søndag 28. november 2010

Isroser

Isroser på innsida. På utsida ein strålande blå dag. Kvite toppar, blå himmel, knøttsmå vattskyer, blå fjellsider. Soli når ikkje dalbotnen lenger, ho er kald og fjern. Blått lys. Ikkje eit grønt blad att ute, men heile skogar på innsida av ruta. Bregner, bjørkeris, reinsroser. Aude og kaldt, ute. På innsida berre vakkert forma blomar, som renn vekk om ein pustar på dei. So då let ein vera det - dei skal få bløma.

3 kommentarer:

  1. Enig med Nina, der. Fin tekst også.

    Eg er nesten frisk igjen...

    SvarSlett
  2. Eg kan ikkje ant enn å sei meg enig med dei to andre; rett og slett flott!

    SvarSlett