laurdag 26. april 2008

Kino

Eg trudde dette innlegget kom til å handla om å gå på kino åleine. Det var nemleg planen for i går, og eg har aldri gjort det. Det er nokre barrierer ein må komma over, mellom dei er å gå på kafe og på kino åleine.

Eg har ingenting i mot å gå på kafe åleine. Eller, eg ofte litt medviten om at eg er åleine når eg går inn døra, men det gir seg fort. Og eg har jo alltid lesestoff, so det er ein viss sjanse for at tida flyg nesten like fort so om eg skulle gått saman med nokon (nesten, eg må understreka det). Men kino, det har eg aldri gjort åleine, og eg veit ikkje heilt kvifor. Joda, det er noko stakkarsleg ved det, men på den andre sida er det jo minst like stakkarsleg å alltid må ha nokon å gå med, droppa å sjå ein film fordi ingen andre vil, og ikkje synast at eins eige selskap er nok. For det er det jo, eg er jo ofte nøgd med å vera åleina. Og eg trur og at når ein fyrst kjem over barriera med å gå på kino åleine, so har ein lettare for å nyta det seinare. Men det er kanskje eit poeng å velja filmen som skal få ein over denne barriera med omhu. Eg vart fortalt om ei som såg The Break-Up rett etter at det vart slutt med kjærasten, for å visa at ho kunne klara seg utan han. Ho har ikkje vore på kino åleine etter det.

Men, planen min gjekk i vasken, og for å vera ærleg, so er eg glad for det. Kino er ein ting som er godt å nyta med andre, fordi ein då kan snu seg til kvarandre og smila, snakka godt eller dårleg om skodespelarane etterpå, og ha kjensla av å dela noko. Ida ba meg med på 27 dresses, som uansett var planen for kvelden, og me hadde det kosleg både med skravling før filmen og med ein film som er underhaldande i augneblinken og som ein gløymer att etterpå.

No er det berre att for meg å gå på kino åleine ei an gong. Skal tru om det finst fleire filmar som får so dårlege kritikkar at andre nektar å sjå den med meg? Me får tru det. Men hei, innlegget handla faktisk om å gå på kino åleine...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar