fredag 21. november 2008

Avskyeleg snømann?

Til vanleg har Edvard Grieg selskap. Ein måse brukar hovudet hans som utkikkspost, og eg er sikker på at han fortel sladder frå heile byen til komponisten som takk for hjelpa. Men i dag sat måsane og gøymte seg langs Lille Lungeren, medan Grieg hadde teke snøkåpa på. Han såg einsam og tankefull ut der han sto i stoisk ro/ stivfrosen på sokkelen og stirra mot den tomme Blomsterpaviljongen.

Det har snøa i heile dag i Bergen, og det vekslande veret (snø, sol, vind, og alt på ein gong) har gjort at det ikkje er svært freistande å gå ut. Desverre er det ikkje svært freistande å sitja inne heller, for her er det studiar det går i, for heile huset. Heimeeksamen for Frida, eksamenslesing for meg og oppgåveskriving for Monica. Heldigvis kan me av og til møtast i stova og klaga til kvarandre, før me går attende til historie-omgrep, pragmatikk og Gandalf.

Eg har eksamen om knapt ei veke, og panikken byrjar å nærma seg. Desverre er det den handlingslammande typen, noko som ikkje hjelper særleg på bokbunken som skal minka i løpet av dei neste dagane. Det meste er dramatisk mykje meir interessant enn det ein MÅ gjera...

5 kommentarer:

  1. Ååå, tenk ko kosle det hadde vert å budd sammen med dikka! Det tenkte eg vertfall :)

    SvarSlett
  2. Lykke til på eksamen forresten! Når ska du ha?

    SvarSlett
  3. Torsdag. Jo, kosleg å bu her, saman, men at alle er frustrerte på same tid er ikkje å anbefala. Men me kjem nok gjennom dette og :-)

    SvarSlett
  4. Oj, det er ikkje lenge til. Er det den einaste du skal ha i haust?
    Veit du om detta er Åsmund Ulvedal sin blogg? http://www.164cm.blogspot.com/

    SvarSlett
  5. Nei, munnleg 8. el 9. og. Men det er det.
    Jepp, det stemmer, den er hans

    SvarSlett