Personen du elsker er 72,8% vann og det har ikke regnet på flere uker."

Ein av dei beste opningane eg veit om (den må sjølvsagt konkurrera med "In a hole in the ground there lived a hobbit", men det må jo alt), og opninga på ein god roman. Og den romanen skal no bli fjernsynsserie! (ok, i 2010, men den som ventar på noko godt osb.)

Romanen er sjølvsagt Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? av Johan Harstad. Eg har ikkje komme meg so langt at eg har lese den neste romanen til nemnte Harstad, Hässelby, men det kjem, det kjem. Det er berre det at eg er redd det skal bli ein nedtur etter denne (som eg les for halvanna år sidan, men altså ikkje har komme heilt over...)

Eg er forresten stygt redd ei filmatisering kan bli nedtur og. Det skal godt gjerast å framstilla filmatisk ein roman som i så stor grad føregår i hovudet på hovudpersonen Mattias (stream-of-consciousness er ein term som lett fell meg inn), ein så stor roman med så lite handling. Og å framstilla Færøyane vert nok ikkje noko problem - men å framstilla symbolikken i Færøyane? Likevel, eg har trua - og elles vil eg tipsa alle om å lesa romanen før januar 2010. Ja, de har god tid, men det er absolutt ingen grunn til å utsetja det.

tysdag 4. november 2008

Lyrikk og TenSing

TenSing er nemnt i lyrikk-boki mi! Om Arnold Eidslott står det: "Det er ikke glade jublende sanger verken i indremisjons- eller ten sing-stil [...]" Frida og eg diskuterar om det betyr noko, men uansett betyr det at nokon har høyrt om TenSing - sjølv om det var på 80-talet - og at medstudentane mine kjem til å lesa ordet (om dei no hadde gjort det dei skulle til førelesing, noko dei gjerne ikkje har gjort...) Men anywayzzz: TenSing i Norske Tekster. Lyrikk altså.

søndag 2. november 2008

"Håpets hage"

Det er allehelgensdag, ein dag som i kyrkjeåret er litt mutt. Men tittelen på gudstenesta som var i Korskirken i dag var "Håpets hage", og både Deilig er jorden og Deg være ære vart sungne. Og det synes eg passar, for kva er vel meir håp i enn: "lyset fyller haven, se en engel kom" osv?

Gudstenesta var overført på NRK, og eg er skremmande mykje i biletet. Det var ikkje planen, men Inger Marie vart plassert - og tok meg med seg i "fallet", som ho sa. Det moroaste er likevel ikkje med på sendinga, det var nemleg dei to små som diskuterte rosiner i midtgangen under det dramatiske postludiet, og sukket av lettelse som gjekk gjennom kyrkja då produksjonsleiaren vinka at sendinga var over.

Gudstenesta kan forresten sjåast her, og er ei fin oppleving ein kald og hustren haustdag.

laurdag 1. november 2008

Fotball (?!)

Eg bryr meg jo ikkje all verdens om fotball, men nokre ting (også i årets sesong) er verdt å feira med eit blogginnlegg. Eit godt døme er dette. Uansett korleis kvalik-kampane går: godt jobba!

The Eyre Affair

Governments and fashions come and go but Jane Eyre is for all time.

Og det er grunnen til at offiser i Special Operations 27 (LiteraTec) Thursday Next hjelper Mr Rochester med å beskytta Jane mot den største litterære skurken nokon sinne, på same tid som ho prøver å finna ut kven som verkleg skreiv skodespela til Shakespeare og stoppa Krim-krigen som har vart i 131 år. Året er eit svært alternativt 1985, og eg lo. Mykje. Romanen kjennest som ei blanding av Harry Potter og Hitchhiker's, og det er jo ikkje det verste. Sjølvsagt manglar det ein del på at det kjem på det nivået, men Jasper Fforde er på veg - og eg skal lesa den neste Thursday Next-boka og.