laurdag 21. juni 2008

Marknadslaurdag

Ok, enno ein gong sit eg på turistinformasjonen, og veit ikkje heilt kva eg skal finna på. Derfor kjem det eit blogginnlegg om denne dagen og. Håpar berre det skjer noko i dag...

Det er forresten Lærdalsmarknad denne helgi, noko som vil sei at det er mykje liv i gatene, og ganske mykje mindre inne på turistinformasjonen. Men det betyr og at det kjem til å vera underhaldning på plassen utanfor, eg kjem til å ete rømmegraut til middag, og i kveld er det Stavarekkja. Berre to nedturar: det regnar, og min faste dansepartnar sit på Stord med nattevakt...

Men, altså, attende til mitt liv for tida - turistinformasjonen:
- 7.58: absolutt alle dørene inne i huset er låst, snakk om å overdriva. Og det står ein moped utanfor kontordøri
- 8.03: marknadsnemndi inkarnert kjem bannande inn døri (der mopeden enno står)
- 8.47: nettradio! På Friluftsmagasinet spelar dei "Gud signe vårt dyre fedreland"
- 8.55: Noregs nasjonalbergart er larvikitt
- 9.12: nøkkelen til scena er forsvunnen. Krise...
- 9.29: Reiseradioen minner oss på at det var solsnu i natt (og om sommaren so er ikkje det ordet lika positivt som om vinteren.) Men det betyr og at det er midsommar, og det er jo koseleg. Eg les kommentarane på bloggen til Anna, og det verkar som dei har nokre av dei same tradisjonane i Sverige som her - utanom at dei feirar det nokre dagar før oss, me er jo ikkje so nøyne på om me treff rett dag, berre me kan feira det skikkeleg. Derfor ventar me til jonsok med å plukka sju sortar blomar, og bommar dermed litt på dagen. Men det gjer ingenting, me drøymer vel lika godt om drøymemannen me som dei?
- 9.48: det heng ein strikkagensar utanfor glaset. Kunne ikkje han med dei heimelaga sjokoladane ha stått litt nærare?
- 10.02: turist nummer 2 i dag. Ville ha vermelding. Det fekk han. Men den ser ikkje bra ut. Som min kollega sa: "Eg giddar ikkje beklaga det lenger. Det er ikkje mi skuld." Og det hadde han jo rett i.
- 10.20: det luktar tennveske og kol. Idrettslaget er i gang med grilling. Og so trur eg det er ein lirekasse i nærleiken. Det høyrest slik ut. Ikkje at eg heilt veit korleis ein lirekasse høyrest ut, men eg innbiller meg det er omlag slik.
- 10.44: damene i marknadsnemndi skryt av korkonserten som var i Kulturhuset i går. Eg er med på skryten. Eg er halvvegs forelska i det koret - det er koret til mamma, og eg har so lyst å vera med! Eg var på øvinga deira torsdag, og det er humørfylt, men med ein dirigent som krev litt av dei. Eg fell forresten for den dirigenten kvar gong han syng og... Eg må finna meg eit kor i byen trur eg. Og ein dirigent.
- 11.07: eg har vore ærleg... Eg sa at det var heller ukoseleg på bretur i regnver. Eg har aldri vore på bretur i regnver, men eg kan tenkja meg det. Og det sa eg. Beklagar, breførarar, at eg ikkje ga dykk kundar.
- 12.08: Anja kom! Me ser etter kjekke mannfolk. Det finst faktisk nokre - men me har ikkje so høg standard nett no...
-12.36: lunsjpause. Stenga døri, jaga folk, ut og gå. Hurra!
- 13.04: Det er konsert i Kvammegarden. Anja, Gro Ag og eg står i glaset og ser. Beste plassane i bygdi
- 13.16: marknadsnemndi er sjokkert over kor mange folk det er her...
- 13.22: marknadsnemndi ropar meg inn frå glaset. Ei dame vil ha bussrute. Som vanleg: det får ho
- 13.41: me har ombestemt oss. Det er ikkje so mange kjekke likavel
- 14.10: Anja gjekk, Eiren kom!
- 14.47: eg er svolten! Og har funne ut at eg vil/skal på begge dagane på Målrocken og minst laurdagen på Vinjerocken.
- 14.51: det kom turistar! Ekte turistar som skal ta båt og ha overnatting, ikkje finna marknadsbod eller sjå utstilling.
- 14.56: e e ferdig for i dag!

Takk for seg...

Oppdatering, 22. juni: marknadslaurdagen var sjølvsagt ikkje over då eg gjekk frå jobb, sjølv om det kjentest slik. Me gjekk ut i gatene og såg på utstillarane, fekk kjøpt oss rømmegraut (det må eg ha på marknaden) og t-skjorter med "E <3 Lærdal" på. Om kvelden var det fyrst pizza og fotballkamp med pappa (som eg for det meste sov meg gjennom) (Fotballen altså), og so var det Stavarekkja. Vart moro etterkvart, når praten og dansen kom i gang, men det er ikkje all verdens med folk eg kjenner der lenger - dei yngste der er åtte år yngre enn meg... Og bandet Picazzo (med z) (den siste der føler eg er viktig) er kanskje ikkje dei som dreg mest folk på grunn av musikken...? Heldigvis vart det heller ikkje so seint heim, dei siste gongene eg har vore ute i Lærdal har eg komme heim i firetida (og ja, det sluttar to). I Bergen kan ein berre stilla seg i drosjekø, og so får ein til slutt ein drosje. I Lærdal ringer ein, kranglar med andre som har ringt, køyrer omvegar for å sleppa av alle, eller - dersom det er på Stavarekkja ein er - ein går heim. Evt syklar, dersom ein har hatt sykkelvors på veg ned. Alltid ein ekspedisjon i seg sjølv.

Men no er det altså søndag føremiddag, og eg høyrer presten har lydprøve i Kvammegarden, der det skal vera gudsteneste. Eg satsar på lite folk den timen, so eg kan sitja i glaset og få med meg det. Og dermed var marknadslaurdagen over og marknadssøndagen i gang.

2 kommentarer:

  1. Det var godt det kom noen turister til slutt!

    SvarSlett
  2. Likar desse innlegga dine der du sette tid:kva skjer. Morro, keep them coming:)

    SvarSlett