søndag 15. juni 2008

Slapp-av-søndag

I dag har familien slappa av. Mamma og pappa har (nesten) teke fri, og store delar av dagen brukte pappa, Olve og eg på å spela Kunnskapens tårn. Me spelte ute, for verkleg å æra sommaren, sjølv om eg sat i eit par timar og ynskte eg hadde sko på meg, og Olve måtte gå og finna jakke. Men er det midt i juni, so er det midt i juni! Pappa vann, Olve kom på andre og eg - hm, ja, kva vart då att til meg...?

Og so reiste me på sommarferie. Me har hatt nokre slike korte avstikkarar og turar, og so kallar me det ferie. Ferie er jo å gjera noko anna, og å setja seg i bilen og køyra for å sjå noko, ikkje for å komma ein stad, det er noko anna. Då gjer det ingenting at ein er vekke frå heimen i berre knappe tre timar, når ein kallar det sommarferie verkar det som det er meir. Og det treng ikkje vera meir for at ein skal rekka å oppleva noko.

Me køyrde over Aurlandsfjellet til utsiktspunktet Stegastein, som eg ikkje har sett før, og med middagspause på Sognaporten (Aurlandssida av tunnelen) og dessert i Håbakken (Lærdalssida). På fjellet stoppa me og kasta fiskesprett (ok, dei andre kasta fiskesprett, eg kasta søkke eller noko slikt. Til botn gjekk dei i alle fall) og pappa sigla på snøfonn. Me kjente oss som ekte turistar, Olve drog det til og med so langt at han leikte japansk turist - sette seg i bilen, sovna, vakna for å ut å ta bilete (bli teken bilete av), inn i bilen og sovna att, og slik gjekk det mellom alle stoppa. Kanskje ein ferietur som er i kortaste laget for slikt, men ga med høve til å erta han litt, og dermed ta att litt for at han slo meg i Kunnskapens tårn...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar