måndag 28. juli 2008

Turistnytt (-gamalt?)

Denne sommaren har gått skremmande fort! Eg er no inne i mi siste veke på jobb, dei to neste helgene skal bli brukte på festival, og so byrjar skulen att, skrekk og gru. Alt eg skulle lesa, alt eg skulle sjå, alt eg skulle bli flink på - det får bli til hausten. Ikkje vert eg brun heller, litt fordi eg jobbar innandørs no i finveret, litt fordi eg uansett vert meir skinande rosa enn vakker og gyllenbrun. Og då er det kanskje lika greitt at eg jobbar inne.

Men altså, siste veke, siste heildag, kanskje siste innlegg frå turistinformasjonen (det er nemleg ein viss fare for repetisjonar, det er ikkje alle turistar som er like originale...):
- 8.17: korleis komma seg med tog frå Åndalsnes til Lærdal? Ser du noko togbane i Lærdal? (Og kor er forresten Åndalsnes?)
- 9.44: då har eg funne ut at eg bør til Bergen innan torsdag 14. august. Giddar eg det?
- 10.32: mann med slange frå drikkeflaska i sekken kjem inn. Litt trist med den eigentleg, for elles ser han ganske bra ut.
- 11.12: "Bø!" Nei, min gode gamle mann, eg vart ikkje redd. Ikkje er det moro heller, at du seier "bø" i staden for "hei".
- 12.08: eg er på veg til å enten sovna eller krympa vekk. Lunsj hjelper mot det siste, so då satsar me på det
- 12.23: turen min til mat vart avbroten halvvegs, men det var eit kosleg avbrot - ein gamal klassekamerat ville ha fiskekort, og eg tvang han til å stoppa for ein prat. Me gjer eit nytt forsøk!
- 12.43: tyskarane som kom inn helste meg med "Grüss Gott". Det er lenge sidan sist, og det er kosleg
- 13.04: eg såg under skuffeseksjonen i skrivebordet. Det tør eg ikkje gjera ein gong til. det kan henda hybelkaninene (-mammutane) går til angrep
- 14.18: no er det jammen meg rett før eg byrjar å snakka nederlandsk og. Då er det på tide å slutta
- 15.46: nei, kart frå år 2000 er faktisk ganske nytt. Ein kan ikkje gi ut turkart kvart andre år, og ærleg tala er det ikkje all verdens so endrar seg her inne i fjorden heller
- 15.51: eg lurer på om det er tid for ein is snart. Sjefen er på jobb, so då passar det jo å snika seg ut ein tur.
- 15.52: eg lurer på kvifor i all verda eg ikkje har nokre interessante turistar å skriva om? Er dei alle blitt kjedelege, vanlege, gjennomsnitts og forutsjåelege? Eg er stygt redd for at svaret er ja
- 16.37: asiatane utanfor går med munnbind. I Noreg. I Lærdal. Trist at dei er so vant til det at dei ikkje tek det av seg på ferie ein gong
- 16.59: "Fery fhot! Veery hot!" sa japanaren og vifta seg hektisk. "Yes," svarte eg. Og so smilte me til kvarandre
- 17.09: det er ikkje sikkert det er so bra for samlivet å vera på ferie i bubil. Det verkar i alle fall ikkje slikt på det nederlandske paret som står og kranglar ved kortstativet
- 18.49: det er fem år sidan eg kom heim frå dansetur til Sverige og gjorde hallingspark på kontoret, noko som førte til ein blå fot, men eg har lyst å gjera det om att. Rastlaus!
- 19.02: då stenger eg for dagen. 68 besøkande har eg hatt, og spørsmåla har for det meste vore forutseielege. Rart med det, men fiskekort, stavkyrkja og Aurlandsvegen er gjengangararar... No set eg meg rett og slett ut i soli og pleiar rosafargen

2 kommentarer:

  1. Ser ut som du har lest mye selv om du føler det motsatte. Jeg har ikke lest en døyt i sommer, hvis du ikke regner en halv fantasy bok som Vidar absolutt skulle ha meg til å lese..hehe..Ellers så gleder jeg meg til Haugesund og Karmøy. Der blir det dansing på Sildajazzen og båttur i Lysefjorden og en tur opp på Preikestolen.

    Blir koselig å se deg igjen. Kose deg masse før kjøret begynner igjen. Jeg skal kose meg masse, selv om jeg tar med meg Bjørg Bækken sin engelske grammatikkbok fra 100 nivå. Er visst greit å repetere ifølge beskrivelsen på faget.

    SvarSlett
  2. Det trur eg absolutt det er. Du må storkosa deg på Sildajazzen - eg skal på Vinjerock og målrock og reknar med å kosa meg der i helgene som kjem :-)

    SvarSlett