måndag 30. august 2010

Fail 1

Der rauk det, den fyrste veka i Bergen - prosjekt 52 er no prosjekt 51. Fotoapparatet var med heile veka, låg i sekken heile veka, og vart ikkje brukt heile veka. Eg lovar bot og betring, sjølv om eg kjenner at dette var eit nederlag. Desverre er og den kjensla litt undertrykt av min tette nase og vonde hals, so det kjem nok til å vera eit større nederag når førkjlinga går over og eg likevel ikkje har noko bilete frå veke 34.

laurdag 28. august 2010

Svart/kvitt

Anbjørg er ikkje ein svært aktiv bloggar, men ho er ein aktiv fotograf. Som dei fleste flinke fotografar, likar ho å visa fram bileta sine, og gjer det mellom anna på bloggen og ved å delta i fotokonkurransar. Ein av desse er svart/kvitt-konkurransen til Fotoverden, ein blogg med mange slike konkurransar. Eg har kost meg med å sjå bileta til både Anbjørg og andre der, men denne gong tenkte eg eg skulle bidra sjølv. Grunnen er eigentleg biletet som eg tok på Øystølen av Anne Karin og vetleprinsen, men eg slenger med eit par andre frå nokre av mine yndlingsplassar, nemleg Skjerdal i juli og London i februar.Som vanleg irriterar eg meg over kvaliteten, og drøymer om den gong eg får nok peng til å kjøpa noko anna enn eit kompaktkamera kvar gong det forrige ryk...

måndag 23. august 2010

Attende

Eg er attende på uni. For eit år sidan var alt skummelt, no er alt kjent. Same gjengen i lesesalssalongen (= litt for lange pausar), same start på dagen (BT-kvissen), same irritasjonen over nye studentar, same plakatar på oppslagstavla på instituttet (finst det ikkje ny informasjon?), same kalde måndagsmorgon, same mengd folk på Sydneshaugen som rett før eksamen (men dei forsvinn nok litt uti semesteret), same diskusjonane om kven som skal laga kaffi. Og same seige start på mitt nye og betre liv...

Alias

"Jo, det er sånn der... Dersom du... Du vet, en sånn..." Men vann gjorde dei, med god margin.

Ni unge frå ungdomslaget reiste til palasset vårt i Fana for å starta hausten i Bergen i godt lag, med god mat og mykje latter. Og slik gjekk det. Me åt i timesvis, spelte Alias enno lenger, spelte litt fele innimellom, og lo oss skakke av feilkoplingar og fantastiske forklaringar. Og no skal me verta flinkare på å bruka hytta meir!

torsdag 19. august 2010

Ein dag

You're gorgeous, you old hag, and if I could give you just one gift ever for te rest of your life it would be this. Confidence. It would be the gift of confidence. Either that or a scented candle.

One day av David Nicholls er skriven som ein romantisk komedie. Kvar einaste 15. juli i tjue år er skildra, og hovudpersonane ler, gret, kranglar, møtest, forlet kvarandre. Heile tid ser eg for meg filmen, ein romantisk komedie av den litt såre sorten. Ikkje den amerikanske typen, med vakre hovudpersonar og småtabbar, men av den typen Working Title Prductions kunne laga tidleg på 90-talet, med mindre perfekte personar i situasjonar som ikkje gir deg lyst til å gøyma hovudet under armen, men heller vekker medkjensle og forståing. Når tårene då renn på slutten, so må det seiast at dette er perfekt sommarlektyre - og eg håpar at det etterkvart vert ein perfekt haustfilm av det og (om ikkje før i 2011). Rykta seier Jim Sturgess skal spela, då kan det knapt gå gale... Sentimentalitet til å passa hausten er det iallefall nok av.

"Live each day as if it's your last", that was the conventional advice, but really, who had energy for that? What if it rained or you felt a bit glandy? It just wasn't practical. Better by far to simply try and be good and courageous and bold and to make a difference. Not change the world exactly, but the bit around you. Go out there with your passion and your electric typewriter and work hard at... something. Change lives through art maybe. Cherish your friends, stay true to your principles, live passionately and fully and well. Experience and be loved, if you ever get the chance.

tysdag 17. august 2010

Øystølsostekake

Når ein kokar på gass og steiker i glør, so er kanskje ikkje kake det fyrst ein tenkjer på. Men på Øystølen har ein (Gjøri) alt ein (ho) treng for å laga verdas beste ostekake:
Ta litt Digestive og litt Bixit (kjeks altså), og knus godt. Smelt litt smør og bland i, før ein trykkjer massen ned i ei låg form.
Lag gele med halvparten av vatnet, all gele går an, men blåbærgele gir best effekt. Når geleen byrjar å kjølne litt, vispar ein saman med passeleg mengde ferskost, av geit sjølvsagt. Hjulvisp er ei fantastik oppfinning i så måte. Ha ostemassen på kjeksmassen, strø ferske blåbær over, og set vekk minst over natti, gjerne lenger.
Dagen etter kan du nyta ei lett ostekake med ein litt suspekt dueeggblå farge (er det noko som heiter det?), masse sunne saker (antioksidantar?) og god smak.
Det er berre so trist at det berre er på Øystølen ein får den heilt rette kombinasjonen av blåbær og ferskost. Ein skulle hatt ei geit eller to i hagen, beitande på blåbærlyng.

Bakkar og hestar

Bakkane nedover frå hytta er bittelitt lenger enn eg hugsar. Det er dei kvart einaste år. Eg hugsar kvar helling, kvar stein, men eg trur alltid dei er litt færre. Men plutseleg ser ein eit sel, og so eitt til. To raude hestar - og ein svart liten ein. Kven er han, rekk ein å tenkja, før dei forsvinn att, bak ei helling. Men denne gong gjer det ikkje noko at ein mistar målet av syne, for no plaskar ein snart midt i Haugabekken, og so er ein der. I døri vinkar tanta, kring selet ligg geitene og tygg, og den steingale hunden kjem halsande oppover bakkane for å møta ein. Og slik når ein paradis.

I paradis må ein stå opp i sjutida - litt forsinka fordi geitene ikkje innfinn seg til mjølking. I paradis badar ein i iskald elv, og kjenner seg rein som aldri før. I paradis stivnar fingrane kring varme spenar, før dei vert vant til arbeidet og kvite mjølkestrålar susar i blå bøtte. I paradis brenn det alltid under kjelen. I paradis prøver ein ting ein ikkje kan, som å ysta og ri heim frå Flatebotn. Og i paradis er alle med på alt, sjølv den vesle svarte prinsen stikk hovudet inn døri for å få med seg moroa. Er det rart eg alltid må attende?

bilete: Aurlandsfjorden, over 1000 meter nedover
Eg på tolmodige Raui, vesle Skuggnir føre
Anne Karin og nysgjerrige Skuggnir 

laurdag 14. august 2010

Sol+Thomas=sant

Den fyrste av oss er smidd i hymens lenkjer, som det so vakkert heiter. Flotte Solrunn nytta fredag den 13. godt, og sa ja so det ljoma i Fjærland kyrkje. Dermed fekk ho endeleg sin herre med bart. På troppi måtte det takast bilete av henne, på ein dag som denne slepp ein ikkje unna slikt. Og ikkje trong ho vera redd for bileta, for maken til vakker brur skal ein leita lenge etter. So fin i kvitt, kven hadde trudd det? Ikkje eg, som ser med skepsis på brurekjolar av alle slag. Men Sol hadde truffe rett, med kantar av raudt og broderte blomar i gull, og eit mellomalderpreg på kjolen som passa henne perfekt.
Festen passa og Solrunn perfekt, med god og heimelaga mat i ungdomshuset under Supphellen, med masse kaker slik det høver seg eit gjestebod på Vestlandet, og dans til irske Andrea Rice ut i  natta. For meg var det minst like moro at so mange av Gjengen var der, dansande og leande og klare for å feira at Sol endeleg er vorten vaksen - og me ikkje er blitt det.
Festen varte helgi til endes - men eg ga meg etter ein dag, og for til Øystøls og geiteflokken som venta der.

Bilete: Solrunn og Thomas, heilt ferske nygifte
Når blitzane vert for mange, er det godt å ha ein god forlovar å dela rampelyset med.
Frida, Monica, Hilde Oddny og Wiebke på veg til bryllaupsfest. 

onsdag 11. august 2010

Brannfare?

Når ein har kontor i ei slik gate 
(om enn noko ombygd dei siste hundre åra), er det kanskje ikkje rart ein er medviten brannfare
So eg sler, for Guds skuld, av kaffitraktaren kvar kveld - etter ein del koppar for å komma gjennom dei rolegare dagane her på turistinfoen fyllt av gamle bøker om engelsk litteratur. Hm, ikkje store forskjellen frå universitetet dette, kaffi og litteraturhistorie. Men der skrur kaffitraktaren seg av av seg sjølv.

søndag 8. august 2010

Laurdagskveld

Eg i hengekøye, foreldra i le og hunden midt i mellom.

søndag 1. august 2010

Perspektiv

Denne veka har eg vore på to kajakkturar, og etter begge sat eg att med ei mengd fine (om eg må sei det sjølv) bilete. Det var dermed vanskeleg å velja kva som skulle representera veka i prosjekt 52, men at det må vera eit kajakkbilete er det liten tvil om. For i tillegg til å vera min føretrukne framkomstmåte (sjølv om det ikkje går so fort), er det ein flott måte å sjå naturen frå ein litt anna vinkel enn elles. Dermed kan ein enda med bilete der sjøen spelar hovudrolla, og kajakkpadlaren berre er som krydder å rekna, eller bilete der fotografen er på same nivå som motivet, for ein gongs skuld og til sjøs.
bilete: Olve og Eirik og Austdalsbreen
Gjøri og solnedgangen over Aurlandsfjorden