
I huset har me fått ei ny sysselsetjing, nemleg diktskriving. Det er noko so enkelt som at eg kjøpte
magnetpoesi på Norli, og so var me i gang. Ord frå
min kjære Olav og Geirr Tveitt prydar no kjøleskåpet vårt (saman med eit bilete av
Trond Espen Seim, uunngåeleg i desse
Varg Veum-tider...) Og kreativiteten blomstrar altså, både frukost, middag og legging tek litt ekstra tid når ein må lesa det som er komme sidan sist eller setja nokre gullkorn på kjøleskåpet sjølv.
Her er eit døme på kva seine nattetimar kan skapa, når ein har fine ord til hjelp:
slik er eg
rodnar berre eg
kjem i snakk
med han
verte sæl
av skugge frå han
du er draumar
kvite som sumarnatta
Ke kosta sånn magnetpoesi?
SvarSlett150 kr på Norli i Bergen (og Oslo?) Andre stder kan det vera vanskeleg å få tak i på nynorsk trur eg, men sjå på linken "magnetpoesi", der står det kor dei sel HT-ord
SvarSlett