I dag er planen å skildra ein dag på turistinformasjonen i Lærdal, tidleg i sesongen. Tidleg i sesongen vil sei at det er mykje eg ikkje hugsar, men det gjer ingen ting, for det er lite folk. I veska har eg tre bøker, og eg satsar på å få bruk for alle i løpet av dagen. Men, altså:
- 7.56: opna, skrudde på lys, sjekka e-post. Det tek alltid grueleg lang tid, mest fordi dataen treng rundt ti minutt på å tenkja seg om. Ein augneblink lurte eg på om det var spøkelse på loftet, men kom fram til at det var musikkskulen som er komne på jobb.
- 8.27: eg kom på at eg må skriva "Kva skjer"-lappen. Hurra! To minutt seinare oppdaga eg at det ikkje skjer noko denne veka...
- 8.35: fyrste besøkande! Ei tysk dame som ville ha plakat. Det fekk ho.
- 8.55: byrja å lesa Ansikt til ansikt av Gunnar Staalesen. "Det satt en død mann på venteværelset mitt"...
-10.45: kvifor reiser alltid turistar i flokk, sjølv dei som ikkje reiser saman? 6-7 par og einslege kjem inn døri, ti minuttar etter er det lika stille som før.
- 11.50: lunsjpause. Eg må ut og kjøpa smørkniv, for det finst ikkje på kjøkenet. Vatnet kokar eg i kaffitraktaren.
-12.38: "We're lost," sa engelskmennene. "Køyr rett fram," sa eg.
-12.49: Varg Veum byrjar å nærma seg løysinga! Spanande...
-13.13: Not all who wander are lost - J.R.R. Tolkien
-14.55: dagen er so godt som over. Varg Veum har løyst ei mordgåte, og eg har hatt 29 besøkande.
Statsministrene støtter universitetsinititativ
for 4 dager siden
he he he...
SvarSlettOj, eg ser også at du har forandra navn på bloggen din. Spennende. Ka fikk deg til det? Er ikkje verda så vedunderleg likevel?
SvarSlettjoda, verda er vedundarleg, men følte ikkje at det alltid passar. Og so har eg hatt "Kort møte" på hjernen sidan eg les det for ei stund sidan, når no det var, og tnekte det kunne passa seg :-)
SvarSlettVeldig morsomt og bra skrevet! Leser gjerne om hva som skjer i løpet av en hel uke der..
SvarSlettKjenner jeg er litt misunnelig. Jeg pleier ikke å rekke mer en en manga eller noe på min jobb.
SvarSlettVi må absolutt møtes igjen. Jeg sjekker innom her en gang iblandt, men det blir ikke så ofte.