tysdag 15. juli 2008

Journey for Justice

Eg har bestemt meg. Eg skal attende til Palestina ein eller annan gong. Eg har snakka med mange her heima om det - det er jo ei bygd med ein del menneske som er engasjerte i Jeriko, og dermed Palestina - men det vert ikkje med det fyrste. Ei som derimot får reisa til Palestina med det fyrste, er Magnhild. Ho fer saman med ei (sikkert flott) gruppe på Journey for Justice no på måndag. Med seg får dei vår reiseleiar frå olivenplanteturen, Maria. Heldiggrisane.
Dei har blogg, so der kan me alle følgja med på korleis det går med dei. Eg håpar det går bra og at dei får eit trygt opphald. At dei får eit spanande, opprørande, lærerikt og engasjerande opphald veit eg. God tur!

3 kommentarer:

  1. Takk, Mari!
    Eg er utrolig spent no.

    SvarSlett
  2. Det skjønnar eg so vilt! du må ta bilete, du som kan det, og oppleva alt det du klarar!

    SvarSlett
  3. å di e heldige! hadde værtekt å vært me å plokka oliven ein gong:)

    SvarSlett