måndag 24. desember 2007

Vinter og julefred

No har julefreden senka seg over huset i Sande. Det er tjue minuttar til sølvgutane syng jula inn, og til vanleg er det panikk i heimen på dei tider. Men i år tek me det med ro, for Eirik sendte nettopp melding om at han får gå før frå jobb, so då ventar me på han. Altså er det roleg, det er gudsteneste på radioen, Olve legg frukt på fat og det byrjar å lukta pinnekjøt i huset. Dei vanlege førjulstradisjonane er fulgt i år og, med besøk her og der, eit par stressa damer (meg og mamma) og alt som høyrer til. Og alt i juldegrader og glitrande vinter.
No skal det seiast at vinteren er på veg avgarde - det har stige frå -3 til +2 i løpet av dagen. Men før det gjekk so langt fekk me nyta det beste vinteren har å by på - og noko den ikkje har bydd på på mange mange år (30, sa min onkel Harald). Nemleg skøyteis på Aurlandsfjorden! I går var me i Skjerdal på julelunsj, og hadde med skøyter (dei få som er store nok). me var mange på isen, og sjølv om det knaka godt under oss hadde me ein flott time ute på den glatte flata - Harald fekk til og med hai, til Vetle si store glede! Eg har aldri gått på fjorden før, og det var flott å oppleva. No ventar me på snø, so det blir aking i nyårshelgi.

Men fyrst er det julefeiring i heimen, og me gler oss til ei tradisjonsrik jul i Sande!

laurdag 15. desember 2007

Om kor bra Clooney er...

Då eg no sit heima i Lærdal og nyt at me har nett i stova (og utnyttar det faktum at det ikkje lenger er berre eg som har laptop), vert det litt surfing innom sider eg ein gong i tida har høyrt om, men aldri har fulgt med på. Ei av desse er den fantastiske nyhendesida The Onion. Dei har til dømes ein nyhendeartikkel om at George Clooney ser bra ut - og det kan ein vel nesten ikkje motsei...? Og ja, det er meir på denne portalen som er verdt å få med seg - ikkje nødvendigvis fordio det er sant, men fordi det er ein fantastisk kommentar til kva nettaviser, magasin og folk flest er opptekne av og tenkjer om ulike tema. Sist eg var innom, les eg til dømes ein artikkel om den fantastiske oppdaginga av Midtvesten (i Junaiten altså), og det seier vel litt om korleis folk (og då særleg amerikanarar) tenkjer om USA. omlag slik me tenkjer om Trøndelag kanskje? Utanom at me veit at dei der oppe har bart om heimbrent...

onsdag 12. desember 2007

Juleførebuing i by'n

Sidan eg kom heim frå Holland har det vore rolege dagar i Bergen. Fredag hengde Frida, Solrunn og eg oss på Ingebjørg som skulle handla julegåver til familien. Nydlege timar på Bryggen! I tillegg fann og og Solrunn oss kvart vårt dyr - reisndyret Dagros Hjulius, og elgen Elmer.

Fredag kveld var det revy for meg og Frida - Vestlandsrevyen på Logen, og etterpå bar det rett på fest og på byen for min del, saman med nokre frå klassen. Lenge sidan eg har vore ute og dansa merka eg, lite vant til å ha dåreg plass og isbitar under skoa.


Laurdag og søndag var mamma og pappa på besøk, men eg brukte tida på julesnop og ikkje minst konsert med Maria Kantori i Mariakirken søndag kveld. Til tross for at eg nesten sovna under nest siste arie, var det ein flott konsert - og eg fekk sjå korleis Monica er på jobb :-)


Måndag var det julehandel, og tysdag var eg inne og laga snop (ja, enno meir...) Og i dag har me hatt besøk, og juleverkstad, med snop, peparkake, julebrus og Grinchen på film. No er det ny film og rolege kveldstimar - fin juleferie!

torsdag 6. desember 2007

Heima frå Holland


No er eg attende i Bergen etter nokre flotte dagar under havoverflata. I Bergen vart eg møtt av fiskepudding, foreldra til Monica og Frida, og det er jo fine ting å bli møtt av. Reknar med det vert nokre avslappa dagar i byen og - men om dei vert so avslappa og med fullt so mange kafebesøk som i Nederland er vel vanskleg å spå om.

onsdag 5. desember 2007

Sinterklaas og Amsterdam

For å byrja med det siste: I dag er det Sinterklaasafta, altså julenissedagskvelden, og i dag får alle ungar pakker dersom dei har vore snille. Dersom dei har vore stygge kjem SvartePer, som elles er Sinterklaas sin hjelpar. Kva har dette å sei for meg? Lite utanom at det er folk med skokrem i ansiktet i fleire butikkar, nokre ungar har rare hattar, og det var ekstremt lite folk i Amsterdam i dag, noko som var sœrs behageleg.
For i dag var Ingrid og eg på dagstur til Amsterdam. Det vil sei ein halvtime på toget, og mange timar trasking kanallangs, litt handling og fleire kafebesøk (eg likar kafeane i dette landet, det er mange av dei!) Amsterdam er som resten av Nederland: sjølvsagt flatt og fullt av syklar, skeive hus og kanalar. Men kanalane i Amsterdam er større, husa er litt skeivare, og ein kan faktisk risikera å bli påkøyrt av ein bil eller ein trikk i tillegg til milionar av syklar (12 i heile Holland i følgje Ingrid). Spanande!
Dette var desverre min siste dag i Holland, i morgon skal eg attende til julestemninga i Noreg og overlata Ingrid til eksamenslesinga. Blir trist, for det har vore so kosleg, so moro og so avslappande å vera her! Men Ingrid treng litt lesetid reknar eg med, og eg er redd eg ville blitt so overmodig at eg hadde sust pa ein eller annan kanal med sykkel ein vakker dag...

tysdag 4. desember 2007

Kyrkjer og kafe

Delft ligg ein halvtime med tog frå Leiden, og i Delft lagar dei blått og kvitt porselen, og dei har mange hotell. Det er fordi det er so steike mange kyrkjer der. Hotella er der på grunn av turistane altså, som kjem på grunn av kyrkjene. So i dag var det fyrst forelesing m hollandsk kunsthistprie, før me for til byen med dei mange kyrkjene. Ein av dei heiter faktisk Gamlekyrkja, og den har ekstremt skeivt tårn. Kvifor nett denne er Gamlekyrkja er vanskleg å sei, for dei andre er ikkje nett topp moderne dei heller...
I Delft har dei og store mengder kanalar og smale gater, som i resten av dette flate landet. Dei har faktisk og julegatekanal, altså ein mork og grumsete kanal som alle andre mørke og grumsete kanalar, men denne var lyst om av mengder av blå lyspœrer. Det må vel rett og slett kallast sjarmerande.
Ein annan ting som er sjarmerande er alt det blå og kvite porselenet, som kjem frå Delft. Desse mengdene med porselengjer at det på toalettet på ein av kafeane kjem vatnet i vasken ut frå ein blå og kvit tulipan! i tillegg serverte dei her peparkuler (julekakene altså) i små tresko. Svœrt nasjonalomantisk, og treff ein turist sitt hjarta.
So, i dag har eg lœrt om nederlandsk kunst (og nesten skjønt korleis ein uttalar Van Gogh), sett mengdre store kyrkjer, mørke kanalar og innsida på fleire svœrt koslege kafear. Enno ein vellukka dag i det lågtliggande landet altså!

måndag 3. desember 2007

Sykling i Nederland

I Leiden syklar dei fort på smale og høge bysyklar. Dei er rette i ryggen og årvåkne i blikket, dei helsar på naboen og legg kreftene til berre i stiginga over ei kanalbru. Dei legg seg ut i rundkøyringar med dødsforakt, og bilistar respekterar dei raude merka og fotgjengarar veit dei må halda øyro opne etter susinga frå smale sykkelhjul mot glatt brulegging.
I Bergen krummar syklistane seg saman mot regnet på kraftige terrengsyklar med mange gir. Me skvett ut av vegen ved knurringa frå ein travel bilist, og me rykker i styret for å komma over dei mange rennene og den ujamne brusteinen.
I Leiden er ein sykkeltur langs kanalane ei sjølvfølgje. I Bergen er ein tur til sentrum å bestiga Everest.

Som de skjønnar har eg prøvd meg som syklist i Leiden, Holland. Faren er å køyra på andre syklistar eller treffa ein kanal, men helst er det berre behagleg. Og Leiden er ein fin by, sjølv i sterk vind rett frå havet. Eg gler meg til å sjå enno meir!