tysdag 30. november 2010

Livet, døden og kjærleiken - hurra!

Etter ei noko deprimerande, men akk so inspirerande, veke når me fann fram til dei tristaste songane i verda, er me i gang med det som skulle verta ei lett og oppmuntrande veke – verdas gladaste songar. Om trist er subjektivt, er i alle fall glad det! Og ikkje klarar eg å ta denne konkurransen like seriøst – er det eit teikn eg bør ta alvorleg?

Eg har i alle fall enda med ei liste som seier noko om dei store spørsmåla i livet, denne gong og. Eg trur kanskje eg kunne teke alle songane frå Nordstoga-brørne, men har klart å halda meg unna. I staden enda eg med desse:

1. Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør (trad., Aasmund Nordstoga)
Døden. Om livet er ein fest, kvifor skal døden vera noko anna? Aasmund Nordstoga er den kjekkaste mjølkebonden på over førti frå Vinje me veit om, og so kan han attpåtil synga. Og det godt. Hans ”Kalle Petterson och Josefina” var ein sterk utfordrar til songen under – ingen bråkar när jag kommer, ingen grälar när jag går. Jag er ogift, vara lovat, här jag står!, men det måtte bli denne skal ein berre ha ein frå karen. Drikking, venskap, kvinnfolk, humor og ein som har sett spor etter seg – å bli vel motteken både hjå St. Peter og hinmannen kan vel ikkje vera det verste?

2. Giftasvisan (trad., her med Lyy)
Kjærleiken. Romantikaren i meg er kanskje, av og til/ofte, ueinig, men jammen meg er det godt å sleppa kynikaren til:
Tar man riker, blir man gärig, tar man fattig, felar mat
Tar man gammal, blir man knarrig, och tar man ung, så får man barn.  

3. Ta livet som det faller seg (Jungelboken)
Livet. Den skal vera på norsk. Det skal helst vera med film, eller i det minste rørsler. Den er optimisme og barndom. Finst det gladare bjørn enn Baloo?

4. Tiedemanns kafe (Postgirobygget)
Og so kjem romantikaren i meg farande inn frå sidelinja. Kjærleik på slutten av livet, litt melankolsk, men akk so fint. Og slikt vert ein glad av.

5. Yes (Merry Clayton)
Kjærleik. Punktum. Eller kanskje ikkje. Kanskje berre byrjinga - sjølv om det er rulletekstmelodien til Dirty Dancing. Romantikaren i meg kan ikkje stilnast...

søndag 28. november 2010

Isroser

Isroser på innsida. På utsida ein strålande blå dag. Kvite toppar, blå himmel, knøttsmå vattskyer, blå fjellsider. Soli når ikkje dalbotnen lenger, ho er kald og fjern. Blått lys. Ikkje eit grønt blad att ute, men heile skogar på innsida av ruta. Bregner, bjørkeris, reinsroser. Aude og kaldt, ute. På innsida berre vakkert forma blomar, som renn vekk om ein pustar på dei. So då let ein vera det - dei skal få bløma.

torsdag 25. november 2010

Sko

Iris Murdoch
Er det her dei endar opp, dei utgåtte, forbigåtte, gløymte, einsame? Dei som har levd livet i tosomheit, heng dei der no åleine? Nei, 
dei deler veggen med artsfeller, med maken, med forbipasserande. Fotgjengarar. Utslitne, men aldri uelska. Inspirasjon for dansande på veg heim ein laurdag kveld. Oppmuntring for vandrande gjennom byen ein søndag morgon.

onsdag 24. november 2010

Deluminator?

Korleis ein som har vore skodespelar halve livet berre vert dårlegare og dårlegare, fattar eg ikkje. Men resten vert heldigvis betre. Kanskje var det mine låge forventingar som gjorde det, men eg vart positivt overraska over "nyaste Harry Potter," som den jo kjem til å gå under fram til neste sommar. Åja, det er mykje å ta tak i når det gjeld skuffande detaljar, feil i høve boka, og kanskje nokre narratologiske bommertar. Og gubbevares, hadde det ikkje vore for at Daniel Radcliffe faktisk er Harry Potter, so burde guten fått sparken. Men eg syntes filmen illustrerte godt den venteetappen denne delen av siste boka faktisk er - tenksomheiten, det mørke, og det at ein lurer på om det eigentleg kan finnast ei løysing.

Ventinga vart kanskje forsterka for oss, sidan nokon hadde brukt ein deluminator på framvisarlampa og heile publikumet måtte flyttast til ein ny sal etter ein halvtime i mørkret. Ein sein kveld vart det dermed på oss, og inntrykket vart nok noko endra i høve andre sine kinoopplevingar. Men alt i alt er eg nøgd - der den fyrste var ein barnefilm, dei i mellom ubestemmelege og den førre ein noko pubertal ungdomsfilm, er Harry no vorten vaksen - saman med publikumet sitt, som likar å kjenna seg som ungar att i kinomørket. Og ungekjensla, og den såre kjensla etter ei stille gravferd på stranda, tek ein med seg etter at lyskulene er kome attende i spotane og over utgangane, og dermed er den siste Harry Potter ikkje so verst den.

fredag 19. november 2010

Saddest songs

Og so var det avgjort, kva som er verdas tristaste song - i følgje lesesalen på IF - og kven som er lesesalens tristaste. Den tittelen var det Ingvild som stakk av med, med denne lista:
1. Hope There's Someone - Antony & The Johnsons
2. And No More Shall We Part - Nick Cave & The Bad Seeds
3. Tonight - Lykke Li
4. Still My Body Aches - Thomas Dybdahl
5. Iris - Goo Goo Dolls

I tillegg skulle me kåra dei fem tristaste songane, også dette ved direktestemmer. Det vart sju (og i tillegg har eg ført på dei tre neste, slik at me får eit fint rundt ti-tal, i synkande rekkefølgje):
10. Why Does My Heart Feel So Bad? - Moby
9. Tears In Heaven - Eric Clapton
8. På nära håll - Kent
7. Jag hatar att jag älskar dig och jag älskar dig så mycket att jag hatar mig - Håkan Hellström
6. River - Joni Mitchell
5. Hope There's Someone - Antony & The Johnsons
4. The Funeral - Band of Horses
3. Don't It Look Like Rain - Jason Molina
2. Love Will Tear Us Apart - Joy Division
1. Strange Fruit - Billie Holiday

Noko av det kan, og vert, diksutert. Noko manglar heilt klart. Men det er jammen mykje vakker, sørgeleg musikk der ute, og å leita den fram må vera ein av dei finaste novemberaktivitetane som finst. Eg brukte i kvelden i går på golvet framfor omnen, med eit par akademiske tekstar og fire timar trist musikk. Det er ikkje den verste måten å nytta ein kald haustkveld. Du kan høyra (nesten) alle songane her. Du treng ikkje nødvendigvis høyra alle på ein gong...

tysdag 16. november 2010

Sad songs

As the quality of our lives decrease proportionally with the daily hours of sunlight, it is time, once and for all, to find out what is the saddest song of all time.

Ein diskusjon kring triste songar utarta seg, og slik vart "The Saddest Contest Ever" til. Ei veke, fem songar og litt avstemming seinare, skal den tristaste Spotify-lista i konkurransen, den tristaste songen i verda og den tristaste personen på lesesalen kårast. Ein morosam, absurd nok, konkurranse på mange måtar, sidan ein oppdagar musikk ein ikkje har høyrt på lenge, og må tenkja over kva som verkeleg rører ein.

Mi liste er som fylgjer (men kunne ha vore mykje lenger, og kan nok sjå heilt anleis ut i morgon):

5. Orda du gav meg - Odd Nordstoga
Orda er alt eg kan halda kring no. Og slik vert ein av dei flottaste kjærleikssongane i norsk språkdrakt til ein av dei tristaste. Ei linje er alt som skal til.

4. Empty Chairs at Empty Tables - Les Miserables
Skal ein høyra Les Miserables, skal det vera med Michael Ball som Marius. Og med Michael Ball som Marius finst det ingen musikalsongar med same rivande fortviling og vemodige avskjed. Og slikt må vera med på tristaste-lista. Kanskje vert denne pompøs i høve dei andre songane på lista, men av og til er sorga valdsam: Empty chairs at empty tables, where my friends will meet no more.

3. Heartache - A Girl Called Eddy
You can call him heartache frå Tears all over Town, det seier vel kanskje det meste? Elles er nok A Girl Called Eddy den ultimate haustmusikk, hjartesorgmusikk og synast-synd-på-seg-sjølv-fordi-oppgåva-ikkje-skriv-seg-sjølv-musikk.

2. Blåmann, Blåmann, bukken min (Aasmund Olavson Vinje)
Eg visste alltid kva som kom når bestemor strauk meg over hovudet og meinte eg burde sova. Det var oftast på stølen det skjedde, heima i Skjerdal gjekk det i Fager kveldssol smiler. Men på stølen, der song bestemor og bestefar Eg gjette Tulla og Blåmann, og eg turka stille tårer i halvmørket i køyesenga, eller krulla saman i fotenden av benken på Leim. I minnestunda til bestefar song me den - ikkje enno, Blåmann min. Mange år etter turkar eg enno tårer når Kirsten Bråten Berg syng Blåmann for eit fullsett Columbi Egg, eller eg kjem over den i ein ubevakta augneblink.

1. River - Joni Mitchell
Treng denne meir introduksjon? Verdas tristaste julesong, sungen av verdas såraste stemme. Tenk om ein hadde ei elv ein kunne sigla avgarde på...
 
Kva er dine sørgelegaste songar?

søndag 14. november 2010

Tradisjon

Noko ein gjer om att og om att (Repetisjon?) Nei, det er noko kosleg, noko ein gjer år etter år (?) Som det ein gjer på julafta, det er ein--- (Tradisjon!) Ja!

Haustfest brukte å vera tradisjon i ungdomslag rundt om. I år var det ikkje nok tradisjonsberarar i Bergen, og haustfesten vart forenkla - til tradisjonell dansefest. Det er no ikkje gale berre det, og når ein har eit teater som stiller opp med deler av eit stykke og flinke dugnadsfolk som bakar kaker til den store gullmedalje. So kunne gamle og unge stilla opp på skinande (glatt) golv, under glitrande lysekroner, og dansa reinlender til natta kom snikande.

Dagen derpå vart det kaffi i Huset, og Alias med "tradisjon" som eit av dei mystiske orda.

Klønete?

søndag 7. november 2010

fredag 5. november 2010

Mamma Mia

"...and for our more nervously disposed patrons, we warn that this show includes both white latex and platform shoes. Enjoy!"
Mamma Mia! (bilete: Stageway)

Og me naut, sjølvsagt. Vel er plottet tunt. Vel var lyden litt vekslande til tider - kva forventar ein vel av ein idrettshall? Vel irriterte klappinga - i uttakt - på rada bak meg. Men kva betyr vel det, når ein har ekte London-musikal i Bergen? Og når det er hit etter hit utan (lange) pausar? Når fire tusen menneske står og svaiar under "Mamma Mia!"? Suksess!

Men Les Mis på DNS sler det ikkje...

P.S. På veg heim tok me bilete av ein buss med "Ikkje i rute" på. Me vart ferska av sjåføren, so eg har berre bilete av han...

tysdag 2. november 2010

Om Jeriko, att

Ghaida, GoCY-ar i Noreg i fjor, skriv på KM-sidene om Jeriko sine 10 000 år, og kva dette betyr for byen og Palestina