måndag 24. november 2008

Bond. James Bond.

Eg har sett den "nye" James Bond-filmen i kveld. Pappa spanderte kino, og me var begge klare for action. Og det fekk me, særleg då pappa togg litt hardt i ein Mentos og mista hjørnetanna...

Neida, filmen var meir enn action-spekka nok i seg sjølv, det var få kvilepausar - og ingenting av humoren som fanst i James Bond før (før Pierce Brosnan eller so). Det saknar eg, men elles er det jo bra. Einaste problemet er at ting skjer for fort - og det er for mange veltrente mannfolk i dress (det skulle ein ikkje tru kom frå meg!), slik at ein ikkje veit kven som spring framfor eller bak, eller kven ein eigentleg heiar på. Og ein augneblink, etter biljakt, båtjakt og flyjakt, tenkte eg på kva det neste køyretøyet han kom til å køyra fort og gale og i kuleregn i kom til å vera. Kano? Sykkel?

Men det er James Bond, og sjølv om det manglar både "Bond. James Bond" og "Shaken, not stired", so er det greitt. Det skal vera ekstraordinert, det skal vera litt vanskeleg å følgja, og det skal vera fullt av vakre kvinner og den eine kjekke mannen som får dei alle. Historien? Er den so viktig då?

3 kommentarer:

  1. Sa han ikkje "Bond, James Bond" i denne filmen altså?! Det fekk eg ikkje med meg...

    SvarSlett
  2. Eg må innrømma at eg ikkje alltid fulgte ektremt godt med på dialogen, men det slo meg aldri at han sa det. Og det var få presentasjonar

    SvarSlett
  3. Det ble ikke sagt, nei. Leste et intervju med en eller annen (Craig eller regissøren) der det kom frem at de har gjort et bevisst valg i å gå bort fra en del av de tingene (deriblant de faste frasene) som i mine øyne skiller Bond-film fra vanlig action. Synes vel det kanskje også ble litt i overkant av mange skurker (ikke bare transportmidler) til å klare å få taket på plottet. Strakk ikke helt til at det bare skulle være en videreføring av Casino Royale (som jeg forøvrig likte veldig godt)... Krysser fingra og håper på en bedre film neste gang ;)

    SvarSlett