torsdag 31. juli 2008

How - why - where - what?

Det er siste dag på jobb for meg, og eg sit her og blar gjennom sitatboka frå sommaren. Me har nemleg sitatbok, for det er ikkje reint lite turistar har ut av seg.

Where were we again?
Det er ikkje alltid like lett å vita kor ein befinn seg når ein har reist langt og lenger enn langt. Mellom anna var det ein svenske som ikkje var heilt sikker på kor langt han var komme: "Är det denna stan vi är i nu?" spurde han og peikte på sentrumskartet. Eller austlendingane, stakkarar, dei har det ikkje greitt med geografien på Vestlandet: "Men Lærdal, hvem kommune er det da?" og "Lærdal Ferie- og Fritidspark, den ligger i... Sogndal?" Fjordane kan og vera vansklege å halda styr på: "Du, den her fjorden - Aurlandsfjorden... (Lærdalsfjorden, ja?) Ja. Jaha ja. Renner det en elv ut i Aurlandsfjorden her?"

Om Lærdal
Det er svært ulike tankar om Lærdal ute og går mellom turistane. Nokre snur seg til dei profesjonelle for å få hjelp i vansklege val når dei ikkje er kjent: "Soooo... Is Lærdal more beautiful or Aurland more beautiful?" (Og det skal eg, fødd (ok, nesten i alle fall) og oppvaksen i Lærdal, svara på?) Dei er og forvirra over forholda her, storleiken er ikkje alltid like lett å bestemma: "Vi leter etter hotellet her i byen!" sa bergensaren, og vart forvirra over svaret med informasjon om tre hotell, og ingen bystatus... At det er ein liten "by" er det andre som trur og, både geografisk: "Golfbane?! Hvor er det plass til det hen her da?" og når det gjeld tal bringebærdyrkarar, for å ta eit døme: "Det er en som driver med bringebær der. På Ljøsne. han leverer til Lerum også..." Ho vart ikkje mindre sikker når eg kunne informera om at det er titals bønder som gjer nett det. Levebrød er forresten noko som opptek fleire: "Why did people settle here in Lærdal?" spurte ein amerikanar. Ein annan amerikanar hadde funne svaret: "this village was founded because of the salmon, right?"

Amerikanarar
Amerikanarar er oftast dei med dei beste kommentarane (utanom austlendingane kanskje?) "Why aren't all these little shops open? It would be good for business if they were..." Og det hadde ho forsåvidt rett i. "What is the name of the rock that the mountain here are made from?" " Oh, it's the same picture, only different!" og " What an absolutely stunningly beautiful town! It must be wonderful to live here... Well, at least in summer..." er andre døme på vansklege spørsmål og kommentarar ein ikkje heilt veit korleis ein skal svara på. Men austlendingane er ikkje svært langt bak: "Du får snakke du, som kan språket," sa ein mann til kona si, som var sogning. Ein annan mann var svært begeistra når han kom inn på det flotte bankbygget turistinformasjonen ligg i: "Har kongen bodd her, ja?

Where can we find...?
Turistar er på leit etter so mangt. Dei vanlegaste tinga er, i fallande rekkefølgje (og dette er ein seriøs undersøking utført på ein post-it-lapp måndag 28.07.08): fiskekort, Aurlandsfjellet, ferja til Gudvangen, Flåmsbana, Borgund stavkyrkje, do og gåtur. Men det er sjølvsagt andre spørsmål og. Ein på leit etter vegen til Sogndal vart svært nedtrykt når eg la ut om tunnelar og ferje: "More tunnels? i'm starting to feel like a mole." Veg er nemleg eit vanleg spørsmål: "We are going on the street over the hill!" eller han som hadde forlese seg på brosjyrar om dei gamle vegane: " We are looking for a road built by goats!"
Middag er og noko folk er på leit etter. "Typical restaurant of here?" ville ein italienar vita. Eg var freista til å senda han til gatekjøkenet i Håbakken. Ein spanjol med engelskordbok var meir spesifikk: "Dinner - reindeer - where?" Og so er det dei som er mindre spesifikke i sine ynskje: "There should be a waterfall here somewhere..." Ein foss? Ein? "Where can we find a sauna?" var det ein italienar som ville vita, medan ein tyskar ville "see the fishermen fighting."
Ein del spørsmål kan og setja ein ut, som det som kom frå ein blasert og litt slapp nordmann (tenk Ari Behn): "Er det en sånn derre asiatisk butikk her? (Nei.) En innvandrerbutikk? (Nei.) Hvor har dere gjort av innvandrerne deres da?!"

Klassikarane
Til tross for fleire oppføringar i sitatboki enn før (av den enkle grunn at det er fyrste gong me har sitatbok), er desse døma likevel ikkje dei store klassikarane. Dei to viktigaste trur eg eg var vitne til i fjor. Ein amerikanar ville gjerne få bekefta alle fordommane sine om Noreg, og spurte optimistisk "Where do you get supplies from in winter?" Eg hadde lyst å svara at det vert slept frå helikopter eller noko slikt, men valte desverre å vera ærleg og svara at me har noko som er kjent som tunnelar. Eg er redd eg øydela ferien til eksotiske Noreg for han, stakkar.
Ein annan som nok fekk ei betre forståing, denne gong av naturgeografi og geologi, var ein svenske som sto og såg på postkorta lenge og vel. Så snur han seg, og spør om det som er alle turistarbeidarar sin draum/mareritt: eit spørsmål om fjordane! "Kor høgt over havet ligg eigentleg fjorden?"

(bilete: Gamle Lærdalsøyri og del av Sognefjorden. Begge stolne frå dataen på jobb.)

2 kommentarer:

  1. Fantastisk!! Eg og vil jobbe med sånne morsomme mennesker.
    Når kommer du til Bergen

    SvarSlett
  2. Hehe, litt underhaldande er det, men godt eg er ferdig no...
    Kjem nok til Bergen om to veker ca, tidsnok til skulestart

    SvarSlett