søndag 27. juni 2010

Kappleik

Utan mat og drikke... Derfor er det brødskiver før tevlingane, grilling i ausregn før dansekveldar og sjokoladebitar for å halda seg vaken på dei tidlegaste tevlingane etter seine dansekveldar.

Kappleik er ei verd i seg sjølv - ei undarleg verd. Bunad er kvardagsplagg, amatørar konkurrerar jamsides med profesjonelle, det vert dansa bygdedansar i tre salar i same hotell, og publikum har særs sterke meiningar om det dei får sjå på scena - alltid litt (mykje?) ueinige med dommarane. Kappleiksverda er undarleg, men å so moro. Seljord 2011 neste!

bilete: Anbjørg, Sigrid og Gunn Inger

måndag 21. juni 2010

Dromedarar

Hadde ikkje du og vorte litt nervøs om denne meldinga møtte deg på kjøleskapsdøri om morgonen? Eg må innrømma eg ein augneblink forventa einpukla ørkenskip i smøret, før eg vakna nok til å oppfatta at dette ikkje var ein beskjed frå eit velmeinande familiemedlem, men ei linje kjøleskåpspoesi.

Mamma har kjøpt magnetpoesi til oss (hurra fro Lærdal Mållag som ikkje er utselt for effektar frå Hauge-Tveitt 08!), og det vert spanande å sjå kva som kjem ut av at ein familie på fem kan vera kvardagsdiktarar. Ein forsmak:

søndag 20. juni 2010

Morgonstund

"Tidleg" morgon (det er trass alt dagen etter marknadsdansen, alt før middag er tidleg). Gata er folketom, bodene tomme, husa ventar på folk. Berre blomane er klare for ein ny marknadsdag - og so eg, på turistkontoret, då.

laurdag 19. juni 2010

Magasinet til Mariell

Eg står i Kvammegarden med graut og skravelete lærdalsjenter på sommarferie. Då kjem tidlegare kollega Jostein bortom, for å driva reklame. Kjærasten har gitt ut magasin, og mållaget sel. Eg tenkjer at "Jaja, eg er no ikkje heilt blakk," og stikk innom mållagsboda i ei ledig stund. Eg kjøper Ivar Aasen-handlenett, og heftet til Mariell kjem eg på i siste liten. 100 kroner og eit nesten-kyss frå ein lukkeleg Jostein seinare sit eg på jobb att og smiler. Pastellfarga og fullt av fotografar eg aldri har høyrt om, butikkar eg aldri har besøkt og kjolar eg aldri kjem inn i, og stappfullt av inspirasjon og kjærleik. I utganspunktet tenkte eg at eg får vel støtta desse unge, slitande kunstnarane. No lurer eg berre på korleis eg skal klara å bli fotograf - og kor mange som hadde blitt galde for eit Mariell-magasin til gebursdag eller jul. Stikk innom hjartesmil.blogg.no for inspirasjon, og ein overdose kjærleik, du og.

fredag 18. juni 2010

Literary Taste

Literature, instead of being an accessory, is the fundamental sine qua non of complete living. I am extremely anxious to avoid rhetorical exaggerations. I do not think I am guilty of one in asserting that he who has not been "presented to the freedom" of literature has not wakened up out of his prenatal sleep. He is merely not born. He can't see; he can't hear; he can't feel, in any sense. He can only eat his dinner. 
Arnold Bennet, Literary Taste (1909)

Å, kor eg gler meg til å ta fatt på tolkinga av slike bastante gamle menn! Kanskje ikkje objektiv sakprosa, men vakkert om litteratur er det.

onsdag 16. juni 2010

Ransäterstämman

Det regna i to dagar. Heile laurdagen vart brukt inne i teltet, lesande, sovande, skravlande. Men i femtida kravla fire nordmenn ut i dagen, for so å dukka inn i ein låve full av polska-dansande svenskar. Det tok nesten tolv timar før eg dukka ut att. Det vil sei, i mellomtida hadde me ein halvtimes matpause der rårakor og flesk vart konsumert - energi er viktig når ein skal knekka polska-koden - og eg måtte nyta sommarnatta utandørs litt, særleg når fire feler, to gitarar, skeier, tamburiner, mandolin og pappøskjer improviserte ei helsing til morgonen mellom låvane på Hembygdsgården.

Heldigvis lærte eg aldri å dansa polska - det er ikkje berre berre på eit fullt dansegolv der dansarane, heldigvis, legg att teori og pedagogikk heime. So då må eg attende neste år og - hurra! Og då satsar me på sol, i tillegg til dei mange timane med dans, det flotte teltet og det gode selskapet.

Bilete: Anbjørg klar for festivalivet

søndag 6. juni 2010

Bra by

I helgi har eg tenkt på kor godt eg likar Bergen. Hm, dette har eg visst sikkert skrive før, men det må fram eit par gonger i året. Altså: Bergen er toppers! Vel regnar det ein del her. Vel spelar ikkje Brann strålande denne sesongen. Vel er det graving og skumle bybaner i halve byen. Vel ventar eksamen i enden av ignorerings-tunellen. Men so skin soli, parkane vert samlingsstad, og alt er betre enn bra.

Gebursdagsfest og tur til byen. Kaffi, grilling og frisbee i parken. Gamle vener. Andre gebursdagsfeiring og fleire latterkuler med gode studievener. Vandretur heim i grålysinga. Verdas søtaste gryntande dyr i hagen. Solskin og blømande epletre i same hage. Film med vener. Å, for ein by! 
Bilete: Galning på heimveg.
Det kjekke hagedyret vårt.

torsdag 3. juni 2010

Forfattaren Edvard Munch

Ditt ansikt rommer tusinde slekter som er døde
og tusinde slekter som kommer
Edvard Munch, Madonna

Du sit på golvet i eit mørkt rom. Det skin litt regngrått lys inn vindauga bak i lokalet, men nede mellom beina til alle dei andre er det mørkt. Eit flygel og ei einsleg damestemme fyller scena, rommet, øyrene, hovudet. På baksida av dei lukka augneloka dine flimrar det bilete. Fragment av kjente måleri, og nye landskap, personar og stemningar framkalt av musikken og orda. Tenk å få so mange sanseinntrykk, i eit mørkt rom. Edvard Munch kjem aldri til å verta berre fyren som målte Skrik og Madonna att. Han kjem til å vera fyren som skreiv Skrik, Døden i sykeværelset, Sjalusi, Løsrivelse. Om det er dikt, skjønnlitteratur eller sakprosa veit eg ikkje - men det er vakker musikk når Ketil Bjørnstad og Kari Bremnes slepp laus på Nattjazzen.