fredag 27. juni 2008

16.-17. mars 1995

- var 3. klasse ved Ljøsne skule på hyttetur. I etterkant av turen vart det laga hyttebok, og den har over 100 sider. Den har eg skanna i kveld... No er spørsmålet korleis dei 100 sidene kan distribuerast til ein klasse på 13?
Medan eg undrar på det, kan de få nyta synet av ei av desse sidene, nemleg Mari, 9 1/2 år, på klassetur på Filefjell. Dette er antakleg etter at eg har greve tunnell eller hus, som i følgje hytteboka var dei viktigaste aktivitetane utanom hopp (med og utan fall), Mistenkt og Gjett hvem?.

torsdag 26. juni 2008

Ny bloggar

Medan deler av flokken (les: Anja og eg) har vore på rånetur til Vindedal (det trur eg ikkje er so mange som kan skryta av), kjøpt burgar i Håbakken og sett "The Italian Job" i underhuset, har eit anna medlem skaffa seg blogg. Gratulerar Monica! No blir det spanande å sjå kva aktivitet det vert der i garden :-)

(bilete: Monica og Anja på båttur i Tartu, Estland)

måndag 23. juni 2008

Jonsokafta

Det er mange tradisjonar knytt til jonsok og jonsokafta. Nokre av dei gjeld for alle, nokre er meir lokale. I Sande brukar me å grilla på Øynedn og tenna bål - men i år gjekk ikkje det. Det er ikkje ofte me ikkje trassar veret, dette er tredje gong på ti år me har vore heima, og antakleg andre at me ikkje har reist ned i det heile. Men regn og vind og rett og slett ufysleg ver gjorde at det ikkje freista på nokon som helst slags måte, og heller ikkje var forsvarleg. I stadenfor vart det Little Miss Sunshine på dvd, og marshmallows i kakao - det trur eg er fyrste gong ein midtsommardag.

No er jo ikkje Jonsok midsommar lenger, og som eg nemnte i forrige innlegg bommar me med tre dagar i høve Sverige i år, som feirar det på rett dag. Ifølgje Wikipedia er dette fordi vår feiring føl ein gamal kalendar. Me er vel kanskje litt treige av oss? Men me har og helde fast på "kristninga" av festen, og kallar det Jonsok eller St. Hans etter fødedagen til Johannes Døyparen, som altså er i morgon (me her i nord har vel alltid hatt ein forkjærlegheit for -after, jmf. julafta...)

Men nokre ting er tradisjon fleire stader. Ein tradisjon me har er det nemnte bålet. Dette er, i følgje Wikipedia, enno ein gong, på grunn av at bålet beskyttar mot dei skumle maktene som er ute denne natta. I Sverige er det visstnok farleg å bada denne natta og, medan i Noreg skal ein gjerne feira attmed vatn (har eg lese ein eller annan stad, som eg ikkje finn att no.) ein tradisjon me har felles med Sverige, er å plukka sju sortar blomar. Wikipedia (eg likar det altså) nemner ikkje dette i forbindelse med Noreg (det gjer derimot denne sida), men det er noko som alltid har blitt gjort på Øynedn i Lærdal iallefall. Ein skal plukka sju sortar blomar og legga dei under puta - og so drøymer ein om den ein skal gifta seg med. Eg hugsar aldri dei draumane...

I kveld vurderte eg ein augneblink om hageblomar tel som sju sortar, men mamma meinte eg måtte reisa litt lenger vekk. Og det gjorde eg - nokre meter i det minste. So no har eg raudkløver, kvitkløver, engsmelle, gulmaure, tirilltunge, ryllik og kvit jonsokblom til å fortelja meg kven som er den utvalde. Det vert ei spanande natt!

(bilete: Jonsokafta 2006. Familien som sprett sprudlevatn og Gro og Åse etter å ha plukka sju sortar)


laurdag 21. juni 2008

Marknadslaurdag

Ok, enno ein gong sit eg på turistinformasjonen, og veit ikkje heilt kva eg skal finna på. Derfor kjem det eit blogginnlegg om denne dagen og. Håpar berre det skjer noko i dag...

Det er forresten Lærdalsmarknad denne helgi, noko som vil sei at det er mykje liv i gatene, og ganske mykje mindre inne på turistinformasjonen. Men det betyr og at det kjem til å vera underhaldning på plassen utanfor, eg kjem til å ete rømmegraut til middag, og i kveld er det Stavarekkja. Berre to nedturar: det regnar, og min faste dansepartnar sit på Stord med nattevakt...

Men, altså, attende til mitt liv for tida - turistinformasjonen:
- 7.58: absolutt alle dørene inne i huset er låst, snakk om å overdriva. Og det står ein moped utanfor kontordøri
- 8.03: marknadsnemndi inkarnert kjem bannande inn døri (der mopeden enno står)
- 8.47: nettradio! På Friluftsmagasinet spelar dei "Gud signe vårt dyre fedreland"
- 8.55: Noregs nasjonalbergart er larvikitt
- 9.12: nøkkelen til scena er forsvunnen. Krise...
- 9.29: Reiseradioen minner oss på at det var solsnu i natt (og om sommaren so er ikkje det ordet lika positivt som om vinteren.) Men det betyr og at det er midsommar, og det er jo koseleg. Eg les kommentarane på bloggen til Anna, og det verkar som dei har nokre av dei same tradisjonane i Sverige som her - utanom at dei feirar det nokre dagar før oss, me er jo ikkje so nøyne på om me treff rett dag, berre me kan feira det skikkeleg. Derfor ventar me til jonsok med å plukka sju sortar blomar, og bommar dermed litt på dagen. Men det gjer ingenting, me drøymer vel lika godt om drøymemannen me som dei?
- 9.48: det heng ein strikkagensar utanfor glaset. Kunne ikkje han med dei heimelaga sjokoladane ha stått litt nærare?
- 10.02: turist nummer 2 i dag. Ville ha vermelding. Det fekk han. Men den ser ikkje bra ut. Som min kollega sa: "Eg giddar ikkje beklaga det lenger. Det er ikkje mi skuld." Og det hadde han jo rett i.
- 10.20: det luktar tennveske og kol. Idrettslaget er i gang med grilling. Og so trur eg det er ein lirekasse i nærleiken. Det høyrest slik ut. Ikkje at eg heilt veit korleis ein lirekasse høyrest ut, men eg innbiller meg det er omlag slik.
- 10.44: damene i marknadsnemndi skryt av korkonserten som var i Kulturhuset i går. Eg er med på skryten. Eg er halvvegs forelska i det koret - det er koret til mamma, og eg har so lyst å vera med! Eg var på øvinga deira torsdag, og det er humørfylt, men med ein dirigent som krev litt av dei. Eg fell forresten for den dirigenten kvar gong han syng og... Eg må finna meg eit kor i byen trur eg. Og ein dirigent.
- 11.07: eg har vore ærleg... Eg sa at det var heller ukoseleg på bretur i regnver. Eg har aldri vore på bretur i regnver, men eg kan tenkja meg det. Og det sa eg. Beklagar, breførarar, at eg ikkje ga dykk kundar.
- 12.08: Anja kom! Me ser etter kjekke mannfolk. Det finst faktisk nokre - men me har ikkje so høg standard nett no...
-12.36: lunsjpause. Stenga døri, jaga folk, ut og gå. Hurra!
- 13.04: Det er konsert i Kvammegarden. Anja, Gro Ag og eg står i glaset og ser. Beste plassane i bygdi
- 13.16: marknadsnemndi er sjokkert over kor mange folk det er her...
- 13.22: marknadsnemndi ropar meg inn frå glaset. Ei dame vil ha bussrute. Som vanleg: det får ho
- 13.41: me har ombestemt oss. Det er ikkje so mange kjekke likavel
- 14.10: Anja gjekk, Eiren kom!
- 14.47: eg er svolten! Og har funne ut at eg vil/skal på begge dagane på Målrocken og minst laurdagen på Vinjerocken.
- 14.51: det kom turistar! Ekte turistar som skal ta båt og ha overnatting, ikkje finna marknadsbod eller sjå utstilling.
- 14.56: e e ferdig for i dag!

Takk for seg...

Oppdatering, 22. juni: marknadslaurdagen var sjølvsagt ikkje over då eg gjekk frå jobb, sjølv om det kjentest slik. Me gjekk ut i gatene og såg på utstillarane, fekk kjøpt oss rømmegraut (det må eg ha på marknaden) og t-skjorter med "E <3 Lærdal" på. Om kvelden var det fyrst pizza og fotballkamp med pappa (som eg for det meste sov meg gjennom) (Fotballen altså), og so var det Stavarekkja. Vart moro etterkvart, når praten og dansen kom i gang, men det er ikkje all verdens med folk eg kjenner der lenger - dei yngste der er åtte år yngre enn meg... Og bandet Picazzo (med z) (den siste der føler eg er viktig) er kanskje ikkje dei som dreg mest folk på grunn av musikken...? Heldigvis vart det heller ikkje so seint heim, dei siste gongene eg har vore ute i Lærdal har eg komme heim i firetida (og ja, det sluttar to). I Bergen kan ein berre stilla seg i drosjekø, og so får ein til slutt ein drosje. I Lærdal ringer ein, kranglar med andre som har ringt, køyrer omvegar for å sleppa av alle, eller - dersom det er på Stavarekkja ein er - ein går heim. Evt syklar, dersom ein har hatt sykkelvors på veg ned. Alltid ein ekspedisjon i seg sjølv.

Men no er det altså søndag føremiddag, og eg høyrer presten har lydprøve i Kvammegarden, der det skal vera gudsteneste. Eg satsar på lite folk den timen, so eg kan sitja i glaset og få med meg det. Og dermed var marknadslaurdagen over og marknadssøndagen i gang.

fredag 20. juni 2008

Olav, Frode og eg

I vår omsette eg nokre artiklar om min kjære Olav og han Geirr til nettsidene. No er dei lagt ut, og namnet mitt står attmed Frode Grytten sitt. Godt nøgd med det kan du sei. Eg og Frode, saman om ein artikkel om Hauge og Fosse.
Elles er eg blanda når eg no les om att omsetjingane, nokre ting ville eg nok gjort anleis, medan andre ting kan eg argumentera for enno. Korleis omset ein ordet "Dragaredokko"? Eller forklarar på engelsk kva ei hulder er? Kva med "Edvard Grieg sjølv..." (kven sjølv? Bør me vita kven han er?) eller musikalske tekniske termar?
Dette var altså noko av det eg dreiv med i vår når eg eigentleg skulle skriva oppgåver eller lesa til eksamen. Men det er og moro å gjera noko som viser att, no ligg det på nett og kven som helst kan sjå det. Sjå meg og Frode, attmed kvarandre.
Men sjølv om eg no er publisert omsetjar (sovidt) er det langt att til eg kan bli gjendiktar. Til æra for Olav er her eit av dikta hans på engelsk, gjendikta av ein som kan det:

Don't give me the whole truth,
don't give me the sea for my thirst,
don't give me the sky when I ask for light,
but give me a glint, a dewy wisp, a mote
as the birds bear water-drops from their bathing
and the wind a grain of salt.
Olav H. Hauge, omsett av Robin Fulton

tysdag 17. juni 2008

Kinarestaurantar

Når du sjølv har gjort noko meiningslaust heile livet, så ser du ingen grunn til at neste generasjon skal sleppe lettare. Slik overlever tradisjonar.

Are Kalvø er ein mann som fekk halve Fretheim Hotell til å rulla rundt på golvet og halda seg på magen (eller iallefall gje dei lyst til å gjera det) i november, og som no, vel eit halvt år seinare, får mamma og pappa til å snakka om blodpølser og sying av pergamentrullar på symaskin. Og det er ikkje berre same mannen, men til og med same boka, Våre venner kinesarane. Eg har ete på nokre av kinarestaurantane han skriv om, nokre av dei 158. China House i Sogndal. Yang Tse Kiang på Bryggen. Og den i Molde der eg knuste eit glas og fekk kjeft. Og eg likar kinarestaurantar, en siste staden eg åt på før heimreisa (og dermed det eg trudde var slutten på restaurantar eller liknande) var ein kinarestaurant. Men eg trur ikkje eg har hatt det so moro i so mange timar på ein kinarestaurant som det eg hadde med dei 158 Kalvø har ete på (til tross for meldingar om latterkrampe).

Boka er verdt ein kikk. Og so bør du gå ut og nyta kinamat etterpå. Eg lurer på korleis eg kan lura mamma til å laga noko med sursøt saus i morgon.

søndag 15. juni 2008

Slapp-av-søndag

I dag har familien slappa av. Mamma og pappa har (nesten) teke fri, og store delar av dagen brukte pappa, Olve og eg på å spela Kunnskapens tårn. Me spelte ute, for verkleg å æra sommaren, sjølv om eg sat i eit par timar og ynskte eg hadde sko på meg, og Olve måtte gå og finna jakke. Men er det midt i juni, so er det midt i juni! Pappa vann, Olve kom på andre og eg - hm, ja, kva vart då att til meg...?

Og so reiste me på sommarferie. Me har hatt nokre slike korte avstikkarar og turar, og so kallar me det ferie. Ferie er jo å gjera noko anna, og å setja seg i bilen og køyra for å sjå noko, ikkje for å komma ein stad, det er noko anna. Då gjer det ingenting at ein er vekke frå heimen i berre knappe tre timar, når ein kallar det sommarferie verkar det som det er meir. Og det treng ikkje vera meir for at ein skal rekka å oppleva noko.

Me køyrde over Aurlandsfjellet til utsiktspunktet Stegastein, som eg ikkje har sett før, og med middagspause på Sognaporten (Aurlandssida av tunnelen) og dessert i Håbakken (Lærdalssida). På fjellet stoppa me og kasta fiskesprett (ok, dei andre kasta fiskesprett, eg kasta søkke eller noko slikt. Til botn gjekk dei i alle fall) og pappa sigla på snøfonn. Me kjente oss som ekte turistar, Olve drog det til og med so langt at han leikte japansk turist - sette seg i bilen, sovna, vakna for å ut å ta bilete (bli teken bilete av), inn i bilen og sovna att, og slik gjekk det mellom alle stoppa. Kanskje ein ferietur som er i kortaste laget for slikt, men ga med høve til å erta han litt, og dermed ta att litt for at han slo meg i Kunnskapens tårn...

torsdag 12. juni 2008

Til ho som helst vil lesa om seg sjølv

Eg har ei veninne, Anja. Ho har eg budd med eit halvt år, og ho har lese bloggen min. Men ho likar best å lesa om seg sjølv. Derfor skal dette innlegget handla om henne.

Anja er grunnen til at eg verkleg oppdaga Dagfinn Lyngbø, og grunnen til at huset i Bergen (med visse tillegg) gjerne refererar til seg sjølv og kvarandre som "flokken" (grunnen kan du sjå her).

Anja sender og ofte e-postar til oppmuntring for jenter (og dermed ofte latterleggjering av mannfolk...) Eg er dårleg på dette med kjedeepostar, men når eg ser at Anja er avsendar vert eg i godt humør. Ein av grunnane er dette eit døme på:

Anja skal bli sprek. Det skal jo eg og, men Anja er mykje flinkare enn meg til det. Men i dag var me lika flinke, i dag gjekk me Vindhella og Sverrestien i ein rasande fart. Irja var med og, Anja tok ansvar (Irja treng og å bli sprek). Det var ein flott tur, eg fann ut at eg har ikkje gått nett dei vegane sidan me vassa der i mars fyrste året på vgs, i slaps og sludd. Altså, på tide. I Sogningen har dei av og til (laurdagar?) e-postintervju med utflytte folk. Då spør dei om kva ein vil visa besøkande i Sogn. Eg ville ha vist dei dei gamle vegane. I dag fekk eg vist dei til Anja, sjølv om ho ikkje er besøkande i Sogn. Skreiv i boki gjorde me og, so sette me spor etter oss.

Oppsummering: Eg er godt nøgd med at Anja er mykje i Lærdal i sommar - og eg (og hunden) håpar på fleire turar som denne i vekene framover. Kven seier ein må ut av bygdi for å ha sommarferie?

måndag 9. juni 2008

Turistinformasjonen

I dag er planen å skildra ein dag på turistinformasjonen i Lærdal, tidleg i sesongen. Tidleg i sesongen vil sei at det er mykje eg ikkje hugsar, men det gjer ingen ting, for det er lite folk. I veska har eg tre bøker, og eg satsar på å få bruk for alle i løpet av dagen. Men, altså:

- 7.56: opna, skrudde på lys, sjekka e-post. Det tek alltid grueleg lang tid, mest fordi dataen treng rundt ti minutt på å tenkja seg om. Ein augneblink lurte eg på om det var spøkelse på loftet, men kom fram til at det var musikkskulen som er komne på jobb.
- 8.27: eg kom på at eg må skriva "Kva skjer"-lappen. Hurra! To minutt seinare oppdaga eg at det ikkje skjer noko denne veka...
- 8.35: fyrste besøkande! Ei tysk dame som ville ha plakat. Det fekk ho.
- 8.55: byrja å lesa Ansikt til ansikt av Gunnar Staalesen. "Det satt en død mann på venteværelset mitt"...
-10.45: kvifor reiser alltid turistar i flokk, sjølv dei som ikkje reiser saman? 6-7 par og einslege kjem inn døri, ti minuttar etter er det lika stille som før.
- 11.50: lunsjpause. Eg må ut og kjøpa smørkniv, for det finst ikkje på kjøkenet. Vatnet kokar eg i kaffitraktaren.
-12.38: "We're lost," sa engelskmennene. "Køyr rett fram," sa eg.
-12.49: Varg Veum byrjar å nærma seg løysinga! Spanande...
-13.13: Not all who wander are lost - J.R.R. Tolkien
-14.55: dagen er so godt som over. Varg Veum har løyst ei mordgåte, og eg har hatt 29 besøkande.

torsdag 5. juni 2008

YouTube

Eg ligg på YouTube. Mi veninne Wiebke var i Noreg 17. mai, og filma masse av det norskaste av det norske, nemleg "ungdoms"laget som dansar folkedans framfor eit vikingskip (kan ein få det meir nasjonalromantisk...) Men der er altså eg: Reinlendar, åttetur og springar. Nyt...

onsdag 4. juni 2008

Heimreise

"Oi, har du alt det?" sa barnehageungen eg gjekk forbi ved Lille Lungeren. "Ho skal på fjelltur ser du," sa den vetlevaksne jenta attmed han. Joda, eg hadde sekk med fjellsko dinglande utanpå, men dersom eg skulle ha reist på fjelltur med den pakninga hadde eg daua...
Men eg kom meg vel heim, no sit eg på rommet mitt, som er nyvaska for anledningen, og nyt utsikta nedover dalen, lyden av elvi og spredaren og lukta av nyslege gras. Det er godt å vera heima!
Men i morgon byrjar eg på jobb klokka åtte... Eg er ikkje skapt for slikt

søndag 1. juni 2008

Dag 5-6

Me skriv 1. juni og det byrjar å gå opp for meg at det er sommar, og sommarferie! Men ferieturen er over for i år, no er Monica og eg attende i huset i Bergen, medan Anja og Frida susar mot Sogn i den kjære Opelen.
Siste dag i Tallinn vart nytta mykje som tidlegare - sightseeing, handling, eting. Om føremiddagen delte me oss, og gjekk nett dit me ville. Forundarleg nok (eller kanskje ikkje) viste det seg etter tre timar at me hadde vore på so godt som dei same plassane, utanom at Monica og Anja fekk med seg ein park, og eg og Frida eit kyrkjetårn. Har eg nemnt at eg ikkje likar å stå på ein stol å skifta lyspærer? Tenk dykk då 267 (eller 269, me kom litt ut av teljinga) trappetrinn.

Ettermiddagen vart brukt på handel, medan middagen vart innteken på Olde Hansa - der desverre berre eg var overvettes nøgd med alt, både mat og drikke. Og når det måltidet var over hadde me ikkje råd til meir, so då var det heim for å sova. Dette til tross for at ein kjekk amerikanar eg støytta på halvnaken på badet på hostellet meinte me burde vera med å drikka drinkar. Eg er for hostell altså!

Dagen i dag har blitt brukt til reise, og utanom at Monica og eg nesten mista flyet frå Gardermoen til Bergen gjekk den utan dei store overraskingar. Eg trur eg er blitt litt vel avslappa i høve til oppmøtetider og innsjekking... Og so er det rart å vera i Bergen att, der dei fleste eg møter ikkje er nordmenn (i motsetjing til Tallinn), og dei få som er det skal på Kizz-konsert. Men eg skal heldigvis ikkje på konsert, no må me kvila ut etter ferien...
(bilete: Utsikt frå Olavskyrkja over Gamlebyen i Tallinn, Monica med honningøl på Olde Hansa)