søndag 6. juni 2010

Bra by

I helgi har eg tenkt på kor godt eg likar Bergen. Hm, dette har eg visst sikkert skrive før, men det må fram eit par gonger i året. Altså: Bergen er toppers! Vel regnar det ein del her. Vel spelar ikkje Brann strålande denne sesongen. Vel er det graving og skumle bybaner i halve byen. Vel ventar eksamen i enden av ignorerings-tunellen. Men so skin soli, parkane vert samlingsstad, og alt er betre enn bra.

Gebursdagsfest og tur til byen. Kaffi, grilling og frisbee i parken. Gamle vener. Andre gebursdagsfeiring og fleire latterkuler med gode studievener. Vandretur heim i grålysinga. Verdas søtaste gryntande dyr i hagen. Solskin og blømande epletre i same hage. Film med vener. Å, for ein by! 
Bilete: Galning på heimveg.
Det kjekke hagedyret vårt.

3 kommentarer:

  1. Sant sant. Fekk det faktisk med meg - men det gjorde ikkje so mykje frå eller til, helgi var so bra utan :)

    SvarSlett
  2. Åh, nå ga du meg hjemlengsel..! Bergen er en fantastisk by og jeg gleder meg stort til å komme tilbake om en halvannen måned!

    SvarSlett