onsdag 24. november 2010

Deluminator?

Korleis ein som har vore skodespelar halve livet berre vert dårlegare og dårlegare, fattar eg ikkje. Men resten vert heldigvis betre. Kanskje var det mine låge forventingar som gjorde det, men eg vart positivt overraska over "nyaste Harry Potter," som den jo kjem til å gå under fram til neste sommar. Åja, det er mykje å ta tak i når det gjeld skuffande detaljar, feil i høve boka, og kanskje nokre narratologiske bommertar. Og gubbevares, hadde det ikkje vore for at Daniel Radcliffe faktisk er Harry Potter, so burde guten fått sparken. Men eg syntes filmen illustrerte godt den venteetappen denne delen av siste boka faktisk er - tenksomheiten, det mørke, og det at ein lurer på om det eigentleg kan finnast ei løysing.

Ventinga vart kanskje forsterka for oss, sidan nokon hadde brukt ein deluminator på framvisarlampa og heile publikumet måtte flyttast til ein ny sal etter ein halvtime i mørkret. Ein sein kveld vart det dermed på oss, og inntrykket vart nok noko endra i høve andre sine kinoopplevingar. Men alt i alt er eg nøgd - der den fyrste var ein barnefilm, dei i mellom ubestemmelege og den førre ein noko pubertal ungdomsfilm, er Harry no vorten vaksen - saman med publikumet sitt, som likar å kjenna seg som ungar att i kinomørket. Og ungekjensla, og den såre kjensla etter ei stille gravferd på stranda, tek ein med seg etter at lyskulene er kome attende i spotane og over utgangane, og dermed er den siste Harry Potter ikkje so verst den.

1 kommentar:

  1. Skal sjå denne på fredag, og gler meg faktisk litt! Til tross for at filmar aldri kan måle seg med bøkene dei er bygga på, har Harry Potter nesten vorte ein tradisjon.
    Og så er eg jo så inderleg glad i Rupert Grint (Ronny), får nærast hjartebank kvar gong han viser seg på skjermen.

    SvarSlett