tysdag 31. mars 2009

"Nei"

Kan nokon minna meg om at eg må læra meg å sei "nei"...? No er det vel nokon som vil påstå at eg er god til nett det, men altså ikkje i alle situasjonar. For eksempel ikkje når førelesaren min spør om nokon kan gjera litt ekstra arbeid og ser spørjande ut over gruppa. Då er det at eg hadde trengt ein alboge i sida og ein beskjed om at det ikkje er svært lurt å vera den som rekk handa i veret og som lyser "Me, me, pick me! Du kan få meg til å gjera kva som helst når som helst..."

"Nei" heiter det Mari, "nei"!

måndag 30. mars 2009

Rignir

På norrønt trengte ein ikkje subjekt i alle setningar. Altså: rignir. Det er det det gjer i dag (og der var eit godt prov på at det trengs subjekt i moderne norsk...) Eg vurderte ein augneblink å lata dette vera ordet for veka (i kategorien "ting du ikkje ynskte å vita om grammatikk" eller noko slikt), men eg er noko meir positiv enn det...

I går var det nemleg ikkje regn - då sat me i hagen og drakk kakao og naut soli. Resten av huset spelte til og med indiaca (men då var ikkje eg oppe enno). Eg gler meg slik til vår - og har bestemt at den skal komma for fullt no. So får me berre tru vårgudane er på mi side, og det ikkje vert fleire dagar med rignir - eller haglir, snjoir og kva det no måtte heita.

(bilete: Anja og Monica i soli, med kakao og planar om å nyta våren)

søndag 29. mars 2009

Musikkopplevingar og seine kveldar

I går var det folkemusikkfest i Gimle. Då spelar nokre flinke folk fyrst, og so er det dans til dei same flinke folka etterpå. Medan eg sat der bakerst i storsalen og lytta til tre av dei absolutt flinkaste spelemennene i Norden (Trio Nor), slo det meg: So glad eg er for at eg er med i dette miljøet - tenk på alt eg hadde gått glipp av av musikkopplevingar om ikkje!

Eg har ikkje oppsøkt så mange folkemusikkonsertar, men dei har likevel komme ramlande ned over meg. Mellom anna opplevde eg Anders Bjernulf, som er ein av dei tre nemnde, både på Vågå i januar, på Kaffistuggu på Røros i februar, og no i Gimle i mars (og på nachspiel på Dyvekes i Hollendergaten - det er det som er so flott med dette miljøet, ein kjem nær idola sine). Mannen gir meg gåsehud, og i samspel med finnen Arto Järvelä og hardingen Knut Hamre vert det knapt betre. Den andre gruppa som spelte i går er litt anleis. Sver er fem unge gutar, med ekstremt mykje driv i musikken sin - noko som gjorde dansen til ein fest. Når det vart avslutta med Järvelä og Fliflet i finsk tango og vals, kunne kvelden fint vore metta.

Eg har jo fått mange gode musikkopplevingar andre gonger og, på festival, på konsert, på film eller på plate. Men det er ikkje so ofte eg kjenner håra på armane reisa seg, eller eg kan få lyst å gråta til ein danseslått. Det kan skje innan folkemusikken. I tillegg er mykje av denne musikken heldigvis tilgjengeleg på cd - noko som fort kan gå ut over budsjettet. Fredag skulle eg til dømes berre nett kjøpa Requiem av John Rutter (som me syng i Kor e tonen), men kom ut att med Ankomst av Gjermund Larsen Trio. Då den vart skrudd av ca eit døgn seinare (fordi eg skulle ned i Gimle), kom det eit forsiktig "Det var godt!" frå sambuarane mine, medan eg ikkje merka at tida gjekk. Slik kan musikken fanga, når ein fyrst er byrja å høyra på meir av det sjangeren kan by på.

Ja, det er jo fleire ting som kan skje innan folkemusikken, overskrifta nemner jo noko om seine kveldar... Eg trur me fort kan oppsummera det til tidlege morgonar, for det er vel det helgene i det siste har vore. Førre helg var det jo gebursdag på Havrå, denne helgi var eg i seng halv sju (sommartid, men likevel). For etter at musikarane og deira følgjarar vart kasta ut av Dyvekes (på grunn av stenging, ikkje felene - sjølv om det ei stund var fare for det og), gjekk ein del av oss på etterfest i Sandviken - og fekk servert torettars middag i femtida. Det er ikkje kvardagskost for studentar.

tysdag 24. mars 2009

Fjesboki...

No har eg sete ein heil ettermiddag og prøvd å tolka norrøne verb (noko som berre er ein knøttliten del av oppgåva eg var meint å nesten ferda i dag), so ein kan vel trygt sei eg er ganske frustrert, utsliten og lei av heile dataen. Derfor gjer eg dette for å muntra meg opp, og minna meg om dei gode venene som bur inni her (og). Eg kopierar vilt frå Anja:

Du skriver ned de 20 siste forskjellige personene som skrev på din ”wall” og så besvarer du spørsmålene om de enkelte etter numrene nedenfor. (No er ikkje "wallen" min so grueleg aktiv, so eg skriv ned alle som har kommentert på statusar og slikt i tillegg eg, so tek ikkje dette so lang tid...)

Hva ville skjedd om du aldri hadde møtt 18?
Unge lovande Fredrik: då hadde TSN-året mitt vore grueleg mykje fattigare.

Har du noensinne sett 4 gråte?
dansande Daniel: nei

Ville 19 og 6 vært et bra par?
Anne Marit på Voll og Line i Sykkylven: nei, det tvilar eg på. Koslege damer begge to, men altså...

Ville 14 og 15 vært et bra par?
Alta-Mari og Camilla på studiet: sjå over..

Beskriv 8:
Anja: ho med dei gode innfalla og dei like gode uttrykka

Fortell noe om 11:
medisinstudent Inger Marie: påstår at det er eg som meinar det er mykje fint å sjå på på Haukeland, medan det var ho som sa det fyrst

Hva er 7's favorittfarge?
Eiren: veit du schnuppa, eg anar ikkje. Det er ikkje bra

Hva ville du gjort om 12 akkurat fortalte at hun/han likte deg?
Lena frå kullet: takka so mykje

Når snakket du sist med 9?
Arild frå same kull: Uff, det er lenge sidan. I fjor når me var ferdige med bacheloren blir det vel

Hvem går 2 ut med?
Min sam-indresogning Janne: ho går iallefall ut av førelesingssalen med meg, men elles har eg lite å avsløra

Hvor gammel er 20?
Tante An-Magritt: ein snakkar ikkje om alderen til ei dame

Hva er 10s musikksmak?
Ingunn frå kullet: anar ikkje

Ville du datet 5?
Tshepo i Sør-Afrika: slike avstandar...

Ville du datet 3?
Sverre frå dansen: det får halda med nokre rolege valsar tenkjer eg

Hva er det beste med 17?
Wiebke: ho flyttar snart til Bergen!

Hva ville du sagt til 13 akkurat nå?
Ingrid i kyrkja: snakkast i påsken!

Hvordan møtte du 1?
Halvor frå Bømlo: på førelesing reknar eg med, fordjupa over verbbøying og modernistar

Hva er det beste med 16?
Marianne i Oslo: ho kan føra ein samtale langt inn i nattetimane, utan at ein legg merke til det

Hjelp! Help! Hilfe! ˛√œfiπ!

Dersom nokon anar, og kan forklara, korleis ein lastar ned, installerar og brukar (på mac) ein font som i minimum innheld ein eth, ein thorn og ein o med kvist, er eg evig takknemleg!

Ja, frustrasjonar!

måndag 23. mars 2009

Hankaslaust

Hankaslaust må ikkje forvekslast med agaslaust. For medan agaslaust er positivt, eller i det minste ikkje negativt forsterkande, er hankaslaust eit negativt adjektiv (og/eller adverb). Det kan forklarast med noko slikt som heng ikkje på greip, altså noko som er gale, tankelaust eller svært overdrive på ein negativ måte.

"Jor´n de?! Nåkke so hankaslaust!"

søndag 22. mars 2009

Bergen og omegn

Denne helgi visste eg var travel, men den vart i travlaste laget - dvs, den vart so kosleg at nokre av tinga rett og slett forsvann for meg...

Fredagen byrjar med stor grad av utsetjing - eg måtte berre ta ut sykkelen, rydda vaskekjellaren osb før eg gjorde noko som helst anna. Men alt dette var til æra for våren, so då er det på ein måte greitt. Om kvelden var det førfest hjå Sigrid og konsert med Bergen Mandolinband på Victoria - sjarmerande!

Laurdagen var dag ein av øvingshelga til Kor e´tonen, og eg var flink og song Requiem i timasvis. Men so kom ettermiddag, og ein gjeng bybuarar sette seg på toget med "landet" som mål - Havrå på Osterøy. Der feira Kristin, som eg dansar med, gebursdag med gode vener, god musikk og god prat. Dermed vart det noko seint - ok, halv sju - før me la oss, og dermed ikkje mogleg å rekka den bussen eg skulle for å nå korøvinga i dag (det skal og seiast at eg har sjølvinnsikt nok til at eg skjønte dette ganske tidleg i natt...)

No er det berre att for denne helgi til å gjera meg klar til ei ny veke. Det klarar den ikkje, so i stadenfor ser eg fram til neste helg - den og brukt i Bergen og omegn.

(bilete: Anbjørg på veg til Havrå - og stoppar på vegen for å ta med seg litt av våren. Gebursdagsbarnet med fela. Sverre og Inger Marie klare for å tufla heimaover.)

tysdag 17. mars 2009

Oppgåveh******

Nei, eg nyttar ikkje slike ord, derfor stjernene. But you´ll catch my drift...

Eksamen i dans er over (og gjekk bra), og dermed er eg attende til alt eg har utsett. Eg har jo forsåvidt utsett det og litt, men meinar at å skriva lister over ting som skal gjerast er ei svært god unnskyldning for å utsetja å gjera nett desse tinga litt lenger. Lista for denne veka er på ca ei side, tre ting er strokne ut - og grueleg mange står att. Ein av dei viktigaste tinga er oppgåve i språk, eg skal skriva om samsvarsbøying og kasus på norrønt. Sjå kor langt eg er komme:

1. Innleiing
Norrønt språk er ...
... hadde eit meir komplisert ...

2. Grammatisk samsvar
Grammatisk samsvar, eller kongruens, er at ...

3. Kasusstyring
I norrønt hadde ein fire kasus, som hadde ulike morfologiske realisasjonar og vart styrte av ulike ...

4. Stoda i moderne norsk

5. Kjeldeliste
?


Dette er då ein ettermiddags arbeid. Men disposisjonen er i alle fall klar! Gratulerar til meg, og ikkje minst: lukke til til meg...

måndag 16. mars 2009

Fåi

Ordet denne veka er eit ord eg vaks opp med og brukte heile tid. I løpet av vgs forsvann det litt for meg. Eg har teke det attende i det siste, men merkar at det ikkje vert brukt konsekvent og at det skapar ein del forvirring. Det er lærdalsordet for bak, rompe, røv osb, nemleg fåi. Eg lurer på om det og kan finnast ein dativvariant, fån.

Dette er eit ord eg ikkje har funne andre stader i Indre Sogn - ver velkomne til å retta når som helst - men eg har funne det i andre og fjernare dialektar: Hellbillies syng nemleg "og kyss me midt i fun" (dativ?) i Ikkje grav meg ned frå Sylvspente Boots-plata (ja, eg kan min Hellbillies...), og eg kjenner til ein kar frå Aust-Agder som snakkar om fua. Påverking frå Hallingdal kan lett forklarast, men so fjernt som Aust-Agder er det verre med. Antakleg er det eit ord frå norrønt som har levd vidare i desse dialektane, men kva dette ordet var har eg ikkje klart å ressonera meg fram til (og ordboka har ikkje vore til hjelp, snakk om 600 vekkasta kroner...)

Oppdatering: Mamma har komme med info. Fån er, som eg trudde, dativ. Det er mest brukt oppe hjå oss, lenger nede i dalen nyttar dei mindre dativ. I Årdal brukar dei og ordet fåi, men utan dativ (dei mista det før oss). Når andre i Indre Sogn kjenner til ordet, er det alltid i tilknyting til lærdøler og (alltid?) nedverdigande.

fredag 13. mars 2009

Watchmen

Who´s watching the Watchmen? var spørsmålet.
Svaret: eg og Eiren.

Eg er i Trondheim for helgi, hjå Eiren (og på Dragvoll for å ha eksamen, men det er ei anna soge). Eiren bur ca eit halvt minutt frå Prinsen Kino, so det er derfor berre naturleg at me tok oss ein tur. Og det me tok oss ein tur for, var å sjå ein grueleg valdeleg film som testa alle grenser for kva ein superhelt er eller kan vera.

Watchmen kom ut som teikneserie på åttitalet, og det er 1985 som er året for dramaet i filmen og. Og for eit drama - det skal seiast at hovudhistorien kanskje er noko tynn, skulle den fyllt alle tre timane, men den er støtta opp av ei stor mengd tilbakeblikk, livshistoriar og "real"historiske minner. Men viktigast er diskusjonen om kva som er rett og kva som er galt, kva er det å leva i gråsonene, og kan målet helliga middelet? Ein skjønnar fort - ut frå persongalleriet - at dette vert mørkt, og det er lysare berre eit knapt sekund.

Persongalleriet, ja. Mykje moro der! Ein har då ein gjeng heltar, der berre ein har verkeleg superkrefter (ala Fantastic 4 har han fått dei i ei vitskapeleg ulukke). Dei andre er som Lynvingen "vanlege" folk, berre grueleg godt trente... Men desse heltane har fått sparken, og er alle desillusjonerte og slit med all slags problem. Den som kanskje minner mest om ein klassisk superhelt er Nite Owl II, som ser ut som Clark Kent i dagleglivet, Lynvingen i drakta og har moralen til dei begge. Det er på ein måte opp mot han dei andre vert stilt - men utan at det nødvendigvis er han som har løysinga.

Nei, rett og slett ein anleis superheltfim, og som ikkje er noko for sarte sjelar. Blodsprut, nakne mannfolk (ein blå sådan), meir blodsprut og enno meir blodsprut. Og spørsmål om noko er verkeleg rett og galt, når vert helten skurk - og finst det eigentleg nokon happy ending lenger?

måndag 9. mars 2009

Ord for veka

Eg har tenkt å byrja ein ny serie her på bloggen. Inspirasjonen kom plutseleg til meg på førelesing i dag, det er slikt som kan skje når ein nærmar seg pensumet om dialektar. Den nye serien kjem til å handla om språk (overraskande nok...), og i fyrste omgang om ord (derfor tittelen "Ord for veka"). Men etterkvart kan det nok og dukka opp grammatiske særeigenheitar og andre spanande ting, kven veit?

Ja, kva ord kjem med i "ord for veka"? I fyrste omgang ord frå Lærdal (eller andre dialektar som interesserar meg for augneblinken), ord eg brukar, vil bruka, eller berre vil dela med folk. Av og til kan det nok og snika seg inn særeigne nynorskord (og no er eg inspirert av huset sine "ord for veka" frå i fjor), eller til og med ein kombinasjon av fleire ord i same innlegget (less is more er ikkje eit ordspårk eg klarar å leva etter).

Fyrste ord ut er (tada!): agaslaust
Dette er eit adverb eller adjektiv, som betyr noko slikt som "voldsom", "svært mykje". Kan brukast t.d slik: Han e no ein agaslaust kjekk kar, Det regna nåkke so agaslaust, Det e ein agaslaus austavind i dag

Eg kjem etterkvart med kjelder til påstandane mine om dei ulike orda og dialekttrekka, men nett no får det berre tru på meg (sjølv om nokon meinar eg diktar fritt når eg snakkar...)

(bilete: illustrasjonsbilete)

søndag 8. mars 2009

Meieriet og Odd´n

Eg har vore på studenthuset i Sogndal, Meieriet, i kveld med mamma og tantene. Trur nok det er nærare fem år sidan eg var der sist, so det var stor stas - særleg sidan det var Odd Nordstoga og hans flotte band som var grunnen. Det var (ekstra) avslutning av Veka, og ledige billettar sjølv for tilreisande frå Lærdal. Me like!
Litt moro å ha opplevd han i ulike settingar - på akustisk konsert i Logen, folkemuikkinstrumentbasert (oi, for eit ord!) på MålRocken, og no på skikkeleg band-vis på ei flott scene. Og for ein mann! Og for ein musikk! Som Tone tante sa: "Godt sagt!" - for tekstane er til å kjenna seg att i, musikken er fengande, og allsongfaktoren er stor. Eit vellukka arrangement, og ein vellukka kveld. Hurra for tanter som finn ut at konsert er ein fin ting, for meg som overtalar mamma, og mamma som er tøff og blir med - på Meieriet.

torsdag 5. mars 2009

Eit alternativ mindre?

Då veit me enno ein ting eg ikkje skal bli: norsklektor. Eller enno verre, lærar med norsk og engelsk som spesialisering. Berre synd det er det alle blir når dei går språk på HF, og ein av dei openberre moglegheitane mine. Men kanskje eg slepp om eg droppar oppgåva i litteraturhistorie...?

Where do I go, follow the river
Where do I go, follow the gulls
Where is the something
Where is the someone
That tells me why I live and die
Hair

Ja, det vart vist litt litt filosofisk her... Men no er eg heima, og skal ikkje skriva oppgåve på fire dagar! Eg skal berre lesa ein dansk roman, og ein norsk, og litt fonologi, norrøn grammatikk, og so nokre eventyr då.

tysdag 3. mars 2009

Syntaks?

Oppgåve:
1. Finn fram dagens Sogn Avis
2. Slå opp på fyrste sida, debattinnlegga, om "Lærdal, den raskaste kommunen i landet"
3. Fyrste utfordring: les teksten.
4. Andre utfordring: svar på spørsmålet "Kven gjer kva korleis?"

Ok, eg veit, ikkje alle som har so grei tilgang til Sogn Avis. Her kjem derfor eit utdrag av det som kan skapa hovudbry: "... og dersom det ikkje er umogleg gjennomfartstrafikken som står for desse lovbrota kan eg ikkje forstå korleis dei får det til når dei veit at det er kontroll langs vegen annakvar dag. Som eit plaster på såret for dei fartsglade lærdølene..."

Godt å sjå at det ikkje berre er ungdommen som slit med slike detaljar som syntaks, samsvarsbøying, antesedentar og teiknsetjing! (og ein smule realkunnskap)

søndag 1. mars 2009

Søndagskaffi og kortspel

Frida 885 poeng
Ingebjørg 625 poeng
Mari 437 poeng
Det er stoda etter mange timar kortspel i huset ein søndagskveld. Me er einige om at eg får hell i kjærleik, Frida har selt sjela si. Ok, eg er einig med meg sjølv om dette.

Kortspelet er ein del av søndagskaffien i heimen. Etter jul tenkte eg og Frida at det skulle vera søndagskaffi hjå oss fast, men det går ikkje heilt - rett og slett fordi me sjeldan er heima. Men Ingebjørg møter opp når me ein sjeldan gong er heima, og dermed vert det bollar, te og kortspel ut i dei små timar. Eit kortspel eg alltid tapar. Men neste søndagskaffi, då! Då...