Skjerjehamn er ein gamal handelsstad med stor gjennomfart og betydning frå 1600-talet og framover. Villaen er nyoppussa, det gamle pakkhuset er restaurant og landhandelen er open heile sommaren. I tillegg er det i Skjerjehamn kong Olav bur no. For min del byrja festen onsdag med reisa til Ytre Sogn. Eg har aldri vore der ute, og å finna vegane var til tider spanande nok berre det. Men fram kom me, akkurat tidsnok til dei siste tonane på den fyrste konserten denne veka (kjømeistaren sa det so godt: "Hm, gifta meg, det har eg aldri gjort. Lat oss laga jazzfestival!")
Torsdag var det fjelltur som sto på programmet, og opp til heile 194 meter gjekk me. Høgaste fjellet på Byrknesøy. Eg lurer på om det er noko dei skryt av? Geologen Stein meinte iallefall at bergartane var noko dei kunne skryta av, med store render av kvarts som skar opp frå berget under.
Every dog has its day vart dedikert til brudeparet under konserten den kvelden. Real Ones viste seg å vera eit flott liveband, og måtte innatt med tre ekstranummer. Eg er litt vel begeistra kanskje, og nytta sjansen til å ta både konsertbilete og snikbilete av bandmedlemmar på bordet bak min kjære bror...
Fredag smilte vergudane som berre det, og ungane vart med meg på Gi eit lite vink. Eg er ikkje sikker på kven som koste seg mest, dei eller eg, men den som hadde dei beste gøymestadane var i alle fall Jon. Og dei som vart mest forundra over manglande reaksjon, var politimennene som kom i båt og stilte ungane det enkle spørsmålet "kva driv de med då?" "Gøymsel -ein -to- tre..." var svaret dei fekk, og vekk var ungane - og eg. Når eg endeleg fann att ungane, sto båttur på planen. Det vart fisking mellom skjæra, men dei yngste treivst og godt med fisking frå bryggekanten ved landhandelen. Der finst det nemleg både krabbar og brennmanetar, som kan vera lika spanande som torsk og makrell.
No er eg attende i kvardagen, eg jobbar heildag på turistinformasjonen Snakk om kræsjlanding - etter å ha vore høg på sjøluft, sukker, musikk og familiekos i fleire dagar er turistane skremmande kjedelege og vanlege. Heldigvis har eg tonnevis av bilete og sjå gjennom, og ein blogg eg kan dela nokre av dei på.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar