tysdag 29. april 2008

Oppgåver

Eksamenstid. Skrekk og gru. Dårleg samvit og dårlege rutinar. At ein aldri lærer. Snart ferdig med bacheloren no, men det hjelper ikkje nemneverdig...

Eg burde ha skrive ei oppgåve no. Og so burde eg ha lese til eksamen, som nærmar seg skremmande. Det siste har eg gjort litt - men fyrst måtte eg sjekka e-post, sjekka facebook, lesa Dagbladet, lesa Porten, lesa bloggar - og sortera notatane mine frå den siste månaden, før eg bladde fremst i permen til notatane for januar/februar. Men eg er altså i gang.

Åja, ein ting til eg "måtte" fyrst, var å lesa ei oppgåve eg fekk tilsendt på e-post, sjå på engelsken. Og so ei eg fekk på skulen, sjå på norsken. Og so ei til eg fekk på e-post, sjå på samanheng. Og so den eg får på ein bærbar data som kjem tuflande inn frå kjøkenet, sjå på struktur. Fire oppgåver på to dagar - minus den eg sjølv skriv. Eg er jo likevel i pluss...

Og eigentleg likar eg det, ganske godt faktisk. Eg trur eg kunne blitt ein habil oppgåverettleiar - eg har iallefall raudfargen inne.

laurdag 26. april 2008

Kino

Eg trudde dette innlegget kom til å handla om å gå på kino åleine. Det var nemleg planen for i går, og eg har aldri gjort det. Det er nokre barrierer ein må komma over, mellom dei er å gå på kafe og på kino åleine.

Eg har ingenting i mot å gå på kafe åleine. Eller, eg ofte litt medviten om at eg er åleine når eg går inn døra, men det gir seg fort. Og eg har jo alltid lesestoff, so det er ein viss sjanse for at tida flyg nesten like fort so om eg skulle gått saman med nokon (nesten, eg må understreka det). Men kino, det har eg aldri gjort åleine, og eg veit ikkje heilt kvifor. Joda, det er noko stakkarsleg ved det, men på den andre sida er det jo minst like stakkarsleg å alltid må ha nokon å gå med, droppa å sjå ein film fordi ingen andre vil, og ikkje synast at eins eige selskap er nok. For det er det jo, eg er jo ofte nøgd med å vera åleina. Og eg trur og at når ein fyrst kjem over barriera med å gå på kino åleine, so har ein lettare for å nyta det seinare. Men det er kanskje eit poeng å velja filmen som skal få ein over denne barriera med omhu. Eg vart fortalt om ei som såg The Break-Up rett etter at det vart slutt med kjærasten, for å visa at ho kunne klara seg utan han. Ho har ikkje vore på kino åleine etter det.

Men, planen min gjekk i vasken, og for å vera ærleg, so er eg glad for det. Kino er ein ting som er godt å nyta med andre, fordi ein då kan snu seg til kvarandre og smila, snakka godt eller dårleg om skodespelarane etterpå, og ha kjensla av å dela noko. Ida ba meg med på 27 dresses, som uansett var planen for kvelden, og me hadde det kosleg både med skravling før filmen og med ein film som er underhaldande i augneblinken og som ein gløymer att etterpå.

No er det berre att for meg å gå på kino åleine ei an gong. Skal tru om det finst fleire filmar som får so dårlege kritikkar at andre nektar å sjå den med meg? Me får tru det. Men hei, innlegget handla faktisk om å gå på kino åleine...

onsdag 23. april 2008

Fare thee well!

I dag hadde ICY avskjedskaffi for GoCYarane våre, Anne og Tshepo. Magnhild og eg byrja tidlegare i dag, med is på Bryggen, tur på Høyden og besøk på Naturhistorisk, som er noko alle bør få med seg, i følgje oss. Fleire gonger utbraut dei to "Why didn't I notice this before?" Rart at året har gått so fort, det er ikkje lenge sidan me spent mottok dei i ICY, klare for eit nytt år. Og i morgon fer Anne til Oslo og sidan Bangladesh, medan Tshepo fer heim til Sør-Afrika om ei veke.

Mamma sa ei gong at eg kjenner so mykje folk rundt om, eg er glad for at eg etter dette året kjenner enno fleire, eit par flotte jenter på kvar sin kant av kloden. Store frustrasjonar har det vore, men ikkje minst mykje latter, fine møte og morosame stunder.

Merkar at skuleåret byrjar å gå mot slutten no, på måndag slapp me seminar på grunn av finveret, tysdag var det ein månad til eg er ferdig med bachelor-graden, og i kveld sa me altså hade til nokon som har fulgt oss gjennom vinteren. Hurra for våren altså, men litt trist er det at den kjem med slike endringar. Godspeed!

søndag 20. april 2008

Music or lyrics?

Ei solfylt helg i Bergen har gått svært roleg for seg, viss me ser vekk frå ein liten tur på Zachen natt til laurdag... Svært kosleg, moro, men ikkje på nokon måte roleg. Men som nemnt, me ser vekk frå den, og fokuserar heller på dei to avslappa dagane derpå.

Sol, veranda, grilling, bøker, is, radio og stereoanlegg, god mat og film. Det har vore innhald i denna helgi, og særleg har musikk og film vore i høgsetet som ein fin akkompagnør til soli. Og då kjem me inn på temaet: melodi eller tekst? Anja har ein tendens til å slenga ut armane og utbryta "Høyr no! Høyr no!" ved spesielle punkt i ein song, medan eg legg handa på bringa og seier "Den der altså..." Anja snakkar ofte om ein vri i rytmen, eit par ekstra slag på slagverket eller ei spanande basslinje, eg snakkar om ei tekstlinje som bit seg fast. Det er rart kva ein legg merke til i musikk, kva som vert det viktigaste. Er det melodien, at den er fengande, eller er det teksten, at den seier ein noko?

"It doesn't have to be perfect. Just spit it out. They're just lyrics." " "Just lyrics"?" "Lyrics are important. They're just not as important as melody." "I really don't think you get it." "Oh. You look angry. Click your pen." "A melody is like seeing someone for the first time. The physical attraction. Sex. "I so get that." "But then, as you get to know the person, that's the lyrics. Their story. Who they are underneath. It's the combination of the two that makes it magical." (frå Music and Lyrics) Kanskje det er svaret?

Men attende til meg (det er det som er so fint med å ha personleg blogg, ein kan fokusera heilt på seg sjølv...): Tekstlinjer som plutsleg sit fast i meg er noko av det moroaste eg veit. Eg kan gleda meg lenge til å høyra nett den spesielle linja, og nye kjem til heile tid. I det siste har eg oppdaga Aftenlandet sine Jakob Sande-viser, og frå Andante Funebre har eg forelska meg i setninga "Så spelar vi femkort om kvar si sjel". Rent har jo tonnevis med gode tekstsnuttar, men til dømes "Why Dorothy and Toto went over the rainbow / To blow off auntie Em!" er ein favoritt. Ella Fitzgerald har i A Foggy Day "The British museum had lost it's charm" og min nye vårfavoritt, Di Derre, har "Og når noia blir for gærn og telefonsvareren svarer galt..." Dei kan få sagt det!

Overgrep mot sivile

Les denne artikkelen på Dagbladet i går, om israelske soldatar som står fram og fortel om overgrep, tortur og trakassering av palestinarar, særleg i Hebron. Dette forundrar meg ikkje, men er likevel trist å lesa. Men kanskje ikkje rart at slikt skjer? Når ungdom, som er opplært i at det andre folket som lever i byen er fienden, får makt til å undertrykkja denne fienden, er det rart dei gjer det? Det er haldningane som må gjerast noko med, og busetjingane som gjer dei enorme mengdene soldatar "naudsynt" (400 busetjarar, 2000 soldatar i Hebron). Då er det godt organisasjonar som dette, og andre israelske, palestinske og internasjonale organisasjonar, set lys på saken. Hadde det berre hjelpt...

torsdag 17. april 2008

I dag -

såg eg ei humle!

Bergen viser seg frå si beste side denne veka, ei side som gjer at folk strøymer ut av husa, ei side som gjer at fortaua er fulle av uteservering, ei side som gjer at bker vert lagt vekk til fordel for solbriller, rett og slett frå solsida! Eg har sikkert sagt det før, men eg seier det ein gong til: Eg likar Bergen i sol - og eg likar bergensarar i sol, dei er so blide :-)

I går var eg ute i soli so godt som heile dagen - ettermiddagen var nemleg sett av til solnyting, iseting og fotografering rundt om i byen. Knapt eitt bilete vart vellukka, men magemusklane fekk lattertrening - særleg då me krabba rundt på Bryggen med sjølvutløysar...

I ettermiddag vaska og sette eg ut hagemøblane våre, og ei eplekasse til bord. Fregnene mine fekk nye vener medan eg les omsetjingsteori i eigen hage. Og medan eg naut fulgesong, lukta av gras og humlesurring.

I kveld vart ICY-møtet flytt utandørs, og fire jenter sat rundt Haakon 7. på Bergenhus festning i solnedgangen.

Måtte det vara lenge...

tysdag 15. april 2008

Kafébesøk og familieskryt

I dag skin soli i Bergen, og eg har ikkje på nokon måte vore god student - derimot har eg lokka vener ut på ville vegar, og ein times lunsj med folk frå klassen og to og ein halv times skravling på kafe nr. 2 med ei tidlegare klasseveninne var resultatet. Kva skjedde med lesinga? Jo, den utset me til ein regnversdag... Planane for kvelden er nemleg "To Tårn" med Magnhild, so her vert det lite konsentrasjon.

Men eg skulle ikkje berre skriva om kor dårleg student eg er (eller kor mykje peng som går med på kafebesøk), men derimot å skryta av familien min, som overskrifta kanskje reflekterar. I helgi hadde nemleg koret i Aurland og Lærdal stor konsert, og med mamma og onkel i koret og onkel i orkesteret er det vel lov å vera litt stolt? No har eg ikkje snakka med nokon av dei om korleis det gjekk, men i følgje Porten var det flott (Men kan dei eigentleg skriva noko anna? Nei, me satsar på det var ein suksess til det motsette er bevist). Desverre fekk eg ikkje med meg nokon av konsertane, men koret dumma seg ikkje loddrett ut på "førpremiera" for to veker sidan (nesten ikkje iallefall), so eg har no sett dei i aksjon.

Forresten, grunnen til at eg ikkje kunne heim til konsertane denna helgi er at eg var i Førde på LiV-kurs. Eg har jo skrive før at denne gjengen er ein inspirasjon, og det held eg fast ved. Til tross for kul i hovudet (ja, det går hardt for seg...) var det ei flott helg, som gir håp for ei god framtid for KM i Sogn og Fjordane (og ja, me er ein krins no, offisielt)

måndag 14. april 2008

Engler daler ned i skjul...

Monica sa det når me sat på bussen heim: "Eg er nervøs eg, eg tør ikkje vera åleina heima meir no. Og so i Bergen då!"

Kva som var forhistorien til dette utbrotet? Jau, i kveld har jentene i huset sett Varg Veum - Falne Engler. Magnhild åtvarte meg om at me kom til å skvetta, og det skjedde. Gjespinga på bussen ned forsvann fort i gisp, og når skjermen etter to timar går over i svart og øverste del av rulleteksten ("Varg Veum - Trond Espen Seim") viser seg, trekk heile kinosalen pusten på likt. Jepp, det er ein film der ein held pusten - ikkje ein einaste stad passar det stoppa opp, pusta inn og knekka opp nakken som har stivna heilt i spenning. Og i tillegg skil filmen seg so mykje frå boka "Falne engler", som er einaste Varg Veum-bok eg har lese til no, at spenninga ikkje forsvinn (utanom på ei punkt, men det er ikkje nøye), i tillegg til at ein slepp å irritera seg over alle avvika - fordi det er ein ny historie. Og ein bra historie. Filmen har fått gode kritikkar, ikkje berre i BT (som venta?) men og i VG og Dagbladet til dømes. Rykte (ok, meir enn rykte) går og om seks nye Veum-filmar. Rekk opp handa alle som er for...

Men nett no spørst det då altså om nokon tør å vera åleina heima nokon gong. I Bergen.

torsdag 10. april 2008

Raudhette

Søndagen har eg jo allereie skrive om, men ein ting eg ikkje nemnte var at me såg Roald Dahl-dikt på DVD, Magnhild og eg. Og når eg no sit her og skal gjera fornuftige ting, so kjem eg på dei att, og må dela ein klassikar med dykk:

Little Red Riding Hood and the Wolf
As soon as Wolf began to feel
That he would like a decent meal,
He went and knocked on Grandma's door.
When Grandma opened it, she saw
The sharp white teeth, the horrid grin,
And Wolfie said, "May I come in?''
Poor Grandmamma was terrified,
"He's going to eat me up!'' she cried.

And she was absolutely right.
He ate her up in one big bite.
But Grandmamma was small and tough,
And Wolfie wailed, "That's not enough!
I haven't yet begun to feel
That I have had a decent meal!''
He ran around the kitchen yelping,
"I've got to have a second helping!''
Then added with a frightful leer,
"I'm therefore going to wait right here
Till Little Miss Red Riding Hood
Comes home from walking in the wood.''
He quickly put on Grandma's clothes,
(Of course he hadn't eaten those).
He dressed himself in coat and hat.
He put on shoes, and after that
He even brushed and curled his hair,
Then sat himself in Grandma's chair.
In came the little girl in red.
She stopped. She stared. And then she said,

"What great big ears you have, Grandma.''
"All the better to hear you with,'' the Wolf replied.
"What great big eyes you have, Grandma.''
said Little Red Riding Hood.
"All the better to see you with,'' the Wolf replied.

He sat there watching her and smiled.
He thought, I'm going to eat this child.
Compared with her old Grandmamma
She's going to taste like caviar.

Then Little Red Riding Hood said, "But Grandma,
what a lovely great big furry coat you have on.''

"That's wrong!'' cried Wolf. "Have you forgot
To tell me what BIG TEETH I've got?
Ah well, no matter what you say,
I'm going to eat you anyway.''
The small girl smiles. One eyelid flickers.
She whips a pistol from her knickers.
She aims it at the creature's head
And bang bang bang, she shoots him dead.

A few weeks later, in the wood,
I came across Miss Riding Hood.
But what a change! No cloak of red,
No silly hood upon her head.
She said, "Hello, and do please note
My lovely furry wolfskin coat.''

Roald Dahl

måndag 7. april 2008

Latterkrampe og lange flate

Jepp, i kveld har huslyden endeleg somla seg ut dørene for å sjå Lange flate ballær 2 (ja, eg veit på tide, ikkje sant Ingrid?) Og sidan me allereie var overtrøytte og lattermilde etter å ha gått gjennom heile Dagfinn Lyngbø sitt show, på kinarestaurant, vart dette og ein moro oppleving - både for oss og medpassasjerane på bussen heim, som fekk alle vitsane servert på rekke og rad. Enkel humor, men d et funkar. Og eg veit kritikarar har sagt at "det er so lite sannsynleg" - ja, men einaren var no ikkje mykje betre: Noreg til VM (finale) og FFK som vinn alt som er...? Don't think so...

I tillegg byrjar kinolista å få nokre utstrykingar, men mykje gjenstår - og mykje kjem til. Korleis skal ein rekka alt dette...?

søndag 6. april 2008

Helg i Bergen

I løpet av eit år får eg ikkje ekstremt mange helger i Bergen, tida går mykje med til farting rundtom eller heimom, og so fine helger som denne er heller ikkje vanlege. Helgi er heldigvis ikkje over enno, men eg skriv likavel eg...

Dagen i går gjekk med til oppgåveskriving - men eg skal spara alle for klaging over lite stoff og vanskleg tekst. Det kjem nok snart uansett. Men oppgåva vart iallefall klar til innlevering.

Om kvelden for Monica og eg på kino, og eg fann ut at om ein skal finna seg ein kjekkas må ein reisa til Irland, for det var det jenta i P.S. I Love You (trailer) gjorde. Det var ein film eg visste eg kom til å gråta av - og det slo til. Men det var god gråting, tårer som rann roleg og kledeleg (eller ikkje) nedover kjakane, og som fort forsvann i latter. Og når nokon seier "What do you want? I know what I want, cause I'm holding it in my hands", so må du berre gi etter og leva med...

Etterpå gjekk me på Egon og åt baconcheeseburgar. Ein vakker dag skal eg finna på noko anna å eta når eg er på Egon (og gå ut og eta ein an plass...), men ikkje før eg er lei - og det vert nok ei stund til. Det er noko trygt i det å vita at ein kan bestilla noko ein veit ein likar. Kanskje kjedeleg, men trygt. Akkurat som at eg likar best å laga pizzaen sjølv, for då veit eg at eg vert nøgd, eller kan skulda på meg sjølv. Kvelden vart avslutta heime i vår eiga stove, med det store bileta-må-hengast-opp-på-veggen-prosjektet. Resultatet er me godt nøgde med, og på ein vegg i stova har me no bilete av "familien" (nesten, Anja manglar enno).

I dag har det vore SOL i Bergen by! Og alle, og det verkar nesten som det ikkje er overdriving, var ute på tur. Magnhild og eg og, opp i Svartediket. I ein sving sette me oss på ein benk og åt brownie (som minna meir om karamell, eg skjønnar ikkje kva som har skjedd med oppskrifta mi...) og såg på utsikta, medan me ignorerte ein litt sur vind og påsto at våren er komen. For akkurat no kjennest det verkleg slik, og at våren og inneber eksamen og oppgåver - det utset me til i morgon.

Forresten, Magnhild har lova bilete frå turen på si side, so føl med der :-) Og til æra for våren som me no påstår har komme (viss me ser glatt vekk frå haglbygene på fredag) har det komme nytt Hauge-dikt i venstremargen. Nyt!

fredag 4. april 2008

Kreativiteten blomstrar

I huset har me fått ei ny sysselsetjing, nemleg diktskriving. Det er noko so enkelt som at eg kjøpte magnetpoesi på Norli, og so var me i gang. Ord frå min kjære Olav og Geirr Tveitt prydar no kjøleskåpet vårt (saman med eit bilete av Trond Espen Seim, uunngåeleg i desse Varg Veum-tider...) Og kreativiteten blomstrar altså, både frukost, middag og legging tek litt ekstra tid når ein må lesa det som er komme sidan sist eller setja nokre gullkorn på kjøleskåpet sjølv.

Her er eit døme på kva seine nattetimar kan skapa, når ein har fine ord til hjelp:

slik er eg
rodnar berre eg
kjem i snakk
med han
verte sæl
av skugge frå han
du er draumar
kvite som sumarnatta

Sjokolade vs. kyssing

I følgje forskning.no gir sjokolade større og meir langvarig nyting enn kyssing. Det er me for!

onsdag 2. april 2008

Sol!!!

I dag er det varmt og godt i Bergen (gradestokken viste ein augneblink 28 grader, men det var etter å ha hunge midt i solveggen i nokre timar...) Og det er altså sol. I den anledning kjem det her ei liste over songar (på dataen min), med sun eller sol i seg. Kom gjerne med forslag til fleire, slik at eg kan utvida vårrepertoaret mitt...

- The Kinks - Waterloo Sunset
- Frå "Annie get your gun" - I got the sun in the morning
- 3 Doors Down - Away from the sun
- The Beatles - I’ll follow the sun
- U2 - Staring at the sun
- Nightwish - Sleeping sun
- Frå "Hair" - The Felsh failures (Let the sunshine in)
- Louis Armstrong - On the sunny side of the street
- Keane - Sunshine
- Bill Withers - Ain’t no sunshine
- The Beatles - Good day Sunshine
- Frå "Sunset Boulevard" - Sunset boulevard
- Frå "Hair" - Good morning Sunshine
- U2 - The three sunrises
- Spiderbait - Sunshine on my window
- Postgirobygget - En solskinnsdag
- Dåm - Solbøn
- Dåm - Nu solen går ned
(Biletet må vel reknast som illustrasjonsfoto, då det er teke frå andre sida av dalen for to år sidan...)

tysdag 1. april 2008

Gratulerar Eirik!

No har klokka passert midnatt til 1. april, og min kjære bror Eirik har gebursdag. Eg feirar med å legga ut eit bilete av han som han ikkje vert særleg nøgd med...
No har eg berre ein bror i tenåra, hurra! Det vart litt mykje med to. Men mine foreldre har no to ungar i tjueåra.

1. april er ein slik dag som ingen trur at ein kan ha gebursdag på, men det er faktisk nummer to på lista over dagar med flest fødde i Noreg! So alle aprilsnarrar - the laugh is on you :-)
Forresten, viss nokon prøver å lura meg med noko i morgon /dag vert det kless...!