Viser innlegg med etiketten ICY. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ICY. Vis alle innlegg

måndag 15. mars 2010

Jalla!

Fredag morgon pakka eg sekken. Eg sjekka og dobbelsjekka, men kom gong på gong fram til at eg hadde alt. Det eg alltid sakna var passet, men eg har jo skjønt det slik at ein ikkje treng det til ei helg på Dagali, uansett kor internasjonalt miljøet elles er. Vel inne på toget kom eg på at eg hadde gløymt tannkosten...

Men til Dagali kom eg, med nyinnkjøpt tannkost, saman med 11 andre. På hytta var det fem bergensjenter til, so me var 17 til saman på ICWeekend. Berre seks var ICYarar frå Oslo og Bergen, men me hadde, i tillegg til dei fem bergensarane, og lurt med oss tre CFCarar og tre GoCYarar (og ja, forkortingar er ein viktig del av KM (!)).

Helgi vart brukt på hyttevis - lange måltid, lange kortspel, aketurar og graving av hol,  ICY-aktivitetar og rebusløp i snøen. Og meir enn nok tid til å verta språkforvirra..

laurdag 5. desember 2009

Pynta pynt og spela spel


Eg er av dei som meinar at ein ikkje skal pynta til jul før det er jul. Ein kan ha stjerne i glaset og lilla dukar og lys her og der, men julepynten skal ein venta med. Men i år har det gått litt gale - dersom ein skal få nyta eit julepynta hus i Bergen må ein gjera det tidleg, og derfor er stova full av englar, og desse søte små står i glaskarmen min saman med den kenyanske elefanten. Og det er meir som har blitt pynta:

Utanfor lesesalen har masterstudentane ein stor del av gangen heilt for seg sjølve. Der har me eit par bord, kjøleskåp og sofa - alt ein treng for eit lukkeleg studentliv. Men gangen elles er trist, særleg sidan den einaste pynten me har ser ut som det er laga av lite estetisk medvitne orkar. Derfor har det vore eit tema gjennom heile november kva som kan gjerast med denne pynten - og i går, akkurat i det eg leverte den siste eksamenen min, kom Gunn Inger med blå julekuler. Dermed vart det pynting av pynten, før eg tok juleferie frå lesesalen.


Fyrste kveld i juleferien vart nytta saman med ICY på juleavslutning. Gløgg, pakkeleik og Store norske spillet, i tillegg til fleire latterkrampar og høglytte diskusjonar kring forfattarar og algar, og alt innimellom. Det er godt å ha ferie, pynta pynt, spela spel og vera med vener.

(Bilete: Julenissevener og elefanten.
Lesesalvener pyntar orkepynten.
ICY-vener trillar terning og spelar spel)

søndag 30. august 2009

Tomt hus

"Yes, Mum," var vel noko av det siste Bashir sa før me sa hade i dag tidleg. Eg hadde sett fram mat og maste om at dei skulle eta. Gale når ein vert mor til gutar tidleg i tjueåra når ein sjølv knapt er eldre...

I dag reiste altså palestinarane heim att, etter ti dagar i Noreg. Huset er rart tomt, og sjølv om det på mange måtar er godt å få råderett over stova si att, er det vemodig. Ein flott avskjedsfest i går avslutta opphaldet deira her, og utvekslinga vår for i år. Det er rart å tenkja på at det ikkje er sikkert me ser kvarandre att - men so kjem eg på songen Agnete og eg song i går, og so tenkjer eg at me gjer jo det: "Vi står i forbund over jorden all, så sikkert en gang og vi møtes skal", eller kva no teksten eigentleg er.

(Bilete: avskjedsmiddag hjå Magnhild)

P.S. Dette var blogginnlegg nr 300. Congrats til meg!

torsdag 27. august 2009

Personlege historiar

Å ha besøk frå Palestina er ikkje noko ein eigentleg har tid til veka semesteret byrjar att. Men det er svært kosleg då, å skravla kring frukostbordet, sitja oppe om kveldane, høyra kva dei synest om møtet med Noreg og Bergen. Ein tenkjer at det er ungdommar som oss, og det er dei. Men so høyrer ein dei fortelja om kvardagen sin.

Eg har vore i Palestina. Eg har møtt mange derifrå. Eg er over snittet interessert, og føl godt med. Men det er alltid like vondt å høyra om kva høve dei lever under. I kveld hadde me Palestina-kveld på Ynglingen, ein vellukka kveld med ein del besøkande, god mat og sterke historiar. Det var særleg to ting som traff meg svært: Mariam si sju år gamle syster som ber for maten. Ho ber om det som fell ho inn, men ho avsluttar med at ho ynskjer dei israelske soldatane døde. Ein sjuåring ynskjer nokon død - fordi dei rundt ho gjer det, det er det ho høyrer, det ho opplever, det ho veks opp med. Og Bashir, Bashir som alltid smiler og ler, som er litt frekk i kjeften og som seier det han meinar. Han fortel at han kunne drept, hadde han hatt våpen, når han vert audmjuka på checkpoints. Då skjønnar ein kor gale det er, kor audmjukande og håplaust det kjennest å ikkje vera fri i sitt eige land.

Me er heldige, som kan lea oss fritt. Me er heldige som kan ta det for gitt. Det er det svært mange som ikkje kan. Issa avslutta med å sei at dei ikkje vil at nordmenn skal vera i mot israelarar. Men palestinarane vil og vera frie, frie til å leva som andre i verda - og me som har den fridomen har eit ansvar om å jobba for å komma dit, både for dei og for andre i verda som ikkje er der enno.

måndag 24. august 2009

Palestinabesøk

Huset har dobla innbyggartalet sitt denne veka. Dei tre ekstra er ikkje nokon kven som helst heller, men vaskeekte palestinarar rett frå Beit Sahour, Betlehem. Dei er på utveksling hjå oss i Bergen ICY i ti dagar, og har fullpakka program - både for dei og oss.

Det er spanande å ha nokon frå ein annan kultur i huset - og som har eit anna stå-opp-mønster enn meg til dømes (mitt går jo ut på noko slikt som "søren søre, søren, kam gjennom håret og skive i handa medan eg spring til bussen", so eit anna enn dette er heilt normalt - og eigentleg lurt).

ICY har planlagt mykje program denne veka, og det vert nok moglegheiter for folk til å treffa dei besøkande både her og der. Mellom anna er studentmessa i Johanneskirken onsdag ein moglegheit, Torgallmenningen laurdag (?) og ikkje minst Palestina-kvelden på Ynglingen torsdag kveld. Og elles er bloggen til Bergen ICY eit heitt tips - der kan ein lesa om utveklsingsprogrammet og kva me finn på (dersom me rekk å oppdatera...)

måndag 29. juni 2009

Bergen ICY og Beit Sahour YMCA

I morgon fer ein delegasjon frå Bergen ICY til Palestina og våre nye og gamle vener i Beit Sahour. Me har starta utveklsing med dei, og medan nokre av oss (les: Einar, Magnhild, Agnete, Heidrun og Saliba) er svært klare til tur (reknar eg med), må dei hine av oss berre venta på gjenvisitt i august, og elles lesa bloggen til dei reisande: http://bergenicy.blogspot.com/.

søndag 19. april 2009

Det gode liv

"Det var liksom so plutseleg over," sa ei når me kom attende til byen. Dei fire andre nikka einig. Bergen er fin i fint ver, det er mykje bra folk her, og livet er generelt sett godt (når ein ser vekk frå eksamenspanikk) - men livet er enno betre i Skjerdal, når det er strålande sol, ingen tanke på skulearbeid og plikter, og ein har bra folk rundt seg.

Byfolka i ICY (vel, nokre av oss) fekk vårtur til Skjerdal, og dommen var einstemmig: Idyll! Paradis! Vakkert! og til og med eit par Her kunne eg budd... Og det er ikkje rart, for helgi har vore flott:
Magnhild på brygga nede ved fjorden. Grilling, skravling og bittelitt planlegging. Og diverse raude nasar, skallar og nakkar...Magnhild, Agnete og Einar i frukthagen, litt på leit etter lam, litt på tur.Skjerdal har mykje å by på for glade amatørfotografar frå "byd´n", mellom anna ein spanande fauna. Her var det Chili med Agnete ved sida og syskenbarn Gjøri oppå som skulle forevigast.Og so var det fjøsen, der Magnhild mellom anna vart kjent med killingane.Ein treng eigentleg ikkje gå lenger enn ut i hagen for å finna moro og utfordringar. Her er mine tre steg på slakk line foreviga. Saliba, Agnete og Einar på heimestølen Leim.

Ja, me var faktisk omlag like mykje ute som det ser ut på bileta. I tillegg hadde me sjølvsagt lange og rolege måltid, sightseeing på Vangen, og mengder av spel me gjerne ville gjennom (med varierande hell for dei fleste, heldigvis). Altså ein klassisk ICY-tur, utanom ein litt uplanlagt omveg om Vik pga stengt veg i Nærøydalen, og at me desverre ikkje var fleire. Men det var likevel ei strålande helg. Agnete, Einar, Magnhild og Saliba: takk for turen!

Ein kan lesa meir om turen, og sjå flotte bilete, på bloggen til Magnhild!

torsdag 8. januar 2009

Fakkeltog for fred

I kveld gjekk 3000 menneske i fakkeltog rundt DNS i Bergen. Samtidig gjekk folk roleg og sindig i fakkeltog i fleire andre norske byar og tettstader, medan dei i Oslo rasa rundt. Eg likar vår måte betre. Det er meir tyngd over eit tog av menneske som samlar seg om ei sak, går i same retning og som ikkje let seg stoppa av trafikklys og sure sjåførar, enn over ei lita gruppe galne ungdommar som øydelegg privat og offentleg eigedom, og regelrett skadar folk (og som kanskje ikkje bryr seg om konflikta ein gong?). Ingen kan sei at eit tog med 3000 menneske som bevegar seg sakte gjennom gatene gjer noko gale, men det kan ein om dei andre.
Eg likte fakkeltoget i Bergen. Det var eit felles arrangement med mange organisasjonar bak, mellom anna KFUK-KFUM Global. Derfor var og ICY der (sjølv om mange av oss nok hadde vore der uansett). Og ingen kan sei seg i mot kravet frå dette fakkeltoget: Våpenkvile no, og støtte til alle offer i konflikta. Ingen taking av sider, ingen slagord mot nokon, berre ein roleg gange og eit ettertenksomt følgje menneske som har lyst å endra verda, til det betre.
I kveld kom ein kanskje, kanskje eitt steg vidare ei våpenkvile, med forslag til FNresolusjon - men eg har mine tvil. USA er lite samarbeidsvillige, det same er Israel (sjølvsagt) og Hamas. Men som ICY snakka om - viss me ikkje kan håpar og tru lenger, kva kan me då gjera?
Så me fortset å tru og håpa, både på vit i FN, ro i Noreg og ikkje minst, ei gong i forhåpentlegvis ikkje så fjern framtid, fred i det/dei heilage landet/a. For det er og viktig at etter at røyken har lagt seg over både Oslo og forhåpentlegvis Gaza, etter at Israel har trukke seg ut eller "gjen"okkupert området - då må ein ikkje gløyma Palestina att. Ein må ikkje gløyma Vestbredden og Gaza, flyktningane og dei som har prøvd å leva normale liv innesperra i 40 år. Eit roleg fakkeltog gjennom gatene i Bergen - det kan me spandera på oss fleire gonger.

torsdag 11. desember 2008

Juleavslutning

Midten av desember er tida for juleavslutningar, på alle baugar og kantar. Og det er ikkje noko mindre enn grueleg kosleg!

I går var det førjulsfest for dansegjengen hjå ei av oss, og vel ti folkemusikarar og -dansarar var samla. Når eg forlot festlegheitane i totida, ljoma lyden frå tre hardingfeler ut over Skansen. Det er nok ikkje kvardagskost for naboane, men var svært moro å høyra på, og vera med på.

I kveld har det vore juleavslutning for ICY. Me har vore ein fin gjeng samla i huset, og ete store mengder snop, ledd og drukke julebrus. Etter eit par timar var me alle høge på både sukker, sjokolade og e-stoff... Det er bra gjengar, begge desse, og eg er godt nøgd med at me skal treffast att (seinast) over jul.

(bilete: Eit par av spelemennene. Sjokoladeleik med ICY)

søndag 7. september 2008

ICY på Stolmen

No er det offisielt tradisjon. Me har vore på hausttur til Stolmen i Austevoll tre år på rad, og dette året med fleire enn nokon gong før. 11 ICYarar frå Bergen og ein GoCYar frå Voss/Palestina har vore ei heil helg ved sjøen. Der har me fiska, rodd, solt oss, laga mat og elles kost oss som best med kan.

Eg har vore sjuk då... Men det prøvde eg å ignorera som best eg kunne, og utanom ei natt med feber og enorme mengder snytedukar har det gått greitt. Dagen min på land laurdagen vart brukt i solveggen med ei god bok, so sjølv om eg gjekk glipp av diverse fiskefanstar og ei skattejakt var eg nøgd. Problemet er vel at eg no har smitta resten av ICY.

Men det var ein fantastisk tur! Å setja seg i båten og oppleva ein fantastisk solnedgang til sjøs. Å eta nybakt brød og fersk steikt makrell til lunsj. Å vakna med sol inn glaset. Å dra ein gamal færing ut av naustet. Å spela kort til seint på kveld. Eg er glad dette er ein tradisjon - det betyr vel at me gjer det på nytt neste år?

De kan forresten lesa meir om turen vår på www.icy.no, eller hjå Magnhild

(bilete: Lina og Karina på fiske. Monica og Karina vinkar hade til sjuklingen)

tysdag 15. juli 2008

Journey for Justice

Eg har bestemt meg. Eg skal attende til Palestina ein eller annan gong. Eg har snakka med mange her heima om det - det er jo ei bygd med ein del menneske som er engasjerte i Jeriko, og dermed Palestina - men det vert ikkje med det fyrste. Ei som derimot får reisa til Palestina med det fyrste, er Magnhild. Ho fer saman med ei (sikkert flott) gruppe på Journey for Justice no på måndag. Med seg får dei vår reiseleiar frå olivenplanteturen, Maria. Heldiggrisane.
Dei har blogg, so der kan me alle følgja med på korleis det går med dei. Eg håpar det går bra og at dei får eit trygt opphald. At dei får eit spanande, opprørande, lærerikt og engasjerande opphald veit eg. God tur!

onsdag 23. april 2008

Fare thee well!

I dag hadde ICY avskjedskaffi for GoCYarane våre, Anne og Tshepo. Magnhild og eg byrja tidlegare i dag, med is på Bryggen, tur på Høyden og besøk på Naturhistorisk, som er noko alle bør få med seg, i følgje oss. Fleire gonger utbraut dei to "Why didn't I notice this before?" Rart at året har gått so fort, det er ikkje lenge sidan me spent mottok dei i ICY, klare for eit nytt år. Og i morgon fer Anne til Oslo og sidan Bangladesh, medan Tshepo fer heim til Sør-Afrika om ei veke.

Mamma sa ei gong at eg kjenner so mykje folk rundt om, eg er glad for at eg etter dette året kjenner enno fleire, eit par flotte jenter på kvar sin kant av kloden. Store frustrasjonar har det vore, men ikkje minst mykje latter, fine møte og morosame stunder.

Merkar at skuleåret byrjar å gå mot slutten no, på måndag slapp me seminar på grunn av finveret, tysdag var det ein månad til eg er ferdig med bachelor-graden, og i kveld sa me altså hade til nokon som har fulgt oss gjennom vinteren. Hurra for våren altså, men litt trist er det at den kjem med slike endringar. Godspeed!

torsdag 17. april 2008

I dag -

såg eg ei humle!

Bergen viser seg frå si beste side denne veka, ei side som gjer at folk strøymer ut av husa, ei side som gjer at fortaua er fulle av uteservering, ei side som gjer at bker vert lagt vekk til fordel for solbriller, rett og slett frå solsida! Eg har sikkert sagt det før, men eg seier det ein gong til: Eg likar Bergen i sol - og eg likar bergensarar i sol, dei er so blide :-)

I går var eg ute i soli so godt som heile dagen - ettermiddagen var nemleg sett av til solnyting, iseting og fotografering rundt om i byen. Knapt eitt bilete vart vellukka, men magemusklane fekk lattertrening - særleg då me krabba rundt på Bryggen med sjølvutløysar...

I ettermiddag vaska og sette eg ut hagemøblane våre, og ei eplekasse til bord. Fregnene mine fekk nye vener medan eg les omsetjingsteori i eigen hage. Og medan eg naut fulgesong, lukta av gras og humlesurring.

I kveld vart ICY-møtet flytt utandørs, og fire jenter sat rundt Haakon 7. på Bergenhus festning i solnedgangen.

Måtte det vara lenge...

onsdag 12. mars 2008

Engasjement for ei rettferdig verd

I kveld stel eg vilt frå bloggen til Anna, som bur i Beit Sahour, Palestina:

Vårt arbete handlar mer om att se till så att människor(oavsett vilka människor och vart i världen) får tillbaka sin heder, att inte bli kränkta dagligen, att inte behöva leva under hot eller känna sig hotade, att de har rätt att leva som människor, rätt att ha sin egen religion, rätt att tillhöra olika grupper oavsett åsikt, rätt att växa upp och leva i frihet och rätt att existera.
Det kallas mänskliga rättigheter. Och det ska gälla alla människor oavsett storlek!

Eg synes ho seier det so godt! Ho skriv i stor grad om palestinarane og deira problem, men det gjeld alle i verda, ikkje minst alle oss. Mange lever utan rettar, men me er og mange som kan sei frå om det. Kari i ICY er intervjua i siste nummer av kyrkjelydsbladet til Domkirken menighet i Bergen, Spor, og snakkar om kor viktig det er å få fram sanninga om kva som skjer i verda, og prøva å skapa endring og rettferd på bakgrunn av det.

Eg er engasjert på mange sider, innlegget mitt i går var sint og langt på grunn av angrep på mi målform, i dag er det eit litt rolegare og kanskje litt meir vemodig innlegg på bakgrunn av hendingar i Betlehem (sivilkledde soldatar frå Israel har skote fire palestinarar, alle ettersøkte og framtredande i kampen mot Israel, i Gamlebyen). Det viktigaste trur eg er at ein uansett let seg engasjera.

Forresten, snart kjem det nok eit meir useriøst innlegg. Hald ut!

søndag 10. februar 2008

VT i Fjordane

- gjer meg stuptrøytt
- gir meg gospelsongar på hjernen
- fjernar stemma mi
- får meg på gråten
- men fører og til at eg har vondt i lattermusklane
- gjer at eg kjenner kor glad eg er i senga mi
- og kor glad eg er i folka i heimfylket
- gjer meg stolt
- og lite klar for ei ny veke...

Tusen takk til alle som var i Førde - og til dei KM'arane som gjekk glipp av dette: Stakkars dykk :-)

P.S. Denne helgi burde eg eigentleg kunna delast og vore to stader samtidig, men det ser ut som resten av ICY klarte seg bra på vinterfestival på Voss utan meg :-)

tysdag 23. oktober 2007

Ungdommen no til dags

Magnhild (http://magnhild.genipabu.no/) er irritert i dag, fordi dei eldre ho møter på bussen er so uhøflege. Eg kjenner meg godt att, mange eldre er sjølvsagt svært koslege, men nokre er det ikkje - nett som med unge folk. Kvifor er det då alltid ungdommen som skal setjast i bås og kritiserast?

Den uengasjerte ungdommen
Ein vanleg torsdag i regntunge Bergen står ni ungdommar kledd i baderingar og fargerike klede på Torgallmenningen. I hendene held dei bøsser, på standen i bakgrunnen står flasker fulle av skite vatn og skilt med bilete av born utan ferskvatn, mat eller husvære. Dei samlar inn pengar til flomoffer i Bangladesh, og spør oppfordrande dei passerande: ”Har du ei krone for mykje?” ”Vil du hjelpa flomofra i Bangladesh?” ”Excuse me, do you have a minute?” (for dei er ikkje alle norske). Dei er i slutten av tenåra og byrjinga av tjueåra, dei har jobba med kampanjen i tre veker – og dei høyrer til dei ”uengasjerte.”
I ein liten kommune på Vestlandet står striden i valkampen om barnehageplassar og eldreomsorg. Ungdomane kjem i brakgrunnen. Dei er ikkje interessert i barnehagen – dei skal ikkje ha born på minst ti år. Dei er ikkje interesserte i eldreomsorga – dei skal ikkje ha foreldra sine innan systemet på minst tjue år. Dei er i slutten av tenåra og byrjinga av tjueåra, livet ligg framfor dei – og dei vert stempla som ”uengasjerte.”
Men å bruka ”den uengasjerte ungdommen” som eit felles uttrykk om dei unge vaksne, nyttar ikkje. ”Den uengasjerte ungdommen” finst knappast, og dersom han finst, er det fordi han ikkje engasjerar seg i det dei eldre vaksne forventar.

Attende til Torgallmenningen, Bergen, ein torsdag i september: Ni (uengasjerte?) ungdommar har stått kvar for seg i ein time. Bøssene i hendene har byrja å skrangla. Dei samlast om vassflaskene og bileta og diskuterar dei forbipasserande. Dei vaksne forbipasserande. I løpet av denne timen har om lag tjue personar stoppa opp hjå guten med baderingen, tre av dei var over trettifem år. Ingen av desse tre var kvinner. Det same gjeld for jenta i den oransje sjalet, sett vekk frå den eine kvinna som gav henne kompliment for sjalet, men ikkje la pengar på bøssa. Alle kan slå fast det same: Den uengasjerte ungdommen finst ikkje på Torgallmenningen, derimot er den full av nysgjerrig ungdom som gjerne gir av tid og pengar, som vil høyra om klimaendringar og humanitære krisar, og gjera noko med det. Men den uengasjerte vaksne finst der i stor grad – og den uengasjerte vaksne må ta tak i seg sjølv før det er for seint, og han har lagt all skuld på den engasjerte ungdommen.

(dette var byrjing og avslutning på ei av oppgåvene eg skreiv i Praktinf i haust)

søndag 14. oktober 2007

Hausttur til Stolmen


Hehe, mange av innlegga mine heiter noko med "haust" for tida, men det er det vel ein grunn til...

I helgi var Bergen ICY på hausttur til hytta til Endre på Stolmen i Austevoll. Der fekk me leika oss i bølgjene i båt, fiska mykje, ete mykje og spelt mykje. Seks ICY-arar kom til øya fredag kveld, dei to siste kom laurdag. Fredag kveld vart brukt til å reisa ut på sjøen og leika i bølgjene, og spela Bang. Mykje av laurdagen gjekk med til det same - ein sein morgon fulgt av fisking, Uno-speling og avslapping, litt ICY-aktivitetar og meir Uno-speling (eg leda fire rundar!) Søndag var litt tidlegare frukost, ICY-planlegging og enno meir fisking. I dag var det varmare, og me brukte litt tid nede hjå sjøen - fantastisk moro, til tross for sjøsjuke.

Det er godt å ha ei slik helg med mykje leik og sosialt liv, det er godt å bli kjent med gruppa på denne måten. Me er ikkje mange, men me er gode :-) Takk for ei fin helg folkens!