Monica sa det når me sat på bussen heim: "Eg er nervøs eg, eg tør ikkje vera åleina heima meir no. Og so i Bergen då!"

Kva som var forhistorien til dette utbrotet? Jau, i kveld har jentene i huset sett
Varg Veum - Falne Engler. Magnhild åtvarte meg om at me kom til å skvetta, og det skjedde. Gjespinga på bussen ned forsvann fort i gisp, og når skjermen etter to timar går over i svart og øverste del av rulleteksten ("Varg Veum - Trond Espen Seim") viser seg, trekk heile kinosalen pusten på likt. Jepp, det er ein film der ein held pusten - ikkje ein einaste stad passar det stoppa opp, pusta inn og knekka opp nakken som har stivna heilt i spenning. Og i tillegg skil filmen seg so mykje frå boka "
Falne engler", som er einaste Varg Veum-bok eg har lese til no, at spenninga ikkje forsvinn (utanom på ei punkt, men det er ikkje nøye), i tillegg til at ein slepp å irritera seg over alle avvika - fordi det er ein ny historie. Og ein bra historie. Filmen har fått gode kritikkar, ikkje berre i
BT (som venta?) men og i
VG og
Dagbladet til dømes. Rykte (ok, meir enn rykte) går og om
seks nye Veum-filmar. Rekk opp handa alle som er for...
Men nett no spørst det då altså om nokon tør å vera åleina heima nokon gong. I Bergen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar