tysdag 15. april 2008

Kafébesøk og familieskryt

I dag skin soli i Bergen, og eg har ikkje på nokon måte vore god student - derimot har eg lokka vener ut på ville vegar, og ein times lunsj med folk frå klassen og to og ein halv times skravling på kafe nr. 2 med ei tidlegare klasseveninne var resultatet. Kva skjedde med lesinga? Jo, den utset me til ein regnversdag... Planane for kvelden er nemleg "To Tårn" med Magnhild, so her vert det lite konsentrasjon.

Men eg skulle ikkje berre skriva om kor dårleg student eg er (eller kor mykje peng som går med på kafebesøk), men derimot å skryta av familien min, som overskrifta kanskje reflekterar. I helgi hadde nemleg koret i Aurland og Lærdal stor konsert, og med mamma og onkel i koret og onkel i orkesteret er det vel lov å vera litt stolt? No har eg ikkje snakka med nokon av dei om korleis det gjekk, men i følgje Porten var det flott (Men kan dei eigentleg skriva noko anna? Nei, me satsar på det var ein suksess til det motsette er bevist). Desverre fekk eg ikkje med meg nokon av konsertane, men koret dumma seg ikkje loddrett ut på "førpremiera" for to veker sidan (nesten ikkje iallefall), so eg har no sett dei i aksjon.

Forresten, grunnen til at eg ikkje kunne heim til konsertane denna helgi er at eg var i Førde på LiV-kurs. Eg har jo skrive før at denne gjengen er ein inspirasjon, og det held eg fast ved. Til tross for kul i hovudet (ja, det går hardt for seg...) var det ei flott helg, som gir håp for ei god framtid for KM i Sogn og Fjordane (og ja, me er ein krins no, offisielt)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar