måndag 16. mars 2009

Fåi

Ordet denne veka er eit ord eg vaks opp med og brukte heile tid. I løpet av vgs forsvann det litt for meg. Eg har teke det attende i det siste, men merkar at det ikkje vert brukt konsekvent og at det skapar ein del forvirring. Det er lærdalsordet for bak, rompe, røv osb, nemleg fåi. Eg lurer på om det og kan finnast ein dativvariant, fån.

Dette er eit ord eg ikkje har funne andre stader i Indre Sogn - ver velkomne til å retta når som helst - men eg har funne det i andre og fjernare dialektar: Hellbillies syng nemleg "og kyss me midt i fun" (dativ?) i Ikkje grav meg ned frå Sylvspente Boots-plata (ja, eg kan min Hellbillies...), og eg kjenner til ein kar frå Aust-Agder som snakkar om fua. Påverking frå Hallingdal kan lett forklarast, men so fjernt som Aust-Agder er det verre med. Antakleg er det eit ord frå norrønt som har levd vidare i desse dialektane, men kva dette ordet var har eg ikkje klart å ressonera meg fram til (og ordboka har ikkje vore til hjelp, snakk om 600 vekkasta kroner...)

Oppdatering: Mamma har komme med info. Fån er, som eg trudde, dativ. Det er mest brukt oppe hjå oss, lenger nede i dalen nyttar dei mindre dativ. I Årdal brukar dei og ordet fåi, men utan dativ (dei mista det før oss). Når andre i Indre Sogn kjenner til ordet, er det alltid i tilknyting til lærdøler og (alltid?) nedverdigande.

4 kommentarer:

  1. Ordboka kan ikkje hjelpe deg med andre ting altså? Eg regner med du ikkje kjøpte den kun for rompa di...
    (Eg skjønte ikkje heilt kordan ordet skulle brukes her...)
    :)

    SvarSlett
  2. Har desverre ikkje klart å bruka ordboka enno nei. Og på eksamen får me ikkje ta med eiga, so kva eg kjøpte den for skjønnar eg ikkje heilt.
    Fåi brukast nett so andre ord for bak - nett der det passar seg å snakka om slikt (som jo ikkje er alltid)

    SvarSlett
  3. Du får nok bruk for ordboka di på sikt får vi tro.

    SvarSlett